Norsk del, Gullvekta
Merknadar til islandske eventyr og segner
Seksjon › 7   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

I botnen av dei fleste sogene står eit to-bands bokverk som Jón Árnason redigerte ut frå oppteikningar frå ulike samlarar (Jacqueline Simpson 2009, 20). Sogene har mange veikskapar, fortel ho: Dei er stilistisk høgst utilfredsstillande, fulle av oppatt-taking og bruk av omskrivingar, og dessutan oppstylta (Simpson 2009, s. 10). Enda om grensene mellom omsetting attgiving kan vere flytande, kan grunndraga i sogene dermed kome klarare fram i attforteljing snarare enn omsetting.

❦❦❦❦

Dyktig dreng

"Onnekaren" står bl.a. i Olafsson 1972, s. 40-44.

[Til soga]

Kongsdottera Anna

Skúlason 1986, 95-101.

[Til soga]

Alvedronninga

ML 3057*, "Den hekse-ridne guten."

Ei alvedronning bruker ein forheksande grime, så karar blir funne daude i senga si på julemorgonar. Opplegget kjem frå vandresegna ML 3057*, "Den hekse-ridne guten (The Witch-Ridden Boy)". Skúlason 1986, 71-77. Jon Árnason I:440-1, og i Kvideland og Sehmsdorf, Nr. 41.3, 185-7)

Jacqueline Simpson fortel at eventyret er særmerkt islandsk, men skumle ritt å døy av kjenner ein også frå anna hald. Døme: "Kona til smeden i Yarrowfoot" i søraust-Skottland.

Árnason har med tre variantar av vandresegna (ML 3057*) i samlinga si. Det finst i tillegg tre manus-variantar (Sveinsson 1929). Dei kan alle grupperast som ein undertype av AT 306 "Dei ut-dansa skorne (The Danced-Out Shoes)." I denne type eventyr vinn helten ei kongsdotter ved usett å følge etter ho til hi sida om natta. Prov på eskapadane henner bryt fortrollinga hennar, og ho gifter seg med helten. Eventyrtypen AT 507A, 'Bruda til monsteret", har ein liknande men meir utarbeidd handslingsgang.

At bonden i soga har vanskar med å hyre gjetarar, har parallellar i slektssaga-hendingar ifrå gardar der det spøker.

Dei islandske eventyra i gruppe skil seg ut ved at heltinna kjem frå underverda, og slutten på soga er at ho drar tilbake dit ho kom ifrå etter å ha ridd mange menn i hel.

[Til soga]

Sjela til Jon

Sálin hans Jóns míns er med i Árnason 1966, (Band 2); i Islandske folkesagn, 1986, 85-89, og i Simpson (2009, 214-16). Simpson opplyser om at det finst liknande skjemt i mellomalder-litteratur på fransk og tysk. Der er det ein bonde som ved himmelporten kranglar med Peter, Paulus og Tomas og minner dei om syndene deira. Den islandske soga drar også inn Maria, mor til Jesus, og høyrer til ei omtykt vitsegruppe om gamle menn og kvinner (Simpson 2009, 216).

[Til soga]

Bukolla

ATU 313, The Magic Flight. (Uther 2004). Fritt etter "Guten og Bukolla." Eventyret står mellom anna i Olafsson 1972, s. 55-58.

[Til soga]

Mannen utpå øya

Skúlason 1986, 45-50.

Ein kan lage suppe på ulike slags tang og tare, og på lav også. Det finst kurs i sjølvberging, og dessutan bøker om slikt noko.

[Til soga]

Jon Hestetjuv

Skúlason 1986, 53-64.

[Til soga]

Fluga og den kloke presten

Skúlason 1986.

[Til soga]

"Du mor som mjølkar sauar"

Skúlason 1986.

[Til soga]

"Morosamt er mørket"

Skúlason 1986, and J.A. I.

Å vinne over gjenferd ved bryting er den vanlegaste islandske måten (i folkloren), skriv Simpson (2009, 122-23).

[Til soga]

Halldor og Sigrun

Fru A. W. Hall. "Prince Hlini". Icelandic Fairy Tales, London: Frederick Warne & Co, 1897: 291-302.

[Til soga]

  Innhald  


Islandske eventyr - merknadar, litteratur  

Árnason, Jón, Icelandic Legends, trs. George E. J. Powell and Eiríkur Magnússon. London: Bentley, 1864.

Árnason, Jón, Icelandic Legends, trs. George E. J. Powell and Eiríkur Magnússon. London: Longman's, Green and Co, 1866. ⍽▢⍽ Jacqueline Simpson fortel at desse omsettingane til George Powell og Eirikur Magnusson frå 1864 og 1866 "are stylistically most unsatisfactory, being full of repetitiveness, circumlocutions and pomposity." Det blir om lag: "Dei er stilistisk høgst utilfredsstillande, fulle av oppatt-taking og bruk av mange ord der nokre få greier seg - og oppstylta." (Simpson 2009, s. 10) Det er godt å vere åtvara.

Arnold C. "Cold did in the Norse." Earth Magazine, Juni 2010, s. 9.

Booss, Claire, red. Scandinavian Folk and Fairy Tales: Tales from Norway, Sweden, Denmark, Finland, Iceland. New York: Gramercy Books, 1984. ⍽▢⍽ Booss har med 41 islandske legender og soger frå Icelandic Legends (1864).

Gering, Hugo. Islendzk aeventyri; isländische Legenden, Novellen und Märchen (1882-83). Vol. 1. Halle A. S. Waisenhaus, 1882.

Hall, Fru A. W., oms. og red. Icelandic Fairy Tales. London: Frederick Warne & Co, 1897. ⍽▢⍽ Sytten fine eventyr.

Kvideland, Reimund, og and Henning K. Sehmsdorf, redaktørar. Scandinavian Folk Belief and Legend. Minneapolis, MI: University of Minnesota Press, 1988.

Laboulaye, Edouard, red. Fairy Tales. Philadelphia: David Mckay, [19--]. ⍽▢⍽ Åtte av forteljingane er frå Island.

Lang, Andrew, red. The Red Fairy Book. Etext. Urbana, IL: Gutenberg Project. ⍽▢⍽ Rundt om i "den farga eventyrserien" hans - altså i the Blue, Yellow, Violet, Brown, Green, Orange, Pink, Olive, Lilac, Crimson, and Grey Fairy Books - står eventyr frå Island.

Olafssson, Albert. Islandske eventyr. Oslo: Samlaget, 1972.

Simpson, Jaqueline. Icelandic Folktales and Legends. Reprint ed. Stroud, Gloucestershire: The History Press, 2009. ⍽▢⍽ 85 eventyr etter Árnason. ⍽▢⍽ Vi kan ikkje seie at samlinga til Jón Árnason er tufta på ordrette attgivingar av forteljarar rundt om i Island. Kjeldene var skriftlege versjonar sendt til han av lærarar, prestar og andre med utdanning, og ein veit lite om korleis dei gjekk fram, skriv Simpson (s. 20).

Skúlason, Pall, red. Islandske folkesagn med gamle og nye illustrationer af islandske kunstnere. Reykjavik: Dansk-islandsk samfund, Sleipnir, 1986.

Sveinsson, Einar Ólafur. 1929. Verzeichnis isländischer Märchenvarianten: Mit einer einleitenden Untersuchung. FF Communications No. 83. Helsinki: Suomalinen Tiedeakatemia, Academia Scientiarum Fennica, 1929. ⍽▢⍽ Eventyrkatalog.

⸻. 2003. The Folk-Stories of Iceland. Revidert av Einar G. Pétursson, omsett av Benedikt Benedikz, redigert av Anthony Faulkes. London: Viking Society for Northern Research. University College London. ⍽▢⍽ Islendingen Einar Sveinsson (1899–1984) var professor i islandsk litteratur ved universitetet i Reykjavik. Boka fortel om over femti slags islandske folke-forteljingar. Sveinsson brettar ut historia og kjeldene til mange. Boka er kort sagt om eventyrlitteratur.

Symington, Andrew James. 1862. Pen and Pencil Sketches of Faröe and Iceland. With an Appendix Containing Translations from the Icelandic and 51 Illustrations Engraved on Wood by W. J. Linton. London: Longman, Green, Longman, and Roberts. ⍽▢⍽ Både islandske og færøyske eventyr er med bak i boka.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284 -86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Islandske eventyr, merknadar, opp    Seksjon     Sett    Neste

Islandske eventyr, merknadar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2019, Tormod Kinnes. [E‑post]