![]() |
Islandske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||
|
Halldor og SigrunI EIT LAND langt vekke budde ein gong ein konge og ei dronning. Dei hadde ein einaste son, Halldor. Alt som barn var han gåverik, og voks opp til bli flink og staut. Ein dag gjekk kongssonen ut på jakt med nokre hoffolk. Det var ein vakker morgon. Sola skein, fuglar og vilt av alle slag var det rikeleg av, og godt fornøgd med jakta og idrettstevlingane sine etterpå i skogen, gjekk så følgjet heimetter til sist. Skuggane blei lange mens dei gjekk, og brått seig ei tjukk skodde over dei. Følgjet kunne ikkje lenger sjå kongssonen, og kom attende til slottet berre med store vanskar. Då kongen fekk høyre at sonen hans ikkje var komen heim frå jakta, blei han uroleg. Då skodda letta, sende han folk for å finne han. Men enda om dei leita i alle retningar i tre døgn, kunne dei ikkje finne spor av han, og ingen hadde høyrt om eller sett Halldor. Då folka vende attende til kongen etter dei tre dagane og fortalte at sonen var sporlaust vekke, trekte kongen seg tilbake til rommet sitt. Der kasta han seg på senga og fall ned i djup sorg. Dronninga prøvde å oppmuntre han med å seie at sonen deira var gild og flink, og nok ville kome att frisk og sunn etter ei tid. Men kongen lét seg ikkje trøyste, og så sa han at han ville gi halve kongeriket til den som kunne bringe sonen hans tilbake. Ikkje langt frå slottet, ute på ei vill hei som var dekt med lilla lyng og gulblomstra kratt, budde ein gammal mann i ei lita hytte med dotter si, Sigrun. Dei åtte ikkje mykje, men var lykkelege. Dei levde av honning og bær og grønsaker dei avla, og kunne fiske i ein bekk ved hytta. Sigrun fekk høyre av gjetarar på heia at kongssonen var vekk og at kongen hadde lovd halve riket til den som kunne finne han. Det bestemte ho seg for å prøve, og tigga og bad far sin så lenge om det at han til sist gav etter, enda han var redd for at ho skulle rote seg bort i farar og uhell. Sigrun roa han med å seie ho kjende seg ganske trygg på at ho ville lykkast i leitinga. Alt ho ønskte var eit par nye sko og litt mat. Det fekk ho, og så tok dei farvel, og faren ønskte henne hell og lykke. Sigrun vandra i fleire dagar, kvilte om kveldane i ly ho fann, og gjekk nordetter støtt. Det var midtsommar, dagane var lange, og sola gjekk nesten ikkje ned. Så fann Sigrun nokre klipper ved stigen framfor seg. I ei av klippene var det ei stor hole. Ho lytta nøye i nokre minutt, men høyrde ingen lyder der inne frå. Så gjekk ho varsamt inn. Der såg ho to senger. Den eine var dekt med eit blått, gullbrodert silketeppe, og den andre senga var dekt med eit sølvbrodert, raudt lappeteppe av fløyel. Ho stiltra seg bort til senga med blått teppe over, og der låg kongssonen og sov. Sigrun prøvde å vekkje han, først forsiktig og deretter hardhendt, men fekk ikkje til å vekkje han. Ho bestemte seg for å vente og sjå kva som ville skje, og gøymde seg i ei smal nisje nær opninga. Knapt hadde ho gøymt seg der, så høyrde ho ein fæl larm, og to kjempekvinner kom inn i grotta. Den eldste sa i det ho gjekk inn, "Huff, eg luktar menneske her!" "Klart du gjer," svara systera hennar. "Kongssonen ligg her jo." Dei gjekk bort til senga der han låg som i dvale, og tok til sides sengegavlen som stod inntil grotteveggen. Fram frå ei hole bakom, kom to vakre svaner. "Syng, svaner, syng Halldor vaken," sa kjempekvinnene. Og som svanene gav vakkert lyd frå seg, vakna kongssonen. Den yngste kjempekvinna bringa han då frukt og vin på sølvfat, men kongssonen ville ikkje røre nokon ting. "Vil du gifte deg med meg no?" sa ho. "Nei, nei og atter nei!" sa kongssonen. Han ville ikkje ha henne. "Så syng, svaner, så Halldor kan gå i dvale att," sa ho harm. Og som svanene song ein klagande melodi, fall kongssonen tilbake på senga og var i dvale att, og dei to systrene la seg på senga med sølvbrodert lappeteppe og sovna for natta. Neste morgon vekte dei Halldor på same måten og baud han mat. Han ville ikkje ha noko no heller. Den yngste kjempekvinna spurde om han ville ha henne, men han ville ikkje no heller. Så fekk dei han i dvale att ved hjelp av svanene, og gjekk ut av grotta, som dei lét att etter seg. Sigrun venta ei stund for å vere tryggare på at dei vonde systrene ikkje kom att. Så kom ho fram frå gøymestaden og flytta til sides sengegavlen slik ho hadde sett systrene gjere det. Ho kalla på svanene for at dei skulle syngje vaknesongen, og så vakna han i senga. Han blei overraska å sjå Sigrun i staden for kjempekvinnene, og takka henne varmt for hjelpa, og spurde korleis ho hadde kome dit. Sigrun fortalde at faren hans sørgde fælt, og at ho hadde bestemt seg for å prøve å finne han. Halldor fortalde no Sigrun at då han hadde blitt skilt frå jaktlaget i skodda, hadde det brått dukka opp to kjempesystre som hadde med seg svaner. Svanene song han i dvale før han fekk slåst eller drive dei vekk, og så hadde systrene bore han til grotta. Der nekta han å gifte seg med den yngste av dei, og dei fekk han i dvale kvar gong han nekta. Då han var ferdig med å fortelje, sa Sigrun: "No er det første vi må gjere, å finne ut kva bokstavane på sengegavlen tyder. Så når systrene kjem i kveld, skal du ikkje seie nei til maten - for du treng å styrke deg for å kome herifrå - men vere høfleg med dei, og deretter spørje kva bokstavane tyder, og også kva systrene gjer om dagen når dei er vekke. Halldor sa han ville gjere som ho sa. Deretter fann dei eit sjakkbrett og nokre brikker på ei hylle, og sette seg ned og mora seg med å spele og prate til dei trudde det nærma seg tida då kjempekvinnene pla kome. Sigrun kalla fram svanene og fekk karen til å sove slik ho hadde sett systrene gjere, og snart kom systrene inn i grotta att. "Eg luktar menneske, sa den eldste, og var arg. "Tull!" svara den yngste. Ho hadde alt fått fyr på eit bål og ville koke suppe. "Det er klart du luktar det når Halldor er her." "Men dette er ei anna lukt," heldt den eldre systera ved, og Sigrun blei redd ho ville leite og finne henne der inne. Men den yngste systera hadde plukka fjøra av fuglane dei hadde fanga, og reinsa dei, og sa ho laut stelle til maten. Samstundes ville ho vekkje Halldor. Ho gjekk bort til senga med det gullbroderte lappeteppet, der Halldor låg og sov. Så kalla ho på svanene og vekte han. Då fuglane var laga til og ho spurde Halldor om han ville ha noko å ete, sa han ja takk; han kjende seg svolten og ville ete suppe med dei, sa han. Den yngste systera var storfornøgd, og etter å hjelpt han til frukt og vin, spurde ho igjen om han ikkje ville gjere henne til kona si Men Halldor sa han måtte då vite meir om henne og systera hennar før han kunne seie slikt. "Kva, til dømes, tyder dei bokstavane som er skorne på sengegavlen?" spurde han. "Å," svara den store kvinna som var vill og gal etter han, "der står "Fly, fly, seng, og før meg dit eg vil." Du har berre å setje deg på senga og gjenta desse orda, og hutsj blir du føyrt dit du vil dra." Prinsen blei glad over å høyre dette, for han fekk håp om at han og Sigrun kunne sleppe unna då. "Og kva gjer du og systera di heile dagen når de er ute?" spurde han. "Vel, vi streifar omkring og leiter etter mann, kvinne eller barn å ha til middag, for vi vil heller ha menneske enn fuglar og dyr. Når vi så blir leie, kan vi setje oss under eit tre og spele med livsegget," svara ho. "Eg vil tru ein må vere svært varsam når ein speler med livsegg?" sa Halldor. "Ja," svara ho, "for går det sundt, må syster mi og eg døy. Men det er inga frykt for det," lo ho høgt, "vi er varsame. Dessutan er det berre menneske som kan knekkje egget, og så snart eit menneske kjem nær oss, er vi snare til å fange og ete det." Kongssonen sa no at han kjende seg trøytt og sliten og bad om å få gå i dvale att. Og då den yngste systera på ny bad han om å gifte seg med henne, ville han vente til morgonen med å svare på det. Så fekk dei han til å sove som før. Neste morgon, etter at systrene hadde vekt han og gitt han mat, spurde dei han om han ville gå i skogen med dei, men Halldor sa han framleis kjende seg utmatta, og helst ville kvile. Systrene søvde han igjen og stengde grotta etter seg. Etter å ha venta ei stund, kom Sigrun fram frå skjulestaden og vekte han. "Opp kjapt," sa ho, "for vi skal følgje kjempekvinnene inn i skogen. Ta med deg jaktspydet som står ved sida av senga, og når dei tek til å spele og kaste og fange livsegget sitt, skal du kaste spydet på egget. Sikt nøye og gjer ditt beste, for bommar du, mister både du og eg livet." "Eg skal skjerpe meg det eg er kar om," sa Halldor. Så sette dei seg på senga og sa i lag: "Fly, fly, seng, og før meg dit eg vil." Straks steig senga opp og grotteveggen opna seg. Dei fór raskt av garde gjennom lufta og landa i greinene på ei stor eik. Dei kika ned, og der sat dei to systrene ved foten av treet. Den eine heldt eit gullegg i handa, klar til å kaste det til systera. Begge lo høgt mens egget flaug att og fram mellom dei. Halldor greip sjansen og kasta spydet nettopp som ei av systrene heldt det i handa. Han trefte egget så det gjekk i to. I same no fall dei to kjempekvinnene saman og var døde. Ein straum av mørkfarga gift strøymde frå leppene deira alt mens svart og gul sopp sprang opp frå marka og dekte dei heilt og fullt. Halldor sette seg dernest ved sida av Sigrun i senga, og så ønskte dei seg attende til grotta. Her leita dei rundt og fann svære mengder gull, sølv og juvelar, og då dei hadde lasta sengene med desse og dei to svanene og blitt samde om kor dei skulle dra først, sette dei seg på kvar si seng og sa: "Fly, fly, seng, og før meg dit eg vil." Sengene frakta dei til hytta til Sigruns far. Han blei glad for at dottera hans var trygt tilbake, og tok vel i mot Halldor. Neste morgon gjekk Sigrun til kongsslottet og ville snakke med kongen. Kongen tok imot henne og spurde henne kva ho ville. "Eg er dottera til den gamle mannen som bur i den vesle hytta på heia nær slottet her," svara Sigrun, "og eg har kome for å spørje kva løn du vil gi meg om eg bringar sonen din heim att trygt og godt." Kongen lo godmodig. "Eg trur ikkje eg treng å svare på det," sa han. "Det er ikkje stor sjanse for å finne han, når så mange andre har feila." "Men om eg klarer det," sa Sigrun, "vil du då gi meg lønna som du har lovd ut?" "Ja," svara kongen; "kan du få sonen min trygt og godt heim, skal eg ikkje gå tilbake på lovnaden min." Så gjekk Sigrun attende til hytta og bad kongssonen kome med seg til slottet. Saman gjekk dei inn i den store audienshallen. Då kongen fekk sjå sonen som han hadde sørgt slik over, blei han sjeleglad og lét han sitje på høgre side av seg for å fortelje kva som hadde hendt frå den dagen han blei skilt frå vennene sine på jakt. Og mens Halldor sette seg på eine sida, bad kongen Sigrun om å ta plass på andre sida, og så tok sonen til å fortelje om kva som hadde hendt - om fangenskapet i grotta og korleis Sigrun hadde fridd han og berga han frå dei fælslege trollkvinnene. Då Halldor var ferdig, reiste han seg frå setet og bad faren om lov til å ta Sigrun til kone. Kongen sa villig ja til det, og meinte inga løn kunne vere for stor for henne som hadde berga sonen hans. Så baud han inn til bryllaup. Snart etter blei Sigruns far utnemnt til bibliotekar for kongen, og fekk ansvaret for dei kongelege manuskripta, og Halldor og Sigrun levde lenge og lykkeleg saman, omgitt av barna og barnebarna sine. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] Omsetjing og design, © 20072009, Tormod Kinnes [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||