NORSK DEL, GULLVEKTA  

Islandske eventyr og segner

 13 › 1 › 2

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Jon Hestetjuv

JON HESTETJUV VAR son av far og mor, som hadde fleire born enn han. "Eg døyper deg med ei von til Jon," sa faren då han blei døypt. Han voks opp på garden hos foreldra sine, men så snart han hadde blitt vaksen mann, stal han eit stykke ost frå ei gammal tiggarkone, og denne lasta følgde han i ettertid. Kona forbanna han nemlig, og sa at han ikkje ville klare å slutte. Jon og dei andre som var til stades prøvde å kjøpe kona til å trekke forbanninga tilbake, men det var ikkje mogelig. Men kona ville gjøre forbanninga mildare ved å føye til at han aldri skulle bli tatt eller straffa for steling, og det kom til å gjelde.
      Noe etter fekk han teneste hos ei enkje og barna hennar på ein einsam, fin gard ved fjella vestpå. Enkja og han blei gift. Ho var hard av sinn, hadde dårlig rykte, eit motbydelig andletsuttrykk, gråbrune auge, magre hender, og gjekk nesten aldri i kyrkje. I staden stod ho utafor kyrkjedøra mens dei heldt messe.
      Jon Hestetjuv var derimot mild og glad med krøllete hår, ein god symjar med kraftige hender, og flink til å gå i klippar, og dessutan var han klok, elskverdig og reinslig, ein god arbeidar, dyktig til å lage fine ting, og han nynna gjerne små vers fram for seg.
      Jon og kona flykta med tida ifrå garden og opp i høglandet ved Stadt etter at kona hadde vore ute med intrigar og påfunn. Barna blei att på garden. Kona ville setje eld på den og brenne barna inne, men det måtte dei då få sleppe, meinte Jon, og hindra det.
      I fjella ved Stadt levde Jon og kona i tjue år. Dei laut stadig dra lenger austover og nordover, men til sist bygde Jon ein liten gard og gjerda den inn med stein. Dei ville plyndre reisande som var på veg til Kitt-kyrkja over fjellet. Først kom ein mann og ein gut med ei ladning tørrfisk langs vegen over fjellet. Mannen blei redd då dei kom setjande, men guten greip ein hammar og slo til Jon på kinnet så kjeven bresta, og dermed flykta Jon og kona, og dei vandrande kom uskadde over fjellet til kyrkjebygda.
      No ville Jon inn i vedunderdalane aust for kyrkja og skaffe seg villsau og liknande å ete. Jon tok av stad om natta og kom til ein saueflokk. Men nett då dukka sauegjetaren Ghut opp, sperra vegen for han, og forbaud han å ta sau. Det enda med at sauegjetaren slo til Jon, og så fekk han vende tomhendt heim til kona.
      Vinteren etter og tre-fire vintrar til var ei hard tid for Jon og kona, dei levde av å godsnakke med ender og fange dei, og dessutan ryper. Så ein dag kom to menn ridande i fjella for å samle mose og lav. Dei såg garden som låg for seg sjølv i ville fjellet, og syntest det var noe mystisk ved det heile. Noen veker etter var dei der att i lag med ein flokk menn og ville sjå om noen av sauene dei hadde mist dei siste åra, var der på garden. Jon var kjapp i vendinga då han såg flokken kome ridande over ein bakke noen kilometer vekke. Han treiv ei gryte med kjøreld og senka den ned i eit myrhol så dei andre ikkje fann dei, og så flykta han og kona opp på ein isbre nær ved.
      Bygdemennene tok no med seg alle sauene dei fann på garden, og dessutan nyttige ting dei kunne finne i huset der. Dei var mest forundra over dei vasstette vidjene Jon nytta, kor kunstferdig dei var laga, som mest alt anna der på garden. Så brente dei ned garden og drog sin veg.
      Jon og kona traska no i fjellet og såg om dei kunne finne ein annan høvelig stad til seg. Ein dag kom dei til ein grasfylt dal. Inst i dalen gjekk ein saueflokk, og ein gjetar med hund dreiv dei fram. Jon bad kona gøyme seg, gjekk bort til mannen og helsa, og utfordra han til brytekamp. Det enda med at Jon felte den andre, og for dette ville han ha noe mjølk å drikke, sa han. Gjetaren sa det var greitt nok, gjekk sin veg til garden som låg bak ein liten ås nær ved, og kort etter kom det ut ei kvinne med eit spann. Ho mjølka ein sau i flokken, og rekte han mjølka. Jon takka, og kvinna sa:
      "No kjem snart bonden og dei to brørne til gjetaren, og dei vil slett ikkje la deg kome herifrå i live, for dei er fredlause!"
      Jon såg no at dei tre mennene kom springande mot saueflokken, og tok til å slå vindmøller så han fekk eit dugelig forsprang, for vindmøller og krumspring var noe av det han kunne best.
      Etter kort tid gav den gamle bonden seg på jakta, men dei to gjetarbrørne heldt fram like til dei kom til jøkularmen på vestsida av dalen. Jon hadde alt hoppa over ei farlig sprekke i isen, og stod på hi sida og venta. Dei to våga ikkje å hoppe under slike forhold, for dei forstod at Jon kunne skubbe dei nedi sprekka om han ville. Så der skiltes vegane deira, og det gjekk ikkje godslig til.
      Jon bygde no ei hytte til seg og kona, og der budde dei heilt til han drømte ein vinter at han blei fanga. Deretter flytta han hytta lenger aust, og dermed blei han funnen og fanga av folk i ei bygd sør for hytta. Hadde han blitt på staden han flytta hytta ifrå, hadde ingen funne han.
      Jon var kjent som ein gudfryktig mann, så ingen sa nei då han ville vere med til kyrkje den andre søndagen i fangenskapet. Han sette seg til rette på ein benk nærast døra. Dei to mennene som heldt vakt over han, meinte at det ikkje var tiltrengt å halde vakt over han under messa. Mens presten preika og alle var opptatt av den mannen, sneik Jon seg ut, og ingen tenkte på å leite etter han før messa var ferdig. Men då var det blitt så tett skodde at ein ikkje kunne sjå meir enn ei armlengd framfor seg, og skodda varte knapt ei veke.
      Folk i bygda leita lenge etter Jon då skodda letta, men utan hell. Han hadde nytta forholda til å stable opp steinar til forskansing i ein bergsprekk ikkje så langt frå kyrkja, og der hadde han rigge opp ein takrygg og ei gammal hestehud til tak. Ein flat stein var døra hans. Ved sia av forskansinga til Jon var ei kjelde. Han trengte berre å smette ut ei hand frå der han låg og stikke kruset sitt ned i vatnet. Også den gøymestaden var meisterlig utført, og Jon var god til å skaffe forsyningar i tillegg.
      Ingen kan seie sikkert kor Jon og kona enda opp til slutt [1].
  • Små tjuvar blir hengt, store blir borgarmeistrar (Gammalt ordtak).
OPP


Fluga og den kloke presten

Eventyrlærdom GAMLE-EIRIK var alltid sur på kloke Roger Prest, for det ergra han at han sjølv alltid kom til kort overfor han. Gamle-Eirik prøvde derfor på alle mogelige måtar å hemne seg på han, sjølv om det alltid gjekk i vasken.
      Ein gong gjorde Gamle-Eirik seg til ei bitte lita fluge og sette seg under snerken på mjølka i matskåla til Roger. Han hadde tenkt at Roger ville sluke han og dø av det. Men då Roger tok matskåla, såg han fluga med det same, fekk slått snerken rundt den og slo ei fosterhinne utapå det igjen, og la pakken på altaret. Der laut fluga liggje under heile den neste messa som Roger heldt. Då den var ferdig, opna Roger pakken og sleppte Gamle-Eirik laus.
      Folk seier att Gamle-Eirik aldri har kjent så dårlig som då han låg på altaret mens Roger Prest heldt messe.

OPP


"Du mor som mjølkar sauer"

DET VAR ein gong ei jente som arbeidde som tenestejente på ein gard. Ho blei svanger, fødde barnet i løyndom og sette det ut.* Dette var nokså vanlig ein gong i tida, sjølv om det blei straffa fælt hardt når det blei oppdaga.
      Seinare same år skulle det vere ein stor dansefest, og den festen hadde jenta blitt beden til. Men for di ho var fattig og ikkje hadde klede som passa for høvet, heldt ho seg heime. Det klaga ho over til ei anna tenestejente ein dag dei var ute i saueflokken og mjølka. Då med det same høyrde dei ein sped stemme som kom frå einkvan stad under veggen i sauefjøset, og stemmen song denne visa:
Gråt ikkje,
du mor som mjølkar sauer,
Du kan låne voggekledet mitt
å danse i.
Jenta forstod at det var henne visa handla om, og blei skrekkslagen. Etter denne opplevinga blei ho aldri seg sjølv att, men var frå vettet resten av livet.

OPP


"Morosamt er mørket"

FRÅ GAMMAL tid og heilt opp til våre dagar var det skikk å vake over dei døde, og folk gjorde det i regelen ved eit tent lys, når det då ikkje var ei av dei lysaste nettene.
      Ein gong døydde ein mann som kunne seg med hekseri og som hadde vore vanskelig å vere i lag med. Det var ikkje mange som ville vake over liket hans. Men ein fann likevel ein sterk og modig kar til å gjøre det. Natta leid fram utan problem heilt til ganske kort før daggry. Då gjekk lyset ut med eitt, og liket reiste seg og sa, "Morosamt er mørket."
      Mannen som vaka, svara: "Det får du ingen glede av," og sa fram eit vers:
Lys kom til land som gull,
Mørketida er omme.
Lyset gjekk ut, men du er nesten for mold å rekne.
Hald deg i ro, og tei stilt!
Så trengde han seg på den døde og tvang liket bakover til jorda. Resten av natta var alt stilt og rolig.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   Omsetjing og design, © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST]