Norsk del, Gullvekta
Jødiske ordspråk ≍ Jewish Proverbs
Seksjon › 38 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Jødiske ordspråk på norsk og engelsk

Ein leiar treng ikkje vere nokon som veit veg, men nokon som trur han veit veg. - Jødisk ordspråk

Det står jødiske ordspråk på nynorsk og engelsk i samlinga. Korleis dei er på hebraisk og jiddisk, kan ein etterspore ved å gå inn i tospråklege bøker på tysk og engelsk, og velvalde adresser på Internett, blant anna.

Moralske ordspråk og verkemiddel

Ordspråk finst i rik monn over heile verda, i ein eldgammal og populær tradisjon. Ei stor mengde ordspråk kan sporast attende til India og høgkulturane rundt Eufrat og Tigris og det gamle Egypt og Hellas for fleire tusen år sidan. Også Bibelen har mange ordspråk, særleg i boka Salomos ordtøke i Det gamle testamentet. Dei er i stor grad komne til frå kulturane omkring, peiker Encyclopedia Britannica på (under "The Proverbs").

Ein kan mellom anna bruke ordspråk for å understreke moralske poeng, eller humoristisk, eller for å gi ein likefram, allmenn-aktig kommentarar til naturfenomen, skikkar og sedar, eller noko som kan verke som forklaring på somt. Ordspråka fortel ikkje berre direkte, men også figurativt og klisjéfylt.

Ved sidan av å vere kortfatta, gjerne poengterte, lette å hugse og helst minneverdige, flyt ordspråk på språklege verkemiddel som blant anna samanlikningar og metaforar, bokstavrim, oppatt-tak, rytme og bruk av "poetisk" overdriving (hyperbol).

Det er godt mogeleg å tolke ordspråk ulikt, til dels fordi mange kan nyttast figurativt, som når ein seier "Rev, son av rev", og snakkar om folk slik. "Luring" kan vere det som er meint, eller noko anna. Slikt "smågjettar" ein, helst i tråd med vanlege skikkar omkring seg. Situasjonane kan også gi farge og med-meining til ordspråka som knytast til dei. Og ein kan godt forstå eit ordspråk annleis enn det var meint av den som sa det. Danning hjelper.

"Det finst sytti måtar å tolke Bibelen på" er eit jødisk ordspråk, og "Toráen kan tolkast på 49 ulike måtar" er eit anna (Toráen er dei fem Mosebøkene først i Bibelen). Q.e.d.

Bibeltilfang har komme ut blant folk og blitt forstått som ordspråk. Også dei jødiske samlingane Talmúd og Midrásj er fulle av ordspråk og ordspråkliknande levereglar og praktiske råd. Jødiske ordspråk i ordboksamlingar er henta frå mange hald.

Ved og av jødar i blanding

Heile Det gamle testamentet i Bibelen er jødisk, og inneheld så som visdom og ordspråk og profetord i mengdevis. Jødane har enda fleire bøker i Det gamle testamentet enn Bibelen hos ikkje-katolske kristne, og også kommentarar til Det gamle testamentet - sjå nedover. Evangelisk-lutheranske kristne har fjerna fleire bøker i "det jødiske testamentet", og dei fjerna tekstane blir kalla apokryfe med eit samnamn.

Dei mest kjende apokryfane blei skrivne etter at den hebraiske kánonen var fastlagd. I oldkyrkja blei dei etter kvart rekna med til Bibelen, men ved reformasjonen definerte Martin Luther dei som ikkje-inspirerte, enda dei var med den katolske, latinske bibelen han var opplært i som katolsk munk (!) Jamfør boka om Luther som ung mann, av Erik H. Erikson (1993).

Desse bøkene bruker jødar og katolikkar flittigare enn protestantar: Tobit, Judit, Den greske Ester-boka (og med utvidingar), Visdommens bok, Jesus Siraks visdom, Baruk, Jeremias brev, Første Makkabearbok, Andre Makkabearbok, Tredje Esra, Fjerde Esra, Salme 151, og Tillegg til Daniels bok. Den katolske kyrkja har ikkje med boka Manasses bønn, i motsetnad til jødane.

Ei lita oppklaring: Mange bøker i Det nye testamentet er tillagt fødte jødar, som Peter, Paulus og dei andre apostlane. Vi finn sjeldan eit vell jesusord frå jødar, for dei reknar han ikkje som utfriar - men mor hans, Mirjam (Maria), var jødisk. Jødekristne skrifter som ikkje er henta frå Det gamle testamentet, kjenner jødar flest ikkje for mykje til . . .

Det gamle testamentet er altså jødisk litteratur å finne visdomsord i, og jødane og katolikkane har med fleire kanoniske bøker enn protestantiske kristne.

I tillegg har jødane kommentarverk til Torá (dei fem Mosebøkene), og andre kommentarverk, som til dømes kommentaren til Salomos høgsong, Ecclesiastes rabbah 'Rabbah' betyrkommentarverk. Eit anna kommentarverk, Fedranes etikk, er ein del av Talmúd (Den jødiske bibelen, vidt forstått), og inneheld fyndord og vise fyndord frå læra til ymse rabbiar (jødiske skriftlærde) og andre lærde.

Ord med uttale

Nedanfor er det sett til markeringar av trykket for fleire ord ein til vanleg ikkje skriv trykkteikn for, som Talmud og Tora. (Dei har trykk på siste stavinga.)

Apokryfe verk, apokryfar: Religiøse, jødiske tekstar som er skrivne mellom 200 f.Kr. og 200 e.Kr., og utelatne frå protestantiske biblar. Utelatinga var Luthers verk.

Gemará: Kommentarverk til Talmúd.

Medrásj (engelsk: Midrash): Kommentarar, utgreiingar og tolkingar av jødiske skrifter. Dei blei laga mellom 400 og 1200 e.Kr. for å få fram moralske lærdommar og religiøs lovforståing frå den hebraiske bibelen.

Misjná: Den eine av dei to religiøse tekstsamlingane i jødedommen. Ho er den eine delen av Talmúd (sjå det).

Ordspråka er her boka kalla "Salomos ordspråk", ei av bøkene i Det gamle testamentet. Ordspråka er til dels fått frå Egypt og andre land i området, er vurderinga ifrå Encyclopaedia Britannica (s.v. "The Proverbs").

Profetane: Jødiske profetar i Det gamle testamentet blir delt i (a) hovudprofetane, som er Jeremias, Esekiel og Jesaja og har omfattande bøker; og (b) dei mindre profetane, til dømes Malakias, Sefanja og Nahum med stuttare bøker.

Rabbi-ytringar: Tradisjonelle merknader som har overlevd igjennom lang tid. Opphavet til ytringane er ikkje kjent om det står berre 'rabbinsk' attom eit rabbiord. Namngitte rabbiar har også fått god plass i tradisjonen. Somme har gitt ut bøker. Sjå døme i boklista under.

Talmúd: Dei to kommentarverka Mishná og Gemará dannar til saman den store samlinga Talmúd, full av sitat og påstandar av jødiske skriftlærde, og som i tillegg til Tanákh definerer jødedommen i dag. Talmúd blei ferdig skriven på 500-talet e.Kr. Misjná-delen systematiserer munnlig Tora (lov). Gemará inneheld tilleggsmateriale: kommentar, analysar og utfyllingar.

Ein komplikasjon: Det finst to Talmúdsamlingar. Ei er frå 400-talet (Talmúd Yerushalmi), og ei anna frå 500-talet (Talmúd Bavli). Den siste er lengst og den som jødar oftast viser til med "Talmúd". Frå 700-talet har Talmúd fått status som eit verk med bindande normer for jødedommen, og har altså mykje å seie for jødar: Nest etter den jødiske bibelen, Tanákh, er Babylonia Talmúd den viktigaste heilagskrifta for jødar.

Tanákh: Dei tre hovuddelane av den jødiske bibelen: Torá (lova, mosebøkene) – Nebiím (profetane) – Ketubím (skriftene).

Tempelet i Jerusalem blei ein særs viktig heilagdom for israelittane i oldtida, trass i at Jehova ville ha eit geiteskinntelt til rituell dyrking som ledd i ei "evig ordning for israelittane frå slekt til slekt." [2 Mosebok 27:20; 29:42 osv.]. Blei David og Salomo for opptatte av steinbygg? Jødiskfødte og -oppsedne Paulus kom med synet "Eit tempel av bein er betre enn eitt av stein (Engelsk ordspråk)." Det er kroppen det er tale om slik, også i 1, korintarbrev 6:19.

Torá: jødisk nemning på dei fem Mosebøkene. Men blant jødar kan 'Torá' også bli nytta om heile Bibelen til jødane, og dessutan heile den jødiske religionen og trua. Det medfører kanskje at 'Torá' blir misforstått som referanse, men slik blir det tidvis brukt.

Zohar (hebraisk for stråleglans): Eit bokverk som blir rekna som kjerneverket i den jødiske mystikktradisjonen, kabbalá. Zohar er ein kommentar til dei fem Mosebøkene, Toráen.

Jødiske ordspråk på andre språk og blandingsspråket jiddisk

Mannen frå Løkdalen og Jesus
Mindfulness centred on the body, cultivated and regularly practiced, leads to deep peace, to a happy life and to the culmination of wisdom and awakening. [Jf. Anguttara Nikaya I:43]

"Cherish your body . . . it is easy to lose." [Tsongkhapa]

Det første ordet er ei enkel samandraging av innhald frå eit buddhistisk vers og tillagt Buddha. Det andre er eit sitat frå "Mannen frå Løkdalen", Tsongkhapa (1357-1419), ein reformator innan tibetansk buddhisme, og ein autoritet i gulhattskolen (Gelug), der Dalai Lama er leiar. (Stanford Encyclopedia of Philosophy, "Tsongkhapa")

Det første fortel at kroppen skulle ein kunne bruke så ein blir Opplyst (Vakna) av det. Dette skal ein ikkje tru blindt, men heller ha som arbeidshypotese om ein vil. At ein ikkje treng å tru så mykje, går fram av Kalama Sutta. Det skal likevel meir til for rett framgang, meiner Buddha, og å meditere høveleg, hjelper stort. (Jf. Bodhi 2012:79)

Det er ikkje berre kroppen ein kan meditere på. Har ein ingen fysisk kropp å arbeide med, skulle ein finne andre råder, om ikkje før.

Det går fram av fleire stadar i bibelen at kroppen er det rette tempelet. "Kvar kristen er Guds heilage tempel," står det til dømes i 1. Korintarbrev 3:1-16. Jesus snakkar om kroppen sin som eit kjapt oppatt-bygt tempel [John 2:19-21].

Tempel, flyktningar og ordspråk dei samla seg

Gjennom historia har fleire "jødetempel" flytta på seg, og mest etter at steintempelet i Jerusalem blei røva og øydelagt under hærføraren Titus i 70 e.Kr. Det tempelet var ikkje Salomos tempel, som blei øydelagt i 586 f.Kr. Det var det andre tempelet, som ein kan lese om i Esras bok.

Etter at romarar hadde øydelagt det andre tempelet og tatt med seg den jødiske lysestaken og andre tempelskattane som bytte, blei det eit triumftog inn i Roma. Jødar i lenker var med i toget ein pompøs festdag for somme, og ein heilt annan slags dag for andre som heller ville vere fri enn i romarlenker. Enno står ein triumfboge i Roma, Titusbogen, med relieffbilete av prosesjonen.

Etter år 70 flykta mange jødar frå romarriket til andre land. Det spreidde folket slo seg ned og slo seg saman i diaspora, det er: i jødiske samfunn, trongare enklavar - og fekk etter kvart tradisjonar og eigne tankar, sayings, attåt det dei fann i skriftene og kommentarane til skriftene. Desse tankane, til dømes ord frå marokkanske jødar eller tunisiske jødar, har gått frå slekt til slekt. Kven opphavet var, er jamt gløymt. Mange slike tankar har funne vegen til ordspråkbøker sidan, og kan bli kalla ordspråk eller tankar (sayings).

Jiddiske ordspråk og tankar er forma på blandingsspråket jiddisk (engelsk, yiddish, frå tysk jüdisch, jødisk). Det oppstod i mellomalderen blant jødar i Aust-Europa og bygger på mellomhøgtysk blanda med hebraisk, og med element frå romanske språk, seinare også frå slaviske språk. Det finst ordspråksamlingar i jiddisk språkdrakt og omsettingsverk med og utan jiddisk - sjå litteraturlista for døme.

Kloke og andre tankar har det vore plass til i ordspråksamlingar. Dei det blir sett til, omfattar ytringar frå skriftlærde rabbiar (lærarar), humoristar, verdsleg lærde, mystikarar, filosofar og diktarar.

Inngrodde haldningar ligg bakom mangt

A table is not blessed if it has fed no scholars.

"Eit bord er ikkje velsigna om det ikkje lærde har fått mat ved det." - Det kjem an på kva slags lærde det er tale om, men ordspråket syner iallfall vørnad for boklærde. Skikkar innan jødisk tradisjon og tradisjonelle, jødiske syn på mangt, kjem hyppig fram i ordspråks form.

Både vise tankar og vas blandar seg i ordspråksfloraen til folk. Det kan gjere godt å sile vekk sanden frå sukkeret, om ein klarer det. I somme høve kan ein dessutan omforme haltande, skeive og vridde ordspråk så noko gildt kjem ut av dei til sist. Då gir ein att tankar ein finn tiltalande - vrir dei til, modererer her og styttar der. Slikt er mogeleg. Skulle eltingane bli kraftige, får resultata kallast "inspirert av eldre tankar", til dømes. Det er grei skuring så lenge ein markerer det greileg.

Grunnhaldningar som "sant og verdifullt framfor glans og smaklaust tull" fortel eventuelt om å vere meir opptatt av å bere fram sant og klokt tilfang enn "glansord": Er tida ein har å leve heller knapp, og ein sansar det, treng ein ikkje bry seg så mykje om dei.

Det kjem nokre "glansord" her under. Dei speler kan hende ut uventa vriar, overraskande koplingar, utan å gi fullgode løysingar. Døme på skeive ordspråk:

Dying while young is a boon in old age. (Merknad: Paradoks av umogeleg slag. Bakom skin oppfatninga av at alderdommen ofte fører lidingar med seg.)

What a fool can spoil, ten wise men cannot repair. (Merknad: Sett at dei kan?)

If only one race has to be chosen, why the Jews? (Merknad: Utvalde til å plukke blåbær? Fekk no Abraham og etterkommarane alt landet han var blitt lova, like til Tigris? Det er no måte på å vere sjølvkjær også.)

It's never too late to die or get married. (Merknad: Kan ein gifte seg om ein ligg i koma i respirator i årevis fram mot slutten? Neppe. Bør ein gifte seg med ein annan, matlaus, kledelaus og huslaus? Det er neppe sikkert slikt går bra i lengda.)

Your health comes first – you can always hang yourself later. (Merknad: Nå, nå, har ein ikkje fleire kort å spele ut enn å henge seg? Kva med "Du kan alltids freiste strekkhopping seinare") - ein skulle ikkje ha skort på givande idear.

Fleas are not lobsters. (Merknad: Sjølvsagt ikkje. Men ordet gir kan hende eit humoristisk innsyn i armod og svolt.)

If we do not flatter ourselves, who will? (Merknad: Nei, sei det. Dette heller humoristiske ordet kan det ligge mykje bak, til dømes tomgang, lite medgang, dårlege naboar og meir, om ikkje karakterlyte. Verknaden av eit ordtak heng også saman med korleis det blir sagt og oppfatta, og den større samanhengen. Jamfør for eksempel: "There's a right way, a wrong way, and how they do it in the Army,")

Det får kanskje greie seg med døme frå bunkane med ordspråk. Kor gode dei kan vere, er litt relativt. I éin samanheng kan eit ordtak markere prima ting, og i ein annan samanheng ikkje vinne gehør. Noko kjem an på mottakarar og haldingar dei har også. Men når det er sagt, finst ordtak som er kjekke og bra omtykte vidt og breitt. Slike har eg lagt vinn på å få med.

Innhald


Jødiske ordspråk, Jewish proverbs, litteratur  

Aram, Homayoon. The Wit and Wisdom of Three Worlds: A Bilingial Collection of Popular Persian, Judaic and Western Proverbs and Expressions arranged by Theme. Bethesda, ML: Ibex, 2009. ⍽▢⍽ Boka er ei samling med rundt 4000 ordspråk og talemåtar på engelsk, med persiske som nok liknar dei, sjølv om "No like is the same, eller "Det som liknar tingen, er ikkje tingen sjølv" (frå boka). Ordspråka er frå persisk, jødisk og vestleg kultur, og er ordna etter 129 emne, som krig og kjærleik. Ordspråka er frå mange hald: Bibelen, Talmúd, annan litteratur og munnlege kjelder.

Bhikkhu Bodhi, oms. The Numerical Discourses of the Buddha. The Anguttara Nikaya. Boston: Wisdom Publications, 2012. ⍽▢⍽ Boka skulle vere grei å jamføre med i mangt.

Chronicle Books. Jewish Proverbs. San Francisco, CA: Chronicle Books, 1989. ⍽▢⍽ 58 illustrerte ordspråk.

Cohen, Abraham, saml. Ancient Jewish Proverbs. London: John Murray, 1911. ⍽▢⍽ Boka inneheld 350 jødiske ordspråk med forklaringar, og nesten alle er gamle. Forklaringar er tiltrengt for mange av ordspråka, fordi mange er knytte til jødiske skikkar, historie og kultur - og kan verke kryptiske og bli forståtte feil utan fakta, kjeldetilvisingar og forklaringar som Cohen legg til. Cohen (1887-1957) var britisk-jødisk lærd. I boka drar han i stor grad på tyskspråklege samlingar av mange rabbiar, men hovudtilfanget er ordspråk frå Talmúd og Mishna. Cohen-samlinga er del av den framifrå britiske "Wisdom of the East"-serien som Lancelot Cranmer-Byng og S. A. Kapadia redigerte.

de Ley, Gerd, og David Potter. Jewish Wisdom. Piscataway, NJ: Gorgias Press, 2006.

Erikson, Erik H. Young Man Luther: A Study in Psychoanalysis and History (Austen Riggs Monograph). Reissue paperback ed. New York: Norton and Co., 1993. (Norsk utgåve: Martin Luther som ung mann. Oslo: Gyldendal, 1970.) ⍽▢⍽ Ein verdskjend psykoanalytikar og Harvardprofessor ser inn i og drøftar unge Martin Luther ut frå tilgjengeleg materiale.

Gross, David C. Dictionary of 1000 Jewish Proverbs. New York: Hippocrene Books, 1997. ⍽▢⍽ Tusen gamle og nyare jødiske ordspråk er alfabetisk oppstilte emne. Til dei ulike emna kjem jødiske ordspråk som er omstava så dei følger engelsk alfabet godt (transliterasjon). Til kvart omstava ordspråk kjem dernest ei engelsk omsetting. Døme: Harayonot p'tureem mimas. Ideas are exempt from duty payments. Med andre ord: "Tankar er tollfri."

Gross, David C., og Esther R. Gross, Jewish Wisdom: A Treasury of Proverbs, Maxims, Aphorisms, Wise Sayings, and Memorable Quotations. New York: Walker and Co./Bloomsbury, 1989. ⍽▢⍽ Godt og vel tusen ordspråk, kloke og fornøyelege ord og sitat står saman under dryge 300 emneord. Ordspråka er i mindretal. Ei kjekk bok.

Landsberger, Artur. Jüdische Sprichwörter. Leipzig: Ernst Rowohlt Verlag, 1912. ⍽▢⍽ I tysk omsetting, utan jiddisk tekst. Ei kjekk bok.

Schneersohn of Lubavitch, Rabbi Yosef Yitzchak: The Principles of Education and Guidance. New York: Kehot Publication Society, 1990. ⍽▢⍽ Kloke ord ordna i mindre kapittel. Døme: "Det første steget for ein oppsedar eller rådgivar som vil førebu seg til dette høgt ansvarlege og heilage arbeidet, er å sjå inn i seg sjølv (introspeksjon)." [Frå kap. 5]

Schochet, Rabbi Dr. Jacob Immanuel. The Mystical Tradition – Jewish Mysticism – The Meaning and Relevance. New York: Kehot Publication Society, nd. ⍽▢⍽ Ein rabbi legg ut om jødisk mystikk.

Taylor, Charles, ed. Sayings of the Jewish Fathers. 2nd ed. Cambridge: Cambridge University Press, 1897. ⍽▢⍽ Ei engelsk omsetting frå "Pirkei Avot (also Pirqe Aboth, Pirkei Avoth or Pirkei Avos or Pirke Aboth)", som er ei samling med etiske lærebrokkar, nokre moralprinsipp og maksimar av rabbiar i hundreår før og etter vår tidsrekning, og redigert i åra før 217 e.Kr.

Weingarten, Joseph Abraham, saml., oms. Yiddish Proverbs. New York: 1941. ⍽▢⍽ Jiddiske ordspråk omsett til engelsk, og utan jiddiske originalar.

Yoffie, Leah Rachel. "Yiddish Proverbs, Sayings, etc., in St. Louis, Mo." The Journal of American Folk-Lore, April 1, 1920. ⍽▢⍽ 420 ordspråk på jiddisk, frå amerikansk jord, og med engelsk omsetting til. Grei.

Jødiske ordspråk, Jewish proverbs, opp Seksjon Sett Neste

Jødiske ordspråk, Jewish proverbs BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]