NORSK DEL, GULLVEKTA  

Munchausen-skrøner

 13 › 1 › 12

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Møte med bjørnen

Baron Münchhausen
Baronen og ein bjørn . . . Utsnitt frå teikning av Gustave Doré.


Ein gong eg nettopp hadde skrudd laus flinten frå bøsselåsen for at kvesse den, rusa ein kjempestor bjørn imot meg med forferdande brumming. Med nød og neppe rakk eg å klatre opp i eit tre for betre å forsvare meg der, men til alt uhell miste eg jaktkniven min mens eg kleiv og klatra, og hadde då ingenting å skru fast flinten med.
      Bjørnen sette seg rett nedafor meg og ville nok til å klive opp etter meg og sluke meg med hud og hår. Eg kunne sant og visst ha slått fram gneister frå auget som eg hadde gjort ein gong før, men eg hadde imot å gjøre det, sia det eksperimentet hadde gitt meg ein alvorlig augebetennelse, og den var eg enno ikkje heilt frisk etter.
      Full av fortviling stirra eg på kniven som stod der i snøen; men det gjorde ikkje saka betre. Med eitt fór likevel ein lykkelig tanke gjennom hovudet på meg. Ein sann og verkelig jeger, mine herrar, akkurat som ein sann og verklig filosof, bringer med seg alt sitt. Jaktveska mi var i dette høvet ein rettelig arsenal; den var utstyrt med alt mogelig som ein kunne trenge ved ulike høve.
      Eg tok til å grave i den og fann eit seglgarnsnøste, ein krøkt jernbit og eit stykke bek. Først batt eg fast jernbiten til snøret, mjuka så opp beken og festa den til jernet, og fira så ned snøret. Beken klistra seg straks fast til knivskaftet og blei hardt av kulda. Svært varsamt heiste eg på dette viset opp kniven. Og nett som eg hadde fått skrudd fast flinten, gjekk bamse til åtak. Ein skal sannelig vere bjørn for å velje eit så lempelig augeblikk, tenkte eg for meg sjølv og gav meister Grovlabb ei så varm velkomsthelsing at han miste smaken på å klatre i tre for evig og alltid.

Men no, mine herrar, er det på tide for meg å krype til køys. God natt, god natt!"

Baron Münchhausen
Baronen i natthua. . . Utsnitt frå teikning av Gustave Doré.


Glede over ender

Baron Münchhausen
Baronen skaffar seg ender . . . Utsnitt frå teikning av Gustave Doré.


Sjelsnærvær er den fremste eigenskapen ein kan ha når det gjeld å gjøre mannsverk. Mang ein soldat og sjømann har det å takke for berging, og det kjem ofte jegeren til god hjelp.
      Så hende det til dømes at eg ein dag kom til ein sjø der det låg noen dusin ender og symde. Men dei var så spreidde at eg ikkje kunne vente meg å få meir enn ei for skotet, og det mest forargelige var at det siste skotet mitt låg i børsa. Eg hadde invitert ut til meg ein flokk gode venner, og endene skulle derfor kome vel med.
      Kva kunne gjørast? Då fall det meg inn at eg enno hadde att eit stykke flesk i jaktveska. Eg snodde opp snøret på hundekoppelet, knytte ihop lissene og batt fast fleskebiten i eine enden av denne forlenga snora. Då det var gjort, gjømde eg meg i sivet på stranda og kasta ut dette agnet mitt.
      Det varte ikkje lenge før eg hadde gleda av å sjå ei and kome symjande og sluke fleskestykket. Heile fleskebiten glei lett gjennom anda og kom ut andre vegen. Snart kom ein ny and og slukte den, så ein tredje, fjerde, og så vidare. Innan kort tid hadde agnet vandra gjennom alle endene, og der sat dei no på snøret, opptredd som perler på ei snor.
      Førnøgd til sinns drog eg dei i land, vinda snøret fem seks gonger om livet og sette kursen heimetter.
      Eg hadde eit godt stykke å gå og det store knippet av ender blei snart så tungt at eg nesten tok til å angre at eg hadde fanga så mange. Men snart letta det for meg,
Baron Münchhausen
Baronen styrer med frakkeflaka . . . Utsnitt frå teikning av Gustave Doré.
sjølv om det i starten gav meg ein smule uro og bekymring. Alle endene var framleis i live, og etter at dei hadde henta seg noe inn att noe etter den første forskrekkinga, tok dei til å fly og flakse og lyfte meg med seg opp i lufta.
      Noen kvar skulle no sikkert ha mist både hanskar og vantar av berre forferding; men eg drog nytte av omstenda på beste måte og styrde ved hjelp av frakkeflaka rake vegen heim.
      Då eg var like over bustaden min og det galdt å senke seg ned, vrei eg halsen av den eine anda etter den andre. Det gav meg ganske mye besvær å få det til. Men eksperimentet var vellykka: varsamt sakk eg ned gjennom det store skorsteinsrøret og hamna midt i peisen, til stor forskrekking for kokken min; han hadde lykkeligvis enno ikkje gjort opp eld i den.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2004–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]