NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 9

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Løfte opp berget

DET VAR ein gong opplendingane var ute og rodde, og så rodde dei inn under ein berghammar. Der kvilte dei seg seg ei lite stund mens sjøen flødde - like til framstamnen sat fast oppunder hammaren, for berget halla framover sjøen.
      Då ropte den eine:
      "Kom og hjelp meg, la oss løfte opp berget!"

Ord

  1. Stamn: framende eller akterende på eit fartøy.
OPP NOTAR  



Spring for livet kvar og ein!

"EG FRYS på føtene, eg frys på føtene!" sa høna, dei var ute i nøtteskog ein våt haustdag.
      "Du skal få skor, du skal få skor!" sa hanen.
      "Det lova du i fjor, det lova du i fjor!" sa høna.
      Då blei hanen så arg for at ho ville ha det til at han var løgnar, at han knekte ei nøtt så hardt at skala fauk. Eit skal spratt i hovudet på kyllingen. Då blei han så redd at han tok til å springe.
      "Kva spring du for, kylling-pylling?" sa høna. "Det datt ei nøtt i krona mi, himmelen brast, jorda synest ikkje fast. Spring for livet kvar og ein!" sa kyllingen.
      Så sprang høna.
      "Kva spring du for, høne-pøne?" sa hanen.
      "Eg spring fordi kylling-pylling spring. "
      "Kva spring du for, kylling-pylling?"
      "Det datt ei nøtt i krona mi, himmelen brast, jorda synest ikkje fast. Spring for livet kvar og ein!"
      Så sprang hanen. Så møtte dei ein hare.
      "Kva spring du for, hane-pane?" sa haren.
      "Eg spring fordi høne-pøne spring."
      "Kva spring du for, høne-pøne?"
      "Eg spring fordi kylling-pylling spring."
      "Kva spring du for kylling-pylling?"
      "Det datt ei nøtt i krona mi, himmelen brast, jorda synest ikkje fast. Spring for livet kvar og ein!"
      Så sprang haren. Så møtte dei ein rev.
      "Kva spring du for, hare-nare?" sa reven.
      "Eg spring fordi hane-pane spring."
      "Kva spring du for, hane-pane?"
      "Eg spring fordi høne-pøne spring."
      "Kva spring du for, høne-pøne?"
      "Eg spring fordi kylling-pylling spring."
      "Kva spring du for, kylling-pylling?"
      "Det datt ei nøtt i krona mi, himmelen brast, jorda synest ikkje fast. Spring for livet kvar og ein!"
      Så sprang reven. Så møtte dei ein ulv.
      "Kva spring du for, rev-trev?" sa ulven. "Eg spring fordi hare-nare spring."
      "Kva spring du for, hare-nare?"
      "Eg spring fordi hane-pane spring."
      "Kva spring du for, hane-pane?"
      "Eg spring fordi høne-pøne spring."
      "Kva spring du for, høne-pøne?"
      "Eg spring fordi kylling-pylling spring."
      "Kva spring du for, kylling-pylling?"
      "Det datt ei nøtt i krona mi, himmelen brast, jorda synest ikkje fast. Spring for livet kvar og ein!"
      Så sprang ulven. Så møtte dei ein bjørn.
      "Kva spring du for, ulv-rulv?" sa bjørnen.
      "Eg spring fordi rev-trev spring."
      "Kva spring du for, rev-trev?"
      "Eg spring fordi hare-nare spring."
      "Kva spring du for, hare-nare?"
      "Eg spring fordi hane-pane spring."
      "Kva spring du for, hane-pane?"
      "Eg spring fordi høne-pøne spring."
      "Kva spring du for, høne-pøne?"
      "Eg spring fordi kylling-pylling spring."
      "Kva spring du for, kylling-pylling?"
      "Det datt ei nøtt i krona mi, himmelen brast, jorda synest ikkje fast. Spring for livet kvar og ein!"
      Så sprang bjørnen.
      Då dei hadde sprunge langt og lenge, tok magen til å verke for bjørnen. "Eg er så svolten," sa han, "eg orkar ikkje springe lenger, eg lyt få meg mat!"
      "Vi skal få oss mat!" sa reven. "Vi vil telje, den som har det verste namnet, den vil vi ete. Bjørn-klørn, det er eit greitt namn, ulv-rulv, det er eit greitt namn, rev-trev, det er eit greitt namn, hare-nare, det er eit greitt namn, hane-pane, det er eit greitt namn, høne-pøne, det er eit greitt namn, kylling-pylling, det er eit dårlig nok namn, deg må vi ta!" Dermed glefste reven i seg kyllingen. "Spring for livet kvar og ein!" sa han då.
      Så sprang dei.
      Etter ei lita stund sa bjørnen: "Eg er like svolten, eg har ikkje fått noe mat," sa han.
      "Ja, kva skal vi då gjøre?" sa reven. "Jau, vi skal telje, den som har det verste namnet, den vil vi ete. Bjørn-klørn, det er eit greitt namn, ulv-rulv, det er eit greitt namn, rev-trev, det er eit greitt namn, hare-nare, det er eit greitt namn, hane-pane, det er eit greitt namn, høne-pøne, det er eit dårlig nok namn, deg må vi ta," sa han. Dermed glefste han i seg høna. "Spring for livet kvar og ein!" sa han då. Så sprang dei.
      Etter ei lita sa bjørnen: "Eg er like svolten, eg har ikkje fått noe mat," sa han.
      "Ja, kva skal vi då gjøre?" sa reven. "Jau, no veit eg det, vi skal telje, den som har det verste namnet, den vil vi ete. Bjørn-klørn, det er eit greitt namn, ulv-rulv, det er eit greitt namn, rev-trev, det er eit greitt namn, hare-nare, det er eit greitt namn, hane-pane, det er eit dårlig nok namn, deg må vi ta!" sa han. Dermed glefste han i seg hanen. Så sa han det: "Spring for livet kvar og ein!" sa han. Så sprang dei.
      Etter ei lita stund sa bjørnen: "Eg er like svolten, eg har ikkje fått noe mat," sa han.
      "Ja, kva skal vi då gjøre?" sa reven. "Jau, no veit eg det, vi vil telje, den som har det verste namnet, den vil vi ete. Bjørn-klørn, det er eit greitt namn, ulv-rulv, det er eit greitt namn, rev-trev, det er eit greitt namn, hare-nare, det er eit dårlig nok namn, deg må vi ta!" sa han. Dermed åt han opp haren. Så sa han det: "Spring for livet kvar og ein!" sa han. Så sprang dei.
      Etter ei lita stund sa bjørnen: "Eg er like svolten, eg har ikkje fått noe mat!" sa han.
      "Ja-a, kva skal vi då gjøre?" sa reven. "Jau, no veit eg det, vi vil telje, den som har det verste namnet, den vil vi ete." Og så talde han fortast han kunne: "Bjørn-klørn, det er eit greitt namn, rev-trev, det er eit greitt namn, ulv-rulv, det er eit dårlig nok namn, deg må vi ta."
      Dermed tok bjørnen og reiv sund ulven og glefste han i seg. Så var han mest som mett då, reven var reint stappa. han. "Spring for livet kvar og ein!" sa reven. Så sprang dei langt og lenge.
      Til sist tok bjørnemagen til å knurre att. "Eg er så svolten, eg klarer ikkje å springe lenger," sa han, "eg lyt få meg mat."
      "Vi skal få oss mat," sa reven.
      "Ja, kva skal vi slå på no då?" sa bjørnen.
      "Eg tenkjer vi vil eitkvart," sa reven, "vi vil så neper."
      Lenge etter, då nepene var store og kunne haustast, sa reven: "Kva vil du ha, det som er under eller over jorda?"
      "Å, eg vil ikkje bry meg med å rote og grave i molda, du kan ta rota," sa bjørnen. Ja, så ruska han i seg kålen og fekk dårlig mage, og reven slikka seg om munnen over fine neper.
      "Spring for livet kvar og ein!" sa reven då han hadde ete dei. Så sprang dei langt og lenge.
      Så tok bjørnemagen til å knurre att. "Eg er så svolten, eg orkar ikkje springe lenger, eg lyt få meg mat," sa han.
      "Vi skal få oss mat," sa reven.
      "Kva skal vi ta til med no då, skal tru?" sa bjørnen.
      "Eg tenkjer vi får så noe igjen, men eg er lei av å rote og grave etter desse nepene, eg tenkjer vi sår rug," sa reven.
      Då rugen var moden, sa reven:
      "Kva vil du ha, det som veks over eller under jorda?"
      "Du kan ta toppen," sa bjørnen og hugsa korleis det gjekk sist.
      Då tok reven alle aksa, og bjørnen måtte bite i den tørre rughalmen og røtene.
      "Spring for livet kvar og ein!" sa reven då den hadde ete kornet.
      Så sprang dei langt og lenge, like til bjørnemagen knurra igjen. "Eg er så svolten, eg orkar ikkje springe lenger," sa han. "Eg lyt få meg mat."
      "Vi skal få oss mat," sa reven. "Eg tenkjer vi får fiske. Gå ned på isen og grav deg eit hol, og stikk så rova nedi. Så kan du seie ifrå til meg så snart du kjenner det svir, for då bit det. Då skal eg gjøre opp varme, så vi kan få steikje fisken vår," sa han.
      Ja, bjørnen gjekk ut på isen og grov hol, og stakk så rova nedi. Og reven gjekk av og let vatnet på isen. Då dampa det.
      "Kor blir det no av varmen din?" sa bjørnen.
      "Det kjem seg vel," sa reven, "sjå no ryk det."
      "No bit det også," sa bjørnen, "det svir så at . . ."
      "Sit lenge, sit lenge, så kjem dei store fiskane," sa reven.
      Då no reven tenkte at bjørnen var vel klaka fast, sa han:
      "No bit det vel?"
      "Ja, no bit det så menn," sa bjørnen, "det svir heilt fælt, skal eg seie deg."
      "No rykkjer du så hardt som du er god for!" sa reven.
      Så sprang bjørnen til med eit byks, og så sleit han av seg rova. Slik blei han kortrumpa.
      Då skjøna bjørnen at reven hadde narra han heile tida. Han blei han så sinna at han ville drepe reven, og sette etter han. Reven prøvde å kome unna ved å smyge seg innunder ei fururot, men det gjekk ikkje, for bjørnen fekk tak i den eine bakfoten til reven. Då lo reven så inderlig godt:
      "No held du i fururot og trur det er revefot!" sa han. Då sleppte bjørnen revefoten, og reven var ikkje sein om å fare inn i ei ur og gøyme seg.

Ord

  1. Klake: stivne av frost, få ei skorpe av is, og anna.
OPP NOTAR  



Hanen og reven

Eventyrlærdom DET VAR ein gong ein hane som sto på ein møkkahaug og gol og flaksa med vengene. Så kom reven til han.
      "God dag!" sa reven. "Eg hørte nok du gol, men kan du stå på ein fot og gale og blunde slik som far din kunne?" sa Mikkel.
      "Det kan eg både godt og vel," gol hanen og sto på eitt bein; men han blunda berre på det eine auget, og då han hadde gjort det, så briska han seg og slo med vengene som om han hadde gjort noe stort.
      "Det var godt gjort," sa reven; "men kan du no og stå på ein fot og gale og blunde med begge auga på ein gong? Det trur eg knapt du kan!" sa Mikkel. "Nei, far din, det var mann!" sa han.
      "Å, eg kan då det, eg også," sa hanen, og sto på ein fot og blunda med begge auga og gol.
      Dermed sette reven på han, tok han omkring nakken og slengde han på ryggen så han fekk ikkje gale frå seg før det bar til skogs med han så fort som reven orka
      Då dei kom bort under ei gammal kvistegran, slengde Mikkel hanen i bakken, sette foten på brystet hans og ville ta seg ein smakebit.
      "Du er ikkje så reinslig av deg, du Mikkel, som far din," sa hanen; "han duppa då nevane sine før han gjekk i matfatet."
      Mikkel ville då vere reinslig, han også. Så sleppte han taket og skulle til å tørka labbane sine i graset. Vips! flaug hanen opp i eit tre.
      "Du skal nok ikkje sleppe for det," sa Mikkel med seg sjølv. Så gjekk han bort og kom att med eit par store fliser etter tømmerhoggarane. Hanen kika og kika etter kva det kunne vere.
      "Kva har du der?" sa hanen.
      "Det er brev eg har fått frå paven i Rom," sa reven; "kanskje du vil hjelpe meg med å lesa dei, for eg har ikkje godt syn til å lese utan briller sjølv, og briller har eg ikkje med meg."
      "Eg ville gjerne, men eg torer ikkje no," sa hanen; "det kjem ein skyttar; eg ser han, her eg sit bak granleggen; eg ser han, eg ser han!" sa han.
      Då reven hørte at hanen klunka om skyttaren, tok han til sprangs det snøggaste han kunne.
      Den gongen var det hanen som brukte revekroken.

Ord

  1. Revekrok: revestrek, knep, fusk og fanteri, og anna.
OPP NOTAR  



Gullfuglen og gull-linda

Eventyrlærdom EIN KONGE hadde vore ute og skote og funne ei fælande fin fjør. Den var av reint gull. Han blei så galen etter å finne fuglen som fjøra hadde komme frå, at han ikkje fekk fred natt eller dag. Han hadde tre søner, og dei baud seg til å leite etter fuglen.
      Den eldste skulle då først ut og leite. Då han kom ut i skogen, møtte han ein rev, og reven bad etter mat.
      "Eg har ikkje meir mat enn eg treng sjølv," sa kongssonen.
      Så fekk ikkje reven noe, og så vingla og vandra kongssonen til han kom ut av skogen. Der låg det ein by, og der blei han sitjande i vertshuset og drikke og drive vekk tida med kortspel og kvinnfolk, og kom aldri lenger.
      Etter å ha venta lenge, sende kongen den andre sonen for å finne att bror sin og gullfuglen også. I skogen møtte den andre sonen reven.
      "Kan eg få ein matbete av deg, sa skal eg hjelpe deg når nauda er størst," sa reven.
      "Nei, eg har ikkje meir mat enn eg treng sjølv," sa kongssonen, og så forsvann reven.
      Då kongssonen kom seg gjennom skogen og til vertshuset, fann han broren sin. Der blei dei sitjande, og kom ikkje heim att noen av dei.
      Då ville den yngste kongssonen av garde og leite etter brørne og gullfuglen. Men far hans ville helst ikkje at han skulle reise. "Å, det blir vel det same med deg," sa han.
      Men guten ville det han ville, og då han kom på skogen og sette seg til å ete, kom reven til han.
      "Å, kan eg få ein matbete av deg, så skal eg hjelpe deg når nauda er størst," sa reven.
      "Det eg har, skal du få," sa kongssonen.
      Så spurde reven kor han skulle av.
      "Far har funne ei gullfjør, og han meiner det finnast ein gullfugl til den også, og den vil han sa gjerne ha tak i," sa guten.
      "Eg skal hjelpe deg," sa reven.
      "To av brørne mine har reist for å leite etter fuglen," sa kongssonen. "Men ingen veit om dei er døde eller lever," sa han.
      "Å, dei lever," sa reven, "dei sit i eit vertshus og drikk. Men no skal eg hjelpe deg. Då må du gjøre alt eg bed deg. Når vi kjem til byen, kan ikkje eg gå inn der, så eg tar omvegen omkring og ventar på deg ved porten," sa reven. "For i byen er ei stor bikkje som vil ta meg. Men så må du ikkje gå inn til brørne dine eller bli sitjande."
      Kongssonen lova godt; reven han dilta rundt byen og guten gjekk inn i den. Då han kom til vertshuset, kika han inn i vindauget, og såg han brørne sine. Og då gjekk det som reven hadde åtvara mot, han blei sitjande med dei.
      Reven venta lenge på guten, men ingen kom. Så lista han seg inn i byen og stakk hovudet inn gjennom vertshusdøra så kongssonen såg han, og då skunda guten seg ut att.
      "Vi to har langt å fare," sa reven, "no har vi tre hundre mil bortafor den blåna du ser," sa han.
      "Det var då fælt så langt det var, då," sa kongssonen.
      "Ja, så langt er det," sa reven, og så reiste dei langt og lenger enn langt, og då kom dei fram til trollgarden. Der satt gullfuglen i ei gull-lind.
      "No skal du gå inn og ta fuglen," sa reven, "men du må ikkje anse gull-linda, elles går det galt for deg," sa han.
      Kongssonen lova godt, men då han kom inn, var gull-linda så fin at han var makta å halde seg, han braut av ein liten kvist av ho. Men då song det slik i linda at trollet kom.
      "Er det sa du vil reise med gullfuglen min!" skreik trollet.
      "Eg skulle helst det," sa kongssonen.
      "No slepp du ikkje før du hentar den gildaste hesten hos grannen min," sa det, "så skal eg ikkje gjøre deg noe."
      "Det var ille og ikkje nødvendig," sa reven, "at du tok noe av linda. "No må vi atter fare tre hundre mil bortafor den blåna du ser," sa han.
      "Kven kunne tenkje at det gjorde noe å bryte av berre ein kvist, då?" sa guten.
      "Gjort er gjort," sa reven. Og så reiste dei att, til dei kom til neste granne.
      "Her står det mange hestar i stallen," sa reven, "men du skal ta den som er så livfull at han står og trippar," sa han. "På han legger du den mest fillete salen du ser."
      Ja, kongssonen gjekk inn i stallen og der var mange fine hestar, men ingen som denne eine.
      "Det ville vere leit å legge ein fillesal på så fin ein hest," tenkte kongssonen, og så la han på hesten den gildaste salen der var, men då kom trollet.
      "Er det så du vil reise med hesten min!" sa trollet.
      "Om eg kan, så," sa kongssonen.
      "Først må du hente kongsdottera som er hos neste granne," sa trollet.
      "Det er sikkert inga råd med det," sa kongssonen, og skunda seg attende til reven.
      "Du er rett umogelig, du," sa reven. "No må vi fare nye tre hundre mil bortafor den blåna du ser," sa han.
      Då dei kom fram, sa reven: "No kan eg ikkje ha deg til å gå inn, elles bli vi gåande her all vår tid. Nå må eg inn sjølv," sa han. Og så sprang han inn etter kongsdottera.
      Som dei for attende derifrå, tok reven med seg gullhesten og gullfuglen og gull-linda og drog av garde med alt saman.
      Då dei kom til byen, skulle kongssonen kjøre føre med gullfuglen og det andre, og reven skulle dilte omkring.
      "Men du skal kjøre snøgt forbi vertshuset, elles bli du sitjande der igjen," sa reven
      Så kjørte kongssonen, og reven sette seg i ein rugåker og hadde omkring seg rughalm og laga seg i ein prest, han då. Så kom alle tre trolla.
      "Har du sett noen kome imot deg her med kongsdotter og hest og gullfugl og gull-lind?" sa dei.
      "Nei, slett ikkje," sa reven.
      "Nei vel," sa dei og så snudde dei og leita noen andre stader, før dei gjekk heim att.
      Reven dilta av stad etter kongssonen. Då han kom nær byen, måtte han springe omvegen nedmed vatnet. Der låg det ei tønne og flaut.
      "Ligg du her, du tomme tønne?" sa reven.
      "Ja," sa kongssonen, han var inne i tønna. "Då eg kom til vertshuset, tok brørne mine av meg alle kleda mine, tok kongsdottera og all stasen, og kasta meg på fjorden," sa han.
      "Så var det ikkje for tidlig eg kom då," sa reven, og så fløytte han i land tønna og fekk guten ut av den. Så reiste dei etter til kongsgarden.
      I kongsgarden hadde dei to eldste fortalt far sin for eit strev dei hadde hatt med å få tak i alle tinga. Men kongsdottera tala ikkje eit ord, og linda sto og tørka, og fuglen ville ikkje syngje.
      Men då reven og den tredje kongssonen kom, då blei det liv i alt saman: Linda voks og fuglen song, og kongsdottera var glad og livlig.
      "Det var eg som skaffa det, far," sa den yngste då, og så fortalde han korleis alt hekk i hop.
      "Ja, kven kunne vite at brørne dine var slik?'" sa kongen. "Men dei skal få løn som fortent," la han til.

Ein dag etter dette sa reven til kongssonen: "No skal du hogge hovudet av meg. Du veit det må til."
      "Nei, fri og bevare meg for det," sa kongssonen, "Det kan eg då ikkje, du som har gjort så mye godt for meg," sa han
      "Jo, det skal du gjøre," sa reven. Og så lenge dreiv reven på at guten skjøna han måtte gjøre som reven bad om. Då blei reven til den finaste kongsson.
      "Vel, takk skal du ha," sa han med det same han kunne snakke. "Kongsdottera er søster mi. No er endelig begge frelst frå desse trolla som gjorde vondt mot oss."
      Så heldt han bryllaup for kongssonen og kongsdottera, før han for heim att for å ta over i farsriket sitt, og det var det.

Ord

  1. Blåne: ein "stad" som ligg langt borte i synsranda, og som verkar blåaktig av di lufta har blåtone.
OPP NOTAR  



Mannen frå Ringerike

Eventyrlærdom DET VAR ein gong ein mann og ei kone. Ein vår hadde dei ikkje såkorn, så dei tala saman og blei samde om at dei ville til byen og selje ei ku og kjøpe såkorn for kua.
      Men så torde ikkje kona la mannen dra, for ho var redd han kom til å setje pengane over styr. Ho ville reise sjølv.
      Ho drog med kua, og tok med seg ein hane attpå. Like utafor byen møtte ho ein slaktar.
      "Skal du selje kua di, mor?" sa slaktaren.
      "Ja, det skal eg," sa ho.
      "Kva vil du ha for henne?" sa han.
      "Eg vil ha førti kroner for kua og to tusen for hanen," sa kona.
      "Kua skal eg ta. Og hanen veit eg du blir av med," sa slaktaren.
      Så fór ho utover heile byen; men ingen ville gi to tusen for hanen. Så vende ho attende til slaktaren og sa at han laut ta hanen også, for ho blei ikkje av med han.
      "Ja, det skal vi nok bli samde om," sa slaktaren.
      Så gav han henne både mat og drikke, og skjenkte henne så full at ho ikkje visste noen ting. Så tok han og hadde henne nedi ei tjøretønne. Då han hadde gjort dette, velta han henne i ein haug med dun.
      Då ho kom til sans og samling att og såg korleis ho såg ut, så sa ho:
      "Dette kan aldri vere meg. Det må vere ein veldig stor fugl."
      Så tenkte ho på korleis ho skulle få vite om det var henne eller ein stor fugl.
      "No lyt eg først kome meg heim. Dersom hunden ikkje gøyr på meg, så er det meg. Men gøyr han på meg, så må det vere ein fugl," sa ho.
      Med same hunden såg henne, sette han i å gnelle.
      "Uff, dette kan aldri vere meg," tenkte ho. "Men dersom kalvane vil sleikje meg, så er det nok meg likevel. Vil dei ikkje sleikje meg, så er det vel ein stor fugl."
      Då ho kom inn til kalvane i kvea [A], blei dei så redde at dei sprang omkring som ville.
      "Nei, dette kan aldri vere meg," tenkte ho. "det må vere ein diger fugl."
      Så kleiv ho opp på stabburstaket. Der tok ho til å fekte med armane og ville fyke. Mannen hennar såg dette store vesenet som stod på stabburstaket og flaksa, og kom med børsa ville skyte det.
      "Å gode! Skyt ikkje!" sa ho, "det er meg."
      "Kva, er det deg?" sa han. "Kom no ned og gjør greie for deg."
      Ja, ho kom ned, men hadde ingen pengar etter handelen. Dei førti kronene ho hadde fått for kua, hadde ho kasta vekk i fylla.
      "No er du så galen at eg kan aldri vere i hop med deg," sa mannen. "Eg lyt reise. Men finn eg tre som er like galne, kjem eg att. Elles ser du meg aldri att." Så for han.
      Så kom han ein gard. Der hørte han eit fælt skrik, og gjekk inn. Då stod kona og banka mannen sin i hovudet med ei vedskie.
      "Vil du slå i hel mannen din?" sa han.
      "Å nei, det vil ho ikkje," sa mannen; "men eg får ny skjorte, og så vil ho banke hol på så eg skal få henne på meg. Men kunne du gjøre det slik at eg fekk skjorta på meg og ho ikkje trengte å banke, så skal du få tjue tusen kroner."
      "Kom med ei saks!" sa ferdamannen.
      Så fekk han saksa og klipte hol i skjorta, så mannen fekk hovudet igjennom. Og så fekk han dei tjue tusen kronene han var lova, og reiste.
      "Der fann eg ei!" tenkte han med seg sjølv.
      Då han hadde gått eit stykke vidare, så kom han til eit hus att. Der sprang kona ut og inn med eit såld.
      "Korfor spring du slik?" sa han.
      "Jo," sa ho, "då vi hadde den gamle stua, då hadde vi sol heile tida, og no har vi ikkje. Så vil eg bere inn sola. Men der slit eg! Når eg er ute, har eg såldet fullt av sol, men når eg kjem inn, har eg ikkje. Kan no gjøre det så vi får sola inn i den nye stua, så skal du få tjue tusen kroner," sa ho.
      "Vel, kom med ei øks!" sa ferdamannen; han såg at tømmermannen hadde gløymt å hogge hol for vindauget i det nye huset.
      Så fekk han ei øks og hogg hol. Sola kom inn, og han fekk dei tjue tusen kronene han hadde blitt lova.
      "Der fann eg den andre!" tenkte han med seg sjølv.
      Då han hadde gått lite stykke att, kom han ein annan gard, og der gjekk han inn for å kvile. Det sat det ei kone aleine der inne.
      "Kor er den karen [du] ifrå?" sa ho.
      "Eg er frå Ringerike," sa han.
      "Å nei!" sa kona, "er du frå Himmerike! Korleis lever Per den andre, den sæle mannen min?" sa ho, - for ho hadde vore gift tre gonger, og alle mennene heitte Per. Den første og den tredje var det så som så med, men den andre hadde vore så snill.
      "Å, han lever så ille som han kan," skrøna ferdamannen. "Han spring frå gard til gard med ein sekk under armen, og har verken klede eller noe," sa han.
      "Å nei, å nei!" sa ho. "Og han som hadde så mye etter seg. Her heng loftet fullt av klede, og eit heilt skrin med pengar står her etter han. Men vil no du ta det med deg, så skal du få med både hest og kjerre, så Per ikkje skal trenge slikt."
      Ja, det skulle ferdamannen. Så fekk han både hest og kjerre, og penningskrin og kledekiste og kjørte med dei.
      "Der fann eg den tredje!" tenkte han med seg sjølv.
      Så merka mannen til den siste kona dette - han var ute på åkeren - at ein kar kjørte i veg med hest og godt lasta kjerre, og så spurde han kven det var som kjørte.
      "Å du!" sa kona, "her kom ein mann ifrå Himmerike, så tok eg og sende hest og kjerre og pengeskrin og klede til han Per den andre, sæle mannen min, - han har det så ille, han ranglar berre frå hus til hus."
      Då mannen hørte dette, så blei han så vond at det var ille, og tok ut den andre hesten og kjørte til i full fart og ville ta att fremmendkaren.
      Då ferdamannen skjøna at han blei forfølgd, løynde han hesten, skar av noe hestetagl og hengde det oppi ei furu. Så la han seg til å kike oppetter furua.
      "Korfor ligg du slik og kikar?" sa mannen då han kom etter.
      "Så flott," sa ferdamannen. "Eg har aldri sett noe så vedunderleg, her fór ein hest og ein mann oppi skyene."
      "Eg ser ikkje noe," sa mannen.
      "Nei, du må kome hit og leggje deg under furua og myse opp, så ser du det."
      Mannen sette frå seg hesten og gjekk under furua og la seg til å myse oppetter den til han blei så full med vatn i auga at han ikkje såg noe. Og mens han låg slik, tok den andre mannen hest og kjerre frå han og kjørte vekk. Så laut mannen gå heim att.
      Då han var heimkomen, spurde kona kor han hadde gjort av hesten.
      "Å, eg sende den også etter til Per den andre, så kan han kjøpe seg vogn og selje kjerrene."
      "Då gjorde du rett! Og stor takk skal du ha!" sa kona.
      Mannen som hadde funne tre kjerringar som var verre enn hans eiga, vende heim att. Då han kom heim, såg han at det var pløgt. Så spurde han kona kor ho hadde fått såkorn.
      "Eg har alltid høyrt at den som noe sår, han noe får," sa ho. "Så tok eg den halvtønna salt som var sett ned her i vinter, og sådde. Og kjem det regn, så skal det gro vent."
      "Galen er du, og galen blir du," sa mannen. "Men sia eg no har funne tre som er like galne, så lyt eg gi meg til her."

Ord

  1. Kve: innhegning for krøtter.
OPP NOTAR  



Høyberggubben

Eventyrlærdom EIN MANN ute frå øyane var blitt far og skulle ha gilde ved barnedåpen slik skikken var. Ein dag råka han på Høyberggubben, det var ein slik kar som budde tett attmed han inni fjellhammaren nedmed sjøen. Og han sa til mannen at han fekk seie frå når gildet skulle vere, for han hadde slik lyst til å vere med.
      Mannen ville nødig ha med gubben, men torde ikkje seie nei.
      Då det lei ei stund, skulle gildet vere. Husbonden sa til drengen sin at det var best han fór av stad og bad Høyberggubben. Det gjorde drengen, og det var ein klok kar. For då han kom ned på berget, ropte han:
      "Der skal vere fødselsgilde i dag, så kjem du?"
      "Ja, det vil eg!" sa gubben.
      "Det kjem slike fornemme gjestar," sa drengen.
      "Kven då?" sa gubben.
      "Jomfru Maria skal bere barnet, og Jesus skal kristne det."
      Då var det liksom gubben tok til tenkje seg om, men så sa han: "No ja, eg trur eg kjem likevel, eg kan vel sitje borti ei krå."
      No sa guten:
      "Det blir flott musikk også."
      "Kven skal spele då?"
      "Det er den store trommeslagaren."
      Då tykte gubben det ville vere farlig å kome:
      "Ja, er han der, så tenkjer eg det er best eg lar det vere, for trommeslagaren er eg redd. Det fall seg slik at ein gong eg var ute, såg eg ei lita skoddesky borte på himmelen. Eg var snar og skunda meg heim, men eg vann ikkje å få nøkkelen kjapt nok inn i stuedøra mi før han kom og slo lårbeinet av meg med den eine trommestikka si. Sia den tida torer eg ikkje sjå han. Kva meiner du dei gir i faddergåve?"
      "Å det bli mye det," sa guten.
      "Du kan gå etter ein sekk," sa gubben, "eg skal gi så bra som andre."
      Guten kom med sekken, han, og gubben hadde oppi både sølv og gull.
      "No, gir dei meir, trur du?" sa han, då han hadde hatt mye godt oppi.
      "Tja, nokså mye meir!" svara guten, og det same sa han kvar gong den andre spurde. Men då han skjøna at han ikkje vann å bere meir, sa han:
      "No trur eg du er den som kjem til å gi mest. Eg håper ingen gir så mye som du."
      Dette tykte Høyberggubben var gromt, og guten for av stad. Og det blei glede då han kom og opna sekken med gåver frå Høyberggubben.

Ord

  1. Gromt: gildt, gjevt, storarta.
  2. Trommeslagaren: tora.
OPP NOTAR  


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2005–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]