NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 9

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Innleiing

Enkle soger, norske eventyr og segner og litt til
Mange segner er utslag av humor. Slikt kan ein ikkje ta på alvor. - Teikning av Th. Kittelsen.

Forteljingane her er frå eit breitt utval kjelder. Dei er anten omsette eller gjenfortalde ved meg, og utfyller eventyr og segner hos Asbjørnsen og Moe (førre sida). Samlinga er utrusta med notar så ein kan sjå kva eventyrtype eller vandresegntype det er tale om, eller kva forteljingar stubbane her låner frå. Tilvisingane er for særleg interesserte.

Om segnene er det elles å seie at det var skikken å gi att den same forteljinga rundt om på ulike stader i landet, men med ulik lokal forankring. Ein kan såleis finne om lag same soga oppteikna på mange forskjellige stader i landet. I samlinga har somme forteljingar fått nye stadnamn i samsvar med denne gamle skikken. Eit lite vink: Om ein ikkje finn staden i ei soge i samlinga mi ved Google Map, kan staden vere oppdikta, og soga ei vandresegn med små eller store endringar. Somme segner i samlinga - men ikkje alle - har altså oppdikta stadnamn.

Tek ein vekk stadnamn med meir frå ei segn, blir ho eit eventyr. Med andre ord, ein får passe på og ikkje ta segna på alvor. Det er gammal lærdom. Det ein får her, er ganske enkelt visse typar forteljingar frå ein forteljetradisjon som fanst før i tida, stundom med enkle tillempingar og avkortingar.

Nokre segner i samlinga har blitt flytta til stader som ikkje kan stemme. "Gullgruva på Giske," til dømes, fortel om ei gøymd gullgruve ved eit fjellskar på ei lita, flat øy. Så den stubben må vere skjemt - ei vandresegn som har blitt flytta for å gi meir underhaldning. Om ikkje alle deltakarar på HegnarOnline Debattforum om "gull og gruvedrift" fekk med seg slikt som dette i første omgang oppunder jul i 2008 eller ikkje verdset humordrypp, er det ikkje noko eg kan ta ansvar for. Slik er det altså.

God les!

Samlinga  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2001–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]