![]() |
Norske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Å spørje bergbassen![]() Det var ei lita kone som gjekk til bergveggen og gaula til bergbassen: "Skal eg leve lenge, eller skal eg snart døy?" "Snart døy," var svaret. Då skunda kona seg heim. Der fann ho fram all maten sin og sette seg til å ete den opp, for ho ville ikkje at nokon annan skulle få den. Ho la i seg, det blei ikkje smitt eller smule att. Men så fann ho på at ho skulle spørje berget ein gong til. "Skal eg snart døy, eller leve lenge?" jodla ho mot bergveggen. "Leve lenge," svara det frå berget. Då sette kona seg på ein stein og gret fordi ho hadde ete opp maten sin.
❖ Som ein roper mot bergveggen, kan ein få svar.
Knuste eggHAN Lars var over åtti, og budde i lag med kona som var like gammal. Ho bad han ta ein tur og kjøpe nokre egg til helga. Lars fekk hjertesvikt på heimveg, og grannane fann han død på vegen. Ei grannekone formidla den sørgjelege bodskapen til kona som brått hadde blitt enkje. "Han knuste vel egga også då, stakkars traven," sa enkja.
Tre kongesøner som fekk kvart sitt ønske
Dei to eldste brørne ønskte seg slik rikdom at det var grovt, men den yngste, Oskeladden, ville berre ønskje at alle kvinnfolk skulle synast godt om han. "Du er same tosken som du har vore," sa dei to brørne, dei hadde aldri sett anna enn at det lønte seg nokså lite å stå høgt hos kvinnfolka. Når han var slik ein tull, fekk han klare seg sjølv. Men han skulle få sitje på vogna med dei når dei køyrde av stad. Så køyrde dei, dei to eldste oppi og Oskeladden bakpå. Ein kveld kom dei til ein kongsgard og skulle bli der om natta. Dei to eldste gjekk inn, men Oskeladden gjekk til drengestova og ville leggje seg der. Men då fekk jentene på garden sjå han, og så ville dei han skulle inn han også. "Du er no visst i slekt med desse to prinsane, for du er så lik dei." "Å, eg er då fattig, og høver såleis i drengestova," sa han. Men så kom dronninga og fekk sjå han, og då laut han vere med inn. Det var ikkje lov å seie nei til henne om slikt. Og då dei reiste vidare om morgonen, gav ho Oskeladden ein duk som var slik at når han breidde den ut, så duka den opp med den finaste maten han ville. Så køyrde dei langt og lenge, og ein kveld kom dei til ein kongsgard att. Mens dei andre to gjekk inn til kongen, gjekk guten til drengestova. Men så fekk jentene sjå han og ville han skulle bli med inn. Han svara som før at han skulle til drengestova, og så gjekk dei inn til dronninga og talte om det var slik ein ven gut ute i drengestova. Han var så lik dei to prinsane, så han måtte vere i slekt med dei. No gjekk dronninga sjølv, og då ho fekk sjå han, var det ikkje bøn for det, han laut vere med inn, og han fekk det finaste rommet og den finaste senga til natta. Då dei no skulle reise att om morgonen, fekk Oskeladden ei flaske av dronninga, og denne flaska var slik at ein kunne tappe den finaste vinen av henne så lenge ein ville; ho blei aldri tom. Så køyrde dei vidare langt og lenge, og ein kveld kom dei til den tredje kongsgarden. Dei to eldste gjekk inn til kongen, og Oskeladden gjekk til drengestova. Og så gjekk det likeins der. Jentene fekk sjå han og tykte så godt om han at dei gjekk til dronninga, og så laut han vere med inn anten han ville eller ikkje. Det finaste rommet og den finaste senga på heile kongsgarden fekk han. Då dei skulle reise att, fekk han ei gullsaks av dronninga, og denne saksa var slik han berre kunne klippe ut i lause lufta, så klipte ho ferdige klede slik han ønskte dei. Så køyrde dei langt og lenger, for dei hadde høyrt om eit fjerde kongerike. Kongen der skulle ha ei fager dottar, og ho skulle få riket etter faren sin, sia ho var einaste barnet. No kom dei til at dei skulle prøve å fri til henne. Det var då ikkje noko verre enn nei å få meinte dei, og så drog dei dit. Men no var det slik i det landet at ein måtte betale ein stor skatt for å kome inn. Dei som ikkje kunne betale skatten, blei sett ut på ein karrig holme uti sjøen eit stykke frå kongsgarden. Då dei no kom til vakta, hadde Oskeladden ingen ting å betale med, og brørne hans ville ikkje betale for han. Dei hadde blitt misunnelege på han etter at dei hadde blitt teke dårlegare hand om på dei tre førre kongsgardane. Det var inga råd med det, det bar ut på holmen med Oskeladden, og dei to eldste køyrde like til kongsgarden. Dei var der natta over, og så bar dei fram ærendet sitt. Først fridde den eldste og fekk tvert nei, og så hende det same med den andre. Det var berre å reise att, og Oskeladden kunne gjerne vere ute på holmen, meinte brørne. Så reiste dei. Men Oskeladden sat ikkje aleine på holmen. Han hadde ikkje før blitt sett i land der ute, før det kom ein hop svoltne stakkarar og tigga og bad. Det kunne nok bli råd med mat, sa han, berre han fekk kome seg inn på holmen. Der breidde han ut duken, og der blei det duka opp med mat av alle slag, alt dei ville ha. Dei åt og åt til dei ikkje orka meir. Så la dei seg til å sove. Frå kongsgarden fekk dei sjå det ikkje var motgang for dei ute på holmen, og så sende dei ein vaktmann for å sjå etter. Han kom att og talte om det hadde kome ein ny mann på holmen, og denne mannen hadde ein duk som var slik han berre breidde ut han, så blei det sett fram mat av alle slag, alt ein berre ville ha. "Den duken skulle eg hatt," meinte dronninga, "her som det reker så mange friarar og anna folk." Så fekk ho ein til å ro seg ut til holmen. Der ropte ho Oskeladden bort til seg og spurde kva han ville ha for duken. "Den kan eg ikkje selje," sa guten. "Men vil du love å tale saka mi for kongen i det første eg ber han om, så skal du få duken." Ja, det ville ho, for ho var viss på han ville be om å få sleppe frå holmen, og dessutan ville ho veldig gjerne hjelpe den vene guten med noko. Så fekk ho duken og drog heim att. Neste morgon var fangane på holmen like svoltne, og kom til Oskeladden og ville få mat. Men no hadde han ikkje meir mat. Men han hadde noko anna, sa han, og så tok han fram flaska og skjenkte alt dei ville ha. Dei drakk og dansa og lo så det høyrdest heilt oppe på kongsgarden. Då sende kongen ein vaktmann ut på holmen for å sjå kva som var på ferde der. Vakta kom att og sa at guten som hadde hatt duken, også hadde ei flaske, og den flaska var slik han kunne tappe så mykje vin ifrå den som han berre ville, og enda blei ho ikkje tom. "Den flaska skulle vere bra å ha," tenkte kongen, "det kjem så mykje folk hit." Og så fekk han ein mann til å ro seg ut til holmen. Der ropte han guten til seg og ville kjøpe flaska hans. "Flaska kan eg ikkje selje," sa guten. "Men dersom eg får det første eg ber deg om, skal du få flaska," sa han. Det kunne han alltids, tenkte kongen, for han ville vel be om å få sleppe frå holmen, og det kunne han gjerne. Så lovde han guten dette, og drog til kongsgarden med flaska. Om morgonen var dei fattige på holmen både svoltne og tørste, så kom dei til guten og ville ha meir. "Vel, no har eg ikkje meir av det slaget, men eg tenkjer det snart skal bli råd for båe slaga," sa han. Så tok han fram gullsaksa si og til å klippe klede til dei og seg sjølv, og snart gjekk dei så fine at det skein av dei. Dette fekk kongedottera sjå frå kongsgarden, og så sende ho ein vaktmann dit for å sjå etter. Han kom att og sa at guten som hadde hatt duken og flaska, også åtte ei gullsaks. Den var slik han kunne klippe kva slags klede han ville ut av lause lufta. "Den saksa skulle eg ha lyst til å ha," tenkte kongedottera, og så fekk ho ein mann til å ro seg ut på holmen. Der ropte ho guten til seg, og han kom så vakker og så fin, ho kunne mest ikkje få auga ifrå han. "Kva skal du ha for saksa?" spurde ho. "Den kan eg nok ikkje selje. Men vil du bli kona mi, så skal du få henne," sa han. Dette tykte ho var reint bort i natta og ville til å svare brent nei og. Men då ho såg på han, var ho ikkje god til det. "Eg likar deg så godt," sa ho, "hadde du berre vore av bra folk." Så nemnde han at han var kongeson som ikkje hadde noko rike. Dess meir dei no talte saman, dess meir tykte ho om han, og så blei det til det ho tok han med seg opp på kongsgarden til dronninga. Då ho fekk vite han var kongeson, tykte ho det ikkje var så tullete å ha guten til svigerson, og så bar det til kongen. Han tykte han burde tenkje på det først. Men så hadde han no lovt guten han skulle få det første han bad om, og dronninga hekk i ein arm og kongedottera i den andre, og så sa han ja, han også. Så tok dei gullsaksa og skar fine klede til alle på kongsgarden, og så laga dei til bryllaup og brukte både duken og flaska, og alle fangane på holmen sleppte dei fri, og dei fekk også vere med i bryllaupet.
❖ Forelska kvinner gir, somtid.
Japp Felling![]() DÅ KONA på Mankeåsen heitte Gullet, var dei velstandsfolk der på åsen. Kona hadde eit kosteleg sølvbelte frå den tida ho var brur. Sølvbeltet var vidspurt, det fanst ikkje maken fjernt og nært. Så var det ei tid dei ikkje kunne berge krøttera sine for udyra nokon sommar. Seint ein vår dei skulle sleppe krøttera i marka, kom det ein liten fremmendkar og baud seg til å gjete for dei. Han ville bere kostnadene for kvart krøtter som kom bort. I gjetarlønn ville han velje seg ut ein ting på garden, og den ville han bere med seg om hausten når han var ferdig med gjetinga. Men kunne gardsfolket få greie på kva han heitte før hausten kom, ville han ikkje ha noko i lønn. Gardsfolka var svært nøgde med avtalen, og tykte dei hadde fått ein gild og billeg gjetar. Han var så liten at det blei visst ikkje stort han kom til å bere med seg når han gjekk, tenkte dei. Kan hende han tok litt mat med seg. Eller kanskje dei kunne få greie på namnet hans også, så fekk dei ikkje noko som helst utlegg. Det gjekk godt med gjetinga. Ikkje eit einaste dyr kom vekk. Men så kom husbondsfolket til å sjå at han batt dei største bjørketrea i skogen til vidjer, og så laga han seg vidjeband av dei og gøymde dei. Etter ei tid hadde han mange slike band, karen. Dei skjøna no at gjetaren var overlag sterk, og tok til å bli redde for at gjetarlønna blei langt større enn venta, og det var ikkje godt for dei. Om dei berre visste namnet på han! Dei prøvde å lokke det ut av han, men dei blei like kloke. Og dei spurde folk både attmed seg og langt vekke, men ingen visste noko. Ein søndag ut på hausten reiste alle på garden til kyrkja. Berre ei jente var att heime. Ho skulle passe på kva gjetaren tok seg til, og gøymde seg oppå nystove-loftet. Då gjetaren såg at ingen var heime, gjekk han inn i nystova og leita gjennom skap og kister. Så fann han sølvbeltet til kona på garden også. Det likte han godt. Han hekta det på seg, og så tok han til å danse og syngje: "No dansar Japp Felling i brudebeltet til Gullet Mankeåsen!" Då han hadde dansa ei stund, gøymde han beltet der han hadde funne det og gjekk ut av stova. Jenta hadde lege på loftet og sett gjennom eit hòl. No visste ho namnet på gjetaren. Då husbondsfolket kom att frå kyrkja, fekk dei òg vite det. Så leid det så langt på hausten at grøda var komen i hus, og krøttera sleppte på bøen. No kom gjetaren med dei store vidjebanda sine og la dei på løebygningen, både på langs og på tvert. Så var han ferdig til å ta løa på ryggen. Mannen på garden hadde stått og sett på dette, og så sette han i å rope: "Japp Felling! Kva gjer du der?"
Då gjetaren fekk høyre namnet sitt, blei han sint. Han sleppte vidjebanda og slo høgrehanda så hardt imot eit berg attmed der at merket etter fingrane står den dag i dag.
Jutultabbar![]() DET VAR ein gong på ein gard at det kom det ein jutul kvar dag og tok eit krøtter frå gjetarane. Så sa mora til gutane: "Det nyttar ikkje å miste eit krøtter kvar dag, då blir heile buskapen borte til sist," sa ho. Då sa yngstemann, Oskeladden, at han ville gå og gjete. Men mora åtvara han: "Du er så liten, du kjem kanskje ikkje att ifrå skogen, heller." "Det skal vel bli ei råd. Lag i stand ein skalk av mjukost til meg, det er noko eg må få med meg," sa han. Så fekk han det. Og då jutulen kom, ville han ha eit krøtter av guten. "Du får ikkje noko krøtter. Du har teke nok no," sa Oskeladden. "Ja så tek eg deg då," sa jutulen. No bøygde guten seg ned. Det verka som om han tok opp ein gråstein, men det var den mjuke osteskalken han hadde i neven då han retta seg opp. Så kneip guten osten så mysa dreiv. "Ver så god, ta opp ein gråstein," sa Oskeladden, "og knip så det driv myse - vi får vel sjå korleis det går." Jutulen tok opp ein gråstein og kneip så steinflisene dreiv, men steinsaft kom det ikkje. Då kom den tanken inn i jutulen at guten var fælt sterk, ein det passa å hyre til dreng. Då Oskeladden kom heim med alle krøttera om kvelden, fortalde han mora at jutulen hadde hyra han til dreng. Om morgonen reiste han til jutulen for å tene. Om kvelden kom det første å gjere. Guten skulle slipe øksar til neste morgon, for då skulle dei to hogge tømmer ute i skogen. Guten kjende på øksa; den var så tung at han ikkje makta å røre den, så han lét den liggje og gjekk inn att og la seg. Om morgonen då dei stod opp, blei jutulen sint på han fordi han ikkje hadde slipt øksane. Guten sa berre: "Eg brydde meg ikkje. Kan vi ikkje leggje att øksane, bryte opp trea og ta med oss heim?" "Det går mest ikkje an," sa jutulen. "Jo, så store og sterke vi to er til saman," meinte guten. Så gjekk dei i skogen. Guten sette jutulen borttil ei stor fure, og jutulen braut den opp med rota på. No sa guten: "No får vi bere fura heim. Hald framme ved rota og legg den på ryggen din. Eg skal halde ved toppen der kvistane er - det ser ut som det kan bli vanskeleg og tungt. Så dreg vi heim fura. Men ikkje snu deg og sjå attover på heile vegen," sa guten, "ser du attover, slår eg deg kanskje i hel for det." Så sette guten seg baki fura og sat og song mens jutulen drog og ikkje torde å sjå attover ein einaste gong. Andre dagen skulle dei bryggje. Då sette jutulen Oskeladden til å bere heim vatn i bryggjekoppen sin. Men bytta og børtreet var så tunge at han ikkje klarte å lee dei. Han kunne ikkje gjere betre enn å gi seg. Dermed gjekk han og la seg. Om morgonen, då jutulen stod opp, fekk han sjå at det ikkje var bore heim noko vatn. "Det er ikkje gagn for meg i å bere det slik," sa Oskeladden. "No tek vi brønnen slik den er, og ber den heim. "Det kan vi ikkje, for då blir vi vasslause," sa jutulen og tenkte hardt. "Så tek vi det store trekaret ditt," sa guten, "og fyller det attmed brønnen." Så tok jutulen trekaret og bar bort til brønnen og auste det fullt. Jutulen sette karet på aksla, våga ikkje å sjå bakover fordi guten var med, og guten var snar og kleiv opp på kanten av karet og heldt i eine hanken mens dei gjekk. Der stod han og song til og tralla det stykket. Tredje dagen skulle dei ut og jakte. Jutulen ville bere geværet, og guten gjekk etter. Jutulen fekk ram på ein del fuglar og ville bere dei heim mens guten fekk ta geværet. Men så kunne ikkje guten røre stort på geværet, men klarte å reise det opp attmed ein stein. Då snudde jutulen seg og spurde han kva han pønska på no. "Vel, skal eg skyte ned månen, må eg nok sikte oppetter," sa guten. "Nei, du får ikkje gjere det, eg skal heller bere alt saman, så månen ikkje blir treft og dett ned og slår oss i hel," meinte jutulen. Og det fekk han. Dei kom heim til kvelds og skulle til å ete graut. Den som åt mest graut av dei, han måtte vere sterkast. Guten fann seg ein sekk og hengde attover aksla, og så smetta han grautbitane nedi der. Jutulen kom til at guten åt mykje meir enn han sjølv, og blei redd guten. Om ei stund la dei seg til sengs, jutulen og kona hans i stova, og guten i kammerset, i ei sterk jernseng. Det var berre ein tynn bordkledning mellom kammerset og stua, så guten høyrde godt då jutulfolket tok til å snakke saman om korleis jutulen skulle ta livet av guten om natta. Jutulkjerringa sa, "Ta det store brekkjernet ditt når han har sovna, og gå ut og slå til han." Då la guten seg under jernsenga og laga snorkelydar. Det høyrde jutulen, og så kom han med det store brekkjernet og slo hardt ned i senga. Første gongen sa Oskeladden "Au! Jøye meg!" Siste gongen jutulen slo, lét det mest ikkje frå guten. No trudde dei guten var død. Men om morgonen kom Oskeladden inn i stova og sa: "Du får ha ut fellene aleine i dag," sa han, "for loppene var så fæle i natt."
"Kva du vil ha for å reise din veg?" sa jutulen. Han var redd no, og ville kvitte seg med han. "Eg skal gi alt det du klarer å bere, om du berre vil dra," sa jutulen. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20012009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||||||||||