![]() |
Norske eventyr og segner | |||||||||||||||||||||||||||||
|
Trolla i Råskogen![]() I DEN RETT gamle tida budde det tre troll i Råskogen. "Eg tykte eg høyrde ei ku raute," sa det eine trollet. Ti år etter sa det andre trollet: "Det kunne like godt vere ein okse." Etter nye ti år sa det tredje trollet: "Skal det bli slik ein sjau her i skogen, vil eg ikkje bli her lenger."
Og så reiste trolla frå Råskogen. Kor dei fór hen er det visst
ingen som veit.
Ho myntmeisterDET VAR ein sjømann som hadde vore og seglt ei tid. Han hadde hatt så god lykke at han åtte både gard og fartøy og var ein rik mann. Så var det ein gong han kom siglande langveges ifrå med ein stor last. Då kom det på han eit overhendig uvêr, og han blei så ille ute at han såg ikkje korleis han skulle kunne berge seg. Då lovde han at han skulle gjere ein fattig rik om han berre kom vel i hamn. Han hadde ikkje før tenkt det, før veret spakna. Mannen berga både folk og last og kom seg vel fram. Det var ein kjøpstad som han skulle til. Der hadde han mykje å utrette og mange ærend. Han kom til å bli der lenge. Då kom han i hug lovnaden sin og gav ut gåver til mange fattige. Då dette spurdest, kom mange fleire til han. Mannen tok vel imot dei og gav gåver til alle saman. Ei ung jente kom også til han og bad om ei gåve, og den jenta la han merke til framfor hine, for han tykte ho såg så kjekk og vettig ut at han gjerne ville høyre kva slekt ho kom frå. Han fekk vite at ho var dotter av ei enkje som hadde lidd mykje motgang og hadde ikkje til å hjelpa seg med. Då sende han store gåver til enkja og bad dottera kome att ein annan gong. Då ho så kom, så spurde han vel etter alle ting om mora hennar og korleis dei hadde det. Alt som jenta fortalde, tykte han var så vettig og vel at han hadde aldri venta slikt av ein ungdom som hadde vekst fram i hard fattigdom. Mannen sende så ei gåve med henne og bad henne kome att ein annan gong, for han tykte at dess meir han tala med henne, dess berre likte han henne. Sia spurde han andre kjende folk i byen, og dei svara alle det same, at det var ein snill ungdom. Nei, dei visste ikkje noko vondt å seie verken om mora eller dottera. Og då jenta kom att til han, så tala han lenge med henne, og sistpå spurde han om ho ville ha han. Då blei ho mykje fåmælt og bad han om ikkje å tale om slike ting, det kunne ikkje vere alvoret hans, det var for mykje skilnad på hans stand og hennar, og så var dei for lite kjende med kvarandre til å tenkje på noko slikt. Sia gjekk han til mor hennar og bad om å få gifte seg med dottera hennar, og fortalde om den lovnaden som han hadde gjort i nauda og sa at no kunne han oppfylle den lovnaden.
No kom mange til å tale saman og rådslå med skipperen om tilbodet,
somme rådde til og somme rådde frå det. Men enden på det blei at
skipperen fekk jenta, og då dei var gifte, flytte ho med han til ein ven gard han
hadde kjøpt til dei. Der busette dei seg og levde godt og vel. Men den kjøpmannen var ein farleg mann å ha med å gjere. Det er visst. Ein gong då skipperen var budd til å fare ut på ei lang reise, var kjøpmannen hos han og sat og snakka både om likt og ulikt. Då sa han blant anna at det var vågsamt for skipperen å vere så lenge borte og la kona vere heime, han kunne ikkje vita kor tru ho ville vere, og det skulle vore moro om nokon kunne lokke henne ifrå han og ha eit eller anna merke på vennskapen hennar å syne skipperen når han kom heim att. Og aller sløgast skulle det vere om ein fekk henne til å gi frå seg den gullkjeda som skipperen hadde gitt henne då dei batt seg til kvarandre. Men skipperen ingen gjæve karar kunne bry seg med noko slikt. "Skal vi vedde om det?" sa kjøpmannen. "Det kan vi gjerne," sa skipperen. Kjøpmannen sa han ville vedde om garden sin, og skipperen sette sin gard imot, og såleis var veddemålet gjort. Men kona til skipperen visste ikkje noko om kva dei hadde hatt føre seg, dei to karane. Når då skipperen var faren, gjekk kjøpmannen og høyrde inn til kona hans både tidt og jamt, og sia tok han til å mase om ei gullkjede som han visste ho skulle ha. Han ville kjøpe det halsgullet om det var aldri så dyrt. Men det fekk han ikkje. Når han ikkje fekk kjøpe det, ville han berre låne det så smeden kunne få mål av det til å lage eit anna etter det. Men det nytta ikkje, for kona var så redd om halsgullet sitt at ho hadde det på seg både seint og tidleg og ville aldri sleppe det av halsen. Då kjøpmannen no lét til å ha freista nok med det gode, så tok han til å klemme med det vonde, og skulle skremme henne og truge kjeda ifrå henne. Men det var også fåfengt. Ho var ikkje den som lét seg skremme så lett, og så laut han finne på ei anna råd. Det budde ei fantejente hos skipperkona, henne tala han vel med og baud henne store pengar om ho ville ta kjeda av kona mens ho sov, og la han få henne. Fantejenta stod imot lenge og ville ikkje, men sistpå muta han henne så dugeleg at ho stal halsgullet for han likevel. Då var han nøgd. Når så skipperen kom heim att, rodde kjøpmannen ut og tok imot han. Då skipperen spurde etter kona si, tok han berre opp gullkjeda og synte han. Då kjende skipperen seg gjort til narr. Han blei fælsleg oppøst og sinna, så mykje at han verka frå sans og samling og ikkje visste klart kva han gjorde. Han ropa til seg to mann og bad dei fare i land og drepe kona og kome att med ei flaske varmt blod til prov på at dei hadde gjort det som dei var bedt. Mennene torde ikkje anna enn fare i land, men dei hadde ikkje hjerte til å gjere det som dei var sett til. Så fann dei på å gå opp i fjøset og ta eit lam og drepe det, og så tok dei blodet på ei flaske og fór tilbake med det til skipperen. Då lét han skipet sigle ut av hamna, sette til havs og siglde sin veg. Men det gjekk ikkje meir så lykkeleg med siglinga hans som det hadde gjort før. Det var eit lite bel etter at han hadde lagt ut på ei lang reise og hadde kome inn i Middelhavet, då kom det på han ein ubergeleg storm. Han miste både folk og føring og kom på land som ein nesten naken mann. Sia laut han tigge seg fram heilt til han kom til ein herremann som ville ha seg ein hønsegjetar. Der tok han teneste. No er det å fortelje at kona hans sat heime og venta på han og ikkje visste noko slag om kva som hadde gått føre seg, like til kjøpmannen kom og fortalde at han skulle ha garden hennar og alt som høyrde til. Ho hadde ikkje noko anna å gjere enn å dra seg derifrå det fortaste ho vann. Då ho forlét garden, tok ho vegen sør gjennom landet, og der kledde ho seg om og tok på seg mannsklede. Herifrå blei det sagt ho var ungkar som reiste rundt og søkte teneste. Ho kom til ein myntmeister langt sør i landa. Der fekk ho sveineteneste og var der eit bel. Men ho hadde hug til å fare lenger og prøve lykka andre stader. Sia reiste ho så langt at ho kom til ein stad sør med Middelhavet. Der kom ho til ein greve som stod for mynten til kongen i det landet, fekk embete hos han og blei myntmeister av di ho hadde lært handverket som høyrde til. No lyt vi kalle henne meisteren, for alle tok henne for mann, ingen visste ho var kvinne. Når så myntmeisteren blei kjend med folket der i landet, fekk ho høyre at der var ein hønsegjetar som hadde kome langt nordafrå, han hadde vore sjømann og lide skipbrot i havet. Denne gjetaren ville ho endeleg tale med, og fekk han til seg og spurde vel etter korleis han hadde det. Men gjetaren var så underleg og tagal at meisteren ikkje fekk vite noko vesentleg å rette seg etter. Likevel ville ikkje meisteren sleppe han frå seg, og sistpå fekk ho det laga det slik at ho fekk mannen til tenar eller dreng. Den nye tenaren var hos henne både heime og borte. Han var så snill og viljug og vyrk for meisteren at det var ei glede å sjå. Men så snart meisteren spurde etter kva han hadde gjort og vore ute for før han kom til henne så blei han tagal og bad om å få sleppe det, og det var som om han var både redd og skjemd. No blei meisteren verande der nokon år og stod seg godt og fekk store løner. Men sia tok ho til å lengte til heimbygda, og så sa ho frå seg embetet sitt og reiste, og tok tenaren med seg. Då reiste ho som ein herremann og blei vel motteken alle stader. Sistpå kom ho til fødelandet sitt. Dei reiste til grenda dei hadde budd i saman. Her gjekk ho inn til kjøpmannen som hadde svindla dei og spurde med grovt, tilgjort mål om ho kunne få husvære nokre dagar. Kjøpmannen var då så blid å sjå til, for det var rike folk som kom og æra han ved å bu hos han, og han trudde han kom til å få mange pengar ved å huse dei. "Veit du kor du er komen no?" sa meisteren til tenaren sin. Han lét som han ikkje var kjend, men var så still og sturen som han venta ulykke. Då sa meisteren at ho ville ha kjøpmannen inn, og han skulle fortelje om alt som hadde hendt i landet. Kjøpmannen kom og sette seg til å fortelje om både eitt og anna, og til sist eitkvart om seg sjølv også. Det tykte meisteren var det morosamaste, og bad han fortelje meir. "Ein gong gjorde eg ei prette eg liker. Ein skipper budde her på garden. Han hadde kjøpt han og sett han vel i stand. Eg hadde mykje gaman med han, og ein gong fekk eg han til å vedde mot at eg skulle få kjerringa hans til å gi meg ein gullsnor ho bar på halsen. Så fekk eg lokka ei fantejente til å stele gullet ein gong mannen var borte. Når han kom heim, gjekk eg til han og synte han gullet. Då trudde han at eg hadde fått det i elskargåve, og skapte seg reint galen og sende nokre av karane av garde for å drepe kona si. Dei mennene laug for han så han trudde dei hadde gjort det han bad dei om. Dermed reiste han vekk og kom ikkje att. Då tok eg garden hans, slik veddemålet gav lov til, og jaga kona vekk. Sia har eg ikkje høyrt noko verken om henne eller han." "Det var det sløgaste eg har høyrt," sa meisteren. "Om eg berre hadde den forteljinga oppskriven. For det var ein rik herremann som bad meg spørje opp nokre fråsegner til gaman, og han er så kjær for slike soger at han gir store pengar for dei. Dess sløgare og fulare dei er, dess berre likar han dei." Og kjøpmannen gjekk vekk og sette seg til å skrive det han var kar om, og meisteren og tenaren hans sat att aleine saman. "Veit du no kor du er komen? " sa meisteren. Då sa tenaren at han kunne ikkje løyne at han var skipperen som kjøpmannen hadde tala om. "Veit du kven eg er då?" sa meisteren. Tenaren sa: "Eg har då mine mistankar. Men er du den eg tenkjer, har eg gjort deg så stor urett og mykje vondt at det aldri kan tilgjevast godt. Eg er ikkje verd noko anna enn den verste hemn, tenkjer eg." "Slutt å syte," sa meisteren, "no er det nesten over med hemnen og harmen. No lyt vi gjere noko tess og sterkt saman imot kjøpmannen som narra deg." Så sende dei eit klagemål til riksrådet og la kjøpmannen sitt brev inni, for då hadde han skrive forteljinga om meisterstykket sitt og skrive namn og bustad under. Korleis det gjekk med løna som han venta seg, har eg ikkje høyrt om, han kom vel i mørkestova (fengsel).
Men skipperen og kona hans fekk att garden sin og stod seg godt og levde så
vel saman at dei visste ikkje kor snille dei skulle vere mot kvarandre.
Dei tre råda![]() DET VAR ein mann som hadde berre ein son, og no skulle mannen døy. Han signa sonen med å fortelje korleis han skulle bere seg åt når far var død. "Gjest ikkje grannen for ofte. La ikkje andre fòre hesten din i lang tid. Og vil du gifte deg, skal du ikkje reise langt bort etter make, men ta ei grei som du kjenner og kan forlikast med - gjerne like ved." Då faren var død, ville guten prøve ut det faren hadde åtvara han mot. Så gjesta han farbroren sin. Farbroren sa til kona si: "No kjem brorsonen min. Han sørgjer vel over faren. Vi lyt ta godt imot han." Så fekk guten både mat og drikke. Dagen etter kom han til farbroren att. "Kjem han no ikkje att! Men han lengtar etter faren sin, så vi lyt ta vel imot han i dag også." Så fekk guten gjestebod og hadde det gildt den dagen også. Etter nokre få dagar kom guten att. "No meiner eg han kjem i dag også," sa kona, "gøym deg i skogen, så vil eg lage i stand til å bake." Mannen fór straks til skogen og kona sette seg til å bake lefser. Då brorsonen kom, spurde han etter mannen. "Han er i skogen," sa kona. "Ja, så kan det ikkje hjelpe at eg er her," sa guten. "Bli til du får ei lefse," sa kona. Guten fekk lefsa og drog heim. Der gjekk han opp på loftet og hengde opp lefsa. Noko etter kom folk og ville leige hest av han. Ja, det fekk dei, den eine etter den andre. Til slutt fekk han att berre huda. Den tok han og hengde på same rekkja som lefsa. Då hadde han prøvd ut to av råda, og det var verdifullt, det far hadde sagt. Det såg han. Kva så med det tredje rådet? Han fór av garde og ville gifte seg. Han strauk eit drabeleg stykke vekk frå garden og ville fri. Der tala han med ei jente og avtala giftemål så visst dei kunne. Men først skulle far og mor til jenta kome i lag med henne til gjestebod hos guten. Før dei kom og gjesta han, kledde guten seg i fanteklede og bad om husrom over natta der jenta budde. Det var skreddar i garden, og han sat og sauma på kleda som jenta skulle ha i bryllaupet. Då guten hadde vore der ei stund, bad han om å få leggje seg. Skreddaren og jenta sat ei stund til. Då dei kom på loftet, sa skreddaren: "No skal du likevel gifte deg. Så kan du ikkje liggje med meg i natt?" Jo, ho sleppte av seg kjolen og steig opp i senga til skreddaren. Då guten meinte dei hadde sovna, sto han opp, tok kjolen og reiste heim og hengde den på rekkja med dei andre. Då foreldra og jenta skulle kome, bad han farbror sin også. Så fór dei alle rundt og såg over gard og grunn med guten. Farbror hans sa: "No vil vi opp på loftet og sjå der. Far din hadde så mange silar og salar." "Nei, er det noko å sjå, no då?" sa guten. "Kva er det for noko du har hengt opp her?" sa farbror hans då han fekk sjå det som hang på rekke og rad. Så laut guten til å forklare korleis far hans hadde åtvara han og han hadde prøvt alt saman. "Den siste gongen eg gjekk i gjestebod til deg, fekk eg lefsa. Deretter fekk eg huda. Til slutt, då eg var i gjestebod hos jenta, gjekk ho til sengs med skreddaren. Så tok eg kjolen og fór min veg. Sjå, her er den," sa han.
Då strauk jenta sin veg, full av skam, og det var det.
Den blinde kongenDET VAR ein gong ein konge som var fælande glad i å gå på jakt. Så sa han ein gong til tenarane sine at eit par av dei skulle vere med han. Så skaut kongen på eit dyr som dei ikkje visste kva var for noko. Det fekk han betale. Då han kom til ei slette i skogen, sa han til tenarane sine: "Her vil vi leggje oss til kvile, både de og eg," sa han. Så breidde han ut kåpa si, og så la del seg og sovna alle. Då han vakna, var han blind. "Karar!" sa han, "de må opp! Eg hadde ein veldig rar draum. Eg drøymde det kom ei kvinne med ein gut og rende eitkvart nedi auga mine, og no er eg blind," sa han. "Meir veit eg ikkje." Dei måtte stø kongen og få han på hest. Då dei kom heim, blei det jammer i kongsgarden, og dronninga og alle var like ille stelte. Folka som hadde vore med kongen, fortalde kva som hadde hendt. I det same stoppa alle vassårene i kongsgarden, det var ikkje moro det. "Ja, no blir det slutt på lediggang for visse," sa dronninga, "no er du blind, og vatnet tek slutt for oss." Men så lovde dei ut at den som kunne skaffe vatnet att, skulle få ein stor gard. Men dei som ikkje kunne, skulle det skjerast reimar av ryggen på. Det var mange som prøvde seg. Dei hakka og grov, men vatn kom det ikkje. Det måtte tenarar hente ei halv mil unna. Det blei mange reimar, og det var for gale. Så var det ein mann som hadde to søner. "No vil eg i veg og prøve finne vatn i kongsgarden," sa den eldste. "Det kan ikkje nytte," sa far hans. Men han ville det han ville, og så drog han av garde til han kom til ei hytte i skogen. Der sette han seg til å ete. Då kom det ei gammal kone ut til han. "Å, får eg mat av deg?" sa ho. "Nei, eg deler ikkje med nokon eg ikkje kjenner," sa han. "Nei, det er vel så," sa ho. "Skal du gå vidare?" sa ho. "Ja," sa han. "Ja, så ber du både lykke og ulykke med deg," sa kona. Så kom han fram og fekk arbeid. Han flaug over heile kongsgarden med hakke og spade som han var forskrudd. Men han fann ikkje vatn. Så blei han bunden til ein stolpe, og dei skar reimar av ryggen hans. Heim att tok han med vonde skrik og stønn. "Eg tenkte mest," sa far hans, "at det gjekk den vegen, ja." "I morgon vil eg av stad og prøve lykka," sa Oskeladden. "Au då," sa far hans, "ristar dei reimar av deg, så dør du," sa han. Men det var det same, av stad skulle han, og då det leid til middag, så kom han til den same hytta og gjekk inn. "God dag, besta!" sa han. "Hei sann" sa ho. "Det er ikkje mange som kallar meg bestemor no om dagen." Så sette han seg til ete av nista si, Oskeladden. "Vil du ete med meg?" sa han. "Du er kjekkare enn broren din," sa kona, "han hadde ikkje noko å dele på vegen sin." Så hadde Oskeladden gjæra eplemost også, og spanderte på henne så ho blei ør. "Eg veit du skal til kongsgarden," sa ho. "Eg skal hjelpe deg, eg," sa ho. "Du skal ta den svarte merra i kongsgarden og ri tre gonger omkring slottet, og der ho grev med frambeina, der finn du vatn," sa ho. "Det kallar eg vesentleg å få vite," sa guten. "Og det at kongen er blind," sa ho, "for det skal du ta ei smørjekrukke som står i eit hòl bak altaret i den og den kyrkja. Ho står og koker, men du treng ikkje vere redd noko. Du skal ta og smørje han i auga med det som koker der, så blir han mykje betre," sa ho. Så takka Oskeladden for seg, og då han kom til kongsgarden, gjekk det bod til kongen og dronninga at her var ein til som ville prøve seg. Så tok han den svarte merra og rei tre gonger omkring slottet, og ho fann vatn så spruten sto når dei grov der ho skrapa. Då blei det glede, for då fekk dei vatn nok. Så gjekk guten inn til kongen. "Er det du som kan slikt ingen annan kunne?" sa kongen. "Hadde du no kunna gjort meg god i auga også, så skulle eg elska deg som min eigen gut," sa han. "Kven veit om eg kan ikkje det også," sa Oskeladden, og så gjekk han til kyrkja som kona hadde fortalt om. Bakom altaret sto krukka, og det som koka i den, var så raudt som eld. "Det verkar heitt," sa guten, og stakk fingeren nedi, men det var kaldt. Så tømde han på krukka si det han tenkte han trong, og takka for det han hadde fått. Då han kom heim til kongen, smurde han kongen med dette raude, og dermed sovna kongen. Etter ei stund kom kongen ned til dei andre. "Korleis er det med deg?" sa guten. "No ser eg klart," sa kongen, og var så glad at han baud han krona og allting.
"Den treng eg ikkje," sa Oskeladden, "men lèt du meg få garden som den står, med utstyret, dyra og alt," sa han, "så er eg berga, eg." Og det fekk han med det
same.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20012009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | |||||||||||||||||||||||||||||