NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 10

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Gamle-Sverlog og den vonde

Folk trudde stort om prestar i landet gamle dagar. Somme blei utdanna i København, og andre på presteskolar i Tyskland. Somme fó til Mecklenburg, og andre til universitetet i Wittenberg, som var det beste på den tida, og mange reiste derfordit. Der lærte dei mykje rart - Det var den tida då sju presteemne kom til skolen og berre ein av dei kom att derifrå. På skolane blei dei utdanna i å bruke Svarteboka så dei fekk overnaturlege evner og kunne kommandere fanden sjølv til å arbeide for seg, og løyse og binde han som dei ville. Somme fekk stor makt over den vonde, etter det folk seier.

Presten Gamle-Sverlog skulle ha gått på ein av desse Svarteskolane, etter det folk sa. Han hadde ikkje skugge, fortalde dei også. Ein gong var det ein som spurde han korleis det hang i hop med dette. Då fortalde han at ein gong han var ute og gjekk i måneskinet, kom det ein stygg og fæl fyr som ville ta han. Først prøvde Sverdrup å berge seg med eit knep. "Du får no vente, gode mann, til eg har fått opp sokken," sa han.

"Du får rappe deg då," sa hin.

Gamle-Sverlog gjekk då straks ifrå den andre med sokkesiget sitt, og kunne gått med sokken nede så lenge han levde. Då den hine skjøna dette, kom han etter og dytta opp sokken hans for han.

"Såpass kan eg vel hjelpe deg," sa han.

No var gode råd dyre, tenkte Gamle-Sverlog. Han kjekla og krangla med den andre ei tid. Så snudde han seg og peikte på skuggen sin og sa: "Ta heller den bak meg, ta heller den!" Vondemannen blei narra, tok tak i og fór av stad med med skuggen hans så det kvein og skreik bak han. Sia den tida hadde ikkje Gamle-Sverlog nokon skugge, verken i solskin eller måneskin.

OPP NOTAR  

Bjørnson og Svarteboka

Far til Bjørnstjerne Bjørnson var Nessetpresten Peder Bjørnson, som dei helst kalla Stor-Pe der. Han hadde Svarteboka og kunne både løyse og binde fanden, fortalde folk.

Så var det ein søndagsmorgon han var reist inn i ein fjord på veg kyrkja lenger inne der, og hadde gløymt att Svarteboka på bordet heime. Tenestejenta kom inn på kontoret og gav seg til å lese i boka. Og så las ho om korleis fanden skulle løysast - og visste ikkje av det før han stod i døra og ville ha arbeid. Så var ho snartenkt, jenta, og sette han til med mest fånyttes ho kom på. Først kunne han telje furutrea i ein skog der, og deretter hogge lass med tre ifrå dei store skogane i fjella bakom, for der var nøgda med tre, og så kunne dei få rikeleg med brensel til vinteren. "Du skal opp på fjellet og hogge i ei viss breidd, og frakte det ned til sjøen, og så fløyte det hit og hogge det opp til passe store vedskier," sa ho.

Ja,, så fór den vonde og gjorde som ho ville. Trea telte han radig, og felte nøgda med tre og fekk dei til fjords også. Men då han skulle frakte veden, var båten utan segl, så han laut ro. Då han kom midt ut på fjorden, blåste det opp midt imot han. Han rodde og rodde med alt tømmeret, og sleit så hendene svei og svall; men tyngre og tyngre gjekk det. Til sist kom han likevel fram og gav seg til å hogge opp veden. Då han var ferdig med det, laut jenta finne på nytt arbeid, og så sette ho djevelen til å gå nedpå neset og "ause sjø i sjø". Det gjorde han, med fynd og klem.

Men på turen inni fjorden tok Bjørnson til å kjenne på seg at ikkje alt stod rett til heime. Og så bad han skysskarane snu og ro seg heim att. Men då dei svinga omkring neset fekk dei sjøråket over seg, så dei heldt på å forlise. Dei kom seg då likevel til lands. Og Bjørnson skunda seg opp og fekk binde Gamle-Eirik. Han slo opp i boka på den staden der det står kva ein skal seie fram for å binde fanden, og kva ein skal gjere. Så tok han til å lese med høg og myndig røyst. Han mana hinmannen ned i jorda ved sia av vegen til Nesset. Og enda om Gamle-Eirik ikkje ville, men sleit og vreid seg, laut han likevel gå i jorda. Med det same han fór ned, gjalla det farleg. Presten la tro greiner i kross over staden så djevelen ikkje skulle kome opp att der.

OPP NOTAR  

Natteskremming ved kyrkja

Om nettene blei det ofte ringt etter gamlepresten i kyrkja, og han gjekk då støtt av garde. Kona hans likte ikkje at han var vekke så mykje om kveldane, ho ville ha han hos seg. Dermed fekk ho ein gong tenesteguten til å ta eit kvitt laken over ein skinnfell og ha på seg, og gå føre presten til kyrkja for å skremme han så han skulle slutte å gå ut om natta slik.

Guten stilte seg opp på kyrkjegarden. Snart kom presten og fekk sjå gjenferdet, og ropte til det to-tre gonger: "Er det folk, så tal; er det fanden, så manar eg."

Guten taug. Snart tok jorda til å revne under han, og guten seig ned til knes. Då greidde han ikkje å teie lenger, og ropte, "Eg er då drengen din!"

Presten hjelpte han vel opp att, men guten var og blei tullete sia.

OPP NOTAR  

Elmelandpresten

Elmeland-presten var ein lærd svartebokmann. Han hadde vore i Nedgangsskolen i Wittenberg og lært Svarteboka der. Ein søndag preika han i Mårdalskyrkja. Best som han stod på preikestolen, kjende han på seg at det stod gale til heime. Så bad han folket orsake, og sprang ned av preikestolen og ut av kyrkja. Der fekk han i hesten sin og reid av stad så fort som det lét seg gjere.

Heime hadde prestekona funne Svarteboka hans. Det var ei lita bok som det var knytt band omkring på kryss og tvers. Ho løyste banda av og opna boka. Då fekk ho sjå at boka hadde svarte blad som det var trykt raude bokstavar på, og tok til å lese i den underlege, gamle boka med rare ord og bokstavar. Ho skjøna ikkje stort av det, men stava i veg så godt ho kunne. Då visste ho ikkje av før det kom inn ein kar med hestehov or horn i panna, og han såg fæl ut. Mens ho las, hadde ho kome til å løyse vondemannen utan å ville det. Før ho visste av nokon ting, kom han springande og spurde kva ho ville. Kona hadde høyrt at det var inga moro å ha den mannen laus. Kunne ho ikkje finne på eitkvart arbeid å hefte han med, så ville han ta henne. Gode råd var dyre. No stod livet og sjela på spel. Det første ho gjorde var at ho treiv ei dundyne og gjekk opp på løemønet og tømde ut fjøra i vinden, så fjør og dun fauk ut over markene. Så sa ho den vonde skulle hente opp att alle fjøra. Det gjorde han fort.

Kona bad han då hogge ut ei vakker steinbru, sju meter lang, tre meter brei og ein meter tjukk og legge den over bekken der stigen gjekk. Det gjorde han også, men det tok litt lenger tid.

Kona sa dernest at han at han skulle bere vatn til løa i eit såld. Kvar gong fanden kom fram til løa, var såldet tomt for vatn, så den oppgåva klarte han ikkje. Til sist blei han så motlaus at han sette seg på ein stein og gret. Men etter ei tid kom han inn til kona og sa det ikkje nytta å halde på med det der lenger, og at han var klar til meir og anna.

Prestekona hadde nytta tida til å lese litt meir i den vesle boka, og kunne no styre han til presten. Av stad laut fanden; for han laut alltid lyde når dei styrte han ein stad. Då presten var komen nesten til Nande, kom hinmannen til møtes med han; han kom rennande på berget som ein orm. Presten ville vinne litt tid og lage seg til før han gav seg i strid med den karen. Derfor treiv han fanden i bringa og drog han med seg ned til gards og baud han lage tau av sand. Den vonde spurde om han kunne få ein kopp med tjøre.

"Nei," sa presten.

Så fór hinmannen ned i fjøra og gav seg til å spinne. Han fekk lagt eit par famnar også, men då rauk det av gong etter gong. Han streva så hardt med dette at han gneista. Etter kvart lét det til at han lærte seg kunsten, for på ein eller annan måte gjorde han dette arbeidet også. Då gjekk han til presten og sa at slikt arbeid var ikkje lett. Ikkje hadde han klart det før, men no klarte han det. Presten bad han då gå ned til stranda og byggje ei høg bru tvers over sundet, og den skulle også vere av sand. Fanden gjekk og gav seg til å byggje; men kor god bygningsmann han var, så fekk han det ikkje til, for sanden sklei ut i vatnet så fort som den kom nedi. Då blei hinmannen harm og gjekk inn til presten.

"Har du ikkje anna å setje meg til, så vil eg ta deg," sa han.

"Nei, eg tenkjer det får vere nok med slikt unyttig arbeid for ei tid, men no vil eg binde deg, "sa presten. Det blei ein hard ordstrid mellom dei, så hard at presten sveitta og laut skifte skjorte tre gonger. Men etter kvart var det liksom hinmannen dovna bort, og no var han bunden.

"Kor vil du eg skal fare då? Ut gjennom glaset?" sa den vonde.

"Nei," sa presten. "Skal eg ut gjennom veggen då?" spurde hin.

"Nei, nei, her skal du ned!" sa presten og stakk eit hòl i golvet med ei nål. Vondemannen kasta kleda av seg, og så laut han til å skru seg gjennom det ørvesle hòlet. Sia har aldri vondemannen vore laus på Elmeland, det eg veit.

OPP NOTAR  

Det vognhjulet

Prestar som hadde gått i lære i Wittenberg, hadde Svarteboka og kunne løyse og binde både menneske og djevlar, heitte det.

Den tida Gikkom var prest i Jagerlei, hende det ein gong at Gamle-Eirik heldt til på ein av gardane i bygda i form av ein diger, svart hund. Den hadde bite seg fast i eit bordbein og var ikkje til å få ut av huset enda gardsfolka prøvde både med godt og vondt. Til slutt visste dei ikkje anna råd enn å sende bod etter presten. Og presten kom, og til slutt klarte han då også å få mana ut hunden. Men det var ikkje godvillig den ga seg. Den kvein og peip, men ut måtte den.

På veien heimover fall med eitt det eine hjulet av prestekarjolen [1]. Skyssguten spurde om han skulle gå av og setje det på att, men presten sa det fekk vere. Dermed mana han fram fanden att og tvang han til å vere vognhjul. Og så bar det i veg heim til prestegarden som om ikkje noko skulle vere hendt.

Då dei no vel var komne heim, sa presten til skyssguten at han skulle setje inn hesten, men han måtte vakte seg vel for å gi den noko å ete den kvelden. Gutten undra seg men sa ingen ting, for han var van med at presten gjorde rare ting. Men kjøreturen hadde vore lang, og hesten var som rimeleg kan vere fælt svolten. Guten hadde godt hjertelag og syntes synd på hesten, og enden blei at den fekk både opphakka halm og høy å ete. Morgonen etter låg den død på stallen.

Ord

  1. Karjol: lett tohjulsvogn for éin person (og skysskar), dregen av ein hest.

OPP NOTAR  

På eitt hjul

Ein søndag formiddag hende det at tenestejenta på prestegarden fekk tak i Svarteboka til presten Skjeggum og tok til å tukle med den. Presten var i kyrkja, men han merka det likevel, og best som han stod på preikestolen, kunne kyrkjelyden sjå at han blei så merkeleg uroleg. Og med eitt sprang han ned av stolen og ut av kyrkja og lét skyss-guten spenne for og køyrde heim. Då presten tok taumane, meinte guten han hadde klør.

Og presten køyrde så spruten stod etter han. Men dei hadde ikkje kome lange stykket av stad før det eine hjulet med eitt fall av karjolen. Guten spurte om han ikkje skulle gå av og setje det på att, men presten sa at det skulle han nok klare sjølv. Dermed tvinga han alle dei smådjevlene som tenestejenta hadde sleppt laus, til å springe ved sia av og halde på hjulet. På den måten kom presten heim frå kyrkja den søndagen.

Joan Kirlens var prest i Søpudal i førstninga av 1800-talet. Ein søndagskveld kom han køyrande frå Rindal, som då var lagt til til Søpudal sokn, og skulle heim. Då han kom til Ranarkleiva, ville ikkje hesten gå lenger, men stod blegg still. Samtidig fall eine hjulet av karjolen. Kirlens sa då til drengen sin som sat bakpå: "Ola, gå og legg hjulet bak i karjolen!"

Ola la det lause hjulet bak i vogna. "Men no blir det vel ingen skyss," sa Ola.

"Sett deg oppi att!" sa Kirlens. Han trudde på det at fanden hadde vore på ferde, og sa, "Den som har løyst hjulet, skal få halde oppunder resten av vegen."

Dermed tok han Svarteboka opp av lomma og løyste fanden. Rett som det var kom han også, tok hjulakslingen på skuldra og det lause hjulet i den andre handa. Og så bar det i veg så det gneistra under hjula.

Gamle-Eirik gjorde ikkje vegen lang, og før dei visste ordet av det, var dei komne til prestegarden. Der sa presten at han sjølv ville spenne frå vogna, og bad drengen gå inn. Ola syntes det var greit at presten ville gjere jobben hans den kvelden, og lystra takksamt. Om morgonen då han kom ut, såg han at kjerra enno stod på eitt hjul. Presten sa no til Ola at han kunne setje på det andre hjulet. Det gjorde drengen med det same. Då fekk fanden sleppe.

OPP NOTAR  

Bø-presten og fanden

På Kulvollen var det eit agelaust liv. På ein gard der sat nokre karar samla ein kveld ein uvêrsvinter og spele kort og drakk forferdeleg attåt, med banning, slag i bordet og leven. Utpå kvelden kom det inn ein fremmendkar. Han bad om lov til å spele med dei, og det var ikkje ordet imot. Så spela dei. Han drakk og prata som dei andre. Men så datt eit kort i golvet for ein av dei, og han lutte seg innunder bordet og ville finne det att. Då blei han var at fremmendkaren hadde lange fæle klør på føtene, og dei hadde han hogge fast omkring bordstolen. Dei blei mest vettskremde alle saman og sprang opp frå bordet, for dei skjøna det var sjølvaste Gamle-Eirik. Men styggen sat der han sat og ville ikkje flytte seg.

Dei henta presten i bygda, men då Gamle-Eirik såg han kom inn, sette han i ein kald lått. "Du er nettopp ein av mine, du; du bankar kona di til kvardags!" sa han til presten og sat like trygg. Så laut presten reise att, sia han var under styggen og utan makt over han.

Dei ville bli kvitt han, og køyrde av stad heilt til Bø og henta presten der. Då han kom, kom, letta styggen på seg i stolen. "Der kjem den fæle karen frå Bø!" sa han.

"Det skal du få sanne," svara presten.

Så tok dei til å skifte ord så hardt.

"Du stal mat då du var liten," sa Gamle-Eirik.

"Det var fordi eg var svolten, " svara Bø-presten.

"Du tok først på deg skoen på venstre fot då du reiste heimafrå i dag," sa Gamle-Eirik.

"Det skal eg gjere om att no," svara Bø-presten, og så tok han av seg skorne og sette dei på att, no med den høgre først.

"Du stal ei katekisme og las i," sa Gamle-Eirik.

"Du skal få merke at eg har lese katekisma og enda meir," svara Bø-presten. Så tok han til å mane, og bora eit hòl med ein syl i blyramma i vindaugsglaset og truga styggen til å fare ut der. Fanden bad først om å få fare opp omnspipa heller.

"Nei, det blir for enkelt for deg," sa Bø-presten.

Så tigga fanden om å få sleppe ut gjenom nøkkelhòlet i døra, men fekk ikkje. Då skapte han seg om til ein svart hund med eldauge, heldt kort mellom framlabbane, og som gapte med ein stor kjeft og knurra. Så laut den gjennom sylhòlet. Då kvistra og kvein det mellom veggane i stua.

Samlinga NOTES

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2008–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]   —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]