Norsk del, Gullvekta
Norske segner
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Kvitormen i gryta

Ormane held ormestemne eller ormeting til visse tider, sa folk før i tida. På ormestemna samlar alle slags ormar seg: hoggormar, hjulormar som kan bite seg i halen og rulle av stad som tønneband, og kvitormar. Kvitormane har ein raudgul ring om halsen.

Ein kan elles finne kvitorm der den kvite revebjølla veks. Fann folk ein kvitorm, kokte dei suppe på han. Han var svært seinkokt, men når ein så åt av kjøtet, blei ein vis og kunne sjå inn i framtida. Dette gjaldt berre den første som fekk smake. Ormekjøtet og ormekrafta blei brukt mot sjukdommar hos folk og fe, for folk trudde at kvite ormar hadde kraft til å gjere frisk av alle slags sjukdommar.

Når ein kokar kvitormen, et kjøtet eller slikkar skummet eller har i seg ei gullblank blære som dannar seg av feittet i søet, får ein, etter gamle segner, sjå alt som går føre seg i verda, både vondt og godt. Berre det ikkje blir for mykje å ta inn over seg, kan ein bli vis slik.

Ein dag kom ei kone over ein kvitorm ved ei li. Ormen låg på ei lita steinrøys. "Han var ikkje stor", sa kona om ormen, "på lag som ein hoggorm."

Kona slo i hel kvitormen, og då ho var kommen heim med han, ville ho koke han, ete kjøtet og bruke feittet til lækjemiddel. Ho nørde på varmen og hengte gryta over. Så hadde ho ormen i gryta i lag med søtmjølk, og så til å koke.

Mens gryta med ormen småkokte, måtte kona eit ærend ut i fjøset til ei ku som skulle kalve, og bad den vesle dottera si, Gurid, om å passe gryta. Mora blei vekke lenge, og jentungen gjekk og stelte aleine i stua i lang tid. Etter kvart syntest ho det lukta så godt av suppegryta at ho tok litt av kjøtkrafta i ein bolle og åt med litt brød til. Det var ei gullblære i soden, og blæra åt ho også, enda om ho brente seg litegrann på fingrane av feittet.

Då ho hadde ete opp brødet, kunne ho sjå gjennom tjukke veggen. Så gjekk ho ned i fjøset til mora. Der var det ein ku som skulle ha kalv. Jenta gjekk bort til kua og klappa ho: "Sjå, mor", sa ho, "ho har både ein raud og kvit kalv i magen."

Mora gret då kalvane kom ut og var slik dottera hadde sagt, for ho skjønte kven som hadde fått smake ormen først, og visste at Gurid ville få li for den synske evna om ho ikkje lærte å styre ho og vere varsam med kva ho sa til andre.

Notar

Hesten som flaug

Han far tente på Rauland i Numedal. Han var berre som ein liten småfant då. Det var skysskifte med gardgiveri der i den tida, og han far var som ein slags visargutt for dei. Ein kveld blei det sittande eit drikkelag og ture der. Men så fekk dei for lite å ture med. Så var det ein stad lenger borti bygda dei hadde å selje. Han far blei sendt dit etter meir å drikke. Det var vintertid, men ikkje så mørkt. Han far var ikkje noko huga på det, han var då berre ein småfant. Men kva skulle han gjere mot ein heil flokk med fulle karar? Han måtte gå.

Mens han gjekk langs vegen, kom det nokon køyrande med ein fin, svart hest og slede og nådde han att. Karen stansa og sa at guten kunne få stå bakpå. Han far krabba seg oppå. Då dei kom til næraste gard, stogga mannen hesten. Dei høyrde det blei prata så høgt der inne. Framandkaren stod og lydde ei stund. Så sa han: "Å nei, vi får køyre vidare. Eg skjøner det er ikkje av hjartet at mora bannar over barnet sitt."

Så køyrde dei eit stykke til. Då visste ikkje han far av det før det bar opp gjennom lufta med dei, og han blei redd. Han krabba seg utpå meien og sleppte seg ned. Han datt ned lenger frami vegen. Han visste nesten ikkje greie på seg, men fann då vegen fram til hus att.

Då han kom fram til Raulandstunet, fekk han sjå noko som gjorde han reint forferda. Der stod denne svarte hesten med frambeina opp på dørhella. Det var nok den vonde sjølv som eigde hesten. Framandkaren var inne i stua, og der stod to brør over einannan med knivar. Nettopp som han far kom fram i tunet, låg den eine av dei oppå den andre og reidde han til med kniven så det stod om livet hans etterpå.

Korleis det gjekk, om han kom seg eller han strauk med, det kan eg ikkje seie, men eg hugsar han far sa: "Eg kan ikkje skjøne kva det var for synd eg hadde gjort. Men noko gale må det vore, for han ville reist med meg."

Notar

Prestedottera som hadde lært å trolle av mor

Det var ein prest som lurte på kona si, for han hadde høyrt rykte om at ho var heks, og still og sturen var ho støtt. Han blei meir og meir sikker på at ryktet var sant, og grubla på korleis han skulle ta ho på fersk gjerning.

Så var det ein dag han spaserte med småjenta si nedover stranda. Då fekk dei sjå ein båt som hadde mista vinden og låg i svartestilla. Med eitt sa jenta: "Pappa, eg kan få båten til å kvelve. "

Straks etter kvelva båten.

Presten spurde ho om ho kunne anna også, og dottera sa, "Eg kan få det til å regne frå klar himmel, få hestar til å falle, få fliser til å samle seg sjølve, og få mjølk ut av tre og tau, far. Vil du at eg skal få det til å regne no med ein gong?"

Presten trudde ikkje ho kunne få det til i klarvêret. Så hukte veslejenta seg ned og tok skjørtet over hovudet, og med ein gong tok det til å regne så dei blei gjennomvåte begge to.

"Korleis har du lært slikt?" spurde faren.

"Mor har lært meg det", sa jenta.

Det gjekk nokre hestar og beita på ei eng nær ved. "No skal dei falle, alle saman på ein gong", sa jenta, og mulla nokre ord. Då datt alle hestane. "Var eg ikkje flink?" sa ho til far sin.

Presten freista å få prov på meir, så han visste at hendingane ikkje var innbilling eller samantreff. "Kan du samle alle flisene rundt hoggestabben i tunet til meg slik?" spurde han, og jenta sa ja, det hadde ho også lært av mor. Så mulla ho noko og slo hendene saman. Straks kom ein vind som fekk flisene til å samle seg så dei dansa i lag over tunet og kom inn og fylte vedkassa på ein blunk.

No ville han få syn for seg at veslejenta hans hadde lært å mjølke tre og tau. Han gav ho eit tau av geiteragg og hesterumpehår i hendene, og ei bøtte under. Snart rann mjølka frå tauet. Så gav ho seg på det, for ho skulle mjølke frå ein stolpe også, sa faren.

"Då får eg mjølka overført frå kua til husmannen din, far. Er det i orden?"

Ja, sa presten, og stakk ein liten pinne i stolpen og sette bøtta under, og så gav ho seg til å mjølke pinnen så det fossa. Det kom så mykje mjølk frå pinnen at det fylte bøtta. Då ville ho gi seg, for det tok til å komme blod i mjølka.

"No toler ikkje kua meir. No lyt eg halde opp", sa jenta. "Mjølkar eg meir, døyr kua."

Så fekk ho halde opp, men no ville presten sjå om ho kunne mjølke ei kvige også. Dei gjekk bort til kviga til husmannen. Jenta sette seg lydig til ved kviga, og det var ikkje lenge før mjølka kom så det skumma i spannet. Då ho slutta, spurde presten korfor.

"Nei, kviga toler ikkje meir", sa ho. "No kjem det blod, og då må eg ikkje mjølke meir, elles døyr kviga."

"Berre hald på, så får vi sjå", sa han.

Ja, ho heldt på; men etter ei lita stund stupte kviga daud.

Kven hadde ho hadde lært trollkunstene av?

"Av mor", svarte barnet.

"Kan du få meir enn mjølk og blod til å renne?" spurde faren.

"Øl kan også gå, far." Ho fekk låne faren sin tollekniv og stakk han inn i ei stort tre der, og faren heldt eit spann under. Då kom det fossande ei væske som lukta som øl og smakte som øl.

No var presten rimeleg overtydd. Veslejenta fortalde meir, ho: "Då eg og mor sat på fjellet på ein fottur i sommar, kunne vi ønske oss varme, ferske brød frå Danmark, og så hadde vi dei med det same."

No var presten sikker i si sak, og rasande sint på kona si. Same året blei ho dømt til å druknast. Men det gjekk ikkje som dei hadde tenkt, for ho kunne gå på vassflata, den kona. Då brende dei ho levande på bål i staden.

For å sleppe å ha veslejenta på bålet for trollkunstar, gjorde faren det på ein annan måte. Han lurte krut inn i erma hennar ei natt ho sov, og tente på. Jenta sette livet til med det. Så tok presten oska og gravla den.

Husmannen til presten fekk lov å gå inn i fjøset hans og ta den beste kua han hadde. Husmannen visste ikkje grunnen, så han blei svært forbausa og takksam, og tok med glede imot kua.

Notar

Ofseleg fart

Ein harding var i byen og kjøpte eit og anna til jul. På heimvegen kom han til å drøye for lenge på Bukken-øya, så han lurte på om han nådde heim til julekvelden. Som han var på veg ned til robåten sin og gjekk og grunna på dette, kom det ein framand kar og baud seg til å ro med han, for han skulle same vegen, sa han. Hardingen blei glad for å høyre dette, takka ja på flekken, og så sette dei seg side ved side og rodde.

Båten tok seg fram så fort at hardingen først blei reint fortenkt, og så fælt sliten.

"Eg meiner du får sette deg baki og kvile ei stund", sa den andre. "Det går mest for det same, tenker eg."

Hardingen gjorde det, og då skaut båten fram for alvor. Hardingen sat og blåheldt seg i båtripa og tenkte at båten gjekk under, så fort som det gjekk. Då dei kom til ei vik, la roaren inn årene og sa: "Eg skulle på land her, eg. Så får du ha takk for laget!"

Med same han steig i land, slo gneistane omkring han som ei eldmørje. Då skjønte hardingen kven han hadde hatt i lag med seg i båten.

Notar

Heim til jul

Det var ein gong ein jekteskipper som gjekk gjennem Bergensgatene. På vegen møtte han ein mann som kom med ein kartrull under armen. Jekteskipperen gav seg då i snakk med mannen, for han trudde det var ein annan skipper. Dei snakka om forskjellig. Blant anna klaga jekteskipperen for at det var så sterk motvind at han såg inga råd til å komme seg heim. Han hadde gjerne villa heim til jula, som nærma seg sterkt.

Mannen med kartrullen spurde då om han ville ha han til skipper, for då skulle han nok komme heim til jul, og betalinga han ville ha, var den som gjekk først på land når dei kom heim. Dette gjekk jekteskipperen med på utan å tenke noko særleg over betalinga.

Det bar då om bord, og fremmedkaren sa at alle mann måtte gå under dekk; og så skalka han lukene og stengte alle nedgangane. Dei høyrde at seglet blei heist i topp, og fram bar det i flygande fart i strykande medbør.

Om ein tid høyrde dei ankeret falle og at seilet blei firt ned. Nedgangane blei opna så jektekarene kunne komme opp. Då dei kom på dekk, låg jekta vel fortøydd på bukta nedfor heimen. Dei gjorde seg ferdige til å fare på land, og alle mann gjekk i prammen for å ro i land. Då dei la til land ville jektskipperen springe på land først, men då greip ein gammel jektekar - som hadde prøvd noko av kvart - han i kragen og heldt han attende. I staden tok han skipshunden og kasta på land. Hunden blei altså betaling for arbeidet.

Notar

Den takknemlege ormen

Ein mann kom ein gong gåande og såg ei padde som slost på liv og daude med ein orm. Guten merkte at ormen ville tape, og tykte synd på ormen som han vrei seg for å komme unna. Han treiv ein stein og slo i hel padda med, og slengde ho bortpå marka.

Ei tid etter kom han gåande berreføtt forbi der att. Uforvarande trakka han på eit av paddebeina. Kjøtet hadde falle av, og beinet stakk inn i foten. Guten drog det ut, men det tok snart til å verke, og foten hovna opp så det var fælt å sjå. Det stod nokså snart om livet hans, og han visste ikkje kva han skulle gjere.

Men ei natt vakna han av at ein orm kraup over han i senga. Ormen hadde eit lite, grønt blad i munnen og ville legge det over såret. Det fekk ormen gjere, og det gjekk ikkje mange dagane før guten var god att.

Notar

Heimreisa til Bangsbill

Bangsbill var prest i Hjørundfjorden for fleire hundre år sidan. Han hadde Svarteboka. Ein gong var han i Bergen ein julaftan. Då fekk han påbod frå bispen om at han skulle preike i Borgundkyrkja på Sunnmøre første juledag. Bangbill tok det med ro, gjorde innkjøpa sine til jul, og gjorde seg ferdig til heimreise. Så tok presten Svarteboka og løyste fanden. Fanden kom og spurde kva han skulle gjere.

"Du skal skysse meg til Borgund på Sunnmøre i natt", sa Bangsbill.

"Kva lønn?" sa Gamle-Eirik.

"Du skal få alle som søv i kyrkja mi i morgon."

"Greitt", sa hinmannen, og så bar det i veg over Sognefjorden og Stadthavet. Då det lyste av dag, var dei komne til Heissafjorden i Borgund. Då tok Gamle-Eirik til å trøytne så føtene til presten stundom blei vaska nedi sjøen.

Fanden sa: "Kva seier kjerringane når dei legg luka over ljoren om kvelden?" Han hadde tenkt han skulle få presten til å nemne Jesu namn; for då blei han sjølv fri.

Men presten sa: "Høgare opp og fortare fram, djevel!"

Då dei kom fram, gjekk presten inn i kyrkja og heldt ei så fyndig preike at ingen sovna, og det var sjeldsynt. Gamle-Eirik kjende seg snytt for lønna, og ville ikkje frakte presten heim til Hjørundfjorden etter preika. Det likte den myndige presten lite. Han greip fanden i kragen og tok han med nokre hundre meter vekk frå kyrkja, der det var berg i grunnen. Der sette presten merke med staven sin, og der merket stod, laut Gamle-Eirik fare ned, enda han jamra fælt og bad for seg.

Notar

  Innhald  


Norske segner, soger, sagn, litteratur.  

Norske segner.    Seksjon     Sett    Neste

Norske segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]