![]() |
Norske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Sølvskei på langferdEin høvedsmann [1] hadde ein gong ein finn til los i Lofoten. Då høvedsmannen fór heimafrå det året, var kona hans med barn. Han var derfor ikkje glad over å fare. Men det var livberginga om å gjere, og han hadde ikkje betre val. No hadde høvedsmannen høyrt at finnane kunne klare så mykje rart, og ein morgon dei sat inni bua i fiskeværet i Lofoten, sa høvedsmannen at det skulle vore gildt å vite korleis det stod til heime, og spurde finnen om han kunne seie dei. Ja, det meinte finnen han kunne klare, men "du må love meg at eg får fred. Du må for all del passe på at ingen får røre meg og kufta mi når eg blir borte ei tid." Dermed teikna han ein ein rund ring på plankegolvet, sette ein krakk midt inni, og ingen måtte kome innafor ringen før om eit par timar, sa han. Så sette han seg på krakken. Dei høyrde han sa noko for seg sjølv og seig saman i kufta. Den såg merkeleg samanskrumpa ut i lyset frå oljelampa i bua, og ingen høyrde noko ifrå finnen. Høvedsmannen passa godt på og ingen kom inn i ringen heller. Det varte ei god stund før det blei liv i han att. Så med eitt lea kufta seg, og så var finnen der. Det stod berre godt til heime hos skipperen, sa han. "Kona di har fått ein stor og fin gut, og begge er friske." Ho sat og lét småbarnet få mat då han var der, fortalde han vidare. Og for at dei ikkje skulle mistru han, hadde han teke med ei sølvskei tilbake til bua. Den tok han ut av kuftebarmen. Høvedsmannen blei paff, for han kjende att skeia. "Ja, sølvskeia er mi. Eg kjenner den att," utbraut han. Førebokstavane i namnet hans stod rissa inn bak på skaftet, og alle undra seg. Då dei kom heim frå fisket om våren, kunne kona fortelje at dei hadde mista ei sølvskei om vinteren. Ei småjente hadde sete med skeia då ein brun katt kom inn døra fekk tak i skeia og strauk sin veg med den før dei fekk tid til å gjere noko. Mannen flira og tok fram skeia. "Det er denne," sa han.
Ord
Sørgjeleg sjekka
Ein mann frykta at kona hans var trollkjerring fordi han aldri høyrde at ho pusta om nettene ved sida av han i senga. Ei natt tok han ei bok og la over munnen hennar. Med det same tok ho til å stønne og hulke fælt, og ho kava med armane. Det lét sørgjeleg ilt, men boka låg over munnen, og han pressa hardt. Då mannen tok boka vekk etter eit minutts tid, kom kona seg snart til hektene.
Gråbein-ArneIngen visste kor Gråbein-Arne var ifrå. Han tente mange år i Tresfjorden hos Ola Hoem. Sia flytta han til Fræna. Det gjekk det ordet at han var varulv - at det hadde vore trolla på han slik at han til sine tider blei omskapt til ulv. Då kunne han vere farleg både for folk og krøtter. Ein dag Arne og tenestejenta var i lag på slåtteteigen, kjende han at trollskapen heldt på kome over han. Og så varskudde han jenta om at ho måtte røme opp i eit tre. Ho var ikkje før komen opp i treet, før Arne kasta ljåen og kleda og tok til å yle som ein ulv og strauk til skogs. Om ikkje så lenge kom han att i menneskeskapnad, tok på seg kleda og gav seg til å slå gras att. Men det var på høg tid ho kom seg opp i treet, sa han - for når han fekk ulveriene sine, kunne han ikkje berge seg for å rive sundt alt levande han kunne nå i, sa han.
Etter slike ulverier var han bleik og slapp, så det tok nok hardt på han. Men elles var han medgjerleg og snill.
SlubberthammenFolk trudde at det fanst menneske som kunne forvandle seg til varulv eller mannbjørn, og at dei som hadde denne eigenskapen, anten hadde blit påført den av vonde menneske, eller var trollkarar. I Medalen var det ei kone som gjekk og undra seg på kor mannen hennar heldt til somme netter i tida før jul, og tok til å undrast om han gjekk omkring som varulv i ulveham mens ho sat ved peisen der det brann og lyste sterkt av tyrirøter. Ein kveld det mørkna, kom ho ut frå stabburet med mat i henderne. Då kom ein varg i tanande renn ut frå skogholtet og beit i den grøne ullstakken hennar så den fekk ei stygg rift. Så sprang vargen bort til ei kvige i kalvehagen nær ved, reiv den i hel og glefste i seg mest halve kviga for auga på henne. Ho kunne lite gjere så mørkt det var, og ingen kom og hjelpte henne enda ho skreik og bar seg fælt. Grannen på den vesle åskammen ovafor hadde to blå bukkar som han ikkje fann att etter den kvelden. Han gjekk til mannen seint om kvelden etter å ha mjølka og stelt i fjøset, og trefte han eit stykke frå garden. Han stod berre i mørket og vêra, såg det ut som. Grannen spurde om mannen hadde sett bukkane, for han hadde mistanke om at han hadde teke dei. No meinte grannen han såg blå bukkehår i tennene til mannen i månelyset som var, og tok deretter til å gå omkring og seie at når mannen såg sauer, sprang klørne ut av skorne hans. To dagar etter, då mannen og drengen var i skogen, fann kona fram ein rar pels som dei kalla slubbertskinnet der i garden. Den låg i ei kiste i smia. "Dette gamle skinnet har vi inga nytte av," tenkte ho, og kasta det på grua i eldhuset, og meinte ho gjorde ei god gjerning ved å la elden ta skinnet. Då ho noko etter kom inn i stua, låg mannen i senga. "Er du heimkomen?" sa ho. "Ja, eg blei brått så sjuk. Det var berre så vidt eg klarte å kome meg heim." Han ynka og bar seg, og ho stelte vel om han. Ut på natta måtte mannen til å kasta opp. Om morgonen då kona skulle fram, fekk ho sjå korleis det såg ut der på golvet. Der låg det kvigeklauver og kvigehår og geiteragg - grøne bitar av ein ullstakk. Det såg noko rart ut til å kome ut av munnen til folk.
"Eg har vore svolten som ein skrubb," fortalde han, og drog geiteragg frå tennene sine. Kona forstod det var gale med han. Han blei liggjande mange dagar, og blei etter kvart frisk på eit vis. Men han blei gåande som ein tufs og ein stakkar sia. Han blei aldri meir den drivande husbonden han hadde vore. Men så var han heller aldri ute om nettene meir.
MannbjørnenDet var ein mann og ei kone som skulle på heia og slå. Kona var med barn, men kvinner heldt dei ikkje opp å arbeide for det i gamle dagar, og dei laut slite hardt. Då dei kom på heia, gjekk mannen bort i eit holt. Snart etter kom ein bjørn ut frå holtet og ville ta kona. Det var så vidt ho fekk berga seg opp på ein stor stein. Ho ropte på mannen, men han kom ikkje. Der stod ho og hadde ikkje anna enn riva å verja seg med. Bjørnen glefste og fekk ein bit av stakken hennar. Ho slo bjørnen i hovudet med riva nokre gonger, så det kom blod. Endeleg labba bjørnen inn att i holtet. Ei stund etter kom mannen ut derifrå. "Korfor kom du ikkje då eg ropte?" spurde kona, men fekk ikkje svar frå han. han berre brumma noko om at han hadde tøytrevlar mellom tennene. Folk var nokso fulle av utøy i håret den tida. Mens kona kvilte etter hendinga, tenkte ho at ho kunne plukke lus av håret til mannen. Han la hovudet i fanget hennar og ho såg etter utøyet. Då var hovudet hans opphakka og blodig. "Korleis er du blitt slik?" spurde ho.
"Det må jo du ha gjort," svara mannen.
Mara
Neste gong han hadde mareritt slo han ein plugg inn i hòlet, og då han vakna låg det ei vakker, naken jente i senga ved sida av han. Han kjøpte klede til jenta og gifte seg med henne. Dei levde saman i åtte år og fekk fem barn, og hadde det godt på garden. Men ein gong dei skulle gjere reint i rommet, kom han til å ta pluggen ut. Då forsvann jenta ut gjennom hòlet, og han såg henne aldri meir. Ord
Kledelaus heim frå kyrkjaEin stad var det ei kone som hadde tenkt seg til ottesong juledags morgonen. Kona vakna midt på natta og blei var at det brann lys i kyrkja. Ho trudde ho hadde forsove seg, enda om ho også tykte presten hadde kome tidleg på føtene. Så skunda ho seg alt ho vann, for ho ville gjerne nå preika. Ho såg ingen kyrkjefolk langs vegane, men kyrkja var full. Då kona kom innfor døra høyrde ho som eit langt, djupt sukk. Ho fann sessen sin, men ho tykte det var så underleg stilt i kyrkja. Presten stod framfor altaret, og først kunne ho ikkje kjenne han att. Men då ho såg nærare etter, kjende ho att gamlepresten. Han hadde lege under torva i mange år. Kona tok til å sjå seg omkring. Somme kjende ho og somme ikkje. Då såg ho i stolen attmed seg ei kone som ho vel skulle kjenne. Det var grannekona hennar; ho hadde blitt gravlagt for mange, mange år sia. Grannekona nikka og flytta på seg i kyrkjebenken og kviskra stilt at det var dei døde som heldt messe, og no måtte kona sjå til kome seg derifrå mens ho enno levde. Når presten var ferdig, var ho ille ute, for då ville dei drepe henne. "Skunda deg ut før presten går ned av preikestolen, elles drep dei deg!" sa ho. Og kona måtte endeleg hugse på å løyse på kleda når ho fór derifrå. Kona lét seg ikkje fortelje det to gonger. Dei vende seg og treiv etter henne mens ho gjekk mot døra, og då ho gjekk ut døri, var dei etter henne. Men ho hadde ikkje før kome utfor kyrkjedøra før kyrkjelyden var etter henne. Der sleit dei av henne kåpa, som ho til alt hell hadde berre laust over seg, og flaug heimetter. I nokre minutt reiv og sleit dei i kåpa hennar, men så kom daudingane etter igjen. Kona sprang og dei hine attom henne. Dei fremste nappa henne i kleda, men fekk ikkje fatt i kona. Ho hadde gjort som grannkona hadde sagt og løyst på kleda. Ho var kledelaus då ho endeleg kom seg i hus og fekk stengt døra.
Om morgonen då folk kom til kyrkja, låg kåpa i bitar på kyrkjetrappa.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||