![]() |
Norske ordspråk | ||||||||||||||||||
|
AAge og ris gjør neppe guten overlag vis [*Jf. Br 197].Akt gir makt [Br 123]. Aktar ikkje mannen tida, så aktar ikkje tida mannen [Br 178]. Alder er ikkje å skryte av; ein får den for ingenting [Oy 2]. Alder fører sikkert til det som er verre. Aldri så galt er godt for noe [Ae 85]. Aldri så god hest at den ikkje kan snuble [Br 204]. Aldri så klein ei kråke at den ikkje vil ha ein make [Br 123]. Aldri så vondt at det ikkje kunne vore verre [Br 199]. All mat kjem ikkje på eitt fat [Oy 99]. Alle fuglar er ikkje haukar (somme er berre gaukar) [Oy 37]. Alle fuglar kan ikkje vere falkar [By 180]. Alle galningar er ikkje like [Go 96]. Alle handverk har sin kunst [Br 78]. Alle har sett vogga si, men ingen har sett grava si [Br 72, Go 18]. Alle kan ikkje bli pave i Roma [Br 138]. Alle kan ikkje ha bispen til morbror [Go 36]. Alle kan ikkje ha overmann [jf. Oy 186]. Alle liker ikkje eitt; somme liker kaldt og somme heitt [Oy 89]. Alle manns venn er ingen mann tru [Oy 178]. Alle meistrar er fødde, men ingen er fødd meister så nær som bukken [Br 125]. Alle monner drar ("drar til", tilfører eitkvart - IA) [Oy 104, By 174]. Alle samanlikningar haltar (somt er likt, og somt ikkje) [Oy 89]. Alle ser på andre og ingen på seg sjølv [Go 62]. Alle skor blir ikkje sauma på same leisten [Oy 133]. Alle ting har to sider, minst [Br 8]. Alle ting treng si tid [Oy 156]. Alle veit råd med ei vond kone så nær som den som har henne Alle veit råd med ei galen kjerring utan den som har henne [Oy 116, 76, Go 58]. Alle vil ha øksa i bjørneskallen, men ingen vil halde i skaftet [Oy 61, By 181]. Alle vil høre lovord, og ingen vondord Alle vil heller ha ros enn klandring [Oy 174, By 165]. Alle vil klatre over det lågaste gjerdet [Oy 42]. Alle vil leve lenge, men ingen vil eldast (bli gammal) [Oy 91, Go 27]. Alle vil snu venaste sida fram [Oy 127]. Alle vil vere herre, ingen vil bere sekken Alle vil store vere, ingen vil sekken bere [Oy 59, 127, Oy 145, Og 33]. Allemanns venn er allemanns narr [Br 131]. Alt det feite flyt i hop [Go 33]. Alt er bra til sitt bruk [Br 27]. Alt er ikkje så låkt som det let [Oy 85]. Alt er reint for den reine [Br 141]. Alt er tenlig for tjuven [Oy 156]. Alt er vel tala som blir vel opptatt [Br 176]. Alt går ikkje som ein gjettar [Oy 41]. Alt har ein ende, så nær som pølsa: Ho har to [Oy 24]. Alt lyt øydast som er etla til det [Br 203]. Alt vettet sit ikkje i éin haus (eitt hovud) [Br 197]. Alt vil ligge der det lågast er [Oy 88]. Altfor blyg kjem ingen stad fram [Go 93]. Altfor djerv blir ofte dengd [Go 71]. Altfor kvast er òg til last [By 167]. Altfor mye sprengjer sekken [Oy 105]. Altfor nær er lite kjær [Oy 109]. Altfor reint har ingen smak [Go 42]. Altfor var kjem ingen veg [Oy 169]. Alvor og gaman går ofte saman [Oy 5]. Andlet til andlet skal ørner klorast [Br 203]. Andre tider har andre seder [By 187]. Andre tider har andre seder [Oy 155]. Andre år gjør anna folk [Oy 5]. Annan manns byrde er alltid lett [Br 10]. Annan manns hest er alltid sterk [Go 84]. Annan manns lyte er lette å sjå [Oy 95]. Annan manns skade er lettast å lære av [Oy 130]. Annan manns steik er alltid feit [Br 51]. Annans skade er det enklast å lære av. Anten må ein skikk følgje eller land fly [Go 72]. Armoda er stor i verda, men så er det mange om henne òg [Br 11]. Armoda er stor; men så er det mange om henne også (gammal skjemt - IA) [Oy 3]. At verda verkelig finst og likevel er illusorisk på mange måtar, det er vanskelig å sanne. Auget er det første ein blir blind på. Auget vil vere der det er kjært, og handa der det er sårt [By 161]. Auget vil vere der det er kjært, og handa der det er sårt [Oy 4]. Austavinden fer vel den vegen han skal [*Jf. Br 13]. Av barn og fulle folk får ein høyre sanninga [Ae 49]. Av eit vondt ord kan kome både mein og mord [Oy 112]. Av ingen ting kjem ingen ting [Oy 56]. Av skade blir ein vis (og ikkje rik) [Oy 130]. Av små frø blir det store tre [Oy 37].
Av år lærer ein meir enn av mange bøker [Go 98].
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||