NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk

 13 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



E

Eg må vel gå på Guds grøne jord når eg ikkje rotar [Go 37].

Eg ville ikkje leggje stein til byrda [By 201].

Ei blid kone er sjeldan vare.

Ei enkje veit meir enn ei jente [Go 56].

Ei flygande kråke får noe, ei sitjande ikkje noe [Go 90].

Ei god helse er meir enn rikdom [Oy 58].

Ei god kone er beste husbunaden (Ei god kone er beste buskapen i huset – Peder Syv) [Oy 76].

Ei god meining er ofte betre enn ei lang bøn [*Go 77].

Ei god sak gir godt mot [Go 25].

Ei god vise blir ikkje sungen for ofte • Ei god vise er ikkje for ofte sungen [Br 197, Oy 181].

Ei grå kufte kan ha mye under seg [Oy 79].

Ei kjerring kan ause ut med ei skei det ein mann fører heim med hest og slede [Go 59].

Ei kokke som sit og ein skreddar som står gjeld for eit stygt syn [*Br 171].

Ei kona utan taus får tene seg sjølv [Oy 76].

Ei krone spart er ei krone tent [Br 105].

Ei kufte og ein kjole er mest like gode [Oy 79].

Ei lat kjerring gjør ein lurvete kall [Go 59].

Ei lita hand kan stundom gi stor hjelp [Oy 53].

Ei lita kvild er alltid god for den som er trøytt og mod [Oy 81].

Ei lita teneste opnar for gjengjeld [IA] [Oy 6].

Ei lita tuve kan velte eit stort lass [Oy 162].

Ei lita tå kan verke mye [Oy 154].

Ei nyttig kone og ein god hest setter mannen på fote [Br 104].

Ei skei full er ein smak og ingen mat [Go 46].

Ei stor stove vil ha stort stabbur (stor huslyd treng mye forsyning) [Oy 145].

Ei tom hand i eit fremmend land er hjertesorg [Go 61].

Ei velgjerd er snart glømt [Oy 174].

Eige bu er alltid best [By 174].

Eigne hender tener oss best [Oy 54].

Ein allmenningsveg er jamt lett å finne [*Go 79].

Ein ber ikkje betre bør enn mye vett [Br 34, 198].

Ein bete med ro er betre enn ti med uro [Go 44].

Ein blir aldri for gammal til song [Oy 40].

Ein blir aldri for gammal til å lære [Oy 40].

Ein blir ikkje mett av berre matlukt [Oy 102].

Ein blir ikkje mett med det at ein ser på maten [Oy 102].

Ein blir ikkje mettare av å sjå på maten [Go 44].

Ein blir lei av leiken, enda om den er god [Oy 86].

Ein bonde på føtene er høgre enn ein herremann på knea [Go 33].

Ein bra mann blir ikkje verre for det om ein hund gøyr etter han [Br 86].

Ein broten stav er vond å støtte (stø) seg på [Go 24, Oy 143].

Ein by er (blir) ikkje bygt på ein dag [Oy 16, jf. Br 33].

Ein byter stundom bort ku i verre naut [Br 107].

Ein drikk like godt av små bekker som store [Oy 21].

Ein driv helst ikkje naglar med berre neven [*Oy 106].

Ein einslig sau kan trivast ille [Go 85].

Ein ende skal allting (all ting) ha [Ae 89, By 188].

Ein er ikkje fullt fattig før ein har mist vettet [Go 96].

Ein et seg ikkje meir enn mett om ein er rik [Oy 25].

Ein etlar seg vide der ein aldri kjem [Oy 26].

Ein fangar fisk med agn, og folk med fagre ord [By 165].

Ein fangar ingen fugl berre med handa [Go 86].

Ein fattig heim er betre enn ingen [Oy 57].

Ein fattig heim kan bli betre enn ingen [*Go 61].

Ein finn like snart ein gammal gap som ein ung [Oy 42].

Ein finn somtid ein venn der ein ikkje ventar [Oy 178].

Ein fiskar og ein friar får ha godt tolmod [Go 86].

Ein fugl i handa er betre enn ti i skogen (eller på taket) [Oy 37].

Ein fyller ingen mage med fagre ord [Oy 112].

Ein fyller ingen sekk med fagre ord [Oy 127].

Ein får bake som ein er mjølbudd til [Br 14].

Ein får bruke hammaren mens jernet er heitt [Oy 53].

Ein får både vare seg og våge seg [Oy 169].

Ein får ete som ein koker til [Br 47].

Ein får følgje ein annan til ein blir sin eigen [Br 10].

Ein får hamre mens jernet er heitt [Oy 53].

Ein får hauste som ein sår til [Br 173].

Ein får ikkje blåse så belgen [blåsebelgen, buken, vomma] rivnar [Oy 11].

Ein får ikkje fly før vengene er vaksne [Oy 33].

Ein får ikkje frø når ein bryt av blomen [Oy 37].

Ein får ikkje godt korn av låk åker [Br 104].

Ein får ikkje gå for nær ein god venn [Go 65].

Ein får ikkje kvede høgre ein halsen toler [Oy 80].

Ein får ikkje leggje meir på seg enn ein kan bere [Oy 86].

Ein får ikkje leggje åkeren øyde for ugraset [Oy 5].

Ein får ikkje lenger fred enn grannen vil [Oy 36].

Ein får ikkje ottast for alt som kan kome [Oy 112].

Ein får ikkje rette foten lenger enn fellen rekk (i senga) [Oy 35, By 167].

Ein får ikkje seie meir enn ein kan sanne [Oy 126].

Ein får ikkje setje geita til å gjete hagen [Oy 43].

Ein får ikkje skremme den fuglen ein vil fange [Oy 134].

Ein får ikkje syngje høgre enn halsen toler [Oy 151].

Ein får ikkje to mågar med ei dotter [Oy 100].

Ein får ikkje vett før ein ikkje lenger har bruk for det [Oy 181].

Ein får ikkje øyde meir enn ein avlar [Oy 188].

Ein får ingen ting for ingenting her i verda [Br 90].

Ein får krype til ein lærer gå [Oy 77].

Ein får laga rettane etter kor god råd ein har [hs etter råda] [Oy 119].

Ein får leve etter landsens sed [Oy 91].

Ein får lov følgje eller land fly [Oy 92].

Ein får no ikkje teie til alt som folk vil seie [Oy 154].

Ein får ofte lov for lite, og last for endå mindre [Oy 92].

Ein får pløye med den hesten ein har [Oy 114].

Ein får setje tæring etter næring [tære: bruke opp, bruke av – næring: mat og det å skaffe mat, forsyningar, o.a.] [Oy 163].

Ein får sigle så ein ikkje kollsiglar [Oy 128].

Ein får skape skoen etter foten, og ikkje foten etter skoen (P. Syv).

Ein får slita noen strengar før ein blir meister [Oy 146].

Ein får smi jernet mens det er heitt [Oy 68].

Ein får somtid stor takk for lite, og lita takk for mye (jf. ros, lov) [Oy 152].

Ein får stille munnen etter matsekken ( leve sparsamt når det er lite forråd) [Oy 104, 127].

Ein får stundom leike når ein ikkje lyster [Oy 87].

Ein får søkje seg brød der det finst [Br 31].

Ein får ta dagen som den kjem [Go 100, Oy 18].

Ein får ta det sure med det søte [Ae 131, Br 171].

Ein får ta det vesle når ikkje det store er å få • Ein får ta det små der det store ikkje er å få [Oy 152, Go 67].

Ein får ta tida som ho kjem (og blir, som ho er) [Oy 155].

Ein får ta tida som ho kjem, og verda som ho er [By 167].

Ein får ta verda som ho er [Br 194].

Ein får teie mens ein tygg [Go 42].

Ein får tole røyken for elden si skuld [Oy 123].

Ein får tyggje etter kva tennene toler [Oy 163].

Ein får vel væte fingrane når ein vil fiske [Br 53].

Ein får vere både snøgg og gløgg [Oy 138].

Ein får vere glad ein blir fødd, om ein ikkje blir gjødd [Br 68].

Ein gap kan spørje meir enn ti vise kan svare [Oy 42].

Ein glasvegg gjør mye lys men liten varme [slik var det før termorutene] [Oy 46].

Ein god skigard gjør (lagar) ein god granne [Br 155].

Ein god symjar kan også søkke ein gong [Oy 150].

Ein god tømmermann kan tilgi alt, så nær som grankvisten [Br 109].

Ein god venn er gull verdt [Oy 178].

Ein gong er ingen sedvane [Br 71].

Ein gong er ingen vane [Oy 48].

Ein gong får vere første gongen • Ein gong lyt (får) vere den første [Oy 48, 39].

Ein gong lyt enden kome [Oy 24].

Ein gong narra er inga skam; det er verre når det er to gonger [Oy 107].

Ein gretten venn er betre enn ein leande uvenn [Oy 178].

Ein gruggen måndag kan varsle ei god veke likevel [Go 101].

Ein grå kjole er så god som ein blå [Oy 72].

Ein går lett med ein full pung og tungt med ein tom [Oy 114].

Ein har ikkje fuglen før ein fangar han [Oy 27].

Éin hatt høver ikkje for alle hovud [Oy 55].

Ein helar og ein stelar få begge lik lønn [Oy 57].

Ein heppen (heldig) time gir meir enn eit år kan avle [Br 179].

Ein hest kan snuble på fire bein, og ein mann på eit ord [Go 76].

Ein høg mann blir noe til verje [Go 33].

Ein jaktar helst lite med den hunden ein må jage til skogs [Go 85].

Ein kan best finne det ein sjølv har gjømt [Oy 31].

Ein kan bli lei av godmaten også [Oy 86].

Ein kan det ein vil (også) [Br 195].

Ein kan erte ein god hund til han vil bite ( til han også bit) [*Oy 25, By 162].

Ein kan fare kor ein vil, ein fer ikkje frå seg sjølv [Oy 28].

Ein kan få høre mangt om ein ikkje ferdast langt [Oy 36].

Ein kan gjømme lite lenge [Oy 90].

Ein kan henge klede på ein gardstaur også [ikkje berre på modellar] [Oy 75].

Ein kan ikkje både selje og ha det same sidan [Oy 127].

Ein kan ikkje flå det som ikkje er fanga [Oy 33].

Ein kan ikkje gifte bort dotter si og ha henne sjølv [Go 54].

Ein kan ikkje gjøre meir enn eitt i senn (ein ting om gongen) [Oy 23].

Ein kan ikkje godt hjelpe den som bygg og den som riv [Go 65].

Ein kan ikkje ha ryggen varm og vedkroken like heil [Go 82].

Ein kan ikkje halde med på alle sider [Oy 52].

Ein kan ikkje henge kjeften på veggen. [Oy 70].

Ein kan ikkje hjelpe både den som bygg opp, og den som riv ned [Oy 61].

Ein kan ikkje kjøpe alt for pengar.

Ein kan ikkje kjøpe den som kjøper alt [grovfarse-ord].

Ein kan ikkje male med det vatnet som er runne [Oy 98].

Ein kan ikkje måle alle gode i pengar.

Ein kan ikkje selje fisken før han er fanga.

Ein kan ikkje spare både skillingen og skinnet (Anten må du betale for arbeid eller arbeide sjølv) [Oy 131].

Ein kan ikkje syngje og supe i senn [ikkje syngje og drikke samtidig] [Oy 151].

Ein kan ikkje ta ei god mor der ho ikkje er å finne [Oy 103].

Ein kan ikkje varast for det ein ikkje veit om [Br 190].

Ein kan ikkje vege alle ord på gullvekt [Oy 111].

Ein kan ikkje vege alt på gullvekt [Oy 172].

Ein kan ikkje vente at det skal bli god buhund av ein ulvunge [Br 32].

Ein kan ikkje vente berre gode dagar og ingen netter.

Ein kan ikkje vere kvar manns venn lenge [Oy 178].

Ein kan kjøpe gull for dyrt òg [Ae 148, Br 41].

Ein kan kjøpe gullet for dyrt også [Oy 51].

Ein kan korse fanden frå seg, men ikkje vonde menneske [Go 50].

Ein kan kvile like godt på ein stein som på ein stol [Oy 81].

Ein kan leve av og bruke opp det sju kan samle [Br 203].

Ein kan leve ille med mye [*Oy 90].

Ein kan likså godt kalle ramnen kvit [By 200].

Ein kan lyge så lenge at ein sjølv trur det er sant [Br 120].

Ein kan møte mye på ein lang veg [kome ut for mye] [Oy 106].

Ein kan snu seg kor ein vil, ryggen vender aktertil [Oy 137].

Ein kan spå sannare enn ein sjølv trur [Oy 140].

Ein kan tidsnok få ein halt hest om ein ikkje kjøper den [Go 93].

Ein kan vanskelig vege alle ord på gullvekt [*Br 136].

Ein kan vel bli raud om ein ikkje er redd (eller: raudne) [Oy 115].

Ein kan vel sove om ein ikkje snorkar (hs: ryt) [Oy 139].

Ein kan vel tenkje, om ein ikkje torer tale [Oy 155].

Ein kan vel vere glad, om ein ikkje dansar [Oy 46].

Ein kan vel vere kar om ein ikkje seier det sjølv [Oy 69].

Ein kan vel vere spak, om ein ikkje er lat [Oy 140].

Ein kan velje ille nok om ein ikkje vel det verste [Oy 174].

Ein kan vere lenge galen før ein merkar det sjølv [Oy 40].

Ein kastar ikkje perler for svin [Br 172].

Ein katt får glane på ein konge, så får vel eg glane på det [Go 32].

Ein kjem ikkje djupare enn til botnen [Go 50].

Ein kjenner sine venner best når nøda kjem [Oy 178].

Ein kjøper ikkje bukken for skjegget (horna) si skuld [Br 99].

Ein klipper ikkje meir av sauen enn som han har på seg [Oy 74].

Ein klipper ikkje sauen lenger enn til skinnet [By 175].

Ein konge treng mange tenarar [Ae 114].

Ein kvart tomme på ein lang nase gjør stor forskjell (gjør mye) [Oy 161].

Ein lat får mat [*Oy 88].

Ein leikar best med sin like [Oy 87].

Ein leikar så lenge med katten at ein får kjenne klørne hans • Ein leikar så lenge med kjetta [hokatten] at ein får smake klørne hennar [Oy 87, Br 113].

Ein leitar stundom ute etter det ein har inne [Oy 87].

Ein leiv er inga niste [Oy 87].

Ein lever aldri så lenge at ein ikkje har noe ugjort [Oy 91].

Ein lever ikkje lenge av kjærleik og sønnavind [Oy 91].

Ein ligg tryggare i hamna enn på havet [Oy 53].

Ein lita nase er betre enn ingen [Oy 109].

Ein liten arv er snart oppeten, og stundom ein stor også [Oy 3].

Ein liten bate fører stundom til skade. [Oy 8].

Ein liten fisk i båten er betre enn ein stor i fjorden [Go 86].

Ein liten gneiste kan starte (kveike) stor brann [Oy 47].

Ein liten livgarde er vond å støtte seg på.

Ein liten mann kan få ein stor skugge [Oy 98].

Ein liten monn er også monn (ein liten tilvekst er ikkje å forakte) [Oy 104].

Ein liten skvett er betre enn ingenting vått [Oy 135].

Ein liten stein gjør også ein støyt [Oy 143].

Ein lovar mangt i si nød; ein held ikkje alt til sin død [Oy 93].

Ein lykkast ikkje alltid, enda om ein er duglig nok [Oy 58].

Ein lyt ale grisen for flesket si skuld [Oy 50].

Ein lyt fare etter folkesedene [Oy 28].

Ein lyt forlate mangt i nøda [By 175].

Ein lyt først i vatnet før ein lærer å symje [Oy 170].

Ein lyt først vere barn før ein blir noe betre. [Oy 7].

Ein lyt ha auga med seg [By 194].

Ein lyt lese det som står skrive [Br 114].

Ein lyt leve som ein kan og ikkje som ein vil [By 167].

Ein lyt no stundom ta viljen føre verket [Go 26].

Ein lyt noe leige når ein ikkje kan eige [Oy 86].

Ein lyt noe seie når ein ikkje får teie [Oy 126].

Ein lyt nok gå i dei kleda ein har [jf. Oy 75].

Ein lyt prøve mye for føda si skuld [Oy 36].

Ein lyt sed følgje eller land fly [By 167].

Ein lyt smi mens jernet er heitt [Br 92].

Ein lyt snu kåpa etter veret [Br 110].

Ein lyt somtid ha ufred før ein kan få fred [Oy 163].

Ein lyt somtid slite silke for armod (må somtid bruke ein kostbar ting for di ein ikkje har noe simplare for handa - IA) [Oy 128].

Ein lyt somtid spørje øyra meir enn auga (Du får akte meir på kva kjente [vante, kunnige] folk seier enn på kva du straks kan sjå) [Oy 188].

Ein lyt venje seg den vanen ein treng til [Oy 174].

Ein lyt vere både snar og var (forsiktig) [Oy 137].

Ein lyt vere om seg og for seg, skal ein få noe i seg og på seg [Br 61].

Ein lyt vere ærlig om ein ikkje er rik (Vi er pålagt å vere ærlige, men ikkje å vere rike) [Oy 187].

Ein lærer så lenge som ein lever [Oy 96].

Ein låner til sin venn og krev av sin uvenn [Oy 86].

Ein mager haust lærer folk å spare [Oy 55].

Ein mann er ein mann, og eit ord eit ord [Br 124].

Éin mann styrer båten best [Go 87].

Ein manns skade er somtid annan manns bate (gagn, vinning o.a.) [Oy 130, Br 154].

Ein manns vilje er ingen rett [Oy 177].

Ein meter (måler) ikkje opp att til grisen [Go 43].

Ein minnest mye og gløymer meir [Oy 102].

Ein må ikkje forakte lite sår, og ikkje fattige frendar [Go 68].

Ein må ikkje sage av den greina ein sjølv sit på [Br 72].

Ein må seie eitkvart når ein ikkje får teie [Go 77].

Ein må våge å vinne og våge å tape [Br 199].

Ein narr gjør to, og to gjør fleire [Go 96].

Ein nordmann pissar sjeldan aleine [Br 139].

Ein rang dom feller dommaren sjølv [Br 38].

Ein rister ikkje meir ut av sekken enn det som er i [Oy 127].

Ein rister ikkje mye ut av ein tom sekk [Oy 120].

Ein riv ikkje noe av den som er naken før [Oy 120].

Ein saknar ein god herre når ein får det verre [Oy 59].

Ein saknar ein vond herre når ein får ein verre [Go 82].

Ein seier stundom sannare enn ein sjølv veit [By 163].

Ein ser best med sine eigne auge [Oy 160].

Ein ser då fugl når ein ser ei kråke [Br 106].

Ein ser ikkje lenger inn i mannen enn til tennene (ser ikkje kva han tenkjer) [Oy 129].

Ein ser ikkje lett sin dårskap før det er for seint [*Oy 19].

Ein ser snarare eit lyte på andre enn på seg sjølv [Oy 33].

Ein sit tryggare i fjøra enn på fjorden [Go 49].

Ein sit tryggare på berget enn i båten [Go 87].

Ein skabbete sau skjemmer heile hopen • Ein skabbete sau smittar heile flokken [Oy 125, Br 150].

Ein skal akte seg både for små kvinnfolk og kollete kyr [*Br 103].

Ein skal alltid ha opne øyre, men ikkje open munn (Alltid høre, men ikkje alltid tale) [Oy 188].

Ein skal anten ha tol med grannane sine, eller flytte sjølv [Br 71].

Ein skal bu seg mot uveret mens godvêret varer [Br 188].

Ein skal byggje på tufta og ikkje i lufta [Oy 16].

Ein skal både leve og la leve [Oy 91].

Ein skal elske sin granne, men la grinda stå (Love your neighbour, but don't pull down the hedge) [Oy 50].

Ein skal fø folk, men ikkje gjø dei [Oy 39].

Ein skal først ro til neste nes [Go 87].

Ein skal først sope framfor si eiga dør [*Br 41].

Ein skal gi så ein sjølv kan leve [Oy 44].

Ein skal gjømme noe til den gamle mannen (til seg sjølv i alderdommen - IA) [Oy 52].

Ein skal halde opp mens leiken er god [Br 113].

Ein skal heller sleppe ni som er saka [skuldige] enn refse ein som er saklaus [*Oy 136].

Ein skal høre mye før øyra dett av (fell av, før ein misser øyra) [Oy 66,[Ae 160].

Ein skal håpe det beste og bu seg på det verste (og vere budd på det verste) [Br 199, By 163].

Ein skal ikkje døme hesten etter håra [Oy 60].

Ein skal ikkje gape meir enn munnen toler [Oy 42].

Ein skal ikkje gjømme pølsa i hundehuset [Br 140].

Ein skal ikkje gråte for ukomen skade [Oy 50].

Ein skal ikkje gå imellom når to stutar stangast [Go 71].

Ein skal ikkje herme eter den som haltar, ein kan snart sjølv få ein sår fot [Go 48].

Ein skal ikkje hoppe høgre enn staven rekk [Oy 62].

Ein skal ikkje kare ut kola før mila er sløkt [Br 103].

Ein skal ikkje kaste barnet ut med vaskevatnet [Br 16].

Ein skal ikkje kaste liten fisk før ein får den store [Go 86].

Ein skal ikkje kaste vekk det gamle før ein har det nye [Oy 41].

Ein skal ikkje kjøpe grisen (katten) i sekken [Oy 127, Ae 148].

Ein skal ikkje klage over skade ein ikkje har fått [Go 66, Oy 73].

Ein skal ikkje kline smør på flesk [Ae 136].

Ein skal ikkje krøkje seg meir enn at ein kan rette set opp att [Oy 78].

Ein skal ikkje kveikje større eld enn ein sjølv kan sløkkje [Oy 80].

Ein skal ikkje la folk trakke på seg [IA] [Oy 136].

Ein skal ikkje leggje stein på annan manns bør [Br 167].

Ein skal ikkje leggje stein på børa (Ikkje plage den som er nok plaga frå før) [Oy 143].

Ein skal ikkje rose dagen før kvelden er kommen (kjem) [Oy 18, Br 108].

Ein skal ikkje rose det som urøynt er [Oy 134].

Ein skal ikkje rose isen før ein her komen over [Go 49].

Ein skal ikkje rose kornet før det er komme i løa [Go 83].

Ein skal ikkje rose lykka før leiken lykkast [Oy 94].

Ein skal ikkje rose råda (utvegen, middelet, lækjemiddelet o.a.) før ho er røynd (prøvd, granska, studert nærare, o.a.) [Oy 116, Br 147, By 164].

Ein skal ikkje rose ølet udrukke [Oy 122].

Ein skal ikkje selje fisken før han er fanga [Oy 27].

Ein skal ikkje selje fuglen før han er fanga [Oy 38].

Ein skal ikkje selje huda av bjørnen før han er fanga [Oy 10].

Ein skal ikkje selje skinnet til bjørnen før han er fanga [Oy 27].

Ein skal ikkje setje bukken til å passe havresekken [Br 32].

Ein skal ikkje setje reven til å gjete gjæsene [Oy 119].

Ein skal ikkje sjå (skode) hunden på håra [Oy 63, By 166].

Ein skal ikkje sjå på jentene i kyrkja, men i fjøset [Go 55].

Ein skal ikkje skode hunden på håra (og fanten på fillene) [Br 86].

Ein skal ikkje skryte av skuta før ho har vore ute i sjøen [Oy 135].

Ein skal ikkje skryte av ølet som er udrukke [Oy 187].

Ein skal ikkje slikke seg før ein er smurd [Go 95].

Ein skal ikkje strekkje seg lenger enn fellen rekk [Br 51].

Ein skal ikkje svare før ein blir spurd [Br 172].

Ein skal ikkje tru alt ein hører [Oy 160].

Ein skal ikkje vekkje sovande sorg [Br 165].

Ein skal ikkje vente store gåver i kvart eit hus (ikkje vente to ostar på ein gard) [Oy 112].

Ein skal ikkje våge alt på eitt kast [By 172].

Ein skal ingen ting forsverje (Det hender så mangt uventa) [Oy 149].

Ein skal kle seg som dei fleste og leve som dei beste [Br 101].

Ein skal klippe kleda etter kroppen [Br 101].

Ein skal klippe ulla, men ikkje skjere skinnet [Oy 164].

Ein skal knyte band for sekken om han ikkje er full [Oy 127].

Ein skal knyte bandet for ein halv sekk også [Oy 127].

Ein skal laste varlig og rose sparsamt (sparlig) [Go 74, Oy 84].

Ein skal leve med mat, men ikkje leve berre for maten [Oy 90].

Ein skal love varlig og halde det vel [Oy 92].

Ein skal plukke nøtta når ein ser den, ikkje når ein treng den [*Go 93].

Ein skal sigle mens børen blæs [Br 151].

Ein skal sjå over bordet før ein seier ut ordet (det kan vere å be for maten) [Br 136].

Ein skal sjå ut når gamlehunden gøyr [Br 63].

Ein skal skikk følgje eller land fly [Ae 157].

Ein skal skjere mens det er skjært [By 171].

Ein skal smi mens jernet er varmt [Ae 140].

Ein skal ta goddagane mens ein får dei [Oy 48].

Ein skal tru det beste og bu seg (førebu seg) på det verste [Go 24].

Ein skal tru det beste til ein ser det verste [Br 183].

Ein skal unna dei andre som ein ønskjer seg sjølv [Oy 166].

Ein skal vente det beste og vere budd mot det verste [Oy 175].

Ein skal vere glad om ein ikkje får alt ein ønskjer [Oy 46].

Ein skal vere hard i verket, men mild i måtane [Br 78].

Ein skal vere nøgd, om ein ikkje får fanget fullt [Oy 110].

Ein skal vere snøgg i kjellaren og lenge i fjøset [Oy 138].

Ein skal vørde den som har gjort vel [Oy 184].

Ein skarvehest og ein god hest et like mye [Go 84].

Ein skjønar det søte når ein har kjent det sure [Oy 151].

Ein skjønar ikkje nøgda før nøda kjem [Oy 110].

Ein skral roar lastar årene [Oy 121].

Ein skremmer snarare dei gode enn dei vonde [Oy 134].

Ein spenner ikkje lenger enn foten rekk [Oy 141].

Ein stakkar er alltid i vegen [Go 36].

Ein stinn rygg er redd for å bøye seg [Oy 122].

Ein stor buskap treng eit stort beite [Oy 16].

Ein stor fot gjør store steg [Oy 35].

Ein stygg kan vere god, og ein vakker kan vere vond [Oy 91].

Ein står best på sin eigen fot [Oy 142].

Ein sup om gongen: det tømmer ei tønne med tida [By 174].

Ein tar ikkje noe frå den som ingenting har [Oy 152].

Ein tenkjer så mye, og torer så lite [Oy 155].

Ein time kan øyde meir enn eit år kan avle [Go 98].

Ein tistel kan og bere blomar [Oy 156].

Ein treng ikkje fylle det som er fullt frå før [Oy 38].

Ein treng ikkje gi bakarbarnet brød [Br 31].

Ein treng ikkje setje lus i skinnfellen [Br 51].

Ein treng noe i seg og noe på seg [Oy 159].

Ein tru tenar får sjeldan for stor lønn [Oy 154].

Ein tøyer seg ikkje lenger enn labben vil rekke [Oy 163].

Ein utolka drøm er som eit uopna brev (frå Talmud).

Ein uvane kan koste mye [Oy 167].

Ein uvenn er verst når han let som han er venn [Oy 168].

Ein veit ikkje kor nautet er før det rautar [Go 78, By 164].

Ein veit ikkje kva mannen er før han får noe makt [Oy 99].

Ein veit ikkje kva mora var til, før ho er borte [Br 127].

Ein veit ikkje kva vatnet er verdt før brønnen er tom [Oy 170].

Ein veit ikkje støtt kva ein kan bli [*Oy 182].

Ein veit ikkje så mye som ein skulle [Oy 181].

Ein veit kva ein har, men ikkje kva ein får [Ae 84].

Ein vil så mye og vinn så lite [Oy 177].

Ein vinn meir med vett enn med strid [Br 196].

Ein vond tanke spiller mye godvilje (også: eit godt rykte) [Oy 153].

Ein ønskjer mangt som ung; ein får det først som gammal [Oy 185].

Einkvar vil ha det rommelig omkring seg i huset (osb.) [Oy 121].

Eit fullt stabbur gjør ei god matmor [Oy 142].

Eit godt menneske kan også gjørast arg [bli skipla, rykt av lage] [jf Oy 48].

Eit godt ord er like snart sagt som eit vondt [Go 77].

Eit godt ord gjør meir gagn enn fem vonde [jf. Oy 111].

Eit godt råd er gull verdt [Oy 116].

Eit godt øyre får mye høre [Oy 188].

Eit godt år er stutt; eit vondt er alltid for langt [Oy 5].

Eit hardt plaga sinn er årsak til sjukdom og død. [Yv 104].

Eit heilt og to halve er ikkje alltid jamgodt [Oy 57].

Eit korn i senn vil ein gong fylle ein sekk [Oy 76].

Eit levande lys brenn like godt om ein tenner eit anna med det [Oy 91].

Eit lite fall har òg si fare [Go 31].

Eit lite ord gjør somtid store verk •: Eit lite ord gjør stundom store verk [Oy 111, Go 76].

Eit lite skjer kan bryte store skip [Oy 132].

Eit lite tre har og sin skugge [Oy 158].

Eit lys brenn like godt om ein tenner eit anna med det [Go 64].

Eit låkt ord (rykte) er snart å få, men seint å vaske av seg [Go 77].

Eit låkt ord vil lenge henge på [Oy 112].

Eit mein er snart fått; det er ikkje snart avgått [Oy 101].

Eit narr er vondt å gi seg av med [Oy 106].

Eit opphav må allting ha [Oy 166].

Eit ord for mye setter mannen fast [Go 77].

Eit ord i rette tid er betre enn mange andre [Oy 111].

Eit ord i tide er betre enn ti i utide [Oy 111].

Eit stort hus tar lang tid å sope [Oy 64].

Eit tal rangt gjør heile reknestykket rangt [*Oy 152].

Eitkvart lyt ein gjere, skal vel vere [Oy 45].

Eitkvart må den yrkeslause gjøre [Oy 186].

Eitt er å løyse fanden, noe anna å bitte han att [Ae 65].

Eitt først og anna sia [Oy 23].

Eitt lam gir lite ull på rokken [Oy 83].

Eitt ord i tide er betre enn ti ord i utide [By 164].

Ekteskapet er som åleteina, dei som er ute vil inn, og dei som er inne vil ut [By 182, Go 58].

Eld og vatn er vonde herrar men gode tenarar [Oy 23].

Elden bryr seg ikkje om kven si kåpe han svir [Br 44].

Elden er ein uvørden gjest [Oy 23].

Eldste breva (papira, dvs. dokumenta) gir første rett [Br 28].

Eldste minna varer lengst [Go 76].

Eldste minna varer lengst [Oy 102].

Elsk med vett, så varer det lenge [Oy 24].

Elsken har auge i nakken [Br 13].

Elsken ser ikkje lett alle lyte [jf. Oy 24].

Elskhug er vond å gjømme [Oy 24].

Enden er ofte betre enn byrjinga [By 188].

Ender er ikkje opphavet lik [Go 18].

Ender pengane ender mest all fagnad etter kvart.

Enga er mor til åkeren [Oy 24].

Eplet dett ikkje av før det er fullmodent [Oy 25].

Eplet fell ikkje langt ifrå rota (eller treet) • Eplet fell ikkje langt frå stammen [Oy 25, Ae 187].

Er det gale som det er, får ein trøste seg med at det blir verre sia [Br 184].

Er du boden, er du skjenkt [Go 44].

Er ein ikkje nemnd, så er ein heller ikkje skjemd [Br 158].

Er tiggarstaven først blitt varm i handa, vil ein helst ikkje sleppe den [Br 22].

Ete med presten og drikke med hesten, det høver ikkje [Go 31].

Etter ein storavlar kjem det ein storøydar [Br 13].

Etter ord får (kan) gjerning følgje [Oy 112, jf. 54].

Etter søt klåe kjem sur svie [By 206].

Etter uver kjem godver [Oy 167].

Etterpå veit alle mann råd [Oy 26].

Etterråda er alltid klok [Br 47].

Ettertanken er god, men føretanken er betre [Oy 26].


BØLGJE

Litteratur
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2002–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]