![]() |
Norske ordspråk | ||||||||||||||
|
D
Dagen som er gått, får ein ikkje igjen.
Dei beste vennene er det færrast av.
Dei blir ein gong stille, dei som no er ville.
Dei er ikkje uvenner som geispar samtidig.
Dei galne har mange morosame stunder som den vettige ikkje har.
Dei gamle skal ein ære, dei unge skal ein lære.
Dei gamle var ikkje gapar.
Dei har ei høne til å plukke (ei usemje å avgjere).
Dei har sine runer ute (dei spionerer eller røkjer etter).
Dei har årene sine ute (dei nyttar høvet).
Dei høgaste husa kjenner stormkasta mest.
Dei kastar lort på dei levande og blomar på dei døde.
Dei kvate får fø dei late.
Dei lyg så steinane må sprekke.
Dei pløyer på stormyra (på havet).
Dei pryder seg med fremmende fjører.
Dei slår det bort i vind og vêr.
Dei små får henge, dei store får gå.
Dei små når somtid like langt som dei store.
Dei små tjuvane blir hengt, dei store får gå.
Dei som er kvarandre lik, finn saman (fransk: Qui resemble, s'assemble).
Dei som har munn, søkjer mat.
Dei som sår noko, dei får noko.
Dei som vil oss vel, får vere vennene våre.
Dei store gjer som dei vil, dei små som dei kan.
Dei store tjuvane hengjer dei små.
Dei største epla er ikkje alltid dei beste.
Dei syng på siste verset.
Dei var lure, dei gamle, då dei gjorde husa hole.
Dei var på han som lusa på fattigmannen.
Dei vise kan også fare vilt (mista seg, ta feil).
Dei vonde er verst når dei lèt som dei er gode.
Den bodne er alltid velkomen.
Den boklause er blind.
Den brå er ein som ikkje kan vente og sjå.
Den bur ille som bur alle stader.
Den dumme vanen lyt for sanning vike.
Den døyr ikkje fattig, som har eit rikt ettermæle.
Den eine dropen dreg den andre etter seg.
Den eine kniven held den andre i slira.
Den eine kyssen dreg den andre etter seg.
Den eine løgna dreg nye med seg.
Den eine ramnen vil den andre skal vere like svart.
Den eine skarven veit kva den andre vil.
Den eine supen dreg gjerne den andre etter seg.
Den eine synda dreg fort den andre med seg.
Den eine tenesta er den andre verdt.
Den eine tiggaren toler ikkje at den andre står i vegen.
Den eine ulykka dreg den andre etter seg.
Den eine vedkubben (brannen) tenner den andre.
Den er sjølv vond som trur vondt om alle.
Den er sæl som er gift vel.
Den er vond som ikkje godt vil sjå.
Den fagraste rosa er ofte på den kvassaste tornebusken (klungeren, nypetornebusken).
Den fattige et når han kan, og den rike når han vil.
Den fattige fangar reven og den rike får skinnet.
Den fattige får vere kjapp å gripe det han har fortent.
Den finn gjerne lyte, som vil leite.
Den folen ein ikkje kann få, lyt ein finne eit lyte på.
Den fugl ein ikkje kan fange, får ein la fly.
Den fuglen som syng på feil plass, kan bli teken av katt.
Den fulle og den fastande syng ikkje same vise.
Den får mykje merke som vide fer.
Den gamle er eldst.
Den gamle viser kva den unge var.
Den gjerrige blir ikkje mett før i grava.
Den gjer mykje godt som ikkje gjer noko vondt.
Den gode vanen skal drive vekk den vonde.
Den gryta som kokar for seks, kokar også for sju.
Den halte spring når han er nøydd til det.
| ||||||||||||||
|
Den iherdige vinn, den brå taper. The persevering one wins, the impatient one loses. [Go 93]
Den kaka ein sjølv baker, er den som best smaker.
Den late sit i senga og ønskjer han hadde lege.
Den lyt sjå vel, som vil ha vinning.
Den låge hesten er lettast å trø på.
Den minst akta får vere vaknast.
Den modne enkja kan jamt meir enn veslejenta.
Den nøkkelen som støtt blir brukt, er jamt blank.
Den skal grave djupt som vil byggje høgt.
Den skal ha fylt spiskammer, som vil vente på at ein annan dør.
Den skal ha jernfingrar som skal flå fanden.
Den skal høyre grant, som vil seie sant.
Den skal lytte vel, som skal vitne (.
Den skal sjå mykje som skal leve lenge.
Den skal sjå vel og rett, som sant vil seie.
Den skal spå vel som vil seie sant.
Den skal teie som har ingenting å seie.
Den slepp nok inn som har noko godt å bere.
Den som alltid seier det han vil, får ofte høyre det han ikkje vil.
Den som arbeider som ein kar, skal ete som ein kar.
Den som arvar minst, kan ein gong bli rikast.
Den som berre ser på himmelen, dett i koll på jorda.
Den som blir brent, blir redd elden.
Den som brukar tong, slepp å brenne seg.
Den som bur i glashus, skal ikkje kaste stein på andre.
Den som bur under glastak, skal ikkje kaste stein på andre.
Den som byggjer ved landeveg, kan få mange til å kommentere seg.
Den som dett på nasen, han slår seg ikkje i nakken.
Den som drøymer vondt, er glad for å vakne.
Den som eig barnet, skal gi det namn.
Den som ein gong er funnen skyldig, blir seinare lett mistenkt.
Den som einsleg ror, han einsleg fiskar.
Den som er biten, ottast hund.
Den som er død, krev ikkje brød.
Den som er fast, han slepp å binde seg.
Den som er frisk og raud i dag, kan vere daud i morgon.
Den som er frisk, er snart fager nok. Den som er føre vis, får sleppe skiten ettertanke. [*Oy 39] Den som er i annan manns lomme lenger enn ein tomme, er ein tjuv. [Go 71] Den som er klok, lærer mangt utan bok. [Br 26] Den som er komen ut, lyt vere ute. [Go 59] Den som er med i alle slags leik, får smake på alle slags steik. [By 167] Den som er rask ved bordet, er rask på jordet. [Go 43] Den som er redd for kvar ein skugge, kjem aldri til skogs. [Oy 134] Den som er redd for røyk, får lite varme. [Go 82] Den som er tidleg i seng og tidleg i brok (bukse), han blir både helsig og rik og klok. [Br 178] Den som er ute i otta [tidleg om morgonen], får ein lang dag. [Noo 233] Den som et lengst, lever lengst. [Oy 25] Den som et tjukke bitar, svelt vel ikkje. [*Go 43] Den som fell på nasen, han støyter ikkje nakken. [Oy 109] Den som firer for ei bye, kan leve i mange dagar. [Go 93] Den som fred vil nyte, skal ikkje freden bryte. [Oy 36] Den som frir til pengar, spør ikkje etter alderen. [Oy 36] Den som frys, trur neppe det er varmt nok. [jf. Oy 37] Den som følgjer elva, kjem ein gong til sjøen. [Go 17] Den som følgjer og den som går føre, er like gode. [Oy 38] Den som får ete med dei store, han er venteleg ikkje lenger med dei små. [*By 182] Den som får tap, blir halden for ein gap. [Oy 153] Den som får velje, tek det han vil. [Oy 174] Den som gifter seg for brått, angrar det for trått [tregt]. [Oy 43] Den som gir mest, får minste takka. [Br 67] Den som gir skal teie; den som får skal tale. [Oy 44] Den som gir stakkaren tørt brød, skal sjølv få lide svolt og nød. [Br 31] Den som gjer narr av andre, kan sjølv vere største narren. [cf. Noo 97] Den som gjer vel, han fer vel. [Noo 136] Den som gjerne mistenker andre, er sjeldan heilt å stole på sjølv (IA). [Oy 161] Den som gjerne vil syte, får alltid noko å syte for (IA). [Oy 151] Den som gjettar, anten lyg eller seier sant. [Oy 43] Den som gøymer i nøgda, han har i nøda. [By 174] Den som gøymer i nøgda, har i nøda; for lykka er som sjøen, somtid fell den og somtid flør den. [Go 94] Den som gjer ei prette, kan vente gjengjeld. [Oy 114] Den som gjer gaman; skal tole gaman. [Oy 41] Den som gjer mest, skryt minst. [Oy 45] Den som gjer narr av andre, er største narren sjølv. [Oy 107] Den som gjer seg gagn av sin skade, er klok. [Oy 40] Den som gjer seg til gås, får reven på seg. [Oy 42] Den som gjer seg til sau, får ulven på nakken. [Oy 125] Den som græt for ingenting, kan tørke tårene sjølv. [Noo 56] Den som gjer vel mot alle, får takk av ingen. [Br 174] Den som gjer vel, han ser vel. [Oy 45] Den som græt for ingen ting, kan tørke tårene sjølv. [Oy 50] Den som gøyr sjølv, slepp å halde hund. [Oy 52] Den som går beinast, kjem ofte seinast. [Go 90] Den som går i uvisse, kan mykje misse. [Oy 168] Den som har berre eitt auga, får vakta det vel. [Br 12] Den som har båt, går ikkje bikkjestranda [med lange omvegar]. [Oy 8] Den som har det for godt, skal gifte seg. [Oy 43] Den som har føretanke, slepp ettertanke. [Oy 39] Den som har gitt skal teie; den som har fått skal seie frå. [Oy 44] Den som har hund, slepp å gøy sjølv. [Oy 63] Den som har høna, skal òg ha egga. [Oy 66] Den som har jord, får snart ein make [i overført tyding no om dagen]. [Oy 68] Den som har ku, får vel klave. [Go 84] Den som har lekk båt, får følgje land. [Go 87] Den som har mange embete, styrer ikkje alle jamgodt. [Oy 24] Den som har mange jern i elden, han brenner somme av dei. [By 169] Den som har noko å selje, får noko å telje. [Oy 127] Den som har pengar, kan alltids få naut. [Oy 74] Den som har på seg skoen, kjenner best kor den klemmer. [Oy 71] Den som har store tarmar, har sjeldan lange armar. [Br 177] Den som har vada i stryket, kjenner det vel. Den som held med alle, held med ingen. [Oy 52] Den som ikkje bøter det vesle holet, får bøte det store. [Oy 61] Den som ikkje er nysgjerrig, blir ikkje vis. [Oy 35] Den som ikkje et seg mett, slikkar seg ikkje mett. [Go 43] Den som ikkje får ri, fell ikkje av hesten. [Go 67] Den som ikkje får varme seg, slepp å brenne seg. [Oy 170] Den som ikkje gidd å røre i grauten, får finne seg i at den blir klumpete. [Br 146] Den som ikkje har hest, får bruke sine eigne føter. [Oy 60] Den som ikkje har nattero, har ikkje dagen god. [Go 100] Den som ikkje har noko å seie, kan sende trøya si i staden. [Br 150] Den som ikkje har pengar, slepp å bere pung. [Go 70] Den som ikkje har vettet å lite på, får trøste seg til Gud og lykka. [Br 197] Den som ikkje kan tole gode dagar, kan gifte seg (Syv - IA). [Oy 43] Den som ikkje kan vente, får li mangt (litt av kvart). [Oy 9, *Go 92] Den som ikkje kliv opp, dett ikkje ned. [Oy 74] Den som ikkje lèt opp auga, får late opp pungen (om uforsiktig handel). [Oy 4] Den som ikkje spør, blir ikkje visare enn før. [jf. Oy 142, jf. Go 22] Den som ikkje stig opp, han slepp å stige nedetter. [Oy 144] Den som ikkje trur i det små, kan ein gong fiskar få. Den som ikkje vil bruke hovudet, får bruke føtene. [Br 57] Den som ikkje vil sveitte i varmen, får svelte i kulden. [Br 172] Den som ikkje vil ut når morgonsola skin, lyt dømme sikkert sia. Den som ille leitar, han lite finn. [Oy 87] Den som ingenting veit, har ingenting til å dølje. [Oy 182] Den som ingenting vonar, vinn ikkje. [Br 196] Den som kan ha fred, skal ikkje vekkje ufred. [Oy 36] Den som kan velje, slepp å ta det verste. [Oy 168] Den som kastar saur [skit, søle] på andre, blir saurete sjølv. [Oy 125] Den som kjem etter, får sjeldan det beste. [Go 37] Den som kjem først på mølla, får først male Den som kjem først til kverna, får først male. [Oy 39, By 168] Den som kjem først åt elden, får best varma seg. [Oy 39] Den som kjem først, kan bli først ferdig [Det gjeld å posisjonere seg fint, ikkje dårleg]. [Oy 39] Den som kjem først, kan få beste sitjeplassen. [*Oy 39] Den som kjem sist, får sleike vispen. [Br 152] Den som kjenner dei tolv pulsane, bør skjøne kva veg det ber [akupunkturlære] Den som kjenner seg best, går for storkunstnar i faget. Den som kjøper alt han ser, kan òg få gråte når annan ler. [Oy 82] Den som kjøper alt han ser, vil gråte når andre ler. [Go 94] Den som kjøper kjøtet, får ta beina med. [Br 17, jf. 99] Den som kjøper skrap, får selje med tap. [Oy 134] Den som kjører i mak, kjem vel fram. [Go 92] Den som knip att handa for hardt, får aldri noko i den. [Go 64] Den som kviskrar mykje, lyg mykje. [Br 109] Den som lastar kvinna (kvinnene), gløymer mor si. [Oy 81, Go 55] Den som lastar stilla, er lat. [Go 86] Den som leitar, han finn, men ikkje alltid det han leita etter. [Br 113] Den som lengtar, har langa stunder. [Oy 87] Den som lèt seg lokke, treng ingen til å truge. [Oy 92] Den som lever lenge, får høyre mykje. [Oy 91] Den som lever lenge, får mangt å lide. [Oy 91] Den som lever, han ser. [Br 154] Den som lite veit, lite gløymer. [Go 21] Den som lurer andre, lurer også det beste i seg sjølv. [*Br 119] Den som lyg og den som løyner sanninga, er begge lite bra. [*Oy 91] Den som lykkast, får alltids omhug vist seg. [Oy 58] Den som løyner si lykke, får inga misunning. [Oy 96] Den som mykje lærer, mangt gløymer. [Br 122] Den som mykje skal tale, får mykje å svare. [Oy 152] Den som mykje veit, blir ikkje alltid feit. [Br 198] Den som noko spør, han får noko vite (om det ikkje alltid er det han spør om). [Br 166] Den som ofte sver, er lite truande. [Oy 149] Den som ordnar skulda si, han bøter buet sitt. [Oy 134] Den som prøver lite, han lite veit. [Oy 36] Den som reknar rangt (galt), får rekne opp att. [Go 70] Den som rotar overalt, får flis i nasen. [Br 134] Den som seier det han ikkje skulle, får høyre det han ikkje ville. [Oy 126] Den som sist kjem, får drikke grugget. [Oy 128] Den som sit lågt og ser høgt, skal akte seg så han ikkje får rusk i auga. [Br 146] Den som sit lågt, han kjem ikkje opp i røyken. [Go 37] Den som sit midt på dørstokken er i vegen for kvar mann. [Go 71] Den som sjeldan ror ut, sjeldan fiskar. [By 169] Den som sjølv er sjuk, han kjenner sykja best [Likevel: Ein treng ikkje vere sjuk for å vere lege]. [Oy 129] Den som sjølv er sjuk, kjenner sjuka best. [Go 47] Den som skal bli udyr får tidleg tenner. [Go 53] Den som skal føre mykje, får fare varsamt (får fare med lempe). [Oy 40] Den som skal gjete, får ha auga med seg. [Oy 46] Den som skal gjette og spå, anten lyg eller rammar på. [Oy 43] Den som skal gjere alle fornøgd, får nok å gjere. [Oy 110] Den som skal ha noko, gløymer det neppe. [*Go 95] Den som skal leve lenge, skal røyne mykje. [By 161] Den som skal lyge, skal ha godt minne (så vedkommande ikkje gløymer kva han har sagt før). [Oy 91] Den som skal snike til seg ein godbit, får ikkje furte og bli arg. [jf. 137] Den som skal snike, skal ikkje vere furten. [Go 67] Den som skal vitne sant, må sjå og høyre grant. [Br 198] Den som skjemmest vil skjule seg. [Oy 132] Den som skjønar, han tilgir. [Br 161] Den som skuldar alle, skuldar ingen. [Go 70] Den som slæst med skorsteinsfeiaren, blir ikkje rein av det. [*Br 142] Den som sparer til i morgon, sparer til musene. [Oy 140] Den som stel og den som stappar i sekken er begge like gode. [Go 69] Den som stel og den som stappar i sekken er begge like gode. [Oy 127] Den som stel og den som stappar i sekken er både like gode. [Oy 143] Den som stel, vil alltid lyge. [Go 69] Den som steller med bek blir fort bekete. [*Oy 9] Den som sår i kufta, får hauste i skjorta. [Br 173] Den som sår pengar, haustar fattigdom. [Go 70] Den som tek det for hardt, han held opp for snart. [Go 90] Den som tek til for hardt, held opp for snart. [Oy 55] Den som tek trollet på nakken, får bere det fram. [Oy 160] Den som teier, synest å samtykke [tilbakeført til latinsk grunnformat]. [jf. Oy 154] Den som tener alle, får inga takk. [Oy 154] Den som tiggar for ofte, får ikkje alltid mykje. [Oy 156] Den som toler minst, får vare seg mest. [Oy 157] Den som trettar med matmora, får det att i matfatet. [Br 183] Den som undrast lite, han lite veit. [Go 22] Den som vankar vidt, sankar alltid eitkvart (det kan bli erfaring og kunnskap). [Oy 177] Den som var føre vis, ville aldri fare ille. [Oy 39] Den som varast av første skaden, kan sleppe den andre. [*Oy 169] Den som veit lite, gløymer lite. [By 161] Den som veit lite, undrast mykje. [By 161] Den som ventar for mykje, får for lite. [*Oy 175] Den som vi ha noko, lyt gi noko. [Br 81] Den som vil ape [etterlikne, herme etter], finn nok årsak [unnskyldning, utflukt, rettferdiggjering; grunn]. [*Oy 3] Den som vil bu med ulvane, får (lyt) tute (hyle) med ulvane. [Oy 165, Br 32] Den som vil fange fuglen, får ikkje skremme han. [Oy 27, 38] Den som vil fiske, får venne seg til væte. [Go 86] Den som vil forsmå det vesle, treng ikkje få det store. [Oy 90] Den som vil følgje når det er medvind, får følgje i motvinden også. [*Oy 38] Den som vil ha dottera, får tale vel med mora. [Go 56] Den som vil ha kjernen, får først bite skalet. [Oy 72] Den som vil jobbe som ein hest, lyt ete som ein. [Oy 60] Den som vil leite alle stader, får mangt å tenkje på. Den som vil på fjellet bør ikkje springe. [*Oy 56] Den som vil på fjellet får gå spakt. [Go 92] Den som vil på havet, skal ikkje ro hardt. [Oy 56] Den som vil sitje på to stolar, dett ned mellom dei. [Br 169] Den som vil sleikje alle fat, får kjenne så ymse smak. [Br 161] Den som vil smake på alt, han får både surt og salt. [Oy 136] Den som vil styre, skal først lære å lyde. [Oy 146] Den som vil vere med i leik, får smake steik. [Br 167] Den som vinn, er mest vørd. [Oy 180] Den som vite kva som skal hende, lyt ha greie på det som er hendt. [Br 82] Den som vågar, han anten vinn eller taper. [By 172] Den som øyder meir enn han avlar, får snart vite kva fattigdom er. [Oy 188] Den spelar best som vinn. [Br 20] Den spår ille som er redd. Den stein ein ikkje kan bere, lyt ein velte. [Oy 143] Den stein ein ikkje kan løfte, får ein la liggje Den steinen som ein ikkje kan løfte, skal ein la liggje. [Oy 143, By 167] Den store straumen vil dei fleste følgje. [Oy 145] Den tørste tenkjer på drikken; den svoltne ser etter mat. [Oy 155] Den unge kan døy, den gamle skal. [Oy 165] Den vise fortel det har ser, den dumme det han har høyrt. [Go 96] Den Vårherre vil spare, kan aldri fare ille. [Br 199] Der alle vil styre, kan ingen segle. [Oy 146] Der dei krev tru, krev dei middel med. Der dei store strir, få mange svi. [Oy 146] Der den eine sauen spring føre, spring dei andre etter. [Oy 125] Der det er hjerterom, er det husrom. [Br 84] Der det er hjerterom, er det spelerom for litt av kvart. Der det har vore rikdom, ligg det alltids att noko i ein krok. [Go 67] Der det ikkje er skin, er ingen skugge. [Oy 132] Der det ikkje er taus, får kona tene seg sjølv [taus: jente, tenestejente]. [Oy 153] Der det største kan flyte, flyt det minste også (om båt og last - IA). [Oy 33] Der det største kan flyte, flyt det minste også. [Go 36] Der dug vantar, er venleik lite blid. Der dugen vantar, er venleiken lite verdt. [Oy 21] Der dyden manglar, er det ikkje langt mellom motgangane. Der eg når opp med handa, treng eg ingen stige. [Oy 54] Der ei utru kjem inn, er ho sein å få ut. [Oy 167] Der ein bur, er ein bunden. [Go 60] Der ein flyt i fjøre sjø, der flyt ein visst i flo. [Oy 33] Der ein høgg, kan det falle fliser. [*Br 85] Der ein ikkje får gå bein, lyt ein bøye seg. [By 167] Der ein ikkje får segle, lyt ein ro. [Oy 127] Der ein ikkje har sin altargang, skal ein setje nasen fram. [Br 131] Der ein ikkje kan gå bein, får ein krøkje seg. [Br 17] Der ein ikkje når botn, får ein anten symje eller søkke. [Oy 12] Der ein ikkje slepp inn, blir ein ikkje kasta ut. [Go 61] Der ein kastar ein snøball, skal ein vente ein tilbake. [Oy 138] Der ein pløyer grunt, vil det vekse tynt. [By 191] Der elva er brei, er straumen liten. [Go 25] Der er ein vegg ifrå huset. [By 202] Der er ikkje åsar under isen (Det er ikkje så trygt som å gå på eit golv [med berebjelkar under]). [Oy 6] Der er kvas i alle skogar. [Oy 160] Der er von i hengande snøre (om fiske - IA). [Oy 183] Der foten er tryggast, er fallet styggast. [Go 31] Der godt folk er før, kjem godt folk til. [By 179] Der han Lathans går føre, kjem smalhans etter. [*Br 112] Der herrane bryt, får bøndene betale. [Br 83] Der ingen er inne, kjem ingen ut. [Oy 67] Der ingen er redd, er faren verst. [Oy 122] Der ingen er, kan ingen svare. [Oy 67] Der ingen vil av vegen, kan ingen kome fram. [Oy 172] Der jentene er greiast, er vegen beinast. [Go 55] Der jorda er best, er ugraset mest. [Oy 68] Der katten er skvetten, er det sint kjerring. [Go 59] Der makt og vilje manglar, er inga råd. [Go 24] Der noko handlast, der blir noko spilt. [Go 94] Der tråden er veikast, slitnar den. [By 190] Der ulven blir nemnd, kling den i hugen. [Br 160] Der ulven er nemnd, er han stemnd. [Br 160] Der åta er, vil ørnene flokke seg [hs sankast]. [Oy 6] Dersom du er så smart, korfor er du ikkje rik?. [Go 67] Dess feitare rømmegrauten er, dess vidare flyt han. [Go 44] Dess finare ty (tøy), dess verre å sy. [Br 185] Dess fleire folk, dess mindre kjennskap. [Go 60] Dess fleire kokkar, dess verre suppe (sod) Dess fleire kokkar dess verre søl. [Oy 76, By 189] Dess fleire år, dess færre hår Dess fleire år, dess tynnare hår. [Br 205. Oy 5] Dess høgare treet er, dess tyngre fell det. [Br 180] Dess høgare berg, dess djupare dal. [By 191] Dess høgare ein er, dess lågare får ein lute. [Oy 65] Dess høgare kall, dess høgare fall. [Oy 69] Dess høgare steg, dess større fall. [Oy 144] Dess høgare tre, dess hardare fall. [Oy 159] Dess høgare vi stå, dess fleire er dei som kan sjå oss. [Oy 65] Dess kortare bøn, dess større alvor. [Oy 17] Dess lenger du ventar, dess meir mat trengst for å overleve. Dess lenger ein lever, dess meir får ein sjå. [Oy 91] Dess lenger ein vaker, dess lenger søv ein etterpå. [Oy 168] Dess lenger straffa lèt vente på seg, dess tyngre blir den når den kjem. [Br 170] Dess lenger tretter, dess fleire ord å angre. [Oy 112] Dess lenger utveg, dess lenger heimveg. [Go 60] Dess lengre trette, dess fleire ord å angre. [Oy 161] Dess meir ein blir misunnt, dess betre står ein seg. [Oy 113] Dess meir ein roser ei gal furie, dess verre blir ho. Dess meir ein roser galningen, dess galnare blir han. [Oy 46] Dess meir ein rotar i lorten, dess verre luktar den. [Br 118] Dess meir ein stryk katten, dess høgare set han rumpa (også figurleg, om lyst til å høyre smiger - IA). [Oy 70] Dess meir ein søv, dess meir vil ein sove. [Go 90] Dess meir ein trakkar i skiten, desse verre skvett den omkring. [Br 156] Dess meir folk, dess meir tjuveri. [Oy 34] Dess mindre ein får, dess lettare går ein. [Go 65] Dess mindre vett, dess meir uro til sinns. [Br 127] Dess mindre vett, dess meir vågar ein. [Br 127] Dess nærare ein kjem, dess betre kjenner ein. [Go 61] Dess nærare kyrkja, dess lenger frå Gud. [Br 109] Dess nærare vi kjem, dess betre kjennskap. [Oy 71] Dess større grend, dess seinare blir ein kjend. [Go 61] Dess større hast ein har, dess fleire hefte ein får. [Oy 55] Dess større hav, dess høgare båre. [Oy 56] Dess større stad, dess fleire fantar. [Br 167] Dess større stad, dess mindre husrom. [Oy 142] Dess større vanden er, dess større er verket. [Oy 169] Dess større ølsle [opphissing, egging o.a.], dess større stur kjem det etter (Etter ei umåteleg iver og sprekleik kjem desto større slappheit). [Oy 187] Dess vidare mark, dess verre (er den) å verje. [Oy 99, Go 83] Det alle eig, eig ingen. [Br 43] Det beste er godt nok, når ein berre kan få det. [Go 24] Det blir aldri folk av fe. [Oy 34] Det blir alltid rom for ein ny rett. [Oy 121] Det blir ikkje alt som er spådd, det veks ikkje alt som er sådd. [Go 83] Det blir ikkje borte, det som renn frå nasen og ned i munnen. [Go 65] Det blir ikkje frø av alle blomar. [Oy 37] Det blir ikkje fugl av oppetne egg. [Oy 37] Det blir ikkje fullgale før ein har hjelpt seg sjølv. [Go 22] Det blir ikkje ku av ein oppeten kalv. [Go 84] Det blir ikkje meister av alt som er svein. [Br 125] Det blir ikkje ost av oppdrukken mjølk [unntatt i magen, som følgje av saltsyra der]. [Oy 112] Det blir ikkje plass til to herrar eller to bjørnar i same hi. Det blir ikkje smør av oppeten rømme. [Br 162] Det blir ikkje smør av oppeten rømme. [Oy 137] Det blir ikkje så vel bøtt at det ikkje var betre heilt. [Br 35] Det blir ilt sår etter ukvast jern. [Go 48] Det blir inga ku av ein oppeten kalv. [Oy 78] Det blir inga underhaldning før eg kjem, sa tjuven; dei skulle ha henging. [Oy 67] Det blir jamt nok for ein etar; det er verre for ein drikkar. [Oy 25] Det blir mangt sagt som kunne vere tagt. [Oy 126] Det blir mykje prenta som ein ikkje hadde venta. [Oy 114] Det blir ofte sett ut nye notar til ei gammal vise. [Br 197] Det blir vel rom for ein kjærkomen gjest. [Oy 121] Det blir vel råd til å få ei rik jente gift. [Oy 116] Det blir å slite på tida og vente på døden. [Br 178] Det blir å ta til att med stryskjorta og havrelefsa (I jula var det linskjorte og finbrød). [Br 170] Det blæs ingen vind etter alle manns ønske. [Oy 179] Det bra er å ikkje vere for gjerrig. Det brånar mykje smør i ein heit omn. [Oy 137] Det bur mykje under ei grå kufte. [Go 37] Det den eine vinn, det taper hin (den andre). [Oy 179] Det den fattige seier, er normalt ikkje skjemt. Det dett fleire av drikk enn av tørste. [By 173] Det dett ikkje alt som glett. [Br 38] Det druknar mang ein mann nær land. [Br 40] Det duger ikkje uprøvd. [By 169] Det dyraste vil lett vere det kjæraste. [*Go 79] Det eg ikkje veit, gjer meg verken kald eller heit. [Oy 182] Det ein er viss på, det slepp ein å spørje om. [Oy 181] Det ein gløymer heime, hugsar ein på vegen. [Go 80] Det ein har heime, det slepp ein søkje ute. [Oy 57] Det ein helst ønskjer, det trur ein gjerne. [Oy 185, Br 201] Det ein ikkje har i hovudet, får ein ha i føtene (beina). [Br 85, Ae 31] Det ein ikkje hugsar, kan ein ikkje herme. [Oy 63] Det ein ikkje kan finne, er så godt som tapt. [Go 80; Oy 31] Det ein ikkje kan lækje, det lyt ein lide. [Oy 95] Det ein ikkje kan løyne, det lyt ein syne. [Oy 96] Det ein ikkje kan skjere, lyt ein hogge. [Oy 132] Det ein ikkje rører, blir ein ikkje skjemd av. [Oy 123] Det ein ikkje tek vare på, kan snart skade få. [Oy 170] Det ein ikkje veit om, kan ein ikkje vare seg for. [Oy 182] Det ein kan, skal ein gjere; det ein ikkje kan, skal ein la vere. [Oy 79] Det ein seier på spe, kan òg bli sant. [Oy 140] Det ein sjølv baker, er det som best smaker. [Go 42] Det ein sjølv får sjå, det slepp ein å tvile på. [Oy 128] Det ein sjølv gjer, får ein sjølv ha. [Oy 129] Det ein sjølv koker, må ein sjølv kunne ete. [Oy 129] Det ein tek lett i samvitet, får ein tidt tungt att på ryggen. [Br 149] Det ein ventar hardt, kjem aldri for snart. [Oy 175] Det ein vil gi, skal ein ikkje vege. [Br 191] Det einaste håret det er fagnad i, er det som verkar naturleg og greitt. Det eine dreg det andre etter seg. [Br 39] Det eine gode kastar ikkje det andre ut. [By 171] Det eine hårstrået etter det andre gjer bonden skallete. [Oy 56] Det er alltid betre heilt enn gale. [Oy 57] Det er alltid dyrt som ikkje duger. [By 175] Det er alltid sakn i god manns død. [Oy 124, Go 18] Det er alltid skifte på; den unge skal til, og den gamle frå. [Oy 131] Det er av det gode, det som gagnar og er ingen til skade. [Oy 8] Det er band for talen, men ikkje for tanken. [By 162] Det er best når det går både snart og vel. [Oy 137] Det er best å bøte før bresten blir større. [Oy 14, 17] Det er best å fly som ein har venger til. [Go 93] Det er best å høye mens sola skin. [Oy 66] Det er best å tale som ein tenkjer; så mistaler ein seg ikkje. [Oy 153] Det er best å tenkje før ein taler. [Oy 155] Det er best å vende mens vel er. [Oy 174] Det er beste vennskapen som er minst omtala. [Oy 180] Det er betre at ein får enn ingen får. [Oy 29] Det er betre ha bøtte sokkar enn berre føter. [Oy 138] Det er betre ha lite visst enn mykje uvisst. [Oy 181] Det er betre ha skade enn skammeleg bate [bate: fordel, gagn]. [Oy 130] Det er betre hælen verkjer enn hugen. [Oy 65] Det er betre kvist som bognar enn som brest. [By 181] Det er betre lite med rett enn mykje med urett. [Oy 118] Det er betre med trøytte armar enn tomme tarmar. [Go 90] Det er betre med tørr mat enn tomt fat. [By 173] Det er betre seint enn aldri. [Oy 126] Det er betre ugjort enn ille gjort. [Oy 164] Det er betre ulova enn ille halde. [Oy 93] Det er betre å bu i ei god grend enn å vere vidt kjend. [Oy 50] Det er betre å eige enn alltid å leige. [Oy 22] Det er betre å eige enn å ønskje. [Go 79] Det er betre å fryse enn å breie vondt oppå seg. [Oy 37] Det er betre å fø ein katt enn mange mus. [Oy 70] Det er betre å få ingen ting enn få noko ille. [Oy 67] Det er betre å gøyme fred enn gjere fred. [Oy 36] Det er betre å gå etter syn enn etter segn (segn = det høyrde). [Oy 150] Det er betre å ha ein hund til venn enn til uvenn. [Go 51] Det er betre å ha enn kunne få [men ikkje ei lei sjuke]. [Oy 56] Det er betre å hindre enn å lindre skaden. [By 186] Det er betre å kle seg vel enn å fryse i hel. [Oy 75] Det er betre å liggje aleine enn å vere ille gift. [Oy 37] Det er betre å lute enn å støyte skallen sin. [Oy 94] Det er betre å misse ulla enn sauen. [Oy 164] Det er betre å ottast føreåt enn angre etterpå. [Oy 113] Det er betre å seie nei enn å narre folk. [Oy 108] Det er betre å sitja med ei lita skam enn kome heim att med ei stor. [Oy 131] Det er betre å sitje i ro enn å reise seg og falle. [Oy 128] Det er betre å spare lite enn å øyde mykje. [By 174] Det er betre å spørje to gonger enn fare éin gong vill. [Oy 142] Det er betre å ta den første skeia enn den siste. [Go 48] Det er betre å tape halvt enn alt. [Oy 53] Det er betre å teie med vett enn å tale utan vett (også: med vanvett). [Oy 154] Det er betre å tvile før ein trur enn å tvile sia. [Oy 162] Det er betre å vende enn fare vill. [Oy 174] Det er betre å vere einsleg enn i vondt følgje. [Oy 23] Det er betre å vere enn berre late som ein er det. [Oy 175] Det er betre å vere halt enn fotlaus. [Go 66] Det er betre å vere hammar enn ste. [Oy 53] Det er betre å vere herre i eit lite hus enn træl i eit stort. [Oy 59] Det er betre å vere ukjent enn ille kjent. [Oy 164] Det er betre å verkja i handa enn i hugen (betre å anstrenge seg enn sia å angre på ei forsømming). [Oy 176] Det er betre å vite rett enn å håpe feil. [By 161] Det er bra det går fort, det er betre det er vel gjort. [Go 92] Det er brotne beger i alle land. [Oy 14] Det er brotne kvistar i alle skogar. [Br 30] Det er dag til kvelds, og så kjem månen. [Go 100] Det er dagar nok til levetida. [Br 36] Det er dagar nok til livet. [*Go 17] Det er dei i kjøtet bore, og ikkje i kleda skore. [By 198] Det er det som munkane slåst om (som det er vanskeleg å bli samd om). [By 199] Det er dyre dropar som gjer ein susete i knollen [om sjampanje] Det er dårleg [hs klein] bot som ikkje er betre enn holet. [Oy 12] Det er dårleg fugl som ikkje finn sitt eige reir. [Oy 37] Det er dårleg hamn som ikkje er betre enn havsjøen. [Oy 53] Det er dårleg hund som er redd ein hare. [Oy 63] Det er dårleg jern som ikkje toler eit hamarslag. [*Oy 68] Det er dårleg kjøpmann som lastar sin eigne varer. [Go 69] Det er dårleg spelar som ikkje kan meir enn ein slått. [Oy 141] Det er dårleg ste som støkk for hammaren (det er dårleg ambolt som knekk (o.a.) under hammaren). [Oy 143] Det er ei lita elv ein ikkje kan drikke seg utørst i. [Oy 24] Det er ei ære å vere tenar i god manns gard. [Oy 154] Det er ein fattig mann som ikkje eig ei lus. [Go 67] Det er ein gap som ikkje er redd nokon ting. [By 163] Det er ein gap som kastar hjertet sitt på bordet. [Go 77] Det er ein god skilling som sparer ein dalar. [Oy 131] Det er ein skarv som gir betre enn han har. [Oy 44] Det er eit barskt auge som aldri vil sjå godt. Det er eit ilt auge som ikkje godt vil sjå. [Go 62] Det er eit låkt merke når kråka fyk høgt. [Br 87] Det er eit underleg øyre som ingenting vil høyre. [Oy 188] Det er eitt ein vil, og anna ein lyt. [Oy 177] Det er etterspørselen som driv salet [hs. søknaden som gjer selnaden]. [Oy 151] Det er fagnad å finne folk i øydemarka. [Oy 34] Det er farligaste fienden som lèt som han er venn. [By 165] Det er fjør som gjer fuglen fager. [Oy 32] Det er fleire som spør etter rikdom enn etter visdom. [Oy 113] Det er fleire æretjuvar enn pengetjuvar. [Br 179] Det er for dyrt å vere fattig. [jf. Br 51] Det er for flesket at grisen blir gjødd. [Go 85] Det er for ille å ha moro av annan manns mein. [Oy 104] Det er for mykje til å vere folk, og for lite til å vere troll. [Br 183] Det er for seint å snyte seg når nasen er vekk. [Br 134, 151, 164] Det er forbode å slå, men ikkje å slå igjen (tysk: Schlagen ist verboten, widerschlagen nicht). [Oy 135] Det er forskjell [hs skil] på skjemt og alvor. [Oy 132] Det er forskjell på fant og fagnamann. [Oy 27] Det er forskjell på frendar og fremmend folk. [Go 60] Det er forskjell på å rake seg og skjere kjeften av seg (også: skjere skinnet av seg). [Oy 115] Det er fulskap i alle ting, så nær som i nysila mjølk [utan dioksin mm.]. [Oy 38] Det er fulskap i alle ting, så nær som i nysila mjølk. Og den blandar dei med vatn. [Oy 38] Det er fåfengt å dra strå framfor gamle kattar. [Oy 146] Det er fåfengt å gripe ålen om sporden. [Oy 5] Det er fåfengt å klage framfor hunden og seie: "Bikkja beit meg.". [Go 50] Det er fåfengt å leite etter det som ikkje er til. [Oy 87] Det er fåfengt å male i mørket. [Oy 100] Det er fåfengt å renne på range vegen. [Oy 118] Det er fåfengt å rope der ingen hører. [Oy 121] Det er fåfengt å skyte og ikkje råke. [Oy 133] Det er gale det er sagt; det er verre det er sant. [By 165] Det er gale, same kven det er som fer gale. [Oy 40] Det er gild kokk som kokar alle til lags. [Oy 76] Det er god lagnad som er alle til fagnad. [By 163] Det er god leik som ingen angrar. [Oy 86] Det er god lyst som ikkje dreg ulyst etter seg. [Oy 95] Det er god råd til å få ei rik jente gift. [By 178] Det er god vind som alle kan segle med. [Oy 179] Det er god vinning, som ingen taper for. [Oy 180] Det er god åker som aldri skal bere ugras. [Oy 5] Det er godt at det går fort; det er betre at det er vel gjort. [Oy 41] Det er godt byte som er til gagn på begge sider. [Oy 17] Det er godt for småfuglen at katten ikkje kan fly. [Oy 136] Det er godt ha frendar; det er betre ha venner. [Oy 36] Det er godt ha noko ugjort, når ein ikkje skal døy. [By 168] Det er godt ha venner langs vegane. [Oy 178] Det er godt med to øyre, så det kan gå inn det eine og ut att det andre. [Br 204] Det er godt mens det gode varer. [Oy 47] Det er godt å gjette det alle kan vite. [Oy 43] Det er godt å gjere med god reiskap. [Oy 45] Det er godt å gå etter sine merke (er lett å kjenne att tinga sine når ein har sett merke på dei - IA). [Oy 101] Det er godt å ha alle geitene heime. [Br 65] Det er godt å ha ei torva under foten (eige eit stykke jord). [Oy 158] Det er godt å ha håp om vinning. [By 171] Det er godt å ha noko ugjort når ein ikkje skal døy. [Oy 164] Det er godt å ha teke det tyngste taket. [Oy 152] Det er godt å ha varsemda med seg [om ein ikkje har lykka]. [Oy 170] Det er godt å kunne meir enn mate seg. [By 169] Det er godt å kveikje der vedkubbar er (om å ta opp att ei forretning, t.d. å byggje der ein grunnvoll er lagt føreåt). [Oy 80] Det er godt å setje gamle kyr på bås; dei gjer det sjølve. [Oy 17] Det er godt å sove på heilt skinn. [Oy 139] Det er godt å vake når andre vaker med. [Oy 168] Det er godt å vere fut når ein slepp å gjere rekneskap. [*Oy 38] Det er godt å vere komen av godt folk. [Br 70] Det er godt å vere liten i eit rommeleg hus [stort sett] [mots. Oy 89] Det er godt å verje der ingen vil herje. [Oy 176] Det er godt, det som er somme til gagn og ingen til skade. Det er gull i grøn skog. [Br 159] Det er hardt nok når ikkje skjorta når broka. [Go 68] Det er hardt å spenne mot brodden. [Oy 141] Det er hauk over hane. [Oy 55] Det er hauk over hauk. [Oy 65] Det er håp for beistet så lenge blodet ikkje er kome i karet. [Br 199] Det er håp i hengande snøre. [Br 164, By 163] Det er i nøda vi lærer å kjenne kven som er ekte venner. [Oy 71] Det er ikkje all fisk som heng fast i garnet. [Go 86] Det er ikkje all røyk det er eld oppunder. [Oy 123] Det er ikkje all spurnad ein skal svare på. [Oy 141] Det er ikkje alle bispar (biskopar) som lagar bøker. [Go 30] Det er ikkje alle ord ein skal svare på. [Oy 111] Det er ikkje alle som lykka vil leika med. [Oy 93] Det er ikkje alle timar ein skal telje. [Go 100] Det er ikkje alle unt å få stå i smørtrauet med støvlane på. [Br 162] Det er ikkje alltid at æra treffer rette mannen. [Oy 186] Det er ikkje alltid den visaste som vasar mest. Det er ikkje alltid den visaste som vinn. [Oy 180] Det er ikkje alltid rettast som er lettast. [Oy 119] Det er ikkje alltid verdt å svare før ein er spurd. [jf. Oy 148] Det er ikkje alltid vettet å takke at det går vel. [Br 197] Det er ikkje alt det går like lett å reise opp som å rive ned. [Oy 118] Det er ikkje alt godt som er gammalt og ikkje alt nyttig som er nytt. [Go 27] Det er ikkje alt som er løgn som er likt det. [Go 74] Det er ikkje alt spådd det blir noko av. Det er ikkje auren imot at laksen går opp. [Br 13] Det er ikkje bra bikkje som bit sine eigne ungar. [Br 22] Det er ikkje dårskap å ottast faren. [Oy 19] Det er ikkje ein som kvin lett, den som bit hovudet av padda. [Br 138] Det er ikkje eiter i alt som sting i foten. [Oy 23] Det er ikkje enkelt å lære gamle hundar å gøy. [Oy 63] Det er ikkje fugl, alt som fly vil. [Oy 37] Det er ikkje føde i alt som fyller. [Oy 39] Det er ikkje gløymt, som er gøymt. [Oy 47] Det er ikkje godt å blåse for den som har munnen full av mjøl. [Br 25] Det er ikkje godt å skilje som saman vere ville. [Go 56] Det er ikkje greitt å gi rett utlegging av ein rang tekst. [Br 142] Det er ikkje greitt å stele frå ein tjuv. [Oy 143] Det er ikkje Guds ord alt som er på trykk. [Go 23] Det er ikkje gull alt som glimer, og ikkje massing alt som skin. [Br 75] Det er ikkje jul meir enn ein gong om året, og oftare drikk ikkje vi. [Go 100] Det er ikkje kvart år kvalen landar. [By 204] Det er ikkje langt frå lovaren til lygaren. [Oy 93] Det er ikkje lenge haust før det er vinter. [Oy 55] Det er ikkje lett å få vogn der alle vil ake. [*By 171] Det er ikkje lyte alt som blir lasta. [Oy 95] Det er ikkje mangel på galne folk når ein kjem dit dei er. [Go 97] Det er ikkje min venn som hjelper min uvenn. [Oy 178] Det er ikkje min venn som ler når eg fer ille. [Oy 178] Det er ikkje mykje som gjer verre enn eit spottande ord. [Go 76] Det er ikkje ramn alt som har svarte fjør. [Oy 115] Det er ikkje rart at bytta lek når botnen er vekk. [Br 34] Det er ikkje rev alt som er raudt i håret. [Oy 119] Det er ikkje spilt, det som er spart. [Oy 141] Det er ikkje stor gris før han skal slå krøll på halen sin. [Oy 50] Det er ikkje stort troll før det skal ha rove (jf. det er ikkje stor gris før han skal slå krok på rova). [Oy 160] Det er ikkje stort, trollet, før det får hale. [Br 182] Det er ikkje sølv alt som singlar (og ikkje gull alt som glimar). [Oy 150] Det er ikkje så mykje, som monn skal gjere. [*Oy 105] Det er ikkje så nøye [vanskeleg, knapt] med ei pølse i slaktetida (. [Oy 115] Det er ikkje så nøye når det berre er akkurat. [Go 79] Det er ikkje så vondt at det ikkje kunne vere verre. [Go 48] Det er ikkje verdt å bere vatn i elva. [Oy 170] Det er ikkje verdt å hente vogga før barnet er født. [Oy 183] Det er ikkje verdt å hjelpe den som ikkje vil hjelpe seg sjølv. [Br 84] Det er ikkje verdt å kviskre om det som kvar mann veit. [Oy 81] Det er ikkje verdt å lage nygla før båten er bygt (nygla er ein liten tapp i botnen av båten). [Oy 109] Det er ikkje verdt å løyne det som folk veit frå før. Det er ikkje verdt å takke før ein har fått. [Oy 152] Det er ikkje å undrast at bytta lek når botnen er laus. [Oy 17] Det er ille for den som med éin skal eige og med ein annan skal ale (som avlar med den eine og oppfostrar med den andre, nemleg i eit nytt ekteskap - IA). [Oy 22] Det er ille å ale udyr i sitt eige hus. [Oy 163] Det er ille å angre på velgjort. [By 176] Det er ille å binde ris til sin eigen bak. [Oy 120] Det er ille å bryte foten på flate golvet. [Oy 35] Det er ille å ete meir enn ein melter. [By 173] Det er ille å ha annan manns mein (skade) til moro. [By 165] Det er ille å ha udyr i eige hus. [Go 53] Det er ille å ro når åra er av. [Oy 121] Det er ille å sitje ved elden og fryse. [Oy 23] Det er ille å skjemmast av velgjort. [Oy 132] Det er ille å slå hovudet mot steinen. [Oy 62] Det er ille å smiske for den ein hatar. Det er ille å trette med sin overmann. [Oy 161] Det er ille å vere ein imot mange. [Oy 23] Det er ille å vere rådlaus når noko røyner på. [Oy 117] Det er inga nagle som passar til alle hol. [Go 80] Det er inga skam å få skade saklaus. [Oy 131] Det er inga skam å vike for ei kjempe. [Oy 130] Det er ingen dåre som ottast (fryktar) for ein fare. [Go 49] Det er ingen skade at folk er glade. [By 163] Det er jamt for seint å skyte når fuglen er flogen. [*Br 159] Det er kar, som gjer kars verk. [Oy 69] Det er kjekkaste hugen, som kjem av seg sjølv. [Oy 63] Det er kjær gjest som sjeldan kjem. [Go 72] Det er klein fugl som skjemmer sitt eige reir. [By 178] Det er klein gut som aldri gjer ugagn. [By 163] Det er klein hamn som ikkje er betre enn havsjøen. [Go 86] Det er klein kjøpmannskap som ingen vinn noko på. [Go 70] Det er klein trøyst å ikkje trenge ytterklede i godvêr når ein ikkje har nokon av delane. Det er klok mann som gjer seg gagn av sin eigen skade. [Br 62] Det er knapt verdt å kviskre om det kvar mann veit. [Go 74] Det er langsamt å liggje og sjå på veggen. [Go 48] Det er leitt med lang livnad og trong trivnad. [Br 113] Det er leitt å byggje seg husvill. [Oy 16] Det er leitt å få last for velgjort. [Oy 84] Det er leitt å gå vegen og gløyme ærendet. [Oy 172] Det er leitt å ha gode tenner og ingen ting å tygge. [Oy 157] Det er leitt å ha lyst og ikkje lov. [By 162] Det er leitt å ha sterke armar og ingen ting å ta seg til. [Go 79] Det er leitt å ha stor pung og lite pengar. [Oy 113, 114] Det er leitt å ha valet og ta skalet. [Oy 168] Det er leitt å kome mellom borken og veden (Om å forstyrre forholdet mellom elskande og venner). [Oy 12] Det er leitt å kome mellom hammaren og steet [ambolten]. [Br 77] Det er leitt å leve for berre maten. [By 173] Det er leitt å lite på ingen. [Oy 89] Det er leitt å reie for skundsam gjest. [Br 66] Det er leitt å spele der ingen vil danse. [Oy 141] Det er leitt å stå med tom hand i fremmend land. [Br 180] Det er leitt å ta seg vatn over hovud (å ta på seg meir enn du kan makte). [Oy 170] Det er leitt å ta seg vatn over hovudet. [Br 190] Det er leitt å ta til stort og ende med skort. [*Oy 145] Det er leitt å tale med to tunger. [Oy 153] Det er leitt å vente lenge for lite. [Oy 9] Det er leitt å vere brå når ein ikkje veit råd. [Oy 13] Det er leitt å vere gammal og galen. [Oy 40] Det er leitt å vere liten og låst vere stor. [Oy 89] Det er leitt å vere redd sin eigen skugge. [Oy 134] Det er leitt å vere sint når ingen er redd. [Go 52] Det er leitt å vere ung og ør; verre å vere gammal og galen. [Oy 165] Det er leitt å våge alt på eit kast. [Oy 171] Det er lempa som i lengda skal vinne. [Go 93] Det er lenge til jul; vi får nok pløgd. [Go 89] Det er lett for mett mann å love faste. [Go 42] Det er lett gjort å gjere fattigmann glad. [Oy 29] Det er lett å ause der det sig atti. [Go 67] Det er lett å danse når lykka spelar føre. [Go 20] Det er lett å fri når ein veit ein er velkomen. [Oy 36] Det er lett å gi når ein ventar jamgodt i gjengjeld. [*Oy 44] Det er lett å lage graut av annans mjøl. [Oy 49] Det er lett å lage mygg, det er verre å setje surringa i dei. [Go 17] Det er lett å lyge når det er langt heim. [Oy 91] Det er lett å pynte det som er pent frå før. [Go 78] Det er lett å rive det som er ròte. [Oy 120] Det er lett å røde om ein annans møde. [Oy 123] Det er lett å skilje det som aldri vil henge i hop. [Oy 131] Det er lett å skjere breie reimar av annan manns hud. [Br 114] Det er lett å skjere store skiver av annan manns skinke. [Oy 132] Det er lett å springe når lykka følgjer. [Go 20] Det er lett å spørje; kanskje verre å svare. [jf. Oy 141] Det er lett å spå ein død mann usalig. [Go 47] Det er lett å symje når ein annan held under haka. [Oy 150] Det er lett å tale når ingen vil svare. [Oy 152] Det er lett å vande når anna er for handa (Det er lett å vrake noko når du har mykje å velje blant). [Oy 168] Det er lett å vere far, men ikkje i utrengsmål. Det er lett å vere god når det ikkje kostar. [Oy 47] Det er lett å vere god når det ingenting kostar. [By 171] Det er lett å vere kar der ingen er å kappast med. [Oy 69] Det er lett å verje der ingen vil herje. [Oy 176] Det er lettare å ause ut enn å dra inn. [Oy 4] Det er lettare å laste enn å gjere noko betre. [Go 74] Det er lettare å laste enn å gjere noko betre. [Oy 84] Det er lettare å rive ned enn reise opp. [Oy 120] Det er lettast å lære av annan manns skade. [Oy 96] Det er likså godt å sitje i regnet som under ufsedropen [ufs er takskjegg]. [Oy 117] Det er lita lykke som ikkje blir misunnt. [Oy 113] Det er lita tenesta, som ikkje er takk verdt. [Oy 154] Det er lita von om eld der det verken finst glo eller gneiste. [Br 44] Det er lite om ei klokke når kolven er or. [Oy 74] Det er lite om fuglen når fjøra er av. [Oy 38] Det er lite pryd i annan manns tøy. [Go 62] Det er lite, det som ikkje blir snakka om. [Oy 36] Det er liten skade, som ikkje syner seg. [Oy 130] Det er lorten vi lever av. [Go 43] Det er lova som dømmer og ikkje dommaren. [Go 32] Det er lykka som gjer gapen gammal. [Oy 93] Det er låk fugl som skjemmer sitt eige reir. [Oy 37] Det er låk hand som ikkje vil verje hovudet. [Oy 53] Det er låkt å leite ute etter det ein har heime. [Oy 167] Det er låkt å lide urett, og verre å gjere urett. [Oy 166] Det er låkt å luggast med bjørnen. [Oy 93] Det er låkt å lugge den skalla. [Oy 93] Det er låkt å løyne det som alle veit [alternativ: vanskeleg, for seint]. [Oy 96] Det er låkt å låse for kjente tjuvar. [Oy 96] Det er låkt å teie der ein skulle ha tala. [Br 177] Det er mang ein fant i fagert skinn. [Oy 28] Det er mange fet (steg) før mila er full. [By 168] Det er mange møyar imot sin vilje. [Oy 106] Det er mange som lastar det dei sjølve lystar. [Oy 84] Det er mange som roser rett og gjer urett. [By 180] Det er mange som snakkar om Sankt Olav og som ikkje har sett han. [By 163] Det er mange stader å leite på, og få til å finne på. [Oy 142] Det er mange venner mens det går vel (og få når ein treng mest. [Oy 178] Det er mangt den unge ikkje evnar. [*Br 187] Det er mangt den unge ikkje har lært. [Br 187] Det er mangt den unge ikkje kan. [Br 187] Det er mangt den unge ikkje maktar. [*Br 187] Det er mangt ein kan og ikkje skal. [Oy 79] Det er mangt ein skal høyre og ikkje herme. [Oy 66] Det er mangt ein skal sjå og ikkje ta på. [Oy 129] Det er mangt fagert det er liten fagnad med. [Oy 26] Det er mangt i marka og meir i sjøen. [Oy 99] Det er mangt laust som lest vere traust. [Oy 85] Det er mangt sagt, som ikkje er sanna. [Oy 126] Det er mangt som er mykje vørdt og lite verdt. [Oy 184] Det er mangt som er vent å sjå, så lenge det er langt ifrå (på lang avstand). [Oy 185] Det er mangt som høver menn og ikkje barn. [Oy 99] Det er mangt som trengst; ein får ikkje alt i senn [hs det er torv til mangt, osv.]. [Oy 158] Det er mangt som yppast [startar] med skjemt og endar med alvor. [Oy 132] Det er mangt ubunde som held. [Oy 163] Det er mangt vondt i verda, men ei vond kjerring er [noko av] det verste. [Br 97] Det er mann som gjer manns verk. [Oy 98] Det er manns lykke å få store kaker (skjemtande). [Oy 99] Det er mat i god drikke. [Go 47] Det er maten, som giv mannen makt. [Oy 100] Det er med kloa katten fangar mus. [Oy 74] Det er mest aldri for mykje av det som er godt. [*Br 129] Det er misgjerda ein skal hate og ikkje mannen. [Oy 102] Det er monn i mindre enn heile fanget fullt. [Oy 104] Det er moro å kunne så mykje at ein (liv)bergar seg. [Go 79] Det er mykje visdom som er lite vørd. [Oy 181] Det er nær godt å etle seg det beste til sist. [Oy 26] Det er ofte betre å springe i det enn å krype i det. [*Br 166] Det er ofte falsk under fagert skinn. [Oy 27] Det er ofte godt, det dei gamle har kveda. [Oy 41] Det er ofte ulvesinn under saueskinn. [Br 186] Det er pengane og ikkje vettet som styrer verda. [Br 138] Det er på fjøra ein kjenner fuglen. [Oy 32] Det er på rova ein kjenner reven. [Oy 122] Det er reint lyte, det som ein kan vaske av seg. [Oy 33] Det er rev som rev skal fange (list imot list). [Oy 27, 119] Det er rommeligare ute enn inne. [Oy 121] Det er råd for alle ting, så nær som for døden. [Oy 116] Det er råd for alt når ein berre visste kva det var. [Oy 116] Det er råd mot uråd. [By 164] Det er seint å angre det ein ikkje kan bøte. [Br 10] Det er seint å bite når tennene er borte. [Oy 10] Det er seint å dølje det som kvar mann veit. [Go 73] Det er seint å lage det som alle skal like. [Oy 83] Det er seint å sjå på steinen når ein har støytt seg på han. [Oy 143] Det er seint å snyte seg når nasen er av. [Oy 138] Det er seint å stenge buret når fuglen er flogen. [Br 33] Det er seint å sålde når kornsåene står fast i halsen (kverken) [sålde: reinse med såld]. [Oy 151] Det er seint å tappe når tønna er tom. [Oy 153] Det er seint å tyggje tannlaus. [Oy 163] Det er sjeldan det ryk av brannen viss det ikkje er eld i den. [*Go 78] Det er sjeldan purka får sølvknapp i nasen. [Oy 147] Det er sjeldan søte kvister på beiske tre. [By 178] Det er sjeldan uår i alle land (samstundes). [Br 188] Det er skil på gli og dette. [Oy 47] Det er skil på katten og han far. [Br 155] Det er skilnad på kuruke og pannekake. [Br 156] Det er skralt for den som ikkje tener til saltet i maten. [Br 148] Det er skrøpeleg tøy, som ikkje toler at ein ser på det. [Oy 163] Det er skrøpeleg vegg som ikkje toler ein vindstøyt. [Oy 173] Det er skummel bikkje som bit sine eigne ungar. [*Oy 10] Det er smått om ved når bonden lyt brenne opp kråkereiret. [Br 191] Det er snarare gjort å falle (dette) enn å reise seg. [Oy 19, 27] Det er snart nedvelta som er ille oppstelt (lødd). [Oy 108, Br 132] Det er snart øydt, som ikkje er noko tilskøytt. [Oy 188] Det er snart å stele, det er ikkje så å gøyme. [Go 69] Det er sterkt vett som hugsar alt det skal vere. Det er stor kunst å hjelpe seg med lite. [Oy 79] Det er strengt å gå i hasselskog og ikkje sjå etter neter. [Oy 55] Det er stridt å symje imot straumen. [Oy 145] Det er stygt å slå, men ikkje å slå frå seg. [By 183] Det er surt å døy når ting går godt. [jf. Oy 19] Det er svært å få alle hovud under ein hatt. [Oy 62] Det er synd å svelte seg når ein har mat for handa. [Go 46] Det er synda ein skal hate og ikkje menneska. [Go 31] Det er så umogeleg som å bite seg sjølv i nasen. [Br 187] Det er så umogeleg som å ta ned sjustjerna. [Br 187] Det er tid til å tale og tid til å teie. [Oy 155] Det er tidsnok å rose herberget når rekninga kjem. [Oy 59] Det er tom nok pung som annan manns pengar ligg i. [*Oy 114] Det er tung ære å gå fremst i snøbrauta [veg som er grave i snø]. [Oy 186] Det er tungt å springe med ei bør på ryggen. [Oy 141] Det er tungt å stride der det finst inga von til å vinne. [By 163] Det er tungt å tale for tomme stolar (og: for døve øyre). [Oy 153] Det er tungt å vere god når ein ikkje får sjå noko godt. [Oy 47] Det er tyngste sorga som ingen ser. [By 163] Det er ulla ein skal klippe og ikkje skinnet. [Oy 164] Det er ute med plystringa når leppene er av. [Oy 11] Det er uvandt [enkelt] å slå der ingen slår imot. [Oy 135] Det er uvisst kor årelaus mann når land. [Br 206] Det er vanskeleg å døme mellom venner. [Oy 179] Det er vanskeleg å dømme i si eiga sak. [Oy 22] Det er vanskeleg å fylle ein sundriven sekk. [Oy 39] Det er vanskeleg å få det alle vil ha. [Go 66] Det er vanskeleg å få venner i nøda når ein ikkje har fått dei før. [Oy 178] Det er vanskeleg å få vogn der alle vil kjøre. [Oy 183] Det er vanskeleg å gjere alt på beste måte. [Oy 173] Det er vanskeleg å styre dit ein ikkje veit vegen. Det er vanskeleg å venje det svinet ut av åkeren som er vant til å vere i den. [Go 83] Det er vanskeleg å vere god når ein ikkje får sjå noko godt. [Go 25] Det er vanskeleg å verje der alle vil herje. [Oy 176] Det er vantakk verda lønner med. [Oy 169] Det er ved kjærleik menn kan kome til kort. Det er vel fiska om ikkje farmen er full. [By 174] Det er verda ein skal lære i. [Oy 175] Det er verre å få ein god sauehund enn ein god prest. [Go 30] Det er verst før ein blir gift, sia blir det verre. [By 182, Go 56] Det er verst å kjenne seg åleine i eit stort lag. [Br 205] Det er vett i alt som lever. [Oy 181] Det er vett som skal vende hugen. [Oy 181] Det er vettet som viser svina vegen. [Oy 182] Det er vidt vegkryss. [By 187] Det er viljen som driv verket. [Br 195, By 162] Det er visst, det året krev, men uvisst kva det gjev (gir). [Br 205] Det er vond gjest som jagar husbonden ut. [Oy 46] Det er vond kost å ete sine eigne ord. [Go 73] Det er vond latter som får folk til å gråte Det er vond lått som folk må gråte av. [Go 51, Oy 86] Det er vondt når eine veggen er or huset (t.d. Om saknet av ein husfar eller husmor). [Oy 173] Det er vondt når vettet vantar (manglar). [By 161, Br 197] Det er vondt og godt i alle land. [Oy 184] Det er vondt å fryse; det er helst verre å brenne seg. [*Oy 37] Det er vondt å få mange hovud under ein hatt. [By 162] Det er vondt å ha to store i ein sekk. [Oy 145] Det er vondt å halde det alle vil ha. [Oy 52] Det er vondt å rive skjorta; det er verre å rive skinnet. [Oy 135] Det er vondt å ro når åra er av. [Go 87] Det er vondt å tru alle; det er verre å tru ingen. [Oy 160] Det er vondt å vasse (vade) der ein ikkje ser botnen. [Oy 168, Br 189] Det er vondt å vere frendelaus, men verre vennelaus. [Br 193] Det er ærleg mann som held sitt ord. [Oy 112, 187] Det fell alltid noko av flyttelasset. [Oy 34] Det fell fleire av drikk enn av tørst. [Ae 133] Det fer ille, som ille er omskøytt. [Oy 67] Det fer med sorg som er sanka med synd. [By 177] Det fine er alltid betre heilt enn i knas. [jf. Oy 57] Det finst alle stader fant mellom folk og folk mellom fant. [Oy 28] Det finst boteråd mot alt, så nær som døden. [Oy 19] Det finst fleire æretjuvar enn pengetjuvar. [Go 71] Det finst ikkje tre (tømmer) så reint at det er utan kvist. [By 171] Det flyr no mykje som ikkje er fugl. [Br 55] Det følgjer hot (trugsmål) med heideren. [By 166] Det følgjer lett hemn etter skammeleg ferd. [*IA - Oy 58] Det første ein blir døv på, er øyra. [Br 38] Det første ein får lære seg her i verda, er at ingen har lov til alt han lystar. [Go 41] Det første ein meister gjer, det er at han lærer. [Oy 101] Det gamle er visst; det nye er uvisst. [Oy 41] Det gamle skal nå det nye (Gammalt forråd skal vare til ein har fått ny forsyning (etter IA - Oy 41] Det gamle står på sterke røter. [Oy 41] Det gjeld å ha gyldig forfall. [Oy 35] Det gode er ikkje akta før det vonde kjem. [Oy 48] Det gode er ikkje vørd (akta) før det vonde kjem. [Go 49] Det gode kvinnehjertet er Vårherres meisterstykke. [Br 108] Det gror ikkje mose på rullande stein. [Br 73] Det går ingen flat veg opp på fjellet. [Oy 172] Det går ingen stad underlegare til enn i verda. [Oy 175] Det går lett å rose sjøen når ein sjølv er i land. [Go 87] Det går lettare å få rik jente gift. [*Oy 44] Det går mange strå i eit lass (og mange lass i ei løa). [Oy 145] Det går ofte troll i ord. [By 162] Det går på rim som ost og prim. [Br 144] Det går seint å sanke og snart å øyde. [By 174] Det går seint å setje fot under eige bord; (å ta til med eit nytt hushald). [Oy 35] Det går skei om skei så lenge det varer. [Br 158] Det går tungt å låse når nøklane er borte. [Oy 96] Det halve er somtid betre enn det heile. [Oy 53] Det halve med fred er betre enn det heile med ufred. [Oy 53] Det har ingen nød med niste når ein har pengar i pungen. [Go 70] Det hender at hundar få noko som ikkje var meint for dei. [Oy 63] Det hender mangt uventa. [Oy 58] Det hendte som ingen hugsar, har likevel hendt. Det hjelper ikkje kor ein sår når ein ikkje får [godt] år. [Oy 125] Det hjelper ikkje kva du trur, det høver ikkje å vere fattig. Det hjelper ikkje sprang når vegen er lang. [Oy 141] Det hjelper lite at kua mjølkar når ho spenner mjølkebytta i koll. [Oy 79] Det hjertet er fullt av, renn munnen over med. [Ae 52] Det hører skjøn til skjemting. [Oy 135] Det hører svinet til at det skal rote. [Oy 149] Det hørest på talen kva stoff som er i karen [hs tøy]. [Oy 153] Det jamnaste er det greiaste. [Oy 68] Det kan bli eit stort bål etter liten gneiste. [Br 35] Det kan bli fant av folk, men aldri folk av fant. [Br 50] Det kan bli for mykje av det gode også [innført]. [Oy 48, 105] Det kan bli for mykje god import. Det kan bli stor loge av liten gneiste. [Oy 92] Det kan bu små folk i store hus. [Br 169] Det kan falle kvas av dei beste tre. [Oy 160] Det kan gleppe for den gløgge. [Go 97] Det kan gå seint å kome heimafrå. Det kan gå seint å lage det alle skal like. [*Go 74] Det kan gå troll i ord. [jf. Oy 112] Det kan ikkje alltid vere høgtid. [Oy 66] Det kan kome den dag, då kua treng rova si. [Oy 75] Det kan kome ein stor gut frå eit lite hus. [Oy 52, Ae 118, By 178] Det kan kome mykje før enden kjem. [Oy 76] Det kan kome rik manns bøn for fattig manns dør (den rike kan ein gong be den fattige om hjelp). [Oy 120] Det kan kome stans i brudedans. [Br 31] Det kan kome stor fisk i fattigmanns båt. [Oy 31] Det kan kome vatn i tørre bekkar og mjøl i tomme sekkar. [Br 126] Det kan liggje eit stort tre i eit lite frø. [Oy 159] Det kan liggje stort tre løynt i eit lite frø. [Br 180] Det kan sitje eit godt hovud under ein gammal hatt. [Br 63] Det kan til sist kome fagnad i fattighuset. [Oy 27] Det kan vel kome sorg under silkeklede. [Oy 27] Det kan vere fullt, om det ikkje flyt utover. [Oy 38] Det kan vere hardt skal omkring ein mjuk kjerne. [Br 154] Det kan vere verste såret som ikkje blør. [*Br 25] Det kjem dag etter denne. [By 187] Det kjem dag om ikkje folk er oppe. [Go 100] Det kjem fant av folk og folk av fant. [By 188] Det kjem ikkje anna ut av sekken enn det som var i. [Oy 127] Det kjem ikkje godt ut der berre ilt er inne. [Oy 167] Det kjem ikkje kval til lands kvart år (islandsk). [Oy 80] Det kjem ikkje mykje or hønerauva før det skal kaklast. [Br 88] Det kjem ikkje regn frå alle skyer. [Oy 117] Det kjem ikkje steikte fuglar flygande. [Oy 37] Det kjem inga grøde i hus utan møde. [Go 83] Det kjem ingen ørn ut av eit sporvegg. [Oy 188] Det kjem sjeldan uår på ugraset. [Br 206] Det kjem snart hemn av å bli utskjemd. [Oy 58] Det kjem sol i eit slott så vel som i eit kott. [Go 36] Det kjem svie etter kløe. [Oy 149] Det kjem vel ein gong vatn i tørre bekkar og mjøl i tomme sekkar. [Br 191] Det kjem vett med alderen. [Oy 181] Det kjem vår etter vinter. [Br 196] Det kjenst godt å ha håp om vinning. [Oy 180] Det kjører mange som heller skulle gå. [Oy 82] Det kostar å vere kar (folk). [Oy 77] Det krøkjer seg til krok, som krok skal vere. [Oy 78] Det lagar seg til krok som krok skal vere (om tre). [Oy 78] Det lagar seg ymist i lengda. [Oy 83] Det leitar på den, som lat er (arbeid røyner den late mykje). [Oy 87] Det lettaste er ikkje alltid det rettaste. [Oy 88] Det ligg ein stein framfor kvar manns dør. [*Oy 143] Det ligg ikkje troll i alle skogar. [Oy 160] Det ligg ikkje udyr i alle vegar. [Oy 163] Det ligg ikkje ulv i alle vegar. [Br 190] Det lir mens det skrid (det går vel smått, men det går likevel). [Oy 88] Det lyt ein gong vere først. [By 188] Det lyt vere i hop som er kome i hop. [Go 58] Det lytet ein ikkje kan løyne, får ein lov til å syne. [Oy 95] Det lytet ein ikkje veit av, er verre å rette. Det lytet som ein kan vaske av seg, er eit heldig lyte. [*Go 78] Det lønner seg sjeldan å kjøpe grisen i sekken. [Oy 127] Det låg på lunga, kom ikkje på tunga. [By 199] Det meste er ikkje alltid det beste. [Oy 101] Det minste kan bli det tyngste. [Oy 102] Det monnar på mila når ein går; det monnar ikkje når ein står. [Oy 104] Det må vere godt sagt, om det ikkje var betre usagt. [Br 150] Det nyttar ikkje å lyge når ingen trur det. [Br 120] Det nyttar lite å tenkje så stort at ein ikkje kan få det gjort. [Br 178] Det ordet som ligg nærast hjertet, kjem først i munnen. [Go 77, jf. Br 137] Det range blir ikkje rett før det er omsnutt. [Oy 115] Det regnar sjeldan i klare heier. [Go 102] Det rek ikkje kval på land kvart år Det er ikkje kvar dag at kvalen driv til lands. [Oy 80] Det renn ikkje mykje ut av ei tom tønne. [Oy 118] Det sanne er ofte seinaste trutt. [Oy 124] Det seint å spare på berr botn. [Oy 12] Det siste du ser av ein bra mann, er enden. [Br 27] Det sit ofte rikt barn på fattig kones fang (P. Syv). [Oy 120] Det skal ein engel til for å gå lastelaust. [Oy 25] Det skal gode ord til å fange folk med. [Oy 111, 112] Det skal godt løynast som kråka ikkje skal bli var. [Br 107] Det skal harde hogg til harde kubbar. [Oy 61] Det skal ikkje store vass-skvetten til å kristne ein husmannsunge med. [Br 191] Det skal ikkje vere for lite, og heller ikkje for mykje. [Oy 101] Det skal lite til for å glede eit barn ['Hugga' tyder 'hogge, pryle, slå', og finst i både 2. og 3. utgåve. 'Huge' derimot tyder 'tiltale, behage']. [Oy 8] Det skal lite til når lykka vil. [Go 20] Det skal mang ein gong meir vett til å teie enn til å seie. [Br 197] Det skal meir enn éin stokk til ein vegg. [Oy 144] Det skal meir til enn ære for å leve Berre ære og inga lønn kan ingen leve av. [Oy 186] Det skal meir til lærdom enn berre lesing. [Oy 96] Det skal sterk rygg til å bere gode dagar. [Oy 18] Det skal sterke [skuldrer] herder til tunge byrder. [Oy 58] Det skal sterke nevar til tunge tak. [Oy 108] Det skal vere grei tråd det ikkje kjem nokon snurr på. [Go 62] Det skal vett til å gjere seg galen også. [Oy 181] Det slumpar til at det kjem lort av gildt folk også. [Br 118] Det smakar godt, som sjeldan bydast. [Oy 136] Det små kan smette der det store står fast. [Oy 136] Det som alle gjer, er inga skam. [Go 25] Det som blir utsett til seinare høve, kan bli utsett lenge. Det som brasar snart opp, det brenn ikkje lenge. [By 162] Det som det ikkje er vondt i, er det lite godt i. [By 162] Det som ein ser, det lyt ein tru. [Oy 129] Det som einstad er ære, er annanstad skam. [Oy 186] Det som er bøtt, held ofte så lenge som det som er heilt. [Oy 17] Det som er dødt, er snart gløymt av. [Go 18] Det som er fast, er lett å fange. [Oy 28] Det som er gjort i dag, ligg ikkje ugjort i morgon. [Oy 46] Det som er gøymt i dag, det er ikkje mist i morgon. [Oy 52] Det som er ilt, går snart i arv. [Br 11] Det som er kjært, er alltid vent (vakkert). [Oy 73, Go 59] Det som er kome til eitt og tvau (to), kjem snart til seks og sjau (sju). [Br 185] Det som er moro for kjetta, er ikkje moro for musa. [Br 8] Det som er skrive bak øyra, blir ikkje gløymt. [Br 160] Det som er slått til ei krone, blir aldri nokon tiar. [*Br 36] Det som er spart, er vunne. [Oy 140] Det som er tillaga [reidd], er nesten oppete. [*Oy 117] Det som er under, kan ein gong kome opp. [Oy 165] Det som fyller hjertet mest, kjem først fram i munnen. [Oy 61] Det som først er kome i ulvekjeft, kjem ikkje heilt ut av den. [Br 186] Det som først kjem i karet, setter ein smak etter seg. [Oy 39] Det som først kjem til mølla får først male. [Oy 105] Det som gagnar, er godt nok. [By 170] Det som gjer gagn, er godt nok. [Oy 40] Det som Gud vil ha fram, kan ingen hindra. [Oy 51] Det som går inn eine øyret og ut det andre, er nok til fånyttes på eit vis. Det som hovudet gløymer, lyt beina unngjelde. [Go 21] Det som ikkje duger til duk, duger til tørkeklut. [Oy 21] Det som ikkje er sakna, er ikkje misst. [Br 126] Det som ikkje er stole eller brent, kjem for dagen att. [Br 28] Det som kan gå føre seg i kjærleik, kan vare nesten utruleg lenge. Det som kjem for ofte, vil snart vere leitt. [Oy 156] Det som kjem frå hjerte, det går til hjerte. [By 165] Det som kjem først i kanna, smaker det lengst av. [*Br 161] Det som kjem først i sekken kjem sist ut. [Go 40] Det som kjem først i sekken, kjem helst sist ut att. [*Oy 39] Det som kjem i segna, veks i lengda. [Br 150] Det som kjem sjeldan, verkar fort friskt og nytt. [Oy 129] Det som kostar lite, er lite vørd. [Br 117] Det som kvar mann liker, er langt å trette om. [Oy 89] Det som ligg i golvet, dett ikkje ned. [Oy 48] Det som manglar i vett, får lykka fylle. [By 161] Det som skal bli stort, vil vakse seint. [Go 34] Det som skal ut, er visst; det som skal inn, er ofte uvisst (om utgifter og inntekter). [Oy 167] Det som snøgt brasar opp, det brenn ikkje lenge. [Br 28] Det som står lågt, det dett ikkje hardt. [Oy 85] Det som tidleg blømer, vil tidleg bleikne (blakne). Det som tidleg mognar, vil tidleg morkna. [Oy 156] Det som året krev er visst, og det som det gir er uvisst. [Oy 6] Det spørst vel kor mannen låg om natta. [Go 74] Det stygge varer lenger enn det fine. [Oy 91] Det står fritt å spørje, og fritt å svare nei. [Oy 141] Det står ikkje i åtte år som i åtte dagar. [Oy 143] Det står ikkje på når lykka leitar etter mannen. [Oy 93] Det står ikkje vel til med mannen når han ber om hjelp hos grannen. [Go 68] Det står mang ein prest ved hoggestabben. [Go 30] Det svarer seg ikkje å pisse i sokkane for varmen sin skuld. [Br 126] Det svarte svir ikkje. [Oy 148] Det svik ikkje før det røyner på. [Br 172] Det syner på fjøra kva fuglen er. [Oy 32] Det syner på hamen korleis helsa er. [Oy 53] Det syner på hesten kva hage han går i. [Oy 60] Det syner på huset kva husbonden er. [Oy 64] Det syner på kjøredoningen korleis karen er. [Br 99] Det syner på vennene kva vettet er (Det viser seg på vennekretsen hans kva forstand han har). [Oy 179] Det syner på verket kva vettet er. [Oy 176] Det søv ikkje alt som blundar. [Oy 140] Det tre veit, det veit snart alle (jf. tysk: Was drei wissen, erfahren bald dreissig). [Oy 159] Det trengst gode ord til vondt ærend Det trengst helst gode ord til ei låk ærend. [Oy 111, jf. 112] Det trengst ikkje ris når guten er vis Det trengst ikkje ris til den som er vis. [By 180, Oy 120] Det trengst ingen meister til å moke fjøset. [By 169] Det trivst ikkje lus i reinskura hus. [Br 119] Det trivst ikkje mus i matlaust hus. [Oy 104] Det umodne kan bli godt, men ikkje det rotne. [jf. Oy 116] Det vakre blir styggare dag for dag, men det stygge står ved lag. [Go 78] Det var på eit hengande hår. [By 197] Det var snautt. [Br 191] Det var så ein stein kunne gråte. [By 201] Det veks truleg i lang tid, det som skal stå lenge. [*Oy 173] Det veks ugras i kvar manns hage. [Br 186] Det verste lyt òg bli gjort (om arbeid). [Oy 176] Det vesle minskar i vanlykka. [*Oy 90] Det vi ser og hugsar, kan somtid berge båten. Det ville vere skam å lengte etter sommaren så lenge det er jul i huset. [Br 93] Det vonde er snart fått (pådratt), og ikkje så snart avgått (gått). [Oy 184, By 185] Det Vårherre vil ha, kan ingen halde igjen. [Go 28] Djupe sår er seine å lækje. [Go 48] Doktordropane er dyre, men sakførarblekket dyrare. [Br 148] Drikk først og fremst for tørsten, ikkje for lysta. [Oy 21] Drikk mens du lystar, tønna har ei syster. [By 196] Drukken skipper treng fastande matros. [Br 156] Du blir ikkje kvit sjølv, om du trakkar andre svarte. [Go 73] Du bør halde det du lover. [jf. Oy 53] Du får vere dristig, men med varsemd. Du kan lese (preike, moralisere) for tjuven, men ikkje for løgnaren. [Go 76] Du kan sale bukken så han er like kostbar som hesten. [Go 94] Du må ikkje snakke om det! [Br 163] Du skal ikkje få ein bonde til å tru at reven verpar egg. [Go 96] Du skal ikkje lokke lusa til (senge)fellen, den kjem tidsnok likevel. [Go 92] Du veit knapt nok kva vondt er før du kjenner det. [Oy 71] Dugleik kan spare halve tida. [Oy 52] Dyra er visast (siktar til dyras evne til å kjenne årstida og vêret). [Oy 180] Dyre varer skal ein heller kjøpe på utsal. [*Go 71] Dyre varer skal ein kjøpe i godt lys. [*Oy 170] Dyret er ikkje så dumt at det ikkje har ein vilje. [Oy 63] Død manns arv fer vidt. [Go 72] Døden er enden på alle segner. [Oy 19] Døden er tiltenkt alle. [Oy 19] Døden er viss, tidspunktet uvisst. [Oy 19] Døden står dei unge på lur, og dei gamle for tur. [Br 37]
Dårleg smed skuldar støtt på verktøyet. [Br 162]
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20022009, Tormod Kinnes [E-MAIL]. Disclaimer: [LINK] |