NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk

 13 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



F

Fager ætt gjer mannen glad.

Fagre ord frygdar. [By 203]

Fagre ord fyller ingen mage. [Br 123]

Falsk kjærleik kjem nær kongeleg smiger, og smakar verdsetjing.

Falskt hår er ikkje det beste.

Far i mak, så kjem du best fram. [Oy 97]

Faren får fiendar til å halde saman. [Oy 29]

Fattig mann kan også få ein god dag. [Oy 29]

Fattig manns klokke (sola) treng aldri dragast opp. [Br 101]

Fattigdom er inga skam (utan den er sjølvvald). [Oy 3]

Fattigdommen er ein lei sengefelle. [Oy 3]

Fattige og rike er alle i døden like. [Oy 29]

Fattige venner skal ingen forsmå (dei hjelper så langt som dei når). [Oy 179]

Fattigmanns trøst er å trøste seg sjølv. [Br 51]

Feir jul så du har eitkvart godt til pinse.

Feitt land føder late folk (tysk). [Oy 83]

Fekk fiskaren alt han ønskte, blei båten for full. [Go 86]

Fellessekken blir alltid for liten. [Oy 127]

Fiendskap er lett å kveike; det er seinare å sløkke. [Oy 31]

Fiendskap er snart tent og seint sløkt. [Go 52]

Finaste frakken blir snarast flekkete. [Br 52]

Fine klede skjuler mange lyte. [Oy 75]

Fisken bit best på sølvkrok. [By 175]

Fjellmann er sjeldan sjømann. [Go 86]

Fleire angrar på det som er sagt enn på det som er tagt. [By 164]

Fleire spør etter rikdom enn etter visdom. [Oy 120]

Fleire vil vere rike enn vise. [Oy 120]

Flugene og jentene er like - dei dansar helst kring det som blenkjer. [Br 37]

Fløyelsbot på vadmålsbrok vil ikkje høve i hop (vadmål er tjukt ulltøy - IA). [Oy 34]

Folk blir alltid best samde på full mage. [Br 151]

Folk er iblant slik som ein fer med dei til. [*Oy 34]

Folk som er storleg forkasta, trivst truleg best for seg sjølv. [*Oy 115]

For dei unge er mangt ulært (IA). [Oy 165]

For døden er ein ingen stad trygg. [Oy 19]

For ingen ting får ein ingen ting. [Oy 56]

For linn er eit lyte; for strid er verre. [Oy 89]

For mykje heider er til skade. [Oy 57]

For mykje nåde er ein våde [fare]. [Oy 107]

For mykje og for lite skjemmer allting ut. [By 167]

For mykje og for lite skjemmer nokså snart. [Br 158]

For mykje råd er uråd. [Oy 116]

For somme er "ein annan gong" jamgodt med aldri.

For stor ære er ei uheppe • For stor ære er mest ei skam. [Oy 186]

Forfall kan lovt bryte. [Oy 35]

Forsøkt er ikkje fullgjort. [Oy 36]

Fram og tilbake er like langt. [Oy 36]

Framsyn er halve føda. [Oy 35]

Fred kviler på vakre draumar. [Oy 36]

Fremmend barn har mange lyter. [Br 16]

Friske folk treng ingen lækjar. [Oy 36 ]

Friske treng ikkje Jesus [Matteus 9:11-12]

Frå ord og til livsverk er vegen lang.

Frå ord og til verk er vegen lang ( Von Worten zu Werken ein weiter Weg). [Oy 111]

Frå ord og til verk er vegen stundom lang. [*By 164]

Frå seksten til tjue er fire løglege år. [Go 54]

Fuglen er ikkje flygeklar med det same han kjem ut av egget • Fuglen er ikkje flogen med same han kjem frå egget. [Oy 38, Br 59]

Fuglen er ikkje så fager i handa som på kvisten. [Oy 27]

Fuglen flyg aldri så høgt at han ikkje kjem att til jorda. [Oy 38]

Fulle fat skal ein bere varleg. [Oy 28]

Fullt mål er ikkje for mykje. [Oy 100]

Furuskog trivst ikkje i god jord. [*Br 141]

Færre ville lyge når færre ville høyre (lytte) på. [Go 74, Oy 91]

Færre ville skravle laus om færre ville høyre på. [jf. Oy 21]

Føre var er betre enn etter snar. [By 167]

Føre vis fór aldri gale. [Oy 39]

Først kome, først hjelpt (jf. First come, first served). [Oy 39]

Første taket vil falle tungt. [Oy 152]

Førstemannen har største håpet. [Br 124]

Førsterettar er bra å ha. [Oy 39]

Få ting blir så vel bøtt at det ikkje var betre heilt. [*Oy 17]

Få ting er så gode at ein ikkje kan bli lei av dei. [jf. Oy 48]

Få venner og få uvenner er hollaste [nådigast] å ha. [Oy 178]

Får pokker ein finger, tek han heile handa • Får fan først ein finger, tek han snart heile handa. [Oy 30, Br 50]

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2002–2009, Tormod Kinnes [E-MAIL].  —  Disclaimer: [LINK]