NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk

 13 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



G

Gagn i allting bør vel ingen vente. [jf. Oy 8]

Gale er å alle tru, men verre ingen. [Br 8]

Galne folk skal ein gå av vegen for. [By 161]

Galne gutar bli gode menn. [Oy 52]

Galne hundar får rivne skinn. [Ae 170]

Gaman dreg folket saman. [Oy 41]

Gamle båtar vil leke [om gamle også] • Gamle båtar vil ofte leke. [Oy 8, *Br 35]

Gamle kattar må òg lepje. [Go 27]

Gamle kyrkjer har dimme glas (vindauge) [Gamle kan få vanskar med å sjå]. [Oy 82]

Gamle skinn treng mykje smurning. [Oy 132]

Gamle soger får mange tillegg. [Oy 138]

Gamle stutar har harde horn. [Br 171]

Gamle sår er seint grødde. [By 185]

Gamle varer er lite vørde. [Oy 169]

Gamle venner skiljast ikkje for eit skjemtande ord. [Oy 179]

Gamlekua har også vore kalv. [Oy 78]

Gammal forsyning skal vare til ny forsyning kjem. [Oy 40]

Gammal hest finn vegen best. [Oy 60]

Gammal hund er ikkje lett å narre. [Go 27]

Gammal kan vere god i råd. [*Jf. By 204]

Gammal kjærleik rustar ikkje. [Oy 73]

Gammal og galen gjer ingen høgleg.

Gammal rev er vond å jakte. [By 161]

Gammal rev er vond å veide (jakte). [Oy 119, Go 53]

Gammal vane er vond å vende. [Oy 169]

Gammal vane held seg best. [Oy 169]

Gammalt folk har nok ymse lært. [jf. Oy 34]

Gapen talar om det han hører, den kloke om det han ser. [Br 176]

Garden gifter karen. [Go 55]

Gardlaus gut blir jamt hardast handsama.

Gauken gjel ved lauvsprett og tagnar for høysåter. [Oy 42]

Geita er fattigmanns ku. [Br 65]

Gi slik i dag at du kan gi i morgon også. [Oy 44]

Gift deg mens du ser, sia er det heller seint. [Oy 43]

Giftemål er ikkje hestekjøp. [Oy 43]

Giftemål er som åleteina: Somme som er ute vil inn; somme som er inne, vil ut att. [*Oy 43]

Gifting er eit vågespel; går det vel, er det mykje vel. [Oy 43, jf. Go 56]

Gifting på ei von er mange til skade. [Oy 43]

Gilde klede løyner mange lyte. [Br 101]

Gjerde gjer grannar vel forlikt. [Oy 42]

Gjerrig mann blir ikkje mett før i molda. [By 174]

Gjestebod er ikkje fattigmanns forum. [Oy 46]

Gjetetuva krev mat (ein gjetar har alltid god matlyst - IA). [Oy 46]

Gjort gjerning har inga attervending. [Oy 45]

Gjort i dag er ugjort i morgon. [Go 89]

Gøymt er ikkje gløymt (berre ein veit å finne det - IA). [Oy 52]

Gjer det du skal og la kome kva som vil. [Go 49]

Gjer du ditt, gjer Vårherre sitt. [Br 200]

Gjer ikkje i dag det du kan utsetje til i morgon [skjemt, truleg]

Gjer vel, så fer du vel. [By 167]

Gjer vel; det spørst minst. [Oy 173]

Gjere vel og høyre vondt er alltid tungt. [Oy 173]

Gløgg gjeter gløggare vørdar.

God bok treng inga forgylling. [Oy 12]

God flid gjer store verk. [Oy 160]

God fôring gjer fagert fe. [Oy 35]

God gris vaskar seg sjølv. [Oy 50]

God kake er si eiga marknadsføring.

God lønn gjer hage hender. [Oy 96]

God og dårleg tillit krev ulike slags menneske.

God rett kan òg forspillast. [Go 33]

God rett kan og gå spilt. [Oy 118]

God rett vil somtid ha god hjelp. [Oy 118]

Gode dagar er dyre. [Oy 18]

Gode råder er oftast dyre. [Br 147]

Gode stunder gå jammen fort. [*Oy 146]

Gode varer mest sel seg sjølv. [*Oy 170]

Godmaten er gløymt så snart den er slukt. [Oy 48]

Godt folk er kjekt å ha med å gjere. [Oy 34]

Godt folk kan òg få vanskar og vanskjebne. [Oy 34]

Godt fôr gjer (fremmer) godt fe. [By 190]

Godt følgje gjer langevegen lett. [Oy 38]

Godt hjerte og tom hand vil ikkje semjast. [Oy 61]

Godt kjøp har vide grenser.

Godt lag gjer kort dag. [Br 36]

Godt lag gjer langevegen lett • Godt lag gjer lang veg lett • Godt lag gjer lange vegar lette. [Oy 82, Go 61, By 179]

Godt menneske kan også bli gjort arg. [Oy 48]

Godt mod er i motgangen best. [By 186]

Godt nok er nest det verste. [Oy 48]

Godt råd i rette tid hindrar både harm og strid. [Oy 116]

Godt samvit er godt å sove med. [Oy 124]

Godt samvit gjer gladt andlet. [By 166]

Godt tolmod ber tunge byrder fram. [Oy 157]

Godt å vere var; leitt å vere altfor var. [Oy 169]

Granne kjenner granne best. [Go 72]

Grauten i grannegryta er alltid best. [Br 72]

Greina som ber mest frukter, bøyer seg djupast. [Br 59]

Grisen er ikkje kresen, seier ikkje nei til snusk.

Grisen har ingen grunn til å vere kresen i gryta.

Groande sår skal ein ikkje rive. [Oy 125]

Gråt grev ingen opp av grava. [Br 74]

Gråten grev ingen opp att av grava. [By 163]

Gud elskar ein glad givar. [Br 75]

Gud kan leggje visdomsgull i barnemunn. [*Br 16]

Gull er godt; men mat lyt ein ha aller først. [Oy 51]

Gull er gull om det enda ligg i sørpedungen • Gull er gull om det så ligg i bosset • Gull er gull om det enn ligg i søppelhaugen. [Oy 51, Go 26, By 166]

Guten er far til gubben. [Br 75]

Guten veks, men buksa ikkje. [Br 192]

Gøym ein klut i fire år; treng du han enda ikkje, så kast han vekk. [*Oy 75]

Gåande ord vil vekse på vegen. [Oy 112]

Gåsa lærer seg sjølv å symje. [Oy 42]

Gåsa toler godt at ein skvetter vatn på henne. [Oy 42]

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2002–2009, Tormod Kinnes [E-MAIL].  —  Disclaimer: [LINK]