NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk

 13 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



H

Ha dei gamle til råd og dei unge til hjelp [Oy 40].

Ha, få og må er ikkje noe å gå til bords på [Go 66].

Hadde han vore klok som nasen er lang til [Br 131].

Hadde rauva vore av glas, hadde ho gått i knas, men ho er av kjøt og blod, derfor sprekk ho berre i to [Br 143].

Hadde rauva vore av glas, så hadde ho gått i knas (når ein dett og ikkje slær seg) [By 200].

Hadde vi større vett, så hadde vi mindre strev og stri [Oy 181].

Hag hand får mangt i stand [By 169].

Halde opp i rette tid er ein god kunst [Oy 52].

Hallande lass er lett å velte [Oy 53].

Halt er betre enn fotlaus [Oy 53].

Halv bot er inga bot [Go 80].

Halv skade er betre ein heil [Oy 130].

Halvgjort skal ein verken rose eller laste [Ae 139].

Han beinlaus bankar på veggen (om vinden) [By 195].

Han blir alltid mann som noe godt kan [Oy 98].

Han blir ein gong vørd som er vørdnad verd [By 166].

Han blir ikkje vis som ikkje er nysgjerrig [By 161].

Han druknar ikkje som dingle skal [Br 40].

Han er blind som auget på ei trenål [Br 135].

Han er ein dåre som kastar hjertet sitt på bordet [Br 42].

Han er fager som fer fagert fram [Oy 26].

Han er god å lokke, som vil hoppe etter [Oy 92].

Han er godt verd som er godt lærd [Oy 96].

Han er heldig som aldri går eit steg fåfengt [Oy 30].

Han er heldig som har hus over hovud [By 177].

Han er ill som ingen ting godt vil sjå [Oy 66].

Han er klok som lærer av annan manns skade [Oy 74].

Han er lat som lastar logna (som lastar still sjø for di han blir nøydt til å ro) [Oy 84].

Han er lett å lokke som etter vil hoppe [Br 117].

Han er mye redd som ikkje tør å skjelve [Oy 122, Go 93].

Han er rik nok, som er nøgd med sine [Oy 119].

Han er sterk som er klok [Br 100].

Han er sæl som blir logen på [Br 120].

Han er så gammal som alle haugar [By 197].

Han er tofalding fattig som rik har vore [Br 51].

Han er traust som stein og stø som ein hoggestabbe [Go 90].

Han er uheldig som svelt i hel i julehelga [Go 46].

Han fer ikkje heilt ille, som vender i tide [Br 193].

Han finn alltid nok orsak som strid vil ha [Br 170].

Han får alltid hjelp som sjølv kan hjelpe [Go 64].

Han får alltid sko som har skillingen [Go 70].

Han får ein gong bør som biar (ventar) [By 168, Br 34].

Han får ein gong bør som biar, og hamn som ror [Go 86].

Han får følgje land, som har lek båt [Oy 83].

Han får få venner som sant seier [Br 149].

Han får ikkje springa, som har langt å gå [Oy 141].

Han får ikkje vere tykken, som snikje skal [Oy 163].

Han får la seg leige som ikkje kan eige [By 179].

Han får lute, som har låge dører [Oy 94].

Han får mangt li, som ikkje kan bie [Oy 88].

Han får røyne [erfare] mye, som skal leve lenge [Oy 123].

Han får søkje det små som ikkje det store kan få [Br 169].

Han får teie, som har vett [Oy 154].

Han får traske berrføtt lenge, den som ventar å arve annan manns skor [Br 159].

Han får vite lite, som ikkje kan teie [Oy 182].

Han får ymse li, som alltid vil stri [Oy 88].

Han gjør alltids vel, som ikkje gjør ille (Om du ikkje hjelper oss, så er det likevel godt at du ikkje skader oss) [Oy 173].

Han gjør nesten ei velgjerd som stel kveldsmaten frå ein storetar [*Br 124].

Han gjør vel som trugar før han slår [Oy 161].

Han græt ikkje for gull, som ikkje gull har ått • Han græt ikkje for gull som ikkje har sett slikt [Oy 50, Go 65].

Han hadde ikkje reint mjøl i posen sin [Br 126].

Han held hardast i rova, den som eig kua [Oy 122].

Han held med klypa og slepp med handa [Go 94].

Han kan heider få, som er heider verdt [*Oy 57].

Han kjem seint til skogen som er redd kvar buske [Oy 133].

Han kjem vel fram, som fer makelig [*Oy 36].

Han kjenner båten bra som har bygt den [Oy 8, jf. Go 87].

Han kjenner trulig vegen best, som gjekk den sist • Han kjenner vegen best som gjekk den sist [*Oy 172, Br 191].

Han kjører godt lass til garden, som får god kone (dansk og islandsk) [Oy 84].

Han klatrar ille opp som ikkje kan klatre ned att [Br 188].

Han leikar ikkje lint, som livet skal verja [Oy 90].

Han lenge lengtar, som mye ventar [Oy 87].

Han ler best som ler sist [Oy 95].

Han let til å vere svær som har skrapa grytene hos dei store [Br 74].

Han let vel som vil låne, og ille som skal gi tilbake [Go 96].

Han lyt bruke vettet som vett har [Oy 181].

Han lyt opp [og fram], som skal vinne [Oy 166].

Han lyt sitje på det same kongen, som vi (sessen sin) [Oy 76].

Han lyt skreppe sjølv, som har låke grannar [Oy 134].

Han lyt spørje, som ingenting veit [Oy 141].

Han lærer lett, som hugen har [Oy 96].

Han misser ikkje, som først får [Oy 102].

Han mister ingen ting som ikkje har noen ting [Go 66].

Han mister minst som minst har [Go 66].

Han må bukke som maktar minst, dei store fiskane et dei små [Go 34].

Han må sjå vel som vil seie sant [*Br 153].

Han røder stundom mest, som minst veit [*Oy 123].

Han ser ikkje skogen for tre [By 200].

Han ser myggen geispe på kyrkjetårnet (han trur han ser klarare enn andre) [By 199].

Han sit ille som ikkje kan stå opp [Oy 128].

Han skal grave djupt, som vil byggje høgt [Oy 49].

Han skal ikkje låne hender som har sjølv [Go 80].

Han skal ikkje rose seg sjølv, som vil ha god ros [jf. Oy 134].

Han skal ikkje skryte sjølv, som vil ha skryt [Oy 134].

Han skal ingenting vitne, som ingenting veit [Oy 183].

Han skal rekne som vil bli rik [Oy 118].

Han skal sjølv vere rein som vil vaske andre [Oy 117].

Han skal sjå vel på mora, som vil ha dottera [Oy 103].

Han skal sjå vel, som vil seie sant [Oy 128].

Han slepp å ro som får reke med straumen • Han som får reke med straumen, slepp vel å ro [Oy 121, Go 87].

Han som trakkar deg på tærne, kan no ikkje støtt bli ståande der [Br 185].

Han spelar best som vinn (til sist) [Br 166, By 171].

Han spelar best, som ikkje taper [Oy 141].

Han spring langt, som spring ifrå rova si [Oy 141].

Han spør, som ikkje veit, og trivlar, som ikkje ser [Oy 141].

Han spør, som ingenting veit: Har høna spenar? [Oy 141].

Han søv godt, som ikkje kjenner kor hardt han ligg [Oy 140].

Han takkar først som har best vett [Oy 152].

Han takkar somtid minst som har fått mest [Oy 152].

Han taler ikkje best som taler mest [Oy 153].

Han taler mest, som minst veit [Oy 153].

Han taler mest, som tenkjer minst [Oy 153].

Han tenar for god lønn, som lærer å vere husbond [Oy 154].

Han tigger minst som treng mest [Oy 156, jf. Br 178].

Han tok seg vatn over hovud [By 201].

Han treng harde hender som med vanlagnaden skal takast [Br 111].

Han treng kvasse klør som skal klorast med fanden [Br 50].

Han treng vett, som skal fare vidt [Oy 181].

Han undrast mye, som lite veit [Oy 165].

Han vasar mest som veit minst [Oy 170].

Han veit korleis ein annan verkjer som sjølv har kjent det same [Oy 176].

Han ventar vondt, som vondt har gjort [Oy 184].

Hand og munn skal følgjast åt (Det bør følgje gjerning etter ord; ein skal halde det ein lovar - IA) [Oy 53].

Har du sjølv løyst ei gal merr, får du sjølv bitte henne [Br 22].

Har ein dei som kling, får ein alltid dei som spring [Br 100].

Har ein ikkje éi krone, får ein ikkje to [Go 95].

Har ein ikkje stige, får ein låne grannen sin [*Go 42].

Har ein ikkje tid, får ein ta seg tid [Oy 155].

Har fått og kan få er ikkje noe å gå til bords på [Br 61].

Harde kubbar brenn lenge [Br 28].

Hardt hjerte gir kvass tunge [Go 76].

Hardt mot hardt, sa kona, sette rumpa mot tornebusken (dansk).

Hardt ver står ikkje lenge på [Oy 172].

Hast er god når huset vil brenne [Oy 55].

Hat er fleire til harm enn til hugnad (glede) [Oy 55].

Hat i reiret er til lite hygge.

Haust er vinters førebod [By 191].

Haustnatta er som barnerumpa; ho er ikkje truande [Oy 55].

Haustnatta kjem alltid dettande (brått - IA) [Oy 55].

Heil båt er betre enn brote skip [Oy 8].

Heilt og reint er beste stasen [Oy 57].

Heilt rein hand treng inga vasking [Oy 54].

Heime ala er borte galen [*Go 60].

Heime er kvar mann herre [Oy 57].

Heimegjort kan også vere velgjort [Oy 57].

Heldig er den som aldri blir skadd [Oy 55].

Heldig er den som blir visare av annan manns skade [*Br 197].

Heldig er den som har passe mange venner [Oy 178].

Helgeplagg blir ein gong kvardagsplagg [Oy 58].

Heller døy opprett enn leve på kne [Br 115].

Heller vennelaus enn hudlaus [ein kan ikkje leve utan hud].

Helsa er ikkje vørd før vanhelsa kjem [Oy 58].

Helsa er snart sakna og seint funnen igjen [By 185].

Helvete er ikkje slepphendt [Br 82].

Herremanns barn har herremanns hug [Oy 59, jf. Br 16].

Hestejobbing fører til hesteåtferd.

Himmelen er blå om ikkje den blinde ser det [Go 30].

Hjelp til sjølvhjelp er enno verdt eit grann.

Hjerte og munn skal følgjast åt [Go 26].

Ho Flekkros fekk vel ikkje namnet sitt for ingenting [Br 131].

Ho Lillevakker kan bli spara frå å delta i yrkeslivet; det spørs kven ho ligg med som ung [jf. Bsa 104].

Hovudlaus hær kan ille stride [Oy 62].

Hugen (sinnet) fer heile verda omkring [Br 85].

Hugen går ikkje bort med dugen [Oy 63].

Hunden får sjeldan steik utan han stel den [Go 85].

Hunden veit kva skinn han skal rive [Oy 63].

Hunger krev ikkje herrerettar [Go 46].

Hungeren krev ikkje herrerettar [Oy 64].

Husmanns hage kan òg bere blomar [Oy 65].

Husmanns høne kan òg verpe egg [Oy 65 jf. Br 87].

Hygge heime er daglig gjestebod [Go 60].

Høge hattar passar ikkje i låge hus [Oy 55].

Høge herrar få sjeldan høre sanning [Oy 59].

Høgferd kostar meir enn ho er verd [Oy 66].

Høgferd passar ikkje til fattigdom [hs armod] [Go 68].

Høgste huset kjenner hardaste stormen [Oy 64].

Høgt hus er jamlig tomt under taket [Go 82].

Høgtida varer ikkje ut veka [Go 100].

Høre er godt, men sjå er enda betre [Oy 66].

Høveligast fall er alvorsamt.


BØLGJE

Litteratur
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2002–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]