![]() |
Norske ordspråk | |||||
| 13 2 5 | ||||||
|
JJamt og smått går verket best. [Oy 68] Jentehugen kan òg vere heit. [Oy 45] Jentemunnen er mjuk, men ein skal ikkje tru den. [Br 128] Jentene likar galningar best. [Br 65] Jorda som heng i husbondens sko, gjødslar best. [Go 83]
KKaldt er betre enn kokande. [Oy 69] Kalven lærer av kua. [By 179] Kan du leggje salt på stjerten til skjora, kan du ta henne også. [Br 158] Kan du skjøne kor det blir av den blide jenta; for ein ser sjeldan ei blid kone. [Go 54] Kast ikkje frå deg det gamle før nytt står samla. Kast ikkje ut spedbarnet med det skitne vaskevatnet. Katten kjem alltid ned på beina. [Ae 172] Katten liker seg der den blir stroke. [Go 59] Katten veit kva han skal verja seg med. [Oy 70] Katten veit kven han kjæler med. [Oy 70] Katten vil gjerne ete fisken, men ikkje væte labben (foten). [Ae 171, By 181] Kjelen ler av gryta, og er svart sjølv. [Go 62] Kjem gamlemerra først på trav, er ho ikkje god å stogge. [Br 125] Kjem tid, kjem råd. [Ae 89] Kjenn deg sjølv [gresk visdom: gnothi seauton ] Kjenne seg sjølv er ein stor kunst. [Oy 71] Kjerneved er varig nok [cf. Oy 1] Kjærleik verkar bra når den er passe varm og klok. Kjærleiken er like varm i filler som i fagre klede. [Br 98] Kjærleiken fell like lett på ein lort som på ei lilje. [Ae 96] Kjærleiken går ikkje berre etter fagre klede. [*Oy 73] Kjærleiken har gjort mange til menn, men fleire til fåmingar. [Br 98] Kjærleiken ser ikkje alltid etter venleik. [Oy 73] Kjærleg auge ser nokre lyte. [jf. Oy 73] Kjært minne kjem ofte att. [Oy 102] Kjært må vike når kjærare kjem. [Go 59] Kle deg som dei fleste og lev som dei beste. [Oy 75] Kloke barn blir sjeldan langliva. [Br 100] Kloke fuglar kan òg bli fanga. [Oy 27] Kloke høns kan også bli ute. [Oy 66] Kloke ord har sin pris -. [Oy 112] Klokka går like godt om ingen ser på henne. [Oy 74] Klokskap er ingen trollskap. [Oy 74] Klokt og vist blir det sanne innsett. Knivlaus er tett på livlaus. [Br 102] Knyt ikkje neven, gut - slepp det ikkje noko ifrå den, kjem det heller ikkje noko i den. [Br 133] Kom alle tankar fram, fekk mange last og skam. [Oy 153] Kongen har mange øyre. [Go 32] Kongen lyt sitje på det same som vi (sin eigen bakende). [Br 104] Kongen vil segle, men børen rår. [Br 34] Kortspel og vin har gjort mange til svin. [Br 104] Kresen kone får sjeldan sur mjølk. [By 205] Krig aler ny krig. [Br 105] Krokete tre brenn like godt som beine. [Oy 159] Krybba skal ikkje vere høgare enn hesten. [Oy 78] Kråka blir ikkje kvitare same kor mykje ho vaskar seg. [Br 106] Kråka er gildaste fuglen der det ikkje finst fleire. [Oy 77] Kråka gir ungdom det ho ikkje vil ha sjølv. [Oy 44] Kråka tykkjer best om sine eigne ungar. [Go 38] Kråka tykkjer ho flyg fort når ho flyg for seg sjølv. [Go 65] Kråka veit kva purke ho skal sitje på. [Oy 77] Kua kjem ikkje i hug at ho var kalv. [Oy 69] Kua mjølkar i forhold til det fôret ho får. [*Oy 79] Kunne gapen teia, så trudde folk han var klok. [Oy 154] Kunnskapen er lett å vere. [Br 107] Kunsten er lett å bere. [By 169, Go 21] Kva som er tungt og lett, hjelper ikkje når det gjeld rangt og rett. [Oy 161] Kvar bygd har sin sed. [Br 150] Kvar dømmer etter sitt eige vett. [Oy 22] Kvar eg seg sjølv nærast. [Oy 110] Kvar er herre i eige hus. [Br 87] Kvar er sin knute kunnig (Einkvar kjenner sine eigne planer best). [Oy 75] Kvar er sine saker [tøler] lik [Den som held orden i sakene, tel for seg sjølv]. [Oy 163] Kvar fant held med sitt følgje. [Go 36] Kvar fugl har sin song. [Oy 37] Kvar fugl syng med sin nebb. [Oy 37] Kvar får bere si eiga byrde. [Oy 8] Kvar får følgje eigen natur. [Oy 44] Kvar hane er byrg på sin eigen møkkadunge [møkkahaug]. [Oy 54] Kvar har sin djevel å dragast med. [Br 38] Kvar kjenner sin saknad best. [Oy 124] Kvar kjenner sin sko klemme. [Oy 71] Kvar kjenner sitt handverk best. [Oy 71] Kvar kjenner sitt sakn. [Oy 71] Kvar klagar si kvide. [Oy 73] Kvar lèt til å ha nok med sitt eige strev. [Br 134] Kvar lyt vere som han er vaksen til. [Oy 175] Kvar og ein kjenner nokre mistenkte. [Oy 71] Kvar rår etter sitt syn. [Oy 117] Kvar seier som kvar har erfart. [Oy 126] Kvar si lyst. [Ae 157] Kvar smed har sin sed. [Br 150] Kvar sokn har sine seder. [Go 61] Kvar synest eigen skade er verst. [Go 47] Kvar syng som kvar har mål (mæle) til. [Oy 151, Br 173] Kvar tenkjer på sitt. [Oy 155] Kvar ting til sitt bruk: det vene for auget, det feite for magen, månen om natta, og sola om dagen. [Br 30] Kvar vil kare eld under si gryte. [Go 62] Kvart kjerald får stå på sin botn. [Oy 72] Kvart land har sine fordelar. [Oy 83] Kvart land har sine seder. [Oy 83] Kvart land har sine ulemper. [Oy 83] Kvart til sitt bruk. [Br 152] Kvelden vil ha sin rett (nemleg kvile). [Oy 80] Kveldsklaren og horegråten er like mykje å akte. [Br 85] Kvinne kjenner kvinne best. [Oy 81] Kvinne og mann er mykje like. [Oy 81] Kvinner og menn, like mange, gjer eit godt lag. [Oy 81] Kvinnetunga og lammerumpa held seg sjeldan i ro. [Br 184] Kvinnfolk er eit folk for seg sjølv. [Oy 81] Kvinnfolka ler når dei kan og græt når dei vil. [Br 108] Kvisten som bøyer seg går det betre med enn den som brest. [*Go 95] Kyrkjegarden gjer alle mann jamrike. [Oy 82] Kåte hestar treng stramme taumar. [Br 177] |
|
|
|
© 20022011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |