![]() |
Norske ordspråk | ||||||||||||||||||||
|
LLa bitast som bits, og slitast som slitst. [Br 23] La deg ikkje skremme, bløffe og forbløffe (Lass dich nicht verblüffen). La det vere kone eller mann (kjerring eller kall), den klokaste styrer best. [Oy 76, Br 97, Go 58] La havet og losen vise kva båten er god til. La kjent folk kjenne sin beste profil. La kvar kjenner fiendane sine når dei er årsak til familiegjeld. La kvar sjå først på seg og sitt, og sia på meg og mitt. [Oy 128] La kvar skøyte sitt først. [Oy 128] La kvar sope frå si eiga dør. [Oy 139] La æra kome ukalla; ein skal ikkje rope henne til seg. [Oy 186] Lang nase kan nå langt. [Go 73] Lang natt og lite søvn høver ille i hop. [Oy 107] Lang veg og veike føter høve ille i hop. [Oy 172] Langetida lækjer mange sår. [Oy 83] Langevegen gjer sitt verk (han gjer trøytt). [Oy 84] Langflogne fuglar har ofte fagre fjører. [Br 54] Langt ifrå er lett å lyge (når du taler om noko som er langt borte eller lite kjent). [Oy 91] Lasteordet er låkt, anten det er løgn eller sanning. [Go 74] La den ha strevet som lønna får. [Br 170] La den rå som best er røynd. [Oy 116] La den som veit vegen, gå først. [Oy 39] La dreng høgg lang ved. [Go 90] La kvar haldast for den han er. [Oy 175] Late drengen og varme senga vil så ugjerne skiljast. [Oy 84] Laurdagskvelden blir aldri for lang. [Go 101] Lauvet skal ikkje le av rota. [By 178] Leie bøner tek til med fagre ord. [Oy 112] Leksa ein lærde som ung, var helst aldri for tung. [*Br 187] Lenge ler den som har lite vett. [Br 121] Lenge lånt er ikkje gitt. [Oy 86] Lese og ikkje forstå, fri og ikkje få, og segle utan vind er tre gagnlause ting. [*Oy 88] Lett kjøp er ein lommetjuv. [Go 70] Lett og tungt vil stundom skiftast. [Oy 88] Lett å ro langs land, tungt å skride (kome fram) langt utpå havet. [Br 145] Lettast tent blir lettast fortært. [*Oy 154] Lettaste tent er lettaste tært. [Br 177] Lev så at andre kan leve med (eng. Live and let live). [Oy 91] Like barn leikar best. [Oy 88] Like fuglar flokkar seg helst. [Oy 37] Like fuglar flyg best i flokk. [Oy 37] Like godt sitje ute i regnet som inne under ufsedropen (dropen frå taket). [Br 141] Like hender ror båten best. [Oy 54] Like sterke kan lenge stride. [Oy 89] Liker ein flesket, skal ein ikkje hate grisen. [Go 85] Likesæl fer aldri vel (Den likeglade kan ikkje vente lykke [suksess] - IA). [Oy 89] Likt og likt vil halde i hop. [Oy 88] Likt skal med likt lækjast. [Br 115] Likt søkjer likt. [Oy 88] List imot list er eit gammalt spel. [Oy 89] Lit på kobben, så får du fisk (Før såg dei kor kobben (selen) mata seg når dei rodde ut for å få fisk). [Br 103] Lita hand kan stundom gi god hjelp. [Br 116] Lita lønn og tung tenesta høver ille i hop. [Oy 96] Lita sky kan skugge for både sol og måne. [Oy 135] Lita tuve kan velte eit stort lass. [By 185] Lite er betre enn ingen ting (når det vesle er noko godt). [Oy 89] Lite framsyn blir armods mor. [Oy 35] Lite kan bli nok, og mykje kan bli for mykje. [Go 25] Lite og godt er betre enn mykje og låkt. [Go 65] Lite sår kan skjemme både legg og lår. [Oy 125] Lite vett får mykje å stri med (Dess mindre plan i arbeidet, dess meir strev). [Oy 181] Liten båt er lett å dra på land. [Oy 8] Liten fugl har små fjør. [Oy 37] Liten gut kan mykje lære. [Oy 52] Livet er alltid kjært, om det enda er lite verdt. [Oy 90] Livet er kort og kunsten er lang (Etter latin). [Br 107] Livet lyt ein verja, som lengst ein kan. [Oy 90] Ljuve enger mettar både folk og fe. [Oy 24] Logande lys kan slokne, seglande mann kan drukne. [Br 117] Lopper og slarvekoner (slarvekjerringar) kan ingen berge seg frå. [Oy 92, jf. Go 74] Love er lett; halde er heller tungt. [Oy 92] Lyde og lære er ungdoms ære. [Br 202] Lyge og sverje er fanteverje. [Go 52] Lykka er betre enn vettet. [By 186] Lykka er lån og inga eige. [Go 20] Lykka er snar til å snu seg. [Oy 94] Lykka er stundom betre enn vettet. [Br 118] Lykka er stundom betre enn åtferda. [Br 118] Lykka fell ikkje likt for alle. [Oy 93] Lykka og æra får somtid misunning. [jf. Oy 94] Lykkeleg er den som har hus over hovudet. [Oy 64] Lystig leik varer sjeldan lenge. [Br 113] Lyte er lett å sjå, men ikkje så lett å rette på. [Oy 95] Lytte og lære er ungdoms ære. [Oy 94] Lærdom kan gjere både godt og vondt. [*Br 122] Lærdommen blir større mens folket blir verre. [*Oy 96] Lære og liv og mann og viv skulle aldri skiljast åt. [Br 155] Lærer du ikkje noko anna her i livet, så lærer du å gå sakte. [Go 23] Lærer ein ikkje anna, så lærer ein å gå spakt. [Oy 175] Løgn og tjuveri vil henge i hop. [Oy 95] Løgna har lang hale og kort hals. [Br 120] Lønn og ære lokkar folk til å lære. [Oy 96] Løynleg vennskap kan vare lenge. [Oy 180] Løynleg sorg er sårast. [Oy 139] Låg sol gjer lange skuggar. [Oy 138] Lågaste gjerdet er lettast å klatre over. [Oy 42] Låke seder er eit landslyte. [Br 150] Låke seder krev gode lover. [Br 118] Lån er inga gåve. [Oy 86]
Lån er to manns lykke når det kjem heim i høveleg tid [til utleigaren]. [Oy 85]
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20022009, Tormod Kinnes [E-MAIL]. Disclaimer: [LINK] | ||||||||||||||||||||