![]() |
Norske ordspråk | ||||||||||||||||||
|
MMagen blir mett før auget trur [Oy 97].Magen vil ha mykje, men auga vil ha meir; futen vil ha mange, men fanden vil ha fleire [Br 12]. Mager hest er betre enn tom grime [Go 84]. Magre hestar er sjeldan kåte [Oy 60]. Makt gir mot [Go 33]. Makta minkar og sinnet veks [Go 78]. Mang ein er galen og merkar det ikkje; mang ein har vett og når det ikkje [Oy 40]. Mang ein gifta seg for ein gard og angra det innan eit år [Go 58]. Mang ein god gard har runne ned gjennom strupen [Br 64]. Mange bekker små gjør (dannar) ei stor å (elv) [By 174]. Mange dødsfall kan ein hindre ved enkle føre-var-tiltak. Mange forbod skaper mange forbrot (brot) [Oy 35]. Mange hogg fell store tre [Oy 61]. Mange hundar er haren sin død ( Når det er mange hundar om haren, så er den hans død) [Oy 64]. Mange kan hjelpe ein, men ein kan ikkje hjelpe mange [Oy 61]. Mange kan råde andre og ikkje seg sjølv [Oy 117]. Mange munnar tømer snart ei tønne [Oy 104]. Mange snakkar om Jesus, og har ikkje sett han [her stod: han Sante-Olav] [jf. Oy 126]. Mange tankar har vide venger. Mange vil ete og ikkje streve; sia får dei streve og ikkje ete [Oy 25]. Mange ville vere snille, berre dei slapp til [By 185]. Mangt blir gjort for gaman [Oy 41]. Mangt blir nytta i nøda [Br 132]. Mangt er anna likt (d'er mangt odro likt) [Oy 88]. Mangt er betre i røynda enn synda. Mangt er sagt som kunne vere tagt [By 164]. Mangt er vanskelig for den som veit lite [Oy 168]. Mangt held saman utan å vere bunde (IA) [Oy 163]. Mangt høver seg på heimetinget (mangt kan vere høvelig heime) [Br 89]. Mannen spår og Gud rår [Oy 140]. Manns ord er manns ære [By 164]. Maten er god, men helsa er betre [Oy 100]. Maten er halve føda (Drikken er andre halvparten) [By 172]. Maten lyt vere viss, kva anna som er uvisst [Oy 99]. Med berre å vente og håpe blir inga jente til kone [Br 199]. Med god manns hjelp kan mye bli gjort [Go 65]. Med god trott vinn ein stundom meir enn ein trudde [jf. Oy 160]. Med gods manns hjelp kan ein mye gjøre [Oy 61]. Med godt samhald kan dei veikaste vinne Med godt samhald kan dei veike vinne [Oy 124, Br 149]. Med hylling blir hylling gjengjeldt. Med ingen ting kjem ein ingen veg [Oy 56]. Med lempe kan det tunge bli lett [Oy 87]. Med list og lempe kan ein dverg kome like langt som ei kjempe [Br 96]. Med lov skal ein land byggje [Oy 92]. Med råd og lempe kan ein vinne meir enn ein ventar [Oy 116]. Med råd og lempe kjem ein kryp så langt som ei kjempe [By 167]. Med sin like kan ein lengst halde lag [Oy 89]. Med stort hus veks behovet for tette tak. Med trette viser ein ingen særlig bra til rette [*Br 183]. Mellom ste og hammar er det hardt å ligge [Oy 143]. Mennesket er som barna [Br 125]. Mens graset gror, kan kua dø [Oy 51]. Merkelig eigar, merkelig orden. Mest alle ser på dei fleste, og få på dei beste [*Oy 33]. Mett og svolten syng ikkje same visa [Oy 102]. Minnet lever om mannen dør [Go 76]. Minste fuglane syng fagrast [Oy 37]. Minste møda er alltid best [Oy 106]. Mishørsla gjør mange løgner [Oy 102]. Mista seg [ta feil] kan alle [Oy 102]. Misunning gneg stein [Oy 113]. Mod er der nok av når ingenting nøyder på [Oy 103]. Modet minkar som alderen veks [Oy 103]. Morgonstund har gull i munn [Ae 122]. Motgangen røyner mannshugen [Br 128]. Mus trivst ikkje i matlaust hus [Br 128]. Musa får ikkje fred lenger enn katten vil [Br 57]. Mye blir prenta som ein ikkje venta [Go 23]. Mye er løynt for den som lite har røynt [Oy 97]. Mye er vent som lite er, så nær som lite mat [*Oy 185]. Mye fe treng mye fôr [Oy 32]. Mye hat er liten hugnad [Oy 55]. Mye kan snart få ende, og lite kan vare lenge [Oy 105]. Mye mager er sjeldan fager [Oy 97]. Mye skrik og lite ull, sa mannen, han handplukka busta av grisen [Br 160]. Mye vil ha meir [By 174]. Mye vit (vett) vil spare slit [Go 20]. Mye, heilhjerta zen kostar aldri lite. Møkk er bondemanns rikdom [Oy 105]. Månen lyser best når han er lengst frå sola [Oy 100]. Måtelig hast er best [Oy 55]. Måtelig makt er alltid best [Oy 97]. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||