![]() |
Norske ordspråk | ||||||||||||||||||
|
NNatta er ikkje sommaren lik [*Jf. By 191].Naturen tillet kattefar å tyne i flokken. Naturlige lyster viser kva ein duger til [jf. Oy 63]. Ned for bakke går det alltid lett [Br 14]. Nei, det der lyt du fare til byen med (- slikt får du ikkje ein bonde til å tru) [Br 33]. Nesla brenn venn som uvenn [Go 53]. No er storstova oppskura (no har det klarna opp) [By 201]. Noe er betre enn ingenting (når det er noe godt) [Oy 108]. Noe skal ein glømme, og noe skal ein gjømme [Br 69]. Noen lyte er lettare å sjå enn å rette på. Noen omskifte gjør godt (jf. variatio delectat, forandring frydar) [*Oy 165]. Nye skor er gode, men dei gamle sit best på foten [Br 135]. Nye soplimar soper best Nye kostar feiar best [Oy 139, Ae 137]. Nykommen mann har mangt å spørje [Oy 98]. Nysgjerrigper blir ikkje alltid glad [Oy 35, jf. By 162]. Nærast ved land er verst å sigle [Oy 83]. Nød lærer den blyge å be [By 185]. Nød lærer naken kvinne å spinne [Ae 81, jf. Oy 107]. Nød lærer nye kunstar [Go 49]. Nød lærer tunga å tale [Go 49]. Nød og død bryt alle lovar [Br 118]. Nøda gjør det sure søtt [Oy 107]. Nøye rekneskap gir lengst vennskap [Go 72]. Når alle tankar og hår er vekk, står blankskallen att. Når alt er på sin rette stad, så er det godt å finne [Oy 142]. Når bjørnen kjem, så glømmer vel stutane å stangast [By 186]. Når borte er prøvd (freista), er heime best [Go 60, By 177]. Når brønnen er tom, veit ein kva vatnet er verdt [Br 30, Go 95]. Når dei store kvesser knivane sine, får dei små dreie slipesteinen [*Br 169]. Når dei store slåst, få dei små [t.d. soldatane] kjenne såra [Oy 145]. Når dei unge ler, så geipar dei gamle [Oy 166]. Når den eine gåsa går i vatnet, så går dei alle [Oy 42]. Når den eine kua skjener, så skjener hine med [Oy 79, Go 85]. Når den eine stakkaren hjelper den andre, så ler englane [Oy 142]. Når den eine vil til fjells, vil den andre til fjords [Br 195]. Når den som går føre fer vill, fer andre med [Oy 39]. Når den veikaste er visast, så vinn han kan hende [*Oy 173]. Når det brenn i veggen til grannen, skal ein akte sitt eige hus [Oy 13]. Når det er på det verste, så blir det ikkje verre [Br 195]. Når det regner på presten, så dryp det på klokkaren [Oy 117, By 171, Br 41]. Når det vil velte, veltar det på flate marka [Br 192]. Når du løyser bandet av sekken, ser du det som er i han [Oy 127]. Når du roser narren, har du nytte av han [Go 76]. Når ein dett er det inga betre råd enn å reise seg [Oy 19]. Når ein fattig blir rik, blir han fan lik [Br 51]. Når ein ikkje får, slepp ein å takke [Oy 29, jf. Go 66]. Når ein ikkje spinn, har ein stryet sitt urørt [stry: dott] [Oy 141]. Når ein kar blir fødd, er fiendane hans alt omkring han. Det gjeld å kjenne slike. Når ein kastar eitkvart i hundehopen, gnell den som det råkar [*Oy 70]. Når ein kjem i skort [mangel], blir det vesle stort [Oy 134]. Når ein let opp sekken, ser ein kva som er i den [Oy 127]. Når ein lort kjem til ære, veit den ikkje kor den vil vere [Go 33]. Når ein roser ein narr, får ein kanskje nytte av han sia [*Oy 46]. Når ein sau breker, så breker alle [Go 96]. Når ein ser øyra av ulven, så er han ikkje langt unna (borte) [Oy 188]. Når ein taler om trolla, då er dei nærast [Oy 160]. Når ein tenkjer på sola, så skin ho [Br 164]. Når ein varer seg minst, er våden nærast [Br 189]. Når elsken er på det heitaste, er halve vettet vekk [Br 44]. Når fan blir gammal, vil han bli munk [Br 50]. Når fingeren er ringa, er tausa tinga [Br 52]. Når folk er borte, ser ein best kva dei dugde [greidde, kunne] [Oy 16]. Når frosk leier frosk, vil begge til sumpen. Når gauken gjel, då gjel han sitt [*Go 77]. Når gjerninga er gjort, hjelper ingen ord [By 167]. Når gjestebodet er gjort, står huset tomt [Oy 46]. Når grinda står open, er gjerdet til mindre nytte [*Jf. By 170]. Når gryta koker over, slår ein kaldt vatn i [Oy 51]. Når hauken er borte, er hanen byrg [Oy 55]. Når hauken kjem, glømmer hanane å hoggast [Br 80]. Når heitt og kaldt kjem i hop, så jamnar det seg [Oy 57]. Når horna er av, er det seint å stanga [Oy 62]. Når husbonden er borte, sit hunden i høgsetet [Br 86]. Når katten mjauar, kjenner han seg. Når krybba er tom, bitast hestane [Ae 166]. Når kua er seld, følgjer mjølka med [Oy 127]. Når kua har mist rova, så ser ho kva rova dugde til [Oy 79]. Når lasset veltar, fell noe av [*Oy 84]. Når lasset veltar, ser ein det var galt kjørt [Oy 84]. Når leiken er best, skal ein halde opp [By 167]. Når lykka er best, må (treng ein) ein vare seg mest [Oy 94, Br 119]. Når lykka er god, får galten grisungar [Go 20]. Når lykka er god, hender store ting [Oy 93]. Når mange legg i same sekken, blir den nok full ein gong [Go 68]. Når mannen er borte, sit katten i høgsetet [Go 34]. Når mannen er unemnd, så er han uskjemd [Oy 108]. Når musa er mett, er mjølet beiskt [Oy 105]. Når narren kjem på torget, får kremmaren pengar [Go 96]. Når noe manglar, ser ein kva det er verdt [Br 194]. Når ordet er sagt, er mannen fast [Oy 112]. Når pengane er øydde, er det ute med høgferda [Oy 113]. Når sanninga søv, vaker løgna [Oy 125]. Når sinnet går av, kjem angeren etter [Oy 128]. Når skulda er betalt (kvitta, borte), er mannen fri [Br 160 o.a.]. Når skuta kjem i skodda, får ho gå spakt [Oy 135]. Når sokken er lappa tre gonger, får det vere nok [*Oy 138]. Når sola kjem opp, sloknar alle stjernene [Go 101]. Når sola skin, passer ingen på månen [Oy 139]. Når stakkaren er sinna, får døra smellen [Br 167]. Når steinen er kasta, er det vanskelig å ta den att [Oy 143]. Når store hestar fell, fell dei hardt [Go 84]. Når tjuven kastar tjuvegodset, ser han ut som folk flest Når tjuven kastar tjuvegodset, er han anna folk lik [Oy 70, 157]. Når to hundar bitast om beinet, kjem ikkje alltid den tredje og tar det [jf. Oy 64]. Når treet fell, vil alle sanke sponar [Oy 159]. Når ulven er død, så drep han ingen sau [Oy 164]. Når ulykka er ute, er det best å vere inne [Br 186]. Når ulykka søv, skal ein ikkje vekkje henne [Br 186]. Når vesalmannen får makt, blir det verken ære eller atterhald [Br 192]. Når vettet er minst, er viljen størst [By 161]. Når vogna veltar, veit ein det var gale kjørt [Oy 183]. Når våren kjem, er vinteren glømt [Oy 171]. Når ølet gjør ør, rømer vettet på dør [*Br 203]. Når ølet går inn, går vettet ut (Håvamål, Oy 187, Br 203]. Når ørna slår, er ikkje kråka langt unna [Br 203]. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||