Norsk del, Gullvekta
Norske ordspråk ≍ Norwegian Proverbs
Seksjon › 2 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

O

Ofte betre seint enn aldri. [*Br 150]

Ofte blir stort lass velta av ein liten stein. [Br 168]

Ofte og smått gjer monn, om ikkje brått. [Oy 156]

Ofte og smått vil fylle ein sekk • Ofte og smått fyller snart ein sekk. [Oy 156, Br 60]

Også den flinke kan vere uheldig ein og annan gong [jf. IA]. [Oy 58]

Olbogestøyt og enkemanns sorg dovnar snart av (eller: varer ikkje lenge) • Olbogestøyt og enkemannssorg gir seg snart [[Oy 111, .Br 136]

Om daude folk skal ein sjeldan tale ille. [jf. Oy 19]

Om fuglen fer aldri så vide, han ber same vengen ved side. [Go 60]

Opne hus få ulike slags gjestar. [Oy 64]

Oppkomlingar kjenner ingen normal pietet.

Ordet fer vidare enn mannen. [By 165]

Otten gjer stundom faren større enn han er. [*Oy 113]

Ovanfor skyene er himmelen alltid blå. [Br 84]

P

Passar ikkje mannen på tida, så passar ikkje tida på mannen. [Oy 155]

Passe bør er best. [Oy 17]

Passe kvilt er inga tid spilt. [Go 92]

Passeleg pølse er alltid best. [Oy 115]

Passeleg age er godt. [Oy 1]

Pen jente treng mest ikkje stas.

Pengane er runde fordi dei skal trille. [Br 138]

Pengar er gode varer, dei går både sommar og vinter. [Go 69]

Pengar får dra pengar til seg. [Oy 113]

Pengelaus mann går trygt mellom tjuvar. [Go 69]

Prenting gjer ikkje løgn til sanning. [Oy 114]

Presten og hunden, dei før seg med munnen. [Br 140]

Purka veit kva som sømmer seg. [Oy 147]

Purke er purke, om ho så gjekk med perleband. [Oy 147]

På flog er falle næraste. [Br 48]

På glattis er alle like sterke. [Go 48]

På kjeften kjenner ein hunden og på målet mannen. [Oy 70]

Innhald


Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

∼ Bokkodar med tal i klammer syner "bok og sidetal". Bokkodar i bruk: [Kjelder]

Norske ordspråk, ordtak or  Noreg, Norwegian proverbs of Norway, opp Seksjon Sett Neste

Norske ordspråk, ordtak, Norwegian proverbs BRUKARGAID: [Lenke]
© 2000–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]