![]() |
Norske ordspråk | ||||||||||||||||||
|
RRange vegen blir ikkje rett, enda om mange følgjer den [Oy 172].Redd mann spår alltid vondt [Oy 123]. Redsle gjør faren større enn han er [Oy 123]. Redsle gjør rådvill [Oy 123]. Rein mat kan ein ete i mørket [Oy 117]. Reint golv er lett å sope [Oy 48]. Rett gjort er vel gjort [Oy 119]. Rett og god tru er ordlaus. Rett rekneskap gjør god vennskap [Oy 118]. Rett tru blir ingen dupert til. Rette måten er vanskelig å finne [Oy 62]. Rette måtet [tilmåtinga, tilpassinga, o.a.] kan vere vanskelig å treffe [*Oy 101]. Rette ytinga er det ingen skavankar ved. Reven ranar ikkje nær ved hiet sitt [Oy 119]. Rikdom blir somtid lasta, men aldri bortkasta [Oy 120]. Rikdom er ofte lasta, men sjeldan kasta [Br 144]. Rikdom gir så lett for mye mod [jf. Oy 120]. Rikdom gjør [liksom] friaren fager [Oy 113, 120]. Rikdom gjør ovmod [= hovmod o.a.] [Oy 113]. Rikdommen kan ein dølje, men ikkje fattigdommen [Oy 29, 120]. Rike barn blir store barn [Oy 119]. Rike er barn all si tid [Br 56]. Rike folk slepp alle stader inn [Oy 113, 119, By 175]. Rimelig bør [medvind] er best [Oy 17]. Ros deg sjølv, så slepp ein annan [Oy 134]. Ros ikkje skipet før det kjem i storsjøen [Oy 132]. Rus er jamt ei sjølvvalda sykje [jf. Oy 122]. Rus gjør pengar ryre [Oy 113, 122]. Ryrast blir somtid dyrast (Det som varer minst, kan med tida koste mest) [Oy 122]. Røyn (erfar) før du rosar [By 206]. Røynd manns råd er helst best [jf. Oy 123]. Røynsla er ein dyr læremeister [Oy 123]. Røynsla er ein god læremeister, men ho er somtid noe dyr [Oy 123]. Røynsla er mor til visdommen [Br 146]. Råd etter gjerd er lite verdt [Oy 116]. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||