![]() |
Norske ordspråk | ||||||||||||||||||
|
SSaka mann er god å gjeste [Oy 124].Saka mann får teie [Oy 124]. Samanlikningar er oftast leie (Samanlikning, især mellom personar, vekker gjerne anger) [Oy 89]. Same dommen ein legg på andre, får ein leggje på seg sjølv [Oy 20]. Same korleis ein snur seg, er rumpa bak [Ae 162]. Same salven høver ikkje til alle sår [Oy 124]. Same seglet høver ikkje til alle båtar (passar ikkje i alle båtar) [Oy 126, Go 87]. Sanka og spara kan lenge vare [Oy 140]. Sanning treng inga banning [Br 149, By 164]. Sanninga er alltid seg sjølv lik [By 166]. Sanninga er ofte hard å høre [Oy 125]. Sanninga kan lenge løyne seg [Oy 124]. Sanninga vil alltid smette fram (den som vil lyge, kan lett mista seg) [Oy 125]. Sant er sant, om enda ingen trur det [Oy 124]. Sauren [skit, søle] er inga pryd [Oy 125]. Seg sjølv skal ein verken ovrose eller ovklandre [jf. Oy 130]. Segl er ein god ting, men årer lyt (må) ein først ha [Oy 126, Go 87]. Segner veks når dei kjem på vidda [Oy 126]. Si eiga ætt må kvar kjenne best [Oy 187]. Sin eigen brest kjenner kvar mann best [Br 28]. Sin eigen lyte får kvar man vite om og kjenne best [Oy 71]. Sinne gir vonde minne [Oy 128]. Sinne skaper vonde minne [*Go 52]. Siste gjesten får lågaste sessen [Br 67]. Siste sauen vil ulven ta først [Go 85]. Sjeldan blir kvistar betre enn sjølveigne tre [Oy 81]. Sjuka kjenner vi, helsa kjenner vi ikkje [Go 48]. Sjukdom er kvar manns herre [Ae 124, Br 152]. Sjøen er eit godt stabbur [Go 86]. Sjøen er ikkje landet lik [Go 87]. Sjøen gir mye, og tar mye også [Oy 129]. Sjølv er beste tenaren [Oy 129]. Sjølvgjort er velgjort [Ae 139, By 181]. Sjølvros luktar ille [Br 145]. Sjå ikkje etter garden, men etter karen ( t.d. om friar som eig gard - IA) [Oy 42]. Sjå jenta saman med andre på kvardagar, ikkje berre i kyrkja [Oy 44]. Sjå på dei beste, og ikkje på dei fleste [Oy 9]. Sjå på dei gamle, så ser du kva du sjølv vil bli [Oy 40]. Skade og skam lærer somme [hs folk] å fare visare fram [Oy 130]. Skaden er aldri så vel gjort at han ikkje var betre ugjort [Oy 130]. Skal ein byggje etter kvar manns råd, blir huset skeivt [Br 33]. Skal ein byggje etter kvar manns råd, kjem det aldri tak oppå [By 164]. Skam og skade følgjast åt [Oy 131]. Skamflekken er vond å vaske [Oy 131]. Skamma er ofte større enn skaden [Br 154]. Skarven skjemmer ingen (alle) skjer den sit på [jf. Oy 131,Br 155, Go 52]. Skei og fat hjelper ikkje utan mat [Oy 131]. Skikk deg vel, det spørst minst [Oy 173]. Skillingen er alle stader velkomen [Oy 131]. Skinet dårar mange [Oy 132]. Skinnmager hest er betre enn tom grima [Oy 60]. Skite smør er godt nok for sjuke hundar [Oy 137]. Skite verk får skita lønn [Br 195]. Skjelling bit ikkje på skinnet [Oy 132]. Skjellsord duger ikkje; der dei høver best, der bit dei minst [Oy 132]. Skjora ser nok kva gris ho vil ri på [Go 58]. Skjorta er alltid nærare enn kufta [Oy 135]. Sko og kvern og hest skal ingen låne ut [Oy 133]. Skog er landsens største pryd [Go 84]. Skogen er snart rydda; han er ikkje snart opp att kommen [By 191]. Skogen er snart rydda; han er ikkje snart opp att runnen [Oy 133]. Skogen har mang auge (det er mange som ser deg der) [Oy 133, Go 73, 84]. Skomakar, sit med din leist! (ikkje døm om ting du ikkje forstår) Skomakar, hald deg til (bli ved) leisten din [Oy 133, Br 159, Ae 144]. Skomakarbarna ha somtid verste skorne [Oy 133]. Skremsel gjør forblinda. Skrifta vaker om mannen søv [By 177]. Skryt gjør gapen glad [Oy 46]. Skryt ikkje av rumpa før du har skite [Br 160]. Skulle alt vere (bli) gjort som det er (blei) sagt, blei mangt eit ord usagt [Oy 46, Go 80]. Skurer ein skiten av, finn ein vel skinnet under [Br 156]. Slarv og løgn held godt i hop [Oy 135]. Slit det med helsa! (velønsking) [Br 82]. Slurvar du med jorda, så slurvar ho med deg [Go 83]. Slæst to karar om ei kvinne, taper ofte han som ser ut til å vinne [Br 161]. Smiger let seg vel høre, men er lite verd å akte. Smiger treng ikkje dei vørde høre nøye etter. Små barn og øre folk seier sanninga [Oy 188]. Små bitar er også mat [Oy 10]. Små båtar smetter fram der store skip står fast [Go 87]. Små fiskar er betre enn tomme diskar [By 173]. Små fuglar verper små egg [Oy 37]. Små gryter har også øyre Små gryter har også øyre, små jenter kan også høyre [Oy 51, Br 163]. Små kvinnfolk og små drammar skal ein akte seg for [Br 163]. Små sorger taler; dei store teier [Oy 151]. Små strå toler stormen best [Oy 145]. Småbarna trakkar mora på kjolen - dei store på hjertet [Br 16]. Småbåt får følgje land, og småfolk sin stand [Oy 8]. Småbåtar smett framom der store går på grunn [Oy 8]. Småfolk får verje seg med munnen [Go 37]. Småfuglane syng best [Oy 136]. Smågriser får vel tenner; smågutar blir vel menn [Oy 50]. Småpengar fyller mest i pungen [Oy 113, 136]. Snart får den strikke som vil henge hunden [Go 51]. Snart vil krok krøkjast [By 205]. Snill jente blir snill kone [Oy 44]. Snille folk kan bli mest plaga (med bøn og krav om hjelp og tenester) [*Oy 138]. Snølause vintrar gjøre graslause vårar [somme stader] [Oy 177, Go 83, 98]. Soga blir aldri så vel fløytt (fortalt), at ikkje noe blir tilskøytt (lagt til) [Br 164]. Sola går sin gang om månen søv eller vaker [Go 101]. Sola har sitt gamle lag: Kor ho kjem, så gjør ho dag [Oy 139]. Sola kjem att, den same dagen aldri Sola kjem att; men same dagen kjem ikkje [[Go 101, By 188]. Sola lyser likt for fattig folk og rikt [Oy 138]. Som det er spunne, så blir strikkinga [Oy 141]. Som eigaren er, held han orden. Som ein bryggjer, så får ein drikke [Oy 14]. Som ein fuskar mot barna, slik vanartar dei. Som ein henger det opp, får ein ta det ned att [Br 174]. Som ein lagar seg til, så fer ein [Oy 101]. Som ein lagar senga, så ligg ein til [Oy 127]. Som ein lastar til, får ein sigle [Go 86]. Som ein legg på rokken, så spinn ein på snella [Oy 121]. Som ein ropar mot fjellet, svarar det [Br 54, 145]. Som ein sjølv gjør, trur ein andre fer [Br 153]. Som ein sår, får ein hausta [også i hundrefold med meir] [Oy 125]. Som faren går føre, kjem sonen etter [Br 50, Go 38]. Som kua går føre kjem kalven etter [Oy 69, 78]. Som mora går føre, kjem dottera etter Jf. Som mor så dotter [Oy 103]. Som treet fell, så vil det ligge [Oy 27, 159]. Somling kan bli farlig (tilmåta etter eit britisk ord). Sommaren hallar snart åt hausten [By 191]. Somme få ikkje jord nok før dei få munnen full [Oy 68]. Somme får for kjeften sin det andre ikkje kan få for pengar [Br 96]. Somme klagar over liktornen sin til dei treff noen utan fot. Somme likar mora og somme dottera [Oy 89]. Somme søv seg til sæle, og andre strever seg til armod [Br 165]. Sorga sig av smått om senn [Oy 139]. Sovande katt fangar inga mus [Oy 27]. Sovande sorg skal ein ikkje vekkje [Go 50]. Spar ifrå loket; det er seint å spare på berre botnen (jf. eng. It is too late to spare when the bottom is bare) [samansett, jf. 140]. Spare tiaren og spille tusenkroningen er ein klein rekneskap [By 174]. Spe og spott gjør ingen godt [*Oy 140]. Spelmann utan strenger er som fugl utan vengjer [Oy 141]. Sporven har hus i kvar gard [Oy 141]. Spotteleg spørsmål får spottelige svar [Oy 141]. Spør du meg, så spør eg deg [Br 166]. Stasjenta kjem ikkje til alters utan at ho vil det sjølv. Stemne i aust og hamne i vest er ei vanheppe Styre mot aust og hamne i vest er eit uhell Stemne i aust og hamne i vest er vanheppa [Oy 144, Go 86]. Stemor kjem som salt i sårt auge [Oy 147]. Sterkt øl gjør [får fram] store ord [Oy 187]. Stillaste vatnet kan ha djupaste grunnen Stillaste vatn har djupaste botn Stillaste vatnet har djupaste grunnen (botnen) [*Oy 170, Br 27, By 166]. Stor fagnad er sjeldan lang [Oy 27]. Stor fagnad kan snart få ende [Oy 27]. Stor fugl treng stort reir [Oy 37]. Stor makt og lite vett er ein våde [våde = fare] [Oy 97]. Stor nød gjør stutte bøner [Oy 107]. Stor storm gir store bårer [bølgjer] [Oy 145]. Store fiskar riv sund garna [Oy 32]. Store folk har stort følgje [Go 34]. Store herrar får jamt høyre høling, og sjeldan sanning [Br 83]. Store herrar kan ha lange hender [Oy 59]. Store hestar og mange svin, det er bondemanns ruin [Br 26]. Store horn må ha ein sterk haus [Oy 62]. Store hovud treng store hattar [Oy 62]. Store ord drep ingen mann der store ord gjøre lite verk [jf. Oy 112]. Store ord fyller ingen mage [Br 136]. Store ord fyller ingen sekk [Oy 127]. Store ord og feitt flesk sit ikkje fast i halsen [Oy 112]. Store ord og utova vottar vil alltid krympe [By 165]. Store regn-el gjør store elvar [Oy 23]. Store tre vil seint vere vaksne [Oy 159]. Storfolk og små barn er like: Dei toler så lite vondt [Oy 34]. Storfolk og småbarn kan visst aldri vente [jf. Oy 34]. Storfuglar fangar ikkje fluger [Oy 37]. Stort mod står for fall [Oy 27, 103]. Stortjuvane frir seg sjølv [Oy 157]. Streng rett kan somtid bli urett (tillempa etter ein latinsk talemåte) [Oy 118]. Strev og møde gir klede og føde [Br 170]. Stuten kan vel stange om ein ikkje erter han [Oy 146]. Stutt må tøye seg; langt må bøye seg [Oy 146]. Svart hund har kvite tenner [Oy 148]. Svarte høner verper kvite egg [Oy 148]. Svartesauen kan få eit kvitt lam [Br 109]. Svik blir ein gong røynt, om det er lenge løynt [Oy 149]. Svin tar aldri tukt [Oy 149]. Syn går over segn [Oy 150]. Synd og skam vil følgjast åt Synda og skamma vil halde lag [Oy 150, Br 173]. Synda skal ein hate, men ikkje dumme menneske [jf. Oy 150]. Syt ikkje for kven som skal grave ned den som dør sist [syte for: sørgje for - syte: klage] [Oy 151]. Sæl er den som søkjer holt hus [By 206]. Sølv i pungen gir mat i munnen [Oy 150]. Søndagsskorne neglar pryda tømmerfløytaren som til helvete for. Sønnavind og sol jagar vekk snøen Sønnavind og sol jagar snøen av sitt bol [*Br 171, By 191]. Sørg ikkje for kven som skal gravleggje den som dør sist [Go 50]. Søvnen er ingen stortjuv, men bror til døden [samansett] [*Oy 149]. Så kry som ein ormeunge i morgonsola [Br 137]. Så lenge der er liv, er der håp [Oy 90]. Så mange hovud, så mange huglag [Oy 62]. Så mange menn, så mange meiningar [Br 124]. Så mange som det er av oss, så mange fasongar er det på oss [Go 17]. Så pengar og hauste armod [Go 94]. Så som ein reier om seg, så ligg ein til [Oy 117]. Så som ein ropar til fjellet (berget), så svarar det (steile bergveggar gir best gjenlyd – IA) [Oy 121]. Så som hunden er, så er husbonden [Oy 63]. Så som tausa er, så blir kona [Oy 154]. Sådd ein dag før gir ei veke før i hus [Oy 58]. Sår er sjeldan så vel grodd at ikkje arret synest [Oy 125]. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||