Norsk del, Gullvekta
Norske eventyr. Første band  ❀ 3
Seksjon › 1   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Løfte opp berget

Ein gong molbuane var ute og rodde, tok dei ein kvil under ein berghammar som luta utover sjøen. Etter ei stund hadde sjøen flødd så mykje at framstamnen på båten stod oppunder hammaren. Det sansa ein av dei. Han ropte til dei hine: "Kom og hjelp meg å løfte opp berget!"

Notar

Geitene og risen

Det var ein gong ei stor, kvit geit med fire killingar. Svoltne var dei støtt, så geita det: "Eg veit om ei løe. Der er det så godt lauv. Dit skal vi gå og ete oss mette."

Så gjekk geita og alle fire ungane til løa.

Då dei hadde ete eit bel, sa den minste: "No er eg mett!"

"Gå då føre heimetter!" sa geita. "Den store buken min er ikkje full enno", sa ho.

Så gjekk den minste ungen føre, og kom til ei bru. Der gjekk han over. Tripp trapp, tripp trapp! sa det i brua.

Då kom det ein rise [1] og spurde han: "Kven er det som går på den store og gilde jernbrua mi?"

"Det er meg, ein liten bukk!" sa den vesle bukken

"Kva er det du har på hovudet?" sa risen.

"Det er to små horn!" sa han.

"No tar eg deg!" sa risen.

"Nei, ta ikkje meg!" sa den minste ungen. "Eg er då så liten. Ta heller nokon større", sa han.

Så let risen han vere, og veslebukken slapp over brua.

Eit bel etter sa den nest minste ungen til mora: "No er eg mett!" – og så strauk han på heimvegen. Der han kom til brua. Tripp trapp, tripp trapp! sa det då han trødde på brua.

Så ropte risen til han: "Kven er det som går på den store og gilde jernbrua mi?"

"Det er meg, ein liten bukk!" sa han.

"Kva er det du har på hovudet?" sa risen.

"To små horn!" sa han.

"No tar eg deg!" sa risen.

"Nei, ta ikkje meg! Eg er då så liten. Ta heller nokon større", sa bukken.

Så slapp han over, han også.

Så gjekk det ei stund til, så kom den tredje ungen og ville over. Tripp trapp, tripp trapp! sa det i brua.

Risen ropte frå under brua: "Kven er det som går på den store og gilde jernbrua mi?"

"Det er meg, ein liten bukk!" sa han.

"Kva er det du har på hovudet?" sa risen.

"To små horn!" sa bukken.

"No tar eg deg!" sa risen.

"Nei, ikkje meg! Eg er då så liten. Ta heller nokon større", sa han.

Så var det ikkje lenge etter, då kom den fjerde ungen på heimvegen. Tripp trapp, tripp trapp! sa det i brua då han gjekk over.

Risen spurde: "Kven er det som går på den store og gilde jernbrua mi?"

"Det er meg, ein liten bukk!" sa han.

"Kva er det du har på hovudet?" spurde risen.

"To små horn!" sa han.

"No tar eg deg!" sa risen.

"Nei, ta ikkje meg!" sa han. "Eg er då så liten. Ta heller nokon større!"

Så let risen han vere, og så kom den vesle bukken heim, han også.

No var den gamle geita blitt mett, og strauk på heimvegen. Så kom ho til brua. Tripp trapp, tripp trapp! song det i brua, og hardt steig geita.

Så kom risen og ropte: "Kven er det som trampar så hardt på den store og gilde jernbrua mi?"

"Det er meg, geitemor!" sa ho.

Så spurde risen kva ho hadde på hovudet.

"To horn!" sa geita.

"No tar eg deg!" sa risen og kom opp på brua. Men geita stanga han plask ut i bekken, og der drukna han.

(Attgiving)

Ord

  1. rise: bergtroll; kjempe; jotun.

Notar

Vesleguten ute på jakt

Ein dag om hausten skulle vesleguten i huset av stad aleine og skyte orrfugl med pil og boge, for han hadde øvd seg godt på å skyte allereie, sikkert og visst, og hadde fått låne jegerbuksa til storebror sin. Så sa mora at han måtte ta med seg noko mat. Ho hadde potetball framme. Han tok med seg nokre i sekken han bar med seg.

Då han kom på skogen, sette han opp ei barhytte og la seg til der og venta på at orrfuglen skulle komme og leike på myra like framom hytta. Endeleg tok fuglane i skogen til å vakne. Rypa blanda seg i fuglekoret og song "Gå vekk, gå vekk!" trudde guten.

Guten som låg i barhytta og venta på at orrfuglen skulle komme på myra og leike, trudde at nokon var ute etter å ta han, kven det no var. Forknytt slengde han sekken med potetball på ryggen og tok til å renne heimetter før det var godt lys. Mens han sprang, var det som om nokon kvein "Ta han, ta han", både fort og skjerande - fortare og meir skjerande dess fortare han sprang. Og rypa song eit og anna attåt. Var det "Kakk, kakk, han!"? Det var ikkje lett å finne ut av i farta.

Guten hadde ikkje fått sekken rett på, og dermed tok ball til å dette ned på hælane hans. Då trudde han det var nokon i føtene på han.

Sidan ville han ikkje fare i skogen aleine meir. Men det som hadde ropt så kvast, det var den stive jegerbuksa som gnissa mens han sprang.

Notar

Vesleguten som skulle av og male

Der var ein liten gut som skulle til kverna og male. Men då han kom eit stykke på vegen, datt han og støytte kornet ned i ei tue. Så gjekk han sytte og gret. Då møtte han ei gammal kone.

"Kva er det du græt for, vesle gut?" sa kona.

"Eg fall og støytte ned kornet mitt i en tue", sa guten.

"Så lyt du gå til tua og spørje kva du får for kornet du skulle male", sa kona.

Så gjekk han til tua. "Tue, tue, kva får eg for kornet eg skulle male?" sa han.

"Du skal få ei høne som verper for kvart steg ho tar", sa tua og gav han ei høne. Guten blei så glad, og tralla og song mens han gjekk. Då møtte han ein rise.

"Kva er det du trallar og syng for, vesle gut?" sa risen.

"Eg trallar og syng for at eg fekk ei høne som verp for kvart steg ho tar", sa guten.

"Den vil eg ha, elles drep eg deg", sa risen.

Guten blei fælande redd og gav frå seg høna. Så gjekk han og sytte og gret til han møtte den gamle kona.

"Kva er det du græt for, vesle gut?" sa kona.

"Eg græt for at eg fekk ei høne som verper for kvart steg ho tar, og den tok risen frå meg", sa guten.

"Så lyt du gå til tua og spørje kva du får for kornet du skulle male", sa kona. Så gjekk han til tua.

"Tue, tue, kva får eg for kornet eg skulle male?" sa han.

"Du skal få ei ku som gir mjølk så lenge ho mor kan sitte under", sa tua og gav han ei ku. Guten blei så glad, og gjekk og tralla og song. Då møtte han risen att.

"Kva er det du trallar og syng for, vesle gut?" sa risen.

"Eg trallar og syng fordi eg fekk ei ku som gir mjølk så lenge ho mor kan sitte under", sa guten.

"Den vil eg ha, elles drep eg deg", sa risen.

Guten blei fælande redd , og gav frå seg kua. Så gjekk han sytte og gret, heilt til han møtte den gamle kona.

"Kva græt du for, vesle gut?" sa kona.

"Eg græt fordi eg fekk ei ku som gir mjølk så lenge ho mor kan sitte under, og den tok risen frå meg", sa guten.

"Så lyt du gå til tua og spørje kva du får for kornet du skulle male", sa kona.

Så gjekk han til tua. "Tue, tue, kva får eg for kornet eg skulle male?" sa han.

"Du skal få ein duk", sa tua. "Breier du han ut, er der mat av alle slag, og nepper du han i hop, då er der aldri noko att der", sa ho og gav han ein duk. Guten blei så glad og gjekk tralla og song. Då møtte han risen att.

"Kva er det du trallar og syng for, vesle gut?" sa risen.

"Eg trallar og syng fordi eg fekk ein duk. Breier eg han ut, er der mat av alle slag, og nepper eg han i hop, er det ikkje noko att der", sa guten.

"Den vil eg ha, elles drep eg deg", sa risen.

Guten fælande redd , og gav frå seg duken. Så gjekk han sytte og gret før han møtte han den gamle kona.

"Kva er det du græt for, vesle gut?" sa kona.

"Eg græt for at eg fekk ein duk. Breidde eg han ut, var der mat av alle slag, og nepte eg han i hop, då var der ikkje noko att der. Og den tok risen frå meg", sa guten.

"Så lyt du gå til tua og spørje kva du får for kornet du skulle male", sa kona.

Så gjekk han til tua. "Tue, tue, kva får eg for kornet eg skulle male?" sa han.

"Du skal få ei klubbe", sa tua, "og når du seier: 'Klubbe, klubbe, slå', då slår ho i hel alt ho kjem inntil", sa ho og gav han ei klubbe. Guten var så velfaren og gjekk tralla og song. Då møtte han risen att.

"Kva er det du trallar og syng for, vesle gut?" sa risen.

"Eg trallar og syng for at eg fekk ei klubbe. Seier eg: 'Klubbe, klubbe, slå', då slår ho i hel alt ho kjem inntil", sa guten.

"Den vil eg ha, elles drep eg deg", sa risen.

"Klubbe, klubbe, slå!" sa guten. Då slo klubba risen så han seig i koll og ikkje makta å stå i vegen for små gutar meir.

Guten kom heim med både høna, kua og duken, og sidan levde han godt alle sine dagar.

Notar

Fiskelasset

Ein mann kom køyrande med eit fiskelass. Reven la seg attmed vegen som om han var daud. Mannen tok reven og la attpå lasset. Sjølv sat han framanfor. Då tok reven til å kaste fisk av lasset, og då han hadde køyrt med eit stykke, bykste han av. Sidan henta han fisken saman til éi bør. Mens han heldt på med dette, møtte han bjørnen.

"Korleis har du klart å fange all den fisken?" spurde bjørnen.

"Du skal få vite det", sa reven, "Eg la meg attmed vegen og spela daud. Så kom ein mann med eit fiskelass. Han slengde meg på lasset. Då kunne eg slenge av så mykje fisk som eg ville ha, og han merka det ikkje."

Bjørnen ville gjere det same.

"Du kan jo prøve", sa reven, "men du lyt tole det om han bankar deg," sa han.

Dagen etter kom mannen med fiskelasset igjen, men no var han blitt klokare etter å ha mista fisk og rev frå lasset dagen før. Straks han såg bjørnen ved vegen, spretta han tauet ifrå garnet han hadde med i vogna, og gav seg til å banke bjørnen med tampen av det tunge tauet. Bjørnen tolte det lenge, men til slutt måtte han berre røme sin veg. Neste dagen møtte han reven og klaga seg.

"Ja, dette blei visst ein lærepenge meir enn noko anna," sa reven.

(Attgiving)

Notar

  Innhald  


Boktilfang

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner.    Seksjon     Sett    Neste

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]