![]() |
Norske ordspråk | ||||||||||||||||||
|
TTa råd av den som mest har røynt [Oy 116].Takk er god, men ei gåve er betre [Oy 152]. Takklaus gjerning er alltid tung [Oy 152]. Tal ikkje om reip i hengd manns hus [By 166]. Tale er sølv, tausheit er gull [Ae 51]. Tankane går oftast tollfrie [*Br 176]. Tankar går tollfri (også svensk og dansk) [Oy 153]. Tanken er ikkje god å tøyme [Oy 153]. Tanken har vide vegar [Br 176]. Tanketomt hovud får gjerne sove [*Br 165]. Tapplaus tønne blir snart tom [Oy 162]. Teiande mann kjem sjeldan til tings [i retten] [Oy 154]. Tenk først på brød og sia på brur [By 178]. Tid og tilfelle har ingen i handa [By 171]. Tida har sterke tenner [Oy 155]. Tida ventar ikkje på mannen [Oy 155]. Tidene vender seg om [Oy 155]. Timane er like lange, men ikkje like gode [Oy 156]. Tjukt baka og rått steikt (- og tjukt påsmurt). [Kommentar] [Br 179]. Tjuv byrjar med nål og ender med sølvskål [Go 69]. Tjuv trur at kvar mann stel [Ae 70]. Tjuven har ein høgre rett (det er vanskelig at skulde han dersom du ikkje har bevis) [Oy 157]. Tjuven trur at kvar mann stel [Oy 157]. To fuglar ber betre til reirs enn ein [Oy 37, 162]. To hundar om eit bein vil sjeldan semjast [Oy 64]. To mot ein er ulikt [Oy 162]. To par auge ser meir enn eitt [Go 58]. To tunger i éin haus er for mye [haus = hovud] [Oy 162]. To tunger i ein munn er for mye [Br 184]. Tobakksskillingane og barnesorgene leggjest til [Br 179]. Tom pung gjør blyg mann [Go 68]. Tom pung gjør hugen tung [Oy 113, 114]. Tom sekk vil ikkje stå rett [Oy 127]. Tomme tønner drønnar mest [hs glymjer] Tomme kjerrer skranglar (skramlar) mest [Oy 162, By 167, Oy 72]. Tomposen er tyngst for tiggaren [Br 22]. Tomt hus treng ingen lås [Go 82]. Torsdagsfriaren får aldri nei [Br 58]. Torva gifter lurva (dvs. "Eigedom gjør at også eit utiltalande menneske blir gift" - IA) [Oy 158]. Tre flyttingar er så godt som ein husbrann [Oy 34]. Tre føter er nok under ein krakk [Br 105]. Tre gonger flytta er som ein gong brent [Oy 34]. Tre ting jagar mannen ut av huset: røyk, veggelus, og ei arg kjerring [Br 181]. Tre ting krevst det til alt: makt og vett og vilje [Br 181]. Tre ting tar aldri tukt, det er høns, svin og galne kvinnfolk [Go 54]. Tre veks ikkje så høgt som til himmels [Oy 158]. Treet fell ikkje for første hogget [Br 48]. Treffer du ein narr, skal du gi han gode ord og late han fare [Go 96]. Trette og kiv spillar mye tid [Br 183]. Trette tar ikkje slutt for den som vil ha [Oy 161]. Trott og truskap fyller bu og buskap [Oy 160]. Tru ikkje hestehov og barnerumpe [Go 40]. Tru minst råd for hjertet sin del. Tru på bod og reglar kjem helst av tap av ånd. Trælar i neven er ikkje noe låkt lyte (ei hard og knudrete hand er merke på tungt arbeid - IA) [Oy 161]. Trøytte armar er betre enn tomme tarmar [Br 11]. Tråden slitnar der han er veikast [Oy 158]. Tufsen hjelper stakkaren [Go 64]. Tunga skal la seg temja - Det er ill tunge ein aldri kan temje [Oy 162]. Tunga taler som vettet seier til [Oy 162]. Tungt lass og liten hest høver ille i hop [Oy 84]. Tynt øl er betre enn tom skål [Oy 187]. Tørr kake er betre enn ingenting å smake [Oy 69]. Tørr mat er betre enn tomt fat [Oy 99]. Tørt vil vere smurd [Br 184]. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||