NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk

 13 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



U

Ubodne kan bli sitjande utan å få mat [Oy 163].

Ufred er lettare å yppe enn å ende [Oy 164].

Ugift er betre enn ille gift; er det ingen som klappar, så er det ingen som klorar [*Go 58].

Ugjort gjerning får inga lønn [Oy 45].

Ugras dør ikkje ut så lett [Ae 186].

Ugras kjem alltid igjen; det sår seg sjølv [Oy 164].

Uheldig er den som svelt i hel i julehelga [Oy 164].

Ukjend sykje er låk å lækje [Oy 150].

Ull og smør høver ikkje i same sekken [Br 162].

Ulven skifter håra, men ikkje hugen [Oy 165].

Under fager tale kan det ligge fals (svik, falskleik, forfalsking, uærligdom o.a.) i dvale [Br 176].

Understeinen hjelper oversteinen å male (i mølla) [Oy 165].

Ungdom er alltid ven, og helst når vett følgjer med [¤185].

Ungdom og alder er jamnast ulike [¤185].

Ungdommen har framtida for seg [Oy 166].

Ungdoms blod og stort mod vil følgjast [Oy 166].

Ungdoms minne sit lenge inne [Br 188, Oy 166].

Unge kvister bøyer seg best [Oy 81].

Ureint vatn sløkkjer også ein brann [Oy 170].

Urett er like fullt urett, enda om han endå går lenge ulasta [Oy 166].

Urett hører hinmannen [fanden] til [Oy 118].

Utan fiende blir det ingen strid [Go 52].

Utan strid kjem ingen siger [Oy 146].

Utvendig blank, innvendig krank [Br 24].

Uventa gjest får uventa rett [Go 72].

Uveret ventar ikkje til mannen er heim komen ( til båten er i land) [Oy 167].

Uveret ventar ikkje til mannen er i hus [Go 102].

Uvilla verk er ikkje reknande [Oy 176].


BØLGJE

Litteratur
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2002–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]