NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk

 13 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



V

Vandre varlig, det spørst minst [Oy 173].

Vane fører mange vilt [Br 195].

Vanen er vond å vende [By 162].

Vanen får vike så retten kan rå [*Br 189].

Vanen kan gjøre det tunge tålelig • Vanen gjør det tunge tollig (til å halde ut) [*Oy 169, Go 25].

Vanen vil gjerne vekse seg fast [Oy 169].

Vanlykka krev godt mot [Oy 169].

Vanskelig å vite kva den kvekkande tenkjer.

Vanskelig å vite kva den teiande tenkjer [Oy 182].

Vantakk er verda si lønn [Oy 169].

Var alle fuglar haukar, fekk ingen høre gaukar [Oy 55].

Var alle rike, ville ingen ta teneste [Oy 119].

Var det ikkje skremsel, kom somme før i fengsel.

Var det ingen age, så gjekk verda av lage [Go 40].

Var det nok med ønske, så var alle mann rike [Oy 186].

Var det skjegget det stod om, kunne bukken vere biskop [Br 32].

Var ein førevis for ein aldri gale [Oy 39].

Var ein så føre var som etter snar, så fór ein aldri ille [Oy 169].

Var ikkje katten, kom mysene betre til.

Var inga lov i landet, fekk den sterkaste styre [Oy 92].

Vare fuglar kan òg bli veidde (fanga) [*Oy 37, 169].

Varsemd skadar ikkje [IA] [Oy 170].

Vatnet er sterkaste drikken; det driv både kvern og sag [Oy 170].

Vatnet går til sjøen sjølvbedt [Oy 170].

Ved urett går det nokså lett å gjøre ein far til tusling.

Vegane fell så vide [Oy 172].

Vegane møtast vide ( du lett kan treffe ein kjenning ein stad du ikkje venter det) [Oy 172].

Veike folk få verje seg med vett [Oy 173].

Vel begynt er halvgjort [Br 34].

Vel mælt og dyrt selt er inga skam [Go 70].

Vel opplagt og ille utført får skam til takk [Oy 166].

Velde viser kva mannen er [Oy 174].

Velgjort varer lengst [Oy 174].

Velstand gjør venner, og vanlykka tar på (røyner) dei [Oy 174].

Velstand ligg i konehand [*Br 192].

Venleik utan vett er mindre verdt [*Oy 185].

Venleik utan vett er som gull i grisetryne [Br 193].

Venleiken er kort, og styggleiken lang [Br 193].

Venleiken minkar men vettet kan vekse [Oy 185].

Venleiken minkar utan vett i følgje [*Oy 185].

Vennskap er betre enn slektskap [Oy 180].

Vent det verste, så blir du ikkje narra [Oy 175].

Vente lenge og få lite er dårlig å gå på [Oy 9].

Vente og håpe gjør ein ofte til tåpe [Oy 175].

Ventetimen er alltid lang [Oy 175].

Ver og vind kan ingen vende [Br 193].

Verda er til dels som ein tar henne til [*Oy 175].

Verda er vid; men endå sitt somme for trongt [Oy 175].

Veret er aldri så vondt at ikkje den døde må ut [Oy 172].

Veret vil ha sin vilje [Oy 172].

Verket priser meisteren [Br 11].

Vett er betre enn venleik [By 161].

Vett varer lenger enn venleik [Oy 182].

Vettet viser svinet vegen [Go 22].

Vi brenner somme av jerna når mange er saman i elden [Oy 68].

Vi kjem aldri til å stå på yngre føter [Oy 35].

Vi treng ikkje be om daglig brød så lenge vi har kake [Go 43].

Vi veit kva vi sår, men ikkje kva vi får [Oy 125].

Vil du ete med lyst, skal du streve først [Go 44].

Vil du vere glad sjølv, får du først gle andre [Go 64].

Vil ein ha spelemann, får ein gi i skåla [Br 166].

Vil ein truge, må ein også kunne slå [Br 161].

Viljen er ingen landsrett [Go 26].

Ville folar blir temt med tida [Oy 178].

Villig hest skal ein ri med måte [Oy 60].

Villig hest skal vere lesst med måte [Oy 60].

Vind og vatn vil ha sin gang [Go 102].

Vinden er ikkje god å binde (og vende) [Oy 179].

Vinden er ikkje god å vende [Go 88].

Vinne og tape er kjøpmanns lagnad (eller rett) [Oy 179].

Vinteren vil spørje kva sommaren har sanka [Oy 177].

Vipa vil verje all mark, og greier ikkje verje si eiga tue [Br 194].

Vis og vane rår meir enn vett [Oy 180].

Visdom er ikkje rart arvegods [Oy 181].

Visdommen kan ein dølje, men dårskapen ikkje [Oy 181].

Visdommen rekk ikkje alltid til [Oy 181].

Visste fuglen kor fattig han er, så song han ikkje så fagert [Oy 38].

Visste hesten om makta si, let den ingen få ri seg [Ae 155].

Vomma har ingen kviledag [Br 198].

Von om bot(eråd) gjør tunge byrder lette [Oy 183].

Vona gjør den veike sterkare [*Oy 183].

Vonde auge spår ikkje godt [Go 51].

Vonde ord gjør vondt folk verre [Oy 112].

Vonde tankar skal ein møte på dørstokken [Oy 153].

Vonde varer går det seint å selje [Oy 170].

Vondt er vondt, om det enda kjem godt ut av det [Oy 184].

Vondt og godt skal begge uthaldast [Oy 184].

Vondt å vere verjelaus; verre rådlaus [Oy 176].

Vrangt og beiskt verkar det når stort lass blir velta av liten stein [By 206].

Vågande vinn, og vågande taper [Oy 171].

Vårherre har fleire enn oss å føde [Oy 172].

Vårherre har mange barn, han har mange ris òg [Go 28].

Vårherre lagar ikkje fleire munnar enn han kan ha mat til [Go 28].

Vårherre let seg spotte [Go 28].

Vårherre let til å hjelpe den som hjelper seg sjølv [*Oy 171].

Vårnatta kjem skridande, haustnatta kjem ridande [Go 98].


BØLGJE

Litteratur
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2002–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]