Norsk del, Gullvekta
Orknøyske eventyr og segner  ❀ 2
Seksjon › 10   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Nissen på Copinsay

Den vesle øya Copinsay sør-aust for hovudøya i Orknøygruppa er det knytt mange segner til. Ei av dei handlar om ein nisse og det einaste mennesket der på øya - ein bonde. Han heldt til i det einaste våningshuset der.

Ein vinterkveld bonden hadde lagt seg i senga si – ho stod på kjøkkenet – oppdaga han ein fæl, liten skapning i ei krå. Skapningen var naken, huda verka tjukk som lêr, og var litt sjølvlysande. Skapningen var noko mindre enn ein mann. Hovudet var skalla og flatt på toppen.

Den skremde bonden hugsa at kaldt stål skulle hjelpe mot underjordiske, og greip det gamle sverdet som støtt låg ved sida av senga der, og så hoppa han opp for å slåss mot inntrengaren. Men sjølv om bonden krossa seg og svinga sverdet i store sirklar i lufta, blei gjesten i kroken verande. Han var berre kjapp til å vike unna sverdbladet, alt mens han sa eitkvart uskjøneleg til bonden.

Bonden slo etter skapningen og kasta kalde kjøtbollar etter han. Han trefte eit par gongar. Då pilte skapningen ut gjennom døropninga.

Bonden sette seg ned på kjøkkenkrakken for å få att pusten og samle seg. Sakte klarna han, og skjøna at enda han hadde gjort det han kunne for å jage inntrengaren, hadde ikkje skapningan prøvd å skade han. Så då skapningen kom inn i kjøkkenet att med flir og vennlege fakter, blei bonden sitjande og prøvde å forstå det skapningen sa, og kom til at han var ein sjønisse.

Nissen sa han heitte Hufbo og budde nedi sjøen, men no var han blitt lei av å ete rå fisk, skjel og tang. Han ville bu på land, og og var villig til å arbeidet for å få husly.

Han sa at kvar kveld ville han male korn på kjøkkenkverna så godt mjøl stod klart om morgonen så bonden fekk seg graut å starte dagen med. Alt han bad om til gjengjeld var ei skål med mjølk til å ha ein handfull av hans eigne, rista byggkorn oppi.

Dette tilbodet tiltalte til bonden, for han var ein travelt oppteken mann. Gjestfri var han også. Han kom fort til hektene etter den første skrekken over korleis skapningen såg ut, og slo til å tilbodet. Så la bonden seg tilbake i senga. I bakgrunnen høyrde han det lave surret av kverna som sveiv rundt og rundt. Neste morgon stod det klar ein bolle med reine, godt malne havrekorn å koke graut av.

Hufbo blei ein verdsett tenar i huset. Somtid prata bonden med han, men oftare låg bonden stilt i mørket og såg på skapnaden som mol flittig på kverna i kjøkkenkroken.

Bonden var forlova med ei jente på hovudøya. Han meinte det ville vere uklokt å bringe ho heim til Copinsay utan at ho var van med og godtok Hufbo. Bonden fortalde ho derfor om tenaren sin og snakka vel om kor god og snill han var. For å gjere det enda lettare for ho å godta tenaren, tok bonden ho til øya fleire gongar så ho kunne få treffe han. Jenta kom etter kvart til at ho ikkje hadde noko imot å dele den kommande heiman sin med slik ein nisse. Då feira bonden og jenta bryllaup og bruda kom til Copinsay.

I den varme senga si kom den gode, nygifte kona snart kom til å tenke at den nakne tenaren laut skjelve av kulde i vinternatta. Ho var også opptatt av at han gjekk så naken omkring støtt. Utan å fortelje det til nokon, fekk ho tak i tøy og gjorde ei varm kappe med hette til tenaren. Hetta kunne varme det skalla hovudet hans.

Ein kveld la ho det ferdige plagget på kjøkkenkverna og kjente seg fornøgd med den gode gjerninga. Til vanleg kom Hufbo stilt og sette i gang med å male korn på kverna, men denne kvelden hadde han ikkje før komme inn i rommet før han tok til å hyle fælt. Rundt og rundt kverna gjekk han, hulka bittert og sa om og om att:

"Kappe og hette har Hufbo fått,
så Hufbo kan ikkje gjere meir godt."

Så rende han ut i mørket og dei såg han aldri att meir der på øya.

Notar

Den uventa linåkeren

For lang tid sidan budde ei jente på South Ronaldsay. Ho fekk eit jentebarn mens ho enno var svært ung. Barnet var like pent og vinnande av vesen som mora.

Mora var ung og uskyldig. Då slekta hennar spurde ho ut om korleis ho hadde fått barnet, sa ho at ho ikkje kunne seie det. Og då dei spurde kven som var far til barnet, kunne ho ikkje seie kven det kunne vere. Dei prøvde å få ho til å seie meir, men jenta heldt på at det var ikkje noko meir ho kunne fortelje om dette.

Slektningane undra seg. Men enda om dei kan ha trutt ho, ville ikkje kyrkja la saka vere. Stadig vekk blei jenta avhøyrd og avhøyrd på ny, både av presten og kyrkjerådet, men ho hadde ikkje anna på seie enn at ho ikkje visste korleis ho hadde blitt med barn. Men dei ville ikkje tru ho. Ingen i heradet ville tru ho heller. Folk var harde, trongsynte og intolerante, og kunne ikkje fatte korfor ho ikkje sa noko eller korleis ho kunne sjå så uskyldig ut.

Den stakkars jenta og barnet hennar blei begge dårleg behandla og sjikanerte. Det verka som alle var imot dei. Med åra laut dei slite for maten og kleda sine. Dei fekk ikkje så kornet sitt eller dyrke linet sitt i fellesmarka som andre, og dei blei nøydde til å tole spott og plaging av folk som syntest det var ei plikt å vere så forferdelege mot dei.

Med tida blei jenta ei likande, ungkvinne. Mora såg stolt på ho, men var også trist over at ei slik flott jente var så dårleg kledt. Det var ikkje noko dei kunne gjere for å gi dottera noko betre enn fillene ho hadde på seg.

Ofte gjekk jenta turar aleine langs kysten. På austsida nær Halcro-neset kom ho ein gong til det djupe gjelet som blir kalla Gloup. Kløfta låg eit stykke vekke frå klippekanten, og havet kom inn gjennom ei lang hole i botnen. Men marka ytst i kløfta var udyrka, enda om det fanst spor etter gamle åkrar der.

Mens ho gjekk der, oppdaga ho det voks lin mellom kløfta og sjøen. Linet såg mykje finare ut enn noko lin som voks heime og i dei andre bygdene på øya. Linet vinka vakkert i vinden. Ho gjekk for å fortelje mora si kva ho hadde funne, og snart røska dei opp plantar, bunta dei saman og bar heim mange famnar med dette storarta linet, for det verka ikkje som det tilhøyrde nokon som helst.

Heime behandla dei linet gjennom mange steg til berre fint spinnelinet var att. Mora vov og sydde ein kjole til dottera. Kjolen hadde ein nydeleg glans. Då det var gjort, blei kjolen farga ein lys naturfarge som mora fekk frå eit planteslag på ein lyngmo.

Dottera syntest ho hadde aldri sett ein så fin kjole. Då ho så tok han på seg, sa mor hennar at dei passa til kvarandre og var heilt nydelege begge to.

Jenta hadde på seg kjolen ein gong lorden i grevskapet kom forbi. Han kunne ikkje ta auga frå ho, og han må ha fortalt den unge sonen sin om ho også, for sonen kom på vitjing, blei forelska i ho, og gifta seg med ho.

Her er noko av songen som gammalt folk song om det. Deler av teksten er borte, og heile melodien.

På dei vide markene
mellom gjelet og sjøen
voks det lin
til mor og meg.

Vi plukka lin
ein vakker dag
og hoppa av glede,
ho mor og eg.

Vi spann og fletta og allting,
til mor hadde laga ein gild kjole til meg,
Lorden fekk sjå meg
og meinte eg var skikka
til å vere kona til sonen hans,
ung og glad som han var.

Vi fekk kvarandre kjær
og gifta oss ein dag.
Det er alt på grunn av linmarkene
der linet voks så godt
mellom gjelet og sjøen

Vi fekk to søner -
dei reiste langt av stad,
men gløymde aldri markene
der linet voks så fint
mellom gjelet og sjøen.

Notar

Johnie Croy

Når folk ser havfrua på land, sit ho alltid og kjemmer håret sitt med ein gullkam. Ho ser heilt nydeleg ut, og stemma og musikken hennar fortryllar menn.

Ein gong for lenge sidan gjekk Johnie Croy omkring under fjellskrentane på vestsida av Sanday og såg etter rekved. Johnie var den modigaste, djervaste og flottaste karen på Orknøyene, sånn omtrent. Mang ei gild jente kasta lengselsfulle blikk etter han.

Det var fjøre sjø mens Johny gjekk der under skrentane på Sanday. Mens han fann fram mellom steinblokker og framspring, fekk han høyre den herlegaste lyden han nokon gong hadde høyrt. Han stod der og lytta heilt skjelven eit lite minutt.

Det var ein stad bak den bratte klippen over han at lyden kom frå, meinte Johnie. Han gjekk fram til ein stad han kunne sjå dit. Der såg han ei havfrue. Ho sat på ein stein som var dekt med tang, og kjemme det gule håret sitt. Håret skein som det klaraste gull. Ho hadde eit sølvblankt glinsande underskjørt som hang ned frå midja. Dei nedste delane av underskjørtet var bretta saman og låg bakom ho som ein hale. Frå hovudet til midja var ho naken, men gylne lokkane dekte store deler av glatt, mjuk hud som spela i solskinnet.

Johnie blei overvelda av kjærleik til ho. Han ville fri til den vakre skapningen om det så skulle koste han livet. Ho sat med ryggen til sjøen. Han kraup ned så han kom mellom ho og havet, og gøymde seg under dei store framspringa og gløtta fram på ho av og til. Han fekk hjartebank av synet.

Han kraup opp bak ho der ho sat og kjemma håret og nynna ein vakker melodi. Så reiste han seg sprang fram og kasta armane rundt ho og kyssa den søte munnen. Han tenkte, "No har eg komme i himmelen."

Ho sat nesten lamslått i eit lite minutt. Så sprang ho opp, slengde Johnie frå seg, og gav han eit kraftig slag. Så løyste ho underskjørtet nedst og sprang til sjøen.

Då Johnie reiste seg, var havfrua i sjøen. Ho stirde på han med flammande auge. Ho var sint over å ha blitt kyssa så frekt, men kjærleik hadde blitt vekt.

Johnie såg ned. Det låg noko skinnande framfor føtene hans. Det var ein gullkam. Ho hadde mista han i hastverket. Johnie heldt opp kammen og ropte: "Takk!"

Då ho såg kammen, ropte ho: "Å nei! Å miste gullkammen sin er den verste skam- Same kor eg kjem, vil eg bli kalla jenta som mista gullkammen sin. Å, gi meg tilbake kammen!"

Johnie sa: "Eller du kan komme og bu på land med meg, for eg kan aldri elske nokon annan enn deg."

"Nei, nei", sa ho, "Eg liker ikkje regn, snø og lyse sola - Bli heller med meg, kjære guten min, så skal eg gjere deg til høvding her hos oss, som bur i eit krystallslott der solstrålar aldri blendar, der vinden aldri blæs og det aldri fell regndropar. Å, bli med meg og ver min nede i sjøen, så blir vi begge lykkelege."

Johnie sa: "Kjære, du kan bli med meg like fullt, for eg har ein stor eigedom på Volyar, med mykje utstyr, mange kyr og sauar, og du blir husfrua over alt det. Du kjem ikkje til å mangle noko. Kom berre og bu med meg, kjære deg. Gi det ein sjanse!"

Dess lenger dei stod og akkederte, dess meir likte dei kvarandre. Til sist såg ho at det kom folk - for havfruer ser langt -, tok farvel og svømte ut mot havet mens ho song: "Å nei! Gullkammen!"

Johnie gjekk heim med verkande hjarte, men med gullkammen ved brystet. Mora hans var ei klok kone, så Johnie fortalde ho om havfrua og spurde kva han skulle gjere.

"Du er ein stor tosk som forelskar deg i ei havjente når det er mange land-jenter som ville bli glade for å få deg," sa mora. "Vil du ha med ho å gjere, skal du gøyme kammen hennar, for mens du har kammen har du makt over ho. Men gjer du det eg trur er best, så kastar du kammen hennar i sjøen og sluttar å tenke på ho. For enda om ho kan gjere sommaren lys og fager, kjem ein fæl vinter etter kvart, og til sist søkk du i hengemyra."

Johnie tok seg av arbeidet sitt som før. Stundom kunne han ikkje tenke på anna enn havjenta si, men han gløymde ikkje å gøyme gullkammen ein trygg stad.

Så var det ei natt Johnie ikkje fekk sove, men låg kasta seg i senga. Først då morgonen var nær, fall han i søvn. Utpå dagen blei han vekt av overjordisk vakker musikk i rommet sitt. Han låg ei stund som trollbunden, for musikken var så herleg. Og så kom han i hug at det var same musikken som han hadde høyrt på stranda. Det var stemma til ho han elska.

Johnie sette seg opp og der sat ho, så vakker at det ikkje var måte på, og kjolen hennar var eit syn. Han sa: "Kjæraste, vil du leve i lag med meg og vere kona mi?"

Ho svara: "No skal du få eit rimeleg tilbod av meg. I sju år skal eg leve med deg her og vere maken din. Etter det kan du bli med meg og gjeste folket mitt. Og alt mitt blir ditt der."

Johnie hoppa ut av senga og sa ja. Dei omfamna kvarandre og blei sidan gifte. Folk sa at ei gildare brud hadde dei aldri sett. Gull og sølv skein på kjolen hennar, og ho hadde ei kjede med store perler om halsen.

Johnie hadde fått seg ei nøysam, kjærleg kone. Ho bakte så godt brød og brygga sterkt øl at det gjekk gjetord om det over heile øya. Og ho heldt alt i orden. Ingen kunne spinne som ho heller. Ho var den beste kona og mora som nokon kunne få, lét det til. På Volyar gjekk alt godt i dei sju åra. Då slutten på den perioden nærma seg, blei det mykje styr med å gjere alt klart for ei lang sjøreise. Johnie tenkte mykje. Kona hans var livleg og snar i snuinga og støtt opptatt, men blikket var ofte fjernt.

Dei sju første åra saman hadde ekteparet fått sju herlege barn. Alle barna hadde i tur og orden blitt avvente, hans hadde sju Bonnie og staselege barn. Dei hadde i tur og orden blitt vant av på på fanget til besta, og no hadde ho det yngste barnet sovande hos seg i det vesle huset sitt. Kvelden før familien skulle fare, knytte besta ein knute på ein lintråd og sette til litt gild farge. Fargen smitta over på huda til veslebarnet då ho festa snora med knute på rundt foten til det mens det sov.

Morgonen kom, og då dei var reiseklare, gjekk kona til Johnie ned til båten. Nede på stranda var mannen og seks av barna i båten. Ho sende tenarar opp til garden etter minstebarnet hos besta. Dei kom snart tilbake og fortalde at alle fire hadde prøvt å løfte vogga som barnet låg og sov i, men at dei ikkje kunne flytte ho ein tomme.

Ei mørk sky kom over fjeset til mora. Ho sprang opp til huset og prøvde å løfte vogga sjølv, men makta ikkje flytte ho. Mora kasta dernest teppet til side og ville løfte det nakne veslebarnet sitt opp frå vogga. Men då ho rørde ved barnet, kjede ho ein grufull svie gå gjennom armane. Ho måtte trekke armane til seg mens ho gråt.

Ei lita stund etter gjekk ho tilbake til båten med salte tårer nedover kinna. Besta hadde sete på ein stein eit lite stykke borte frå huset sitt mens alt dette hende, og smilte trist og ekkelt.

I det båten segla ifrå land, høyrde folk korleis kona til Johnie jamra og klaga: "Stakkars barnet mitt! Tenke seg at eg lyt etterlate han så han lyt leve og døy på land!"

Langt vekk segla båten. Ingen veit kor. Johnie Croy, den vakre kona hans og dei seks eldste barna var det ingen som såg noko til meir.

Besta tok seg av den vesle guten som blei igjen, og kalla han Corsa Croy. Han voks opp til å bli ein kraftig kar. Då besta døydde, tok Corsa Croy til sverdet, og drog langt vekk, til Heilaglandet (Palestina). Han samla mykje bytte frå høvdingar han slost mot og vann over. Han gifta seg deretter med ei jarledotter og busette seg på Britannia-øya, Han og kona hans fekk mange barn og mykje verdsleg rikdom. Er dei ikkje daude, så lever dei enno.

Notar

Havfrua skildra

Ei gammal og grå kvinne sat ved peiselden med eit teppe over knea og venstre fot strekt fram over dei behageleg varme steinane i framkant av peisen. Ho heldt på å stoppe ei strømpe ho hadde drege av foten.Samtidig fortalde ho ein flokk ungdommar om havfruene. Ho verka heilt oppslukt av å fortelje kor vakre dei var. Auga hennar glødde mens ho skildra dei, og dei unge sat rundt ho med vidopne auge og gapande munn og trudde kvart ord ho sa.

"No for tida trur somme at havfrua har på seg selskinn under midja, festa med eit belte, og at ho kan ta av selskinnet også. Men for berre nokre få slektsledd sidan trudde mange at ho verkeleg hadde fiskespord, og ikkje føter som var dekte av selskinn. Folk sa at havfruer gifta seg med havmenn. Men om ei havfrue gifta seg med ein havmann, mista ho fort venleiken ho var født med. Dei første sju åra av ekteskapet mista ho etter kvart den framifrå venleiken. Dei neste sju åra forfall ho så ho blei om lag like vakker som menneskekvinner, I den tredje sjuårsperiode blei ho stygg og ekkel å sjå på.

Men havfrua kunne unngå å miste sjarmen og venleiken sin dersom ho låg med eit menneske og gifta seg med han. Derfor prøvde ho ofte å vise seg fram på stranda og la karar få sjå kor vakker ho var. Dei lét seg fort fortrylte av musikken hennar også, så dei ville ha ho og leve i lag med ho."

Den gamle kona la til: "Ja, havfrua er den vakraste skapningen i heile havet. Fjeset er heilt nydeleg, og kroppen velforma på alle måtar. Gullhåret hennar pryder hovudet og kransar fjeset, og rekker heilt til midja, og huda er mjuk som silke.

Når ho er i vatn, er det som ho har hale. Mannfolka seier halen er ein del av kroppen hennar, men gamle koner fortel at halen er eit underskjørt som er festa med belte rundt midja. Når havfrua er på land, ser ein at ho har eit vakkert underskjørt, brodert med sølv og gull. Men når havfrua er i havet, samlar ho underskjørtet og knyter det att i den nedste enden, og då synest ikkje føtene hennar."

Notar

  Innhald  


Bøker

Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene.    Seksjon     Sett    Neste

Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]