Norsk del, Gullvekta
Orknøyske eventyr og segner  ❀ 3
Seksjon › 10 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Oskeladden og Meister Stororm

Oskeladden var den yngste av sju søner. Han budde saman med faren og mora og brørne sine på ein fin gard der det rann ei lita elv forbi. Alle arbeidde og streva unntatt Assipattle. Dei fekk han ikkje til å gjere meir enn lite. Han låg framfor den store, opne peisen i kjøkkenet og brydde seg ikkje om at han fekk oske på seg. Far og mor hans rista på hovudet over han; brørne hans skjente på han og kalla han ein tosk. Og alle gjorde narr av det då Assipattle ein kveld fortalde om utrulege kampar der var han helten.

Ein dag kom det fælt nytt til gards. Meister Stororm hadde komme nær land. Folk ved kysten verda over var livredde den sjøormen. Dei blei bleike og krympa seg berre dei høyrde namnet hans. Om jorda rista og havet strøymde inn over markene, var det storormen som geispa. Han var så lang at han laut kveile kroppen sin rundt jorda for å få plass til han. Pusten hans var så giftig at når han blei sint og bles ut, øydela vindpusten alt levande på lang lei, og alle avlingar i nærleiken visna. Han kunne feie åsar og bygder på sjøen med den kløyvde tunga si, eller gripe og knuse eit hus eller eit skip så han kunne sluke folka der inne.

Då storormen kom nær landet der Oskeladden budde, og tok til å gjeispe, visste folk at dei laut til å mate uhyret, elles kom han rasande og øydela heile landet. Folk fekk også kunngjort at kongen hadde spurd ein spåmann om som måtte gjerast, og at spåmannen sa at den einaste måten å halde Stororm nøgd på, var å mate ham med sju ungjenter i veka. Folket blei forferda over dette, men faren var så forferdeleg at dei samtykte.

Kvar laurdag morgon blei sju vettskremte jenter bundne på hender og føter og lagt på eit stort berg på stranda. Så tok sjøuhyret dei med tunga, svelgde, og ingen såg dei meir.

Då sendebodet til garden fortalde om dette, blei både faren og brørne til Oskeladden grå i fjeset og dei skalv.

Men Oskeladden sa at han var klar til å kjempe mot Stororm. I alle åra ved peisen hadde han spart kreftene sine til nettopp dette. Brørne hans blei rasande og kaste stein etter han, og far hans sa sorgsam: "Eg trur ikkje du kjem til å slåst mot Stororm før eg har laga skeier av månesigdene." Han trudde ikkje det kom til å skje.

Sendebodet fortalde enda fleire fryktelege ting. Han sa at folk i landet var så fortvila og forferda over at dei vakraste og mest uskyldige jentene som blei serverte for sjøormen, at dei kravde ei anna løysing. Kongen hadde spurt spåmannen til råds enda ein gong, og til sist sa spåmannen med redsel i auga at den einaste måten dei kunne få sjøuhyret vekk på, var å by det den vakraste jenta i landet, og det var den einaste dottera til kongen.

Han hadde ingen andre barn, og han var glad i ho, meir enn i noko anna. Men folk var så livredde og sorgtynga over å ha mista sine eigne jentebarn at kongen sa: "Ja, då får ho døy for folket, då." Tårene trilla nedetter kinna hans mens han sa det.

Men det fanst éin utveg for å redde kongsdottera, så kongen bad om tid til å sende bod til alle delar av riket sitt og kunngjere at den som var sterk og djerv nok til å vinne over styggebeistet, skulle få dottera hans, heile riket og det gilde sverdet Sikkersnapper, som kongen hadde fått i arv frå fjerne forfedrar.

"Tretti karar kom då til slottet, men berre tolv blei att etter at dei fekk sjå Stororm", sa sendebodet. Han hadde stogga på garden der for å kvile den slitne hesten sin. "Men sjølv dei var sjuke av frykt, så kongen hadde inga tru på dei", la sendebodet til. "Gammal og skrøpeleg var han, men no tok han fram sverdet Sikkersnapper frå kista bak det høge bordet og sa han ville slåst mot beistet sjølv heller enn å la dottera bli eten.

Kongen fekk båten sin trekt ned støa ifrå naustet og til stranda. Der ankra han båten ved stranda for å ha han parat når han trong det."

Alt dette fortalde sendebodet mens hesten fekk kvile seg. Oskeladden lytta ivrig til alt, men ingen enste han. Sendebodet kleiv opp på hestn og rei sakte vekk. Snart la faren og mora seg. Frå der han låg i oska ved den blafrande peiselden, høyrde Oskeladden dei sa dei ville dra neste dag for å sjå kven som vann av kongen og Stororm. Dei ville ri dit på hesten på garden, som dei sa var den kjappaste hesten i landet.

"Korleis har det seg at ein kan få hesten vår til å springe fortare enn nokon annan hest?" spurde mora.

Det gjekk lang tid før faren ville svare ho, men til sist laut han ut med det: "Når eg vil at hesten skal stå, gir eg han eit klapp på venstre skuldra. Når eg vil ha han til å springe fort, gir eg han to klapp på høgre skulder. Og når eg vil han skal galoppere så fort han kan, blæs eg i ei fløyte eg har lagd. Eg har alltid fløyta i lomma. Får hesten høyre fløyta, spring han som vinden."

Etter ei stund blei det stilt. Foreldra hadde sovna. Fort og stilt gjekk han og skar seg ei lita fløyte som skulle vere maken til farens; han hadde sett fløyta hans fleire gongar før.

Han fann vegen til stallen og ville beksle hesten. Først sparka hesten og reiste seg på bakbeina, men så snart Oskeladden klappa han på venstre skuldra, var han spak som eit lam. Då Oskeladden kom seg på ryggen hans og klappa han på høgre skuldra, sette han av garde med eit høgt knegg. Støyen vekte faren, som sprang opp og kalla til seg dei andre sønene sine. Alle rei etter hesten, utan å vite at det var Oskeladden som var oppå han.

Faren rei fortast i mørket, og nådde nesten att Oskeladden, Han ropte til hesten for å få han til å stoppe: "Hei, hei, ho! Tittgong vo."

Hesten kjende signalet og stogga straks. Men Oskeladden sette fløyte til munnen og bles hardt i ho. Då hesten høyrde fløyta, galopperte han av stad så fort som vinden. Faren på garden og dei seks andre sønene kunne ikkje måle seg med det og fór heim.

Det gjekk så fort at Oskeladden nesten ikkje fekk puste. Det var rett før det grydde av dag at Oskeladden nådde stranda som framparten av Stororm var utanfor. Det var ein dal mellom bakkane. I dalen var eit småbruk Oskeladden tjora hesten og gjekk inn. Der låg ei gammal kone og snorka høgt. Det var glør på peisen. Ei jernpotte stod ved sida av han. Oskeladden treiv potta og fylte ho med glødande torv frå peisbålet. Kvinna vakna ikkje, og heller ikkje då han smaug seg ut av huset. Men den grå katten som låg ved fotenden av senga hennar, geispa og strekte seg.

Oskeladden skunda seg ned til stranda. Langt ute frå land var det som ei mørk, høg øy; det var øvste del av hovudet til Stororm. Inne ved stranda låg ein båt for anker og vogga. Einkvan stod i båten og slo floke for å varme seg. Om og o matt slo han armane i kryss kring seg, for det var ein kald morgon. Oskeladden ropte til mannen: "Kan du ikkje kome på land for å varme deg?"

"Eg ville om eg kunne", svarte mannen, "men forvaltaren til kongen ville denge meg svart og blå om eg forlét båten."

'Du får heller bli der då", sa Oskeladden. "Heil hud er nok betre enn ein mørbanka skrott. Eg for min del skal tenne bål for å koke olbogeskjel til frukost."

Han tok til å grave ei grop i bakken til eldstad for frukosten min. 'Og han tok til å grave gropa. Etter eit minutt eller to, hoppa opp ropte, "Er det gull? Er det gull som skin nesten som sola?"

Då mannen i båten høyrde dette, hoppa han i vatnet og vassa i land. Han slo nesten Oskeladden ned, så opptatt var han av å sjå gullet. Med berre hendene trivla han i jorda der Oskeladden hadde grave.

I mellomtida løyste Oskeladden fanglina og sprang om bord i båten med potta i handa. Han var eit godt stykke ute på sjøen då mannen såg opp frå gravinga og tok til å brøle noko. Han var rasande.

Sola dukka opp som ein raud ball over dalen då Oskeladden heiste seglet og styrte mot sjøormhovudet. Då han såg seg attover, hadde kongen og alle mennene hans samla seg på land. Nokre av dei trippa av raseri, og skreik at han skulle komme attende. Han brydde seg ikkje, for han ville fram til Stororm før skapningen hadde geispa sju gongar den morgonen.

Hovudet til Stororm var som eit fjell, og auga hans som runde innsjøar, djupe og mørke. Når sola skein i auga hans, vakna uhyret og tok til å geispe - sju lange geisp før den fryktelege tunga hans skaut fram og tok alt som levde og var innanfor rekkevidde.

Oskeladden styrte nær kjeften til monsteret straks det geispa for andre gong. For kvar geisp skylde ei flodbølge sjøvatn ned gjennom matrøyret til sjøormen. Oskeladden og båten hans blei ført med inn i den veldige munnhola, og dernest nedetter strupa, og så langs krunglete, kjempedigre røyr. Kilometer etter kilometer blei han kvervla i lag med vatn som gurgla rundt han. Endeleg blei strømmen spakare, vatnet i tunellen blei grunnare, og så stranda båten.

Oskeladden visste at han hadde berre kort tid før neste gjesp, så han sprang som han aldri hadde sprunge før i livet. rundt det eine hjørnet etter det andre, før han kom til levra til beistet. Han kunne sjå kva han heldt på med fordi heile innsida av monsteret var opplyst av moreld.

Han drog fram ein stor kniv og skar eit hol i levra til beistet. Så tok han glødande torv ut av potta og dytta i holet, og bles på torva alt han kunne for å glørne til å flamme opp. Han tvilte etter litt på om torva kom til å fatte, og hadde nesten gitt opp håpet då det steig opp ein veldig flamme og levra tok til å brenne og sprute som ein jonsokbål.

Då han var viss på at heile levra snart ville vere i brann, sprang Oskeladden tilbake til båten. Han sprang enda fortare enn han hadde gjort før, og han nådde det akkurat tidsnok, for den brennande levra gjorde Stororm så sjuk at han kasta opp og kasta opp. Ein vassflaum tok båten og førte han opp til strupa på sjøormen og ut frå kjeften og like til lands. Der landa han høgt oppe på grunn av flodbølgene som båten rei høgt oppå.

Oskeladden var trygg og utan mein, men ingen tenkte på han fordi det verka som verdas undergang hadde komme. Kongen og mennene hans, Oskeladden, mannen som hadde stått i båten og slått floke, den gamle kvinna, som hadde blitt vekt av bråket og katten hennar, alle kravla opp bakken å sleppe unna flaumen frå gapet til Stororm.

Større og større voks brannen. Svarte røykskyer kvervla ifrå nasebora til styggebeistet så himmelen mørkna. I dødskampen sin skaut det ut den kløyvde tunga si og greip fatt i eine hornet av månesigda. Men tunga glei av og fall med slik tyngde at det blei ei djup kløft i jorda. Tidevatnet strøymde inn i kløfta, og slik blei Danmark skilt frå Sverige. Der enden av tunga land, er Austersjøen.

Beistet kasta hovudet opp mot himmelen, og kvar gong det fall ned, rista alt land og stønna. For kvar gong hovudet fall ned, ramla tenner ut av det spyande, fæle gapet. Dei første tennene blei Orknøyene, dei neste blei Shetlandsøyene, og til sist, då Stororm var nesten daud, fall Færøyene med eit mektig plask i havet. Til sist krølla beistet seg saman til eit kompakt masse. Gammalt folk fortel at fjerne Island er den daude skrotten til Stororm, og at det er levra som enno brenn og flammar opp gjennom brennefjella der.

Etter lang tid klarna himmelen, sola skein, og folk kom til sans og samling. På bakketoppen tok kongen Oskeladden i armane sine og kalla han son sin. Han kledde Oskeladden i ei skarlakenraud kappe, og la handa til den vene dottera si i handa til Oskeladden. Så batt kongen sverdet Sikkersnapper fast om livet til Oskeladden, og sa at heile riket hans tilhøyrde helten som hadde redda land og folk.

Ei veke seinare blei Oskeladden og kongsdottera gifte i kongeslottet. Alle i riket var glade for at det aldri meir ville bli fælt på grunn av Stororm. Over heile landet var det song og dans. Kongen, Oskeladden og maken hans var fulle av glede, for dei elska kvarandre høgt. Dei fekk ei mengde fine barn; og dersom dei ikkje er daude, lever dei enno.

Merknadar

  1. Til attgivinga av dragedrepar-eventyret der helten slåst mot ein eller fleire overnaturlege motstandarar (ATU 300-399) har Grierson 1910:221-45 blitt nytta. Marwick (2000:20-22) har med ei orientering om eventyret eit stykke før sjølve eventyret.

  2. Meister Stororm: I orknøysk folklore er Mester Stoor Worm eit kjempedigert, vondt vesen som held til djupt i havet, mest likt ein stor sjøorm. Når han legg seg så hovudet dukkar fram på kysten utanfor eit rike, lyt folk der mate han, elles øydelegg han riket.

    Meister Stororm frå orknøyske soger liknar i hovuddraga den uhyrlege Jormungand, ormen som blei kasta i havet av dei norrøne gudane og ligg kring heile jordskiva i norrøn mytologi. Orknøyingane førestilte seg at Stoor Worm har dårleg opphav, liksom Jormundgard, som har Loke til far. Orknøyene var elles norsk land i fleire hundreår, frå 875. Det kom under skottekongen i siste halvdel av 1400-talet. Orknøyske folkloristar held Stororm for å vere ein orknøysk variant av Jormungand i hovudsak. Men måten Oskeladden drep Stororm på, har likskapar med tre godt kjende keltisk-skotske segner. [Wikipedia, sv. "Stoor worm"]

  3. Assipattle, Assiepattle, Aessiepattle, Ashiepelt og Aessi-pattle: Oskeladden. Bokstaveleg tyding av Assipattle er ein som rakar i oska og er skitna til. Assie tyder "full av oske, oskegrå, klint til med oske, skiten". Den sistedelen av ordet, pattle, tyder "rake, kare" som i norsk glorake. Siste ledd i det tyske aschenputtel og danske Askepott heng også saman med "rake".

    I eventyra er Oskeladden ein kunnig faitar når det kjem til stykket. Han står merkeleg nok fram som ein vellykka figur som i starten sit og rakar og karar i oska heime, før han fer ut i verda for å kjempe så bra at han har lykka med seg og blir ein som tel.

    Oskeladden har trekk felles med mytologiske Tor, som sloss mot troll, hadde mirakelverktøy, og ville få has på den fælaste sjøormen av dei alle også - Jormungand.

Ursilla

Ursilla var dotter til ein lord i ein av dei eldste familiane på Orknøyane, av norrønt blod. Ho var pen og hadde eit kjærleg hjarte, men veremåten hennar kunne vere både streng og kommanderande likevel.

Ursilla var ikkje jenta som venta lenge og tolmodig på ein friar; ho valde mannen sin sjølv. Det var ein ung, kjekk kar som arbeidde i løa til far hennar. Men ho visste at faren ville bli så døyeleg krenka om kjærleiken hennar kom fram, at han kunne få seg til å gjere ho arvelaus. Ho heldt derfor kjærleiken til løemannen for seg sjølv, og han fekk ikkje betre behandling av ho enn andre fekk.

Men då far hennar døydde, var ho trygg, for ho arva han. Då avslørde ho kjenslene sine for den unge mannen, og gav han ordre om å gifte seg med ho. Han var for galant til å nekte, og så gifta dei seg. Ekteskapet førte til mykje oppstyr blant dei rike fordi Ursilla gifta seg med nokon som var langt under standen ho blei født til. Tenk, gifte seg med ein gardsarbeidar! Men Ursilla var likeglad med forakta dei viste ho. Ho var ei god husmor, skjøtta husstellet godt, og heldt styr på både mannen og garden.

Ja, Ursilla blei gift, og alt såg ut til å gå bra, men Ursilla var likevel ikkje fornøgd. I fall ho var skuffa over mannen sin, var ho altfor kaut til å vedgå det, for ho skjøna at dei andre rike då ville seie spotteord som:

Hun bakte sine eigne kaker:
la ho no ete dei, same kor fælt dei smaker.

Same kva grunnen til misnøya hennar var, kjente Ursilla seg bitter. Men heller enn å sette seg ned og gråte i sorg, ville ho finne seg ein selkar.

Ein morgon tidleg gjekk ho ned til sjøen og sette seg på ein stein og fekk fram sju tårer. Dei let ho falle i sjøvatnet. Kan hende det var dei einaste tårene ho gråt så lenge ho levde, men ho hadde høyrt at det var sju tårer som måtte til for å kontakte selfolk. Mens sola farga sjøen lysare, såg ho ein stor sel som kom svømmande mot steinen ho sat på.

Han løfta hovudet og sa til ho: "Kva vil du meg, du fagre?"

Ho sa nok kva ho hadde hug til, og han fortalde han ville komme tilbake til ho når det blei flo ved fullmåne, for det var den tida han kunne komme i form av eit menneske. Då tida kom, møttest dei, og møttest om og om att.

Ei tid etter, då Ursilla fekk det første barnet sitt, hadde det svømmehud på hender og fingrar. Ho fekk fleire barn, og alle hadde svømmehud. Jordmora klipte opp huda mellom kvar finger, og mellom kvar tå på kvar barn, og handflatene og fotsolane blei til sist hornete. Fleire av etterkommarane har også hatt slikt.

Sjå Black og Thomas 1903:176-79 - Svømmehud mellom fingrar og tær er arveleg. Det kan opererast, og ein får naturleg nok kjappe seg noko med det. [◦Meir]

Kjærleik og villskap

Ein jarl av Orknøyane fekk sjå den norske kongsdottera Hildine ein gong han ferdast langs kysten av Noreg, og forelska seg i ho. Det verka som ho kjente like eins som han, så jarlen røva ho med seg ein gong far hennar var vekke og opptatt av krig med fjerne grannar.

Då kongen kom tilbake, følgde han og hæren hans dei to til Orknøyane for å hemne dottera. Då dei kom dit, var det Hildine som først såg dei. Ho åtvara mannen sin og rådde han til å dra og freiste å stagge og roe far hennar. Jarlen gjorde det, og han såg så gild ut, talte så klokt og gav så fine løfter at han fekk kongen på si side.

Men forsoninga blei kortvarig, for så snart som jarlen vende om for å komme seg heim att med Hildine, tok ein av hoffmennene til kongen til å egge til kamp. Hoffmannen hadde truleg håpt å få dottera sjølv. Det kom til kamp, og jarlen blei drepen. Hildine hata hoffmannen for det.

Etter at jarlen var daud, tvinga far hennar Hildine til å bli med til Noreg, og etter ei tid gjorde hoffmannen krav på å få ho til kone fordi han drap jarlen. Kongen sa ja og fekk Hildine til å samtykke også, men på det vilkåret at ho fekk vere den som fylte vin for dei i bryllaupet. Det kunne kongen glatt gå med på.

Under bryllaupet helte Hildine noko i vinen så heile selskapet fall i djup søvn. Ho fekk faren fjerna derifrå, og så sette ho huset i brann. Elden vekte opp den sovande hoffmannen. Han skreik om nåde, men fekk det ikkje, for han hadde både drepe og audmjuka jarlen ho elska. Den eglande hoffmannen bukka deretter under i elden.

Kjærleik og bryllaup kan vere to forskjellige ting.

Sjå Black og Thomas 1903:233-34 - Fri attgiving etter ein ballade som kan ha bygt på ei sann historie, men som i så fall er gått tapt. Folk pla leike (ringdans med meir) til tragiske balladar ved høve.

Innhald


Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene, litteratur  

Kjelder: [Bøkene]

Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene, opp Seksjon Sett Neste

Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]