Norsk del, Gullvekta
Rechung
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Rechungpa. Eg har endra fargane.

Rechung

Tibetanaren Rechung Dorje Drakpa (ca. 1084–1161) er også kjend som Rechungpa (Ras-chung-pa). Dorje Drak tyder "Torebrak-herlegdom" og "lynnedslag-herlegdom". Rechung blei ein av dei to mest vidgjetne av elevane til Himalaya-yogien Milarepa i kagyu-linja, og er ein av patriarkane i linja. Den andre vidgjetne eleven til Milarepa var Gampopa.

Milarepa og Rechungpa var repaar (ras-paar). Raspa tyder bokstaveleg "bomullskledd". Raspaar vigde seg til meditasjon og ikkje skriftlærdom. Dei eigde minimalt og budde i hòler og hytter, og gledde seg om dei fekk eit og anna å leve av frå landsbyfolk.

Rechung reiste til India tre gongar. Derifrå kom han heim med fleirfaldige tekstar til kagyu-linja si. Milarepa hadde sendt han etter skrifter som guruen til Milarepa, Marpa Omsettar, ikkje hadde klart å skaffe derifrå sjølv, enda han hadde vore i India tre gongar, og mange år samanhengande.

Ut frå materiale som er tilgjengeleg i vår tid, går det fram at Rechung var hovudeleven til Mirarepa; den som fekk føre linja vidare. Milarepa gav heile læra si til han.

  Innhald  


Rechung i kagyu-linja i tibetansk buddhisme, Litteratur  

Chang, Garma C. C., oms. The Hundred Thousand Songs of Milarepa. London: Shambala, 1999.

Chögya Trungpa, red. The Life of Marpa the Translator: Seeing Accomplishes All. Ill ed. Boston: Taylor and Francis, 1982. Delvis vising hos Google Books.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, red: Tibetan Yoga and Secret Doctrines. 2. utg. London: Oxford University Press, 1967.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, red. Tibet's Great Yogi Milarepa. 2. utg. London: Oxford University Press, 1969.

Roberts, Peter Alan. The Biographies of Rechungpa: The Evolution of a Tibetan Hagiography. Abingdon, Oxon: Routledge, 2007. ⍽▢⍽ Ei grepa doktorgradsavhandling.

Rechung i kagyu-linja i tibetansk buddhisme, opp    Seksjon     Sett    Neste

Rechung i kagyu-linja i tibetansk buddhisme. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2014–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]