Norsk del, Gullvekta
Russiske ordspråk ≍ Russian Proverbs
Seksjon › 15 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Skattkiste
"Ei skravlebøtte er ei skattkiste for ein spion. (Russisk ordtak)"

Forord

Det kan vere klokt å teie  
når ein ikkje har noko å seie.

Ordtaksamlingar er også skattkister. Skattane i dei kan gi nyttige vink om andre folks og andre tiders vanlege livserfaringar, levevis og tenkemåtar for den som opnar nokre kister av dette slaget og ser over innhaldet. Først kort; sidan meir granskande. For det kan vere somt av det som glimar men ikkje er gangbart i vår kultur - så det er truleg mangt å fundere på. Kanskje ein slepp unna ein og annan gedigen tabbe eller tre nett ved det. Verdien av ordtak heng også saman med korleis ein bruker dei - situasjonane og i kva grad dei kanskje er tenkt metaforisk, med meir.

Samlingane av Krylov, Margulis og Kholodnaya og Mertvago (1995) er dei mest omfattande på engelsk.

Somme ordspråk er gitt att. Slike er merkt med stjerne (asterisk, *), og dei har eg ansvaret for. Utfyllingar og forklaringar er sett til med skrift som skil seg ut litt, og står attom attgivingar og omsettingar. Langt dei fleste ordspråka her er i engelsk omsetting også.

Innhald


Russian proverbs in English, Russiske ordspråk, ordtak, ordsprog, litteratur  

Berthelmann, Rainer und Gundela. Russische Sprichwörter und Redensarten: Russisch / Deutsch. Durchgesehene Ausgabe. Stuttgart: Philipp Reclam jun., 2012. ⍽▢⍽ Ei svært hendig bok. 1475 russiske ordspråk med tyske omsettingar og bibliografi.

Chus, Galina, samlar. Poslovitsa nedarom molvitsya; Nema pripovÑ-dki bez pravdi; A good maxim is never out of season; Proverbe ne peut mentir: bolee 5000 russkih, ukrainski. Paperback. Moskva: Editorial URSS, 2013. ⍽▢⍽ I boka er over 5000 ordtak på fire språk: 1250 engelske, 1210 franske, 1276 russiske og 1707 ukrainske. Ordtaka er arrangert på den måten at ordtak som tyder mykje det same, står saman, og slik kjem ganske like ordtak og beslekta ordtak på opptil fire språk saman gruppevis. Dessutan, i den andre hovuddelen, er alle den engelske ordtaka lista opp for seg, dei franske for seg, dei russiske for seg, og dei ukrainske for seg, alle med sidetilvisingar til. Det gjer det lett å finne fram i boka og sjå over liknande ordtak på fleire språk. - Å kunne ordtak kan vere til hjelp på mange vis for folk med internasjonalt kontaktnett, peikar Galina Chus på.

Grigas, Kazys. Patarliu paralelés: Lietuviu patarlés su latviu, baltarusiu, rusu, lenku, vokieciu, anglu lotynu, prancuzu, ispanu atitikmenimis (Parallel Proverbs: Lithuanian Proverbs with Latvian, Belarusian, Russian, Polish, German, English Latin, French and Spanish counterparts). Vilnius: Vaga, 1987. ⍽▢⍽ Det står 1029 polske ordtak i dette samanliknande verket i selskap med 2276 frå Litauen, 908 frå Latvia, 679 frå Kviterussland; 684 russiske; 729 tyske; 366 engelske, 336 latinske, 293 franske og 155 spanske.

Koroton, Nadezhda. Russian Proverbs. Hanover, NH: Dartmouth Triad Associates, 1998. ⍽▢⍽ 100 ordtak på russisk og med nokså tilsvarande engelske uttrykk attåt.

Krylov, Constantin A., comp. Russian-English Dictionary of Russian Sayings and Proverbs. New York: Constantin A. Krylov, 1973. ⍽▢⍽ 2937 ordtak og uttrykk med minimal skriftstorleik, ned i retning av lupenivå. Men innhaldet er kjekt.

Margulis, Alexander, and Asya Kholodnaya. Russian-English Dictionary of Proverbs and Sayings. Jefferson, NC: McFarland & Co, 2000. ⍽▢⍽ 2375 russiske ord og ordtak med eit godt utval ganske tilsvarande seiemåtar og ordtak på engelsk. God bok; den kan eg tilrå.

Mertvago, Peter. The Comparative Russian-English Dictionary of Russian Proverbs and Sayings. New York: Hippocrene Books, 1995. ⍽▢⍽ 5543 russiske ordtak er med, med omsettingar og tilnærma attgivingar på engelsk. Dei 1900 vanlegaste ordtaka er merkt av spesielt. Flid ligg attom. Ein finn både tilnærma og bokstavelege omsettingar til engelsk.

Mertvago, Peter, ed. Dictionary of Russian Proverbs. New York: Hippocrene Books, 1998. ⍽▢⍽ Her gir Mertvago ut tusen av dei 1900 vanlegaste ordtaka russiske ordtaka i den store samlinga si, med både bokstavelege omsettingar til engelsk og engelske attgivingar. Ei grei bok, dette også.

Skillen, Chris. Russian Proverbs. Chronicle Books, 1994. ⍽▢⍽ 55 russiske ordtak på engelsk, og illustrerte av Vladimir Lubarov.

Stolpe, Herman. Ryska ordspråk. Stockholm: LTs förlag, 1969. ⍽▢⍽ Rundt 200 russiske ordtak på svensk.

Peter Pauper Press. Russian Proverbs Newly Translated. New York: Peter Pauper, 1960. ⍽▢⍽ Kjekk. 432 ordtak på godt engelsk.

Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

Russian proverbs in English, Russiske ordspråk, ordtak, ordsprog, opp Seksjon Sett Neste

Russian proverbs in English, Russiske ordspråk, ordtak, ordsprog BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, MPhil. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Link]