NORSK DEL, GULLVEKTA  

Svenske eventyr og segner

 13 › 1 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Dei tre kvite lamma

Eventyrarv DET VAR ein gong ein konge som gifta seg om att med ei heks utan å vite at ho var ei slik ei. Ein dag kongen var vekke, gjekk dei tre vene døtrene han hadde med den første dronninga og hygga seg i slottshagen. Då skapte stemora kongsdøtrene om til tre kvite lam og jaga dei ut i skogen. Til kongen sa ho då han kom heim, at kongsdøtrene hadde forsvunne gjennom vindauget, og at det trulig var røvarar som hadde tatt dei.
      Kongen sørgde og sette i gang mange leiteaksjonar til inga nytte. Kongen let kunngjøre på alle kyrkjebakkar at den som kunne berge heim døtrene hans, skulle få ei av dei og bli halden som son han. Men ingen fann dei tre kongsdøtrene.
Leiteaksjon
Leiteaksjon til inga nytte?

Dei gjekk som tre lam i skogen nær slottet, og hadde slutta seg til ein saueflokk der. Tre gutar var sett til å gjete flokken i skog og mark. Dei to eldste var dovne og snakka ikkje alltid sant, men den yngste var kjekk og grei.
      Stundom kom kongen, som åtte saueflokken, ut i skogen og helsa på og såg korleis dei hadde det. Kvar gong kom tre kvite lam bort til han og strauk seg inntil han så han blei reint varm om hjertet.
      Så ein dag blei det tid for å flytte saueflokken til betre beite i høgdene. Som dei gjekk og leidde flokken, såg dei ei lita stue i ein dal. Dei skulle forbi, så det sømde seg å helse innom. Først gjekk den eldste broren inn. Då han kom inn døra, gav den gamle kona i stua han ei flaske med vin og brød i ei korg. "Pass godt på lamma," sa ho med brekande røyst. Så kom den andre broren og tredje broren og fekk det same og fekk høre det same.
      No gjekk dei med flokken lenger fram i skogen. Då møtte dei ein gammal gubbe som sa til den eldste guten:
      "Kva har du i flaska?"
      "Vatn," svara guten.
      "Nei, var det vatn då?" sa gubben og heldt fram: "Kva har du i korga?"
      "Småstein," svara guten.
      "Nei var det småstein då?" sa gubben.
      Den andre broren svara like eins, og gubben sa det same til han som til den eldste broren. Men den yngste gjetarguten svara som sant var at han hadde vin i flaska.
      Då sa gubben, "Seier du det?" Så fekk han smake.
      Og då guten svara at han hadde brød i korga, sa gubben, "Seier du det!" Så fekk han smake det også. Han åt og drakk alt saman, for svolten og tørst var han. Guten kunne ikkje godt nekte det. Det var ein god gut.
      Sia gjekk brørne lenger med flokken og kom til ei brei elv. Den skulle dei over, men strømmen hadde vekst seg så strid. Berre dei tre kvite lamma kom over elva, og berre den yngste gjetarguten greidde å følgje med dei over. Dei to eldstebrørne hans kom ikkje lenger til breidden. Der heldt dei seg med flokken og slappa av i mange veker til det var på tide å kome seg til slottet att før hausten blei vond.
      Dei tre kvite lamma gjekk lenger enn langt i mange dagar. Guten følgde etter til dei kom til ein kyrkje i ein dal der eit orgel spela av seg sjølv. Lamma gjekk fram til altaret i kyrkja som stod der, og guten følgde etter inn med korga på armen mens han undra seg.
      I det same kom det fram ein og gav brød og vin til guten, og gav lamma nattverd. Då blei dei straks til søte kongsdøtre.
      "Var det slik det hadde seg," sa guten.
      No ville kongsdøtrene heim att, og guten ville følgje dei og vere til hjelp som dei trengde til det. Dei gjekk og gjekk. Heldigvis hadde guten sett godt etter kor dei hadde kome seg fram, så dei kom seg til liene over slottet utan uhell og ulykker av noe slag.
      Imens hadde dei eldste brørne gått heim til slottet med flokken. Vinen og brødet deira var no blitt til vatn og steinar, og så mangla det tre lam og ein bror då dei kom heim. Det blei ikkje kongen glad for.
      "Kor er dei tre søte lamma og broren dykkar?" sa han morskt.
      Dei blei svar skuldig, sia dei ikkje visste meir enn at dei tre lamma så vidt hadde komme seg over ei stri elv og bror deira også.
      Men så kom den yngste gjetarguten med dei tre kongsdøtrene. Dei fortalde om kva som hadde hendt dei, og kor ille stemora hadde fare fram. Då sette folka på slottet stemora i ei spikartønne og rulla den ned ein bakke og på sjøen.
      Den yngste gjetarguten fekk den yngste kongsdottera og alle feira bryllaup og var hjerteglade.

OPP


Mannen som gifte seg med mara

folkeeventyr DET VAR ein mann som ofte hadde mareritt. Det kom av at mara fann det for godt å ri på han mens han sov, skjøna han. Han stod derfor opp ei natt og tende lyset, stengde vindauge og dørar, spjeld og alle mogelige lufthol. Til sist fann han også eit lite hol i veggen, og det plugga han også til.
      Så gjekk det sju dagar utan mareritt. Den sjuande kvelden hørte han det jamra som ifrå omnen, og då han vende seg om, fekk han sjå ei naken og ven møy som stod der. Ho song:
"Kjære unge fyr,
slepp meg ut att:
For eg eg må vere hos mor
før dagen gryr -
elles blir eg yr."
"Hå nei, eg vil ikkje sleppe deg frå meg. Sia du er så herlig, vil eg heller gifte meg med deg."
      Så gav han henne klede og sende bod etter presten; han kom og kristna henne, og sia vigde han dei til mann og kone i ein fei.
      No gjekk det sju år. På den tida fekk dei ni barn. Men så kom kona ein dag til å sjå det vesle attplugga holet, og bad mannen om å ta pluggen ut av det. Han gjorde som ho bad om, og straks var ho borte.
      Då forstod han at om han ikkje tatt pluggen ut av det holet ho hadde komme inn gjennom, hadde ho ikkje kunna stryke sin kos. Han sørgde lenge over det, for han heldt av kona si. Så sa han til søstera si at ho skulle ta seg av barna til så lenge, og gjekk ut og leitte etter kona som var vekk.
      I lang tid gjekk han og leita utan at det nytta. Så vende han nasen heimetter. Heime fann han mara. Ho sat på den staden han hadde fanga henne første gongen og song:
Mor er død og lagt på båre,
Eg har mist det gullgule håret.
Derfor er eg sturen.
Vil du ha meg att, vil det gle meg.
Derfor er eg sturen.
Med desse orda kasta ho seg i armane hans, og dei levde i lag i mange år, både lenge og vel.

OPP


Bonden og Gustav Fliseberar

Eventyrarv SEINT EIN kveld sat ein fattig bonde med kona si og sørga over at det støtt og stadig var så smått med dei. Same korleis dei streva, blei fattigdommen stadig meir trykkande med åra. Mens bonden sat slik i djupe tankar, kom det einkvan inn til han og helsa og spurde korfor han var trist.
      Bonden svara:
      "Vi er så fattige. Eg veit ikkje mi arme råd for korleis eg skal klare å skaffe mat til meg og huslyden."
      Den fremmende sa då:
      "Vil du følgje meg, så skal du få nok for livet."
      Bonden måtte undre seg, og spurde den fremmende kven han var. Den andre svara:
      "Eg er Gustav Fliseberar. Bli ikkje redd, for eg vil ikkje ha deg. Men ta ein stor sekk og følg meg."
      Det gjorde bonden.
      Dei gjekk saman til byen og til banken. Alle dørene spratt opp for Gustav Fliseberar, og dei gjekk inn mellom sølvhaugane. Fliseberaren sa til bonden:
      "Hald no opp sekken!"
      Så tok han ei skufle og ausa sølvpengar i sekken. Men då den var heilt full, ropa den forskrekka bonden:
      "Korleis i Guds namn skal eg klare å gå heim med denne svære, kjempetunge sekken?"
      Straks han sa "Gud" forsvann Gustav Fliseberar og det blei mørkt i banken. Alle dørene let seg att, og der stod no bonden einsam og heldt sekken til noen kom inn når det blei dag.
      Om morgonen kom dei som åtte banken inn og fekk sjå bonden stå der og halde i sekken. Dei spurde han korleis han hadde komme seg inn, for verken dør eller gitter var skadd. Så ville dei vite om han hadde hatt noen med seg. Bonden svara ikkje eit ord, han berre stod og gråt. Herrane visste ikkje kva dei skulle gjøre med bonden, for han tagde og gret berre; men i alle fall blei han sett i fengsel.
      Som bonden sat der og gret, kom Gustav Fliseberar inn til han og sa:
      "Sørg ikkje, for eg skal hjelpe deg. Om dei spør deg om noe, så svar berre: "Eg trur eg slepper!""
      No gjekk Gustav Fliseberar heim til bondegarden i bonden sin skapnad. Kona på garden trudde det var mannen hennar. Han åt og drakk godt og vel, men likevel blei det ikkje mindre mat og drikke. Og om kveldane når kona gjekk i seng, sette Gustav Fliseberar seg ved bordet, la armane på det for å kvile og gjekk aldri til sengs. Men om morgonen når kona vakna, var han alt i fullt arbeid og arbeidde som ein hest, slik at bondegarden snart låg veldyrka, og det fanst fullt opp av mat og pengar.
      Bondekona var mest over seg av glede over alt som hende med garden. Men bankmennene fekk rette bonden ført til retten ifrå fengselet. Dei ville han skulle seie korleis han hadde kome inn i banken, men han svara berre: "Eg trur eg slepper!" utan stans på alle spørsmål.
      Han blei likevel dømt til å bli hengt, og prestane gjekk kvar dag til bonden for å bu han på døden. Men til alt dei sa, svara bonden berre "Eg trur eg slepper!"
      Natta før han skulle bli hengt, kom Gustav Fliseberar til han og sa:
      "No kan du gå heim. Eg skal sitje her i staden for deg. Garden din er fint oppdyrka etter meg, og det ligg pengar som kan vare livet ut mellom senga og kjøkkenet."
      Bonden var glad for å sleppe ut, og gjekk fort heim. Om morgonen kom det prestar til fengelset og prøvde for siste gong å få bonden til å sanne synder og bu han på å dø, men han svara dei berre: "Eg trur eg slepper!"
      Futen og lensmannen kom for å føre bonden til galgen. Mye folk stod og venta og ville sjå hendinga, og blant dei var også den verkelige bonde i forkledning. Så steig syndaren opp på pallen og bøddelen la løkka om halsen han. Futen spurde spottande: "Trur du enno du slepper?"
      Og bonden svara: "Eg trur eg slepper!"
      "Ja", sa futen, "slepper du no, så skal Gustav Fliseberar få meg."
      Då for Gustav Fliseberar ut av løkka og sa til den forskrekka futen: "Eg har minst like lyst på deg som ein bonde!"
      Dermed tok Gustav Fliseberar futen og for av garde med han som ein vind. Då blei det stor glede blant folk. Bonden gjekk glad heim og prisa lykka si så smått.

Ord

  1. Fut før: politiembetsmann og skatteoppkrevjar i eit landdistrikt; lokal representant for ein lensherre; fullmektig, forvaltar.

BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]