![]() |
Svenske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||||
|
Den fattige enkja og tiggaren
Den fattige kona blei nødt til å gå ifrå den rike søstera utan å få løn for strevet, og utan ein bit til barna sine. På vegen heim plukka ho forkledet fullt med stein på ein åker for at barna skulle sjå ho kom berande med noe og tru det var mat. Når ho berre kunne vere hos dei og trøste dei mens det gjekk opp for dei at ho ikkje hadde noe, skulle det vel hjelpe, meinte ho. Då ho opna døra, kom alle barna rundt henne og bad om mat. Men ho meinte ho måtte koke det ho bar i fanget først. Ho sette på ei gryte og gjekk ut til brønnen etter vatn. Då ho kom tilbake til huset med vatnet, stod ein tiggar ved døra og bad om ein bit brød. Kona svara at ho ikkje ein gong åtte ein einaste bit brød til å stette svolten hos barna sine. Men han dreiv henne til å sjå etter på loftet i ei kiste ho brukte til å ha brød i, enda om ho visste at det ikkje hadde vore brød der på noen år. Då ho opna kista, var den full av brød. Ho gjekk ned til barna med så mye ho kunne bere, og då merka ho lukta av godt kjøt frå gryta. Alle fekk ete seg mett, men tiggaren var vekk. Gjetarguten
DET VAR ein gong ein gjetargut som ikkje hadde noen i verda bortsett frå
stemora si. Men stemora var ei lei kvinne og unte han verken å få noe i seg
eller på seg. Guten lei mye nød. Dagen lang måtte han gjete; men aldri
fekk han noe anna enn ein liten matbit morgon og kveld.Ein dag hadde stemora dratt frå huset utan å setje fram mat til guten. Han laut drive buskapen til skogs utan å ha ete, og sia han var fælt svolten, gret han bittert. Men då det blei middag, tørka han tårene og gjekk opp på ein grøn kolle der han brukte å kvile seg når sola brann varmt om sommaren. På kollen var det alltid friskt og doggfullt under lauvtrea; men no var marka tørr og graset nedtrampa. Guten undre over korleis det kunne ha seg. Best som han sat og tenkte, såg han noe som låg og glima i sola. Det var eit par små skor av det aller kvitaste glas. Då blei han nøgd igjen, glømde svolten og leika heile dagen med dei små glasskorne. Om kvelden, då sola gjekk ned i skogen, lokka gjetarguten kyrne og geitene sine til seg og dreiv dei heimover. Då han hadde gått eit stykke med dei, møtte han ein liten gut. Guten helsa vennlig, "God kveld". "God kveld att," helsa gjetarguten. Den vesle spurde: "Har du funne skorne mine som eg miste i grøne graset i dag tidlig?" Gjetarguten svara: "Ja, men la meg behalde dei og gi dei til stemor mi. Så får eg kanske litt mat når eg kjem heim." Den vesle guten bad no så inderlig pent: "Gi meg att skorne mine, så kan eg gjøre deg ei teneste til gjengjeld ein gong." Då gav gjetarguten tilbake dei små glasskorne. Den vesle blei glad, nikka fortrulig og sprang sin veg, mens gjetarguten lulla ihop buskapen og gjekk heimetter. Då han kom til garden var det alt mørkt og stemora snakka stygt om at han kom så seint. "Det står graut att i fatet" sa ho, "et no og pakk deg i seng, så du kan kome opp i morgon tidlig som anna folk." Guten torde ikkje svare på dei harde orda; han åt kaldgrauten sin i stor hast, og kraup til køys. Han var trøtt og sovna snart, og heile natta drømde han om den ørvesle guten og dei vene glasskorne hans. Før sola stod opp om morgonen, vektes gjetarguten av rop frå stemora: "Stå opp! Det er lyse dagen! Dyra skal vel ikkje stå og svelte på grunn av deg!" Han kraup ned frå køya og fekk ein brødbit, og så gjekk han av garde med bølingen. Då han kom til den grøne kollen som alltid var så sval og skyggefull, syntest han det var snodig at doggen alt var borte frå graset og marka tørr, ja nesten meir enn dagen før. Rett underlig var det. Han kika nøye rundt omkring i det nedtrampa graset. Då fekk han sjå noe som låg og skein i sola mellom tuvene. Han sprang dit og fann ei lita hette; den var raud og hadde små gylne klokker sydd fast på alle sider. Då han rista på den, ringla alle klokkene. Då blei guten glad att og glømde både svolten sin og buskapen han skulle valla. Kvelden kom den dagen også, og då fekk guten det travelt med å samla dyra og drive dei heimetter. Då han hadde komme eit lite stykke på heimvegen med bølingen, møtte han ei bitte lita jente. Ho var så fin og ven at han blei heilt dåra. Ho helsa vennlig på han: "God kveld!" "God kveld att!" sa gjetarguten. Den vesle spurde: "Har du funne hetta mi som eg miste i dag tidlig i det grøne graset?" Guten svara: "Ja det har eg. Men kjære, la meg få behalde den! Eg har tenkt gi den til stemor mi, så får eg kanskje litt mat når eg kjem heim." Men den vesle jenta bad no så inderlig vent: "Gi meg att hetta mi! Så vil eg hjelpe deg ein gong for det." Gjetarguten gav henne då den vesle hua, og då blei jenta glad, nikka vennlig og sprang sin veg. Guten samla feet og heldt fram på heimvegen. Då han kom til garden var det alt mørkt, og stemora stod i porten og venta. Ho var gretten av å vente på dei, og sa: "Alltid skal du kome så seint heim at eg får sitje oppe halve natta og mjølke. Det står graut igjen i fatet. Et no og gå og legg deg så du kjem opp i morgon tidlig!" Gjetarguten åt i hast og smaug seg opp i køya si. Der låg han natta til ende og drømde om den vesle, vene jenta og den raude hua hennar. Tidlig om morgonen før dagen grydde, ropte stemora som vanlig til han: "Stå opp og gjør klar dyra! Skal dei stå og svelte på grunn av deg?" Guten stod straks opp og gjorde seg klar til å gjete bølingen, men før han gjekk, bad han om ein bit brød. "Brød!" sa stemora. "Ein som er så lite dugelig som du er ikkje verdt brød." Guten måtte gå av stad utan mat i magen. Då han hadde gjett dyra ein times tid, skunda han seg bort til den grøne kollen for å sjå om det var noe nytt å finne. Doggen var borte, marka tørr, og graset trampa ned i store rundingar. Då kom han til å tenkje på noe han hadde hørt om dei små alvane som dansa om sommarnettene i det doggvåte graset, og han forstod at alvane hadde danseplassen sin mellom trea på kollen. Mens han gjekk derifrå i djupe tankar, støytte han foten borti noe som låg i graset og skein. Han bøygde seg ned og tok det opp. Det var ei lita bjølle som klang fint og høgt berre han rista litt på den. Straks han gjorde det, kom kyrne og geitene springande til han og stod og lytta dei også. Guten sette seg øvst på kollen og leika med den vesle bjølla så lenge at han glømte sorgene sine og blei glad igjen, og kyrne og geitene stod i ring omkring han og glømde å beite. Slik gjekk dagen, og kvelden kom så fort at han ikkje sansa det før sola stod i høgd med tretoppane lenger vekke. Då gjorde han seg klar til å gå heim med dyra. Men same korleis han lulla og lokka, ville ikkje kyrne og geitene gå heim, for dei var svoltne etter å ha glømt å ete i lang tid. Då tenkte guten for seg sjølv: "Kanskje dei kjem om eg bruker den vesle bjølla." Og så tok han den fram og ringla med den, og gjekk av stad langs heimvegen. Straks kom bjøllekua rennande etter han, og dei andre kyrne i rad og rekkje, og geitene kom hoppande ved sia av vegen. Det bar heimetter fortare enn vanlig, og gjetarguten blei glad, for no forstod han kva gagn han kunne få av den vesle bjølla. Best som han skunda seg framfor bølingen, møtte han ein minimann. Minimannen nikka vennlig til gjetarguten: "God kveld, god kveld!" "God kveld igjen!" sa guten. Den ørvesle mannen spurde: "Har du funne bjølla som eg miste i det grøne graset i dag tidlig?" "Ja," sa gjetarguten, "eg har funne den." "Gi den tilbake til meg, så er du grei," sa minimannen. "Nei," svara guten, "eg er ikkje så dum som du trur. I forgårs fann eg to små glasskor, og dei lokka ein liten gut ifrå meg. I går fann eg ei lita hette, og den gav eg til ei lita jente. Og no kjem du og vil ta frå meg den vesle bjølla som er så god til å lokke dyra med! Andre finnarar får finneløn, men eg får ingen." Den vesle bad og tigga om å få att bjølla si, men ingenting hjelpte. Då sa den vesle gubben: "Gir du meg att bjølla, skal du få ei anna. Her har du ei som er like fin til å lokke kyrne med, og i tillegg skal du få oppfylt tre ønske av meg." Guten sa ja med glede. "Eg vil bli konge på ein kongsgard og få ei ven dronning," sa han. "Du ønskjer ikkje lite, du," sa den vesle. "Men legg deg vel på minnet det eg no seier deg! I natt når alle søv skal du gå heimafrå til du kjem til ein kongsgard som ligg rett sør for her. Her har du ei lita beinpipe. Når du kjem i nød, så blås i den! Og kjem du i enda større nød, så blås om igjen! Men kjem du for tredje gongen i ulykke, skal du bryte sund pipa, og då kjem eg sjølv og hjelper deg, det lovar eg." Guten takka minimannen hjertelig for dei store gåvene. Alvekongen gjekk sin veg med bjølla si, men gjetarguten drog heim og var glad i hugen ved tanken på snart sleppe å gjete for ei stemor som ikkje brydde seg om han. Då guten kom heim den kvelden, var det alt mørkt, og stemora hadde venta lenge på han. Ho var så forarga at guten fekk juling i staden for mat, og sove kunne han gjøre i løa, sa ho også. Men guten trøsta seg. "Det varer vel ikkje så lenge," tenkte han før han la seg til for natta i løa. Han kraup ned i høyet og sovna. Men midt på natta, lenge før hanen gol, stod han opp og smaug seg vekk frå garden, og sette kursen rett sørover, slik som minimannen hadde sagt. Han gjekk over berg og dalar, og to gonger gjekk sola opp og to gonger gjekk den ned mens han enno var på veg. Tredje dagen imot kveld kom gjetarguten til ein kongsgard. Den var stor og veldig. Han gjekk inn i kjøkkenet og bad om teneste. "Kva kan du då?" spurde kokken. "Eg kan gjete," svara guten. "Ja, då kjem du som tinga," sa kokken. "Kongen søkjer ein gjetar nett no, men det går vel med deg som det har gått med dei andre: at du kvar dag mister noen av dyra." Guten svara: "Eg har enno aldri mista noen dyr som gjetar." Han kom no i teneste på den store kongsgarden, og gjette kongens fe, og aldri reiv ulven i hel krøtter for han, og han blei rekna for som ein trugen og pålitelig gut blant tenarane. Ein kveld gjetaren dreiv bølingen heim til slottet, merka han at ein ven og fin jente stod i vindauget og lydde på han mens han song. Guten let som han ikkje hadde sett noe, men blei varm under trøya. Så gjekk det ei tid og gjetarguten blei glad kvar gong han såg jenta i vindauget. Tidlig ein morgon, akkurat då han dreiv bølingen ut på beite, kom den unge jenta bort til han. Ho hadde med seg eit drivkvitt lite lam og rekte han, og bad han vennlig om ta det vesle lammet hennar med på beite, men verje det for ulvane i skogen. Gjetaren tok det vesle lammet med seg, og snart følgde han lammet som hunden følgjer husbonden. Frå den dagen fekk gjetarguten ofte sjå den vene jenta. Om morgonane mens han lulla bølingen før dei gjekk i skogen, stod ho i vindauget og lydde på songane hans. Og om kveldane når han dreiv dyra heim frå skogen, gjekk jenta ned for å kjæle med det vesle lammet sitt, og då sa ho alltid noen vennlege ord til gjetarguten. Tida gjekk fort. Gjetarguten voks opp til ein kvikk ungdom, og jenta blei den venaste ungjenta der omkring, og dessutan var ho dotter til kongen. Men ein dag var ho sporlaust borte, og ingen visste kor ho hadde tatt vegen. Det blei stort oppstyr på heile kongsgarden. Ho kom ikkje tilbake. Då sørgde heile folket, for alle var glad i henne, men aller mest sørgde kongen og dronninga. Ein dag let kongen kunngjøre over heile riket at den som frelste dottera hans, skulle få henne og halve riket i tillegg. Kongssonar og unge herrar og riddarar kom frå både aust og vest; dei kledde seg i jern og drog ut med våpen og stort følgje for å søkje den røva kongsdottera; men ikkje mange av dei vende att like frå den ferda; og dei som kom heim att hadde verken hørt eller spurt noe om henne. Kongen og dronninga sørgde så folk frykta dei kom til å ta skade for livet, og gjetaren dreiv kvar dag som før buskapen til skogen, men han var ikkje glad meir, og song ikkje lenger som før når han gav seg av stad om morgonen eller når han vende om heim om kvelden. Dag og natt tenkte han berre på den vekkomne jenta. Ei natt han sov, syntest gjetaren at den vesle alvekongen stod framfor senga hans og sa: "Mot vest, mot vest, der har du dronninga di!" Guten blei så glad så han spratt opp; og i det han vakna, stod den vesle enno ved senga og vinka "mot vest, mot vest!" Og så forsvann minimannen. Tidlig neste dag gjekk gjetarguten opp på slottet og bad om å få tale med kongen. Alle tenarane til kongen blei forbausa over tiltaket hans, og kjøkemeisteren sa: "Du har gjett i så mange år at du nok kan få meir i løn og kost, men det er ikkje nødvendig å snakke med kongen om det." Gjetaren stod på sitt og let han forstå at han hadde anna i tankane. Då fekk han sleppe til hos kongen, og kongen spurde kva han ville. Gjetaren bukka høvisk og sa: "Eg har tent deg trufast i mange år; no ber eg deg om lov å få fare vekk og leite etter dottera di." Kongen sa harm: "Korleis vil du som går og gjeter fe, prøve deg på det som ingen kongsson eller riddar har klart?" Gjetarguten sa berre at han kunne finne spor etter å ha gjett og leita opp dyr i mange år, og at han ville finne kongsdottera eller sette livet til. "Ja vel, då," sa kongen, og sa at guten skulle få seg hest og våpen og anna han trengte. Men gjetarguten ville ikkje ta imot noe særlig. Han sa likefram: "Det passar meg betre å gå enn å ri. Gi meg berre ditt ord på å få henne om eg finn henne, og ein god matsekk." Det fekk han, og kongen ønskte han lykke til. Men alle dei tilsette på slottet lo av gjetarguten for det han ville gjøre. Gjetaren vandra no imot vest, slik som alvekongen hadde sagt, og gjekk langt og lenger enn langt over skogkledde fjell og langs aude stiar. Omsider kom han fram til ein stor fjord. Midt uti den breie fjorden låg ei grøderik øy, og på øya var ein kongsgard som var mye større enn den gjetaren kom ifrå. Guten gjekk ned til stranda og gjekk langs fjorden for å studere kongsgarden frå så mange kantar som mogelig. Best han stod der og kika over sjøen, fekk han auge på ei ven jente med gullgult hår i eit vindauge i kongsgarden på øya. Ho vinka til han med same slags silkeband som det kvite lammet pla ha om halsen, etter det han kunne sjå. Då hoppa hjertet i brystet til guten, for han skjøna at jenta måtte vere kongsdottera. Han sette seg ned på stranda for å tenkje etter korleis han skulle kome over sjøen til den store kongsgarden, men kunne ikkje finne på noe slag. Endelig kom han i hug at han kunne prøve om dei små alvane ville hjelpe han. Han tok fram den vesle beinpipa og bles ein lang tone. "God kveld!" sa ei stemme bak han med eitt. Det var miniguten han hadde funne glasskorne til i det grøne graset. "Kva vil du meg?" Gjetaren sa: "Eg skulle så gjerne over fjorden til slottet utpå øya!" "Sett deg på ryggen min!" sa alveguten, og med det same blei han til ein stor hauk som flaug over vatnet med guten på ryggen. Gjetaren gjekk no opp i slottet og bad om teneste. "Vel, kva kan du av det som er godt?" spurde kjøkemeisteren. "Eg kan gjete," svara gjetaren. "Då er du velkommen," sa kokken. "Kjempa som bur her i slottet treng nettopp ein gjetar. Men det går vel med deg som det har gått med dei andre: mister du eit krøter gjeld det livet ditt." "Det var harde vilkår," sa guten, "men eg seier likevel ja." Då sa kokken han fekk vere velkommen, og sa at han skulle få begynne tenesta neste dag. Då dagen grydde, gjekk guten ut med buskapen og song visene sine og ringla med bjølla som han pla. Kongsdottera sat i glaset og lytta. Då han gjekk forbi nedunder henne, vinka ho til han at han ikkje skulle syne at han kjende att. Om kvelden lulla gjetaren dyra heim frå skogen. Då kom kjempa gåande imot han og sa: "Eg tar deg i staden for den som manglar." Men ikkje noe krøter var borte, same kor lenge kjempa rekna. No blei kjempa vennlig og sa: "Du skal sannelig få bli gjetaren min så lenge du lever." Han gjekk deretter ned til stranda, sette trollbåten sin ut på fjorden og rodde tre gonger rundt øya, slik han pla gjøre kvar kveld. Mens kjempa rodde ute på fjorden, stod kongsdottera i vindauget og song: I natt i natt, du gjetarmann,Gjetaren lytta til songen, og forstod at han burde kome om natta og fri kongsdottera. Han gjekk vekk utan vise at han hadde oppfatta songen. Men då det blei seint og alle sov, smaug han seg bort til tårnet og stilte seg nedafor vindauget til kongsdottera og song: I natta ventar gjetarkaren din,Kongsdottera bøygde seg ut vindauget og kviskra: "Eg er bunden med kjeder av gull; du må kome opp og bryte dei sund." Då visste ikkje guten anna råd enn å ta fram den vesle pipa og blåse ein lang tone. "God kveld!" sa i det same ei stemme bak han. Der stod minimannen som han ein gong hadde fått bjølla og pipa av. "Kva vil du meg?" spurde alvekongen. "Kan du ta kongsdottera og meg vekk herifrå?" "Følg med!" sa den vesle, og gjekk føre opp i tårnet der kongsdottera sat innesperra i eit lite rom.
Kom fort som ein vind, dotter!I det same kom alvejenta som åtte den vesle hua gjetaren hadde funne i det grøne graset. Ho hoppa ut i fjorden og blei til ein kjempelaks som sumde i store buktingar i vassflata. "Fort no!" sa alvekongen. "Sett dykk på lakseryggen! Men kongsdottera må ikkje bli redd, same kva som hender. For då har eg ikkje makt meir." Gubben forsvann, gjetarguten og kongsdottera gjorde som han hadde sagt, og laksen førde dei kjapt fram gjennom bølgjene. Mens dette stod på, vakna kjempa og såg ut gjennom glaset. Då fekk han sjå gjetaren som for fram over bølgjene med den unge kongsdottera. Straks skapte kjempa seg om til ein veldig ørn og flaug etter dei. Men då gjedda høyrde suset av ørnevengene, dukka ho djupt ned i vatnet. Kongsdottera blei så redd at ho skreik høgt, "Blubb, blubb, blubb!" Då var makta til alvekongens broten, og kjempa grep dei to flyktningane i klørne sine. Då han kom attende til slottet, kasta han gjetaren i ei mørk fangehole tjue meter under jorda, og sette kongsdottera tilbake i tårnet, og no fekk ho vakt utafor rommet også, så ho ikkje skulle kome unna. Guten låg no djupt nedi fangehola til kjempa og kjende seg nedfor. Då kom han i hug det alvekongen hadde sagt: "Kjem du i fare for tredje gong, skal du bryte sund pipa, og då kjem eg og hjelper deg." Gjetarguten tok straks fram den vesle beinpipa og braut den over på midten. "God kveld!" sa det med det same bak han. "God kveld igjen!" sa gjetaren og snudde seg. Der stod alvekongen framfor han og spurde: "Kva vil du no, ettersom du kallar på meg igjen?" "Eg vil fri kongsdottera og ta henne heim til faren hennar." No tok alvekongen han i armen og gjekk føre. Dei gjekk gjennom mange dører og gilde rom. Til slutt kom dei inn i ein stor våpensal. Der var det mye bra utstyr, og sverd og spyd av blinkande stål. Den vesle gubben tende opp eld i peisen i rommet bad gjetaren kle av seg. Då det var gjort, brende alvekongen opp alle kleda hans. Deretter gjekk han bort til ei stor kiste og tok opp ei gild rustning frå den. Rustninga skein som gull. "Ta den på med det same," sa alvekongen. Gjetaren gjorde det, og då han hadde fått på seg heile rustninga frå hovud til fot, batt alvekongen eit skarpt sverd ved sida hans og sa: "Det er slik laga at kjempa vil falle for nettopp dette sverdet, og på denne rustninga bit ikkje stål." Gjetaren kjende seg vel til mote i gullrustinga. Alvekongen tok gjetaren med til fangehola igjen, der guten takka for all hjelpa, og så skildest dei. Ut på dagen blei bulder og bang i kjempas gard, for no skulle han ture bryllaup med kongsdottera. Han hadde bedd til seg slektingar og venner frå nær og fjern. Kongsdottera blei no stasa opp i gild bryllaupsdrakt med gullkrone og raude ringar og andre dyrebare smykke som mora til kjempa sjølv hadde bore. Så tura gjestane bryllaup med drikke i lange banar. Men brura gret stilt heile tida. Då det lei mot natta og kjempa skulle føre brura si til brurekammeret, sende han noen tenarar for å hente gjetaren som låg i botnen av fangehola, og heile bryllaupsflokken samla seg ute på garden for å sjå på når kjempa døyda gjetarguten. Men då tenarane kom ned i hola for å hente guten, møtte dei ein riddar med sverd og skjold og våpen. Dei skunda seg skremt opp alle trappene og ut i garden, og etter dei kom guten i rustning. "Kva er dette?" skreik kjempa då han fekk sjå guten i garden. "No skal du stri med meg om den glade kongsdottera du røva!" ropte guten. Då kjende kjempa att sverdet som skein som ei eldtunge i handa til guten. Det var sverdet som det var sagt ho skulle falle for, og ho blei bleik som eit lik. I det same hogg guten til så hovudet til kjempa trilla av, og så var det slutt med kjempa. Kongsdottera sprang fram og omfamna guten, takka han igjen og igjen, og gret av glede. Då guten og kongsdottera såg seg omkring, var alle andre borte. Alle bryllaupsgjestane hadde blitt så forferda då kjempa fall at dei sprang til alle hald. Så tørka gjetarguten godt av sverdet sitt og stakk det i slira att. Han tok kongsdottera i handa og gjekk ned til stranda med henne. Der skauv guten ut trollbåten, og så sigla dei i ro og mak over fjorden. Under overfarten fortalde kongsdottera at kjempa hadde drepe alle kongssønene og riddarane som hadde kome for å fri henne. Då dei kom heim til foreldra til kongsdottera, blei gleda stor. Gjetarguten blei gjort til prins og fekk kongsdottera til kone. Så levde dei lykkelig saman. Og då kongen døde, arva dei heile riket saman. Strømbrus
VED SKODJE (uttalast 'skøye') finst det ein strøm som er lagt i
rør eller noe liknande under riksvegen. Slik har to fjordarmer blitt bunde saman. Ved
nattetid kan ein no og då høre sjøen bruse i den tronge
tunnellen.Ein skøyar var ute og slo gras i hagen sin like ved. Då hørte han det brusa i tunnellen, og når han tenkte nærare etter, var det som noen sa: "Ein gong, når alle storgrisane i Ørsta har blitt godhjerta og kvepsane har slutta å stikke, skal den brusande strømmen bryte fram, og så kan kanskje jorda gå under! Drikk no safta di." Den trufaste hanen
DET VAR ein gong ein bonde som hadde ei merkverdig kvern. Den kunne nemlig male
sølvpengar. Då kongen fekk nyss om kverna, ville han gjerne ha den, og tok den
frå bonden. Bonden blei heilt fortvila over tapet, og jamra og klaga
bittert.Då hanen fekk høre all denne jamringa, kleiv han fram og sa: "Ver ikkje lei! Eg skal gå til kongen og skaffe deg kverna attende." Og så gav han seg i veg. Mens han gjekk vegen gjennom skogen og grubla på korleis han skulle bere seg åt, møtte han ei gammal kone. "Korfor er du så tankefull og trist?" spurde ho. "Jo," sa hanen, "eg skal til kongen og be han gi bonden kverna si attende." "Ingenting anna?" sa kona. "Då skal eg gi deg eit godt råd. Ta med deg alle du møter!" Knapt hadde hanen gått hundre meter vidare, før ein rev kom svinsande. "Vent, følg med til kongen!" sa hanen, og reven sa ja og kraup inn under eine vengen på den. Lenger inn i skogen møtte han ein ulv. "Følg meg til kongen!" sa hanen, og ulven sa, "Gjerne det," og kraup inn under andre vengen. Ei lita stund deretter møtte han ein stor bjørn. "Ikkje så travelt!" sa hanen. "Bli med til kongen." "Skal bli," sa bjørnen, og fekk krype inn under halefjøra. Då hanen kom fram til slottet, gjekk han opp på trappa og gol så både tak og murar rista. Kongen sprang opp og ropte: "Kven er det som ruskar på slottet mitt?" Hanen svara: "Gi bonden kverna hans tilbake! Elles vil det gå deg ille." Kongen blei forarga og stengde hanen inne blant dei arge verane sine for at dei skulle gjøre ende på han. Men hanen sleppte ned reven, og då tenarane til kongen kom på morgonen for å gi verane mat, låg dei alle døde. Men hanen gjekk oppå trappa og gol så heile slottet rista og rutene klirra. "Gi bonden kverna hans att! Elles vil det gå deg ille," sa han. "Deg skal eg vel kunne gjøre ende på," sa kongen harm og sleppte hanen inn til dei argaste oksane sine. Men hanen sleppte laus ulven, og då tenarane til kongen kom for å sjå til oksane neste morgon, låg dei alle ihelrivne. Men hanen gjekk oppå trappa og gol, så slottet skalv i grunnvollane. "Gi bonden kverna hans att! Elles går det deg ille." Då blei kongen heilt frå seg av ilske og fekk kasta inn hanen mellom dei villsinte hingstane. Men hanen pussa bjørnen på dei, og då tenarane til kongen kom for å fôre dei neste morgon, låg dei ihelslått på marka. Og hanen gjekk oppå trappa og gol så slottet rista og rutene klirra, og ropte: "Gi bonden kverna hans att! Elles vil det gå deg ille." Da blei kongen harm og baud sin tenarar att ro ut på sjøen og drukne hanen. Men hanen drakk opp alt vatnet så han svella opp og blei rund som ei tønne. Nok ein gong gjekk han opp på trappa og gol så det knaka i slottet: "Gi bonden kverna hans att! Elles vil det gå deg ille." Då let kongen byggje eit stort bål, førde hanen opp på det og tende på. Men hanen spruta ut alt vatnet han hadde drukke, så elden blei sløkt og alle heldt på å drukne. Så gjekk han opp på slottstrappa og gol så murane truga med å rivne. Han ropte: "Gi bonden kverna hans att! Elles skal det gå deg ille." Men kongen let seg ikkje skremme; han baud tenaren sin steike hanen. Så
åt kongen den opp for at den ikkje skulle kome igjen. Men hanen strekte hovudet opp
gjennom halsen til kongen og gol. Då blei kongen fælen og baud tenaren hogge
hovudet av hanen. Tenaren tok fram
det skarpaste sverdet dei hadde. Det var smidd av både gull, sølv og
stål. Då hanen enda ein gong strekte fram hovudet og gol, hogg tenaren til. Men
hanen drog hovudet sitt kvikt attende, og sverdet hogg i staden hovudet av kongen.Bonden fekk att kverna si. Hanen flaug opp på taket, og der sit han enno, same korleis det blæs og stormar. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||