![]() |
Svenske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||||
|
Bergensmannen som fekk ri med bergmannen![]() I DEN gamle handelsstaden Bergen ligg eit fjell som folk i byen kallar Fløyen. Det går ein svær løypestrengbane oppetter fjellsida, og langs den blir det frakta mangt rart og mykje nyttig.
Oppi fjellsida langs løypestrengen var det ei slette. Der budde ein fattig
bonde som hadde arva eigedom etter nokre kjære slektningar. Men fordi han ikkje hadde
nokon sakførar til å hjelpe seg, heldt han på å miste retten til
arven, så mykje tid og pengar som saka tok der i staden. Mannen hadde til sist ikkje
fleire pengar til sakførsel, og no ville motparten få medhald og ta over
eigedommen han hadde retten til, om han ikkje klaga til kongen i København. Hos kongen såg dei gjennom dokumenta og gav han medhald, men så fann dei ut at mannen måtte vere i heimbyen sin ein viss laurdag, elles ville ein frist vere ute. I så fall hadde mannen mista retten til arven sin. Då dei gjorde dette kjent for bonden frå Bergen, var det berre ein dag igjen av tidsfristen. Kongen hadde rett nok gitt bonden medhald, men kom ikkje bonden heim før laurdag kveld, kom dei rike i Bergen til å ta frå han arven likevel. Å komme dit i tide verka umogeleg, men han pakka sekken sin og tok til å skritte ut av byen mens han mumla, "Ei reise på femti mil startar med dei første stega." Då kom ein mann ridande opp til han bakfrå og helste høveleg på han. Ryttaren spurde kven han var og kor han var ifrå, slik skikken var. Mannen sa korleis det var; neste dag kom han til å miste arven sin om han ikkje kunne leggje fram nokre dokument i Bergen til den tida. Jamvel om han hadde retten til ein arv, hadde dei opphaldt han så lenge i Bergen - og enda litt i København - at han truleg kom til å miste arven. "Sett deg på bak meg på hesten", sa ryttaren, "så skal du få ri eit stykke." Mannen takka for tilbodet og sette seg på. "Hald deg no godt fast i meg, for det kjem til å gå fort for seg", sa ryttaren, og så bar det av stad så svint at bonden frå Bergen ikkje ensa kor dei fór. "Hald deg berre i trøya mi og ver ikkje redd," sa ryttaren, og så heldt dei fram. Etter ei stund let det til at hesten støytte mot eitkvart, men den heldt fram, og ryttaren sa ikkje noko før dei var vel forbi. "Veit du kva vi nesten var borti?" sa ryttaren. "Nei," svara bonden. "Det var nokre slakke bakkar oppå heia mellom Gol og Bergen som hesten kom borti så vidt med eine foten. Men du skal ikkje uroe deg." Straks etter stogga dei, og mannen såg Fløyenfjellet over dei. "No har du komme fram i tide, no har du vunne", sa ryttaren, "No er du heime. Stig av hesten, og i morgon har du tid nok, får du sjå. Gå ein bytur i morgon først av alt og vis dokumenta dine til mange av dei du kjenner på Laksetorget i byen. Så har du mange vitne før du gir papira dine ifrå deg til retten," sa ryttaren. Bonden blei ute av seg av undring og kunne knapt tru at det gjekk å komme så fort fram. Han visste ikkje kva godt han skulle gjere til gjengjeld før ryttaren sa: "Det er noko du kan gjere for meg til takk for skyssen. Bli med eit stykke, så får du sjå kva eg vil du skal gjere." Bonden kom villig med, og etter ei lita stund gjekk dei inn i eit stort rom. Der sat ei gammal kone oppreist i ei seng og hosta. Ho verka svak. "Her er mor mi. Ho er snart to hundre år gammal, men ho klarer ikkje å dø før ho får ein liten skvett øl og ein kjeks frå eit av dei husa som ligg i rekke ved Laksetorget. Ver gild og dra dit og hent dette, og så kan vi møtast her på sørsida av Fløyenfjellet igjen når du har vunne saka di. Du skjønar, ei ærleg hand må til for å gi henne øl og kjeks, og dei må komme frå eit av dei gamle Bryggehusa. Og så er det enda noko: La ikkje sauene snaubeite på fjellet der du arva. Få også mange med på at det skal vere meir skog i fjellheimen, så får fjell og berg meir fred til det som fjell og berg skal ha fred til, kva det no måtte vere." Bonden lova å gjere alt som han blei bedt om. Neste formiddag gjekk han i byen, der folk blei storleg forundra over at han alt var heime frå København. Mest undra dei seg over å lese at kongen hadde stadfesta dokumentet han bar på. Det viste at kongen sjølv hadde gitt han medhald og hadde gitt han retten til arven sin. No kunne dei rike og retten i byen ikkje nekte mannen arven meir. Då dette var klarert, tok bonden med seg øl og kjeks slik han hadde lova, og fann fram til den store stua sør i Fløyenfjellet. Straks han hadde gitt øl og kjeks til den gamle kona, sovna ho stille inn. "Takk skal du ha for at du gjorde dette," sa mannen i berget, han sat i ein godstol og følgde godt med. "Når eg tenkjer på det . . . det er som det skal vere at den eine berg-ensaren hjelper den andre. Ja, ein lyt rett som det er sjå seg for og akte og ense berg og bakkar eller hamrar når ein går eller rir, som i går kveld. Ved Nordkapp eller på Toten eller mest same kor ein bur, ein må passe seg og ense berget framfor føtene, elles kan det gå gale. Bergensarar skulle nesten kvar og ein bli, meiner eg." Bergmannen hadde komme i godt humør av det han sat og fortalde. "Her får du sølvbordet til mor for at du heldt det du lova og gjorde alt så fort og flott. Det følgjer lykke med det," sa han.
Mannen tok imot bordet med mykje takk. Snart spreidde ryktet om bordet seg over alt i
byen, og sia den dagen hadde familien til bonden lykka med. Dei slo mange slag for fleire og
høgre tre i fjella, og blei stadig litt rikare enn før.
Bordbøna til reven![]() EIN REV kom over ei høne på eit jorde og var klar til å ete den på flekken. Men før han kasta seg over høna, ville han seie fram bordbøna som mor hadde lært han. Då reven var ferdig med bøna, hadde høna floge opp på eit tak der han ikkje kunne nå henne.
Då angra reven bordbøna og sa: "Av dette lærte eg å ete
først og be bordbøn sia."
Bytingen
EIN MANN og ei kone var ute på enga og hadde barnet sitt med seg.
Trollkjerringa sneik seg fram, nappa barnet og la sitt i staden. Mannen merka det og sa til
kona at ho skulle renne heim og fyre opp i omnen til den var raud. Det gjorde ho. Då
tok han bytingen og lét som han ville kaste det den i elden. Men kva hende! Trollkjerringa
kom springande inn, kasta barnet deira på golvet og nappa sitt eige ut av hendene til
bonden. At han blei glad, det kan ein vel tenkje seg.
Tre vossamenn og ein bjørn![]() TRE VOSSINGAR hadde ein gong omringa ein bjørn i hiet sitt. Dei blei samde om at ein av dei skulle krype inn i hiet, men så snart det var fare på ferde, skulle han rykke med beina, og då skulle kameratane skunde seg og dra han ut. Vossingen kraup inn i holet. Men knapt hadde han komme inn, før bjørnen beit hua av han. Han skunda seg og treiv etter hua si fleire gonger, og ved det kom beina hans til å riste og rykke nokså vilt. Dei to utafor meinte at han gav teikn og drog han ut. "Hei du," sa den eine, "gjekk han inn utan hue?"
'Eg veit ikkje," svara den andre, "men han hadde den på i går då
han åt graut."
Bytta ut av underjordiske![]() EIN HARDANGERBONDE gjekk ein gong bortved ein bergvegg og slo. Brått hørte han nokon tale i berget: "No skal du gå til kona til Per borti garden og hente henne og den nyfødte hit, for no held ho på å føde. Ta denne halmstakken og gjer den om til eit menneske som liknar henne og legg den i senga i staden for henne. Lag hendene og føtene store, for det har kona, og ein liten klump ved sida av til å vere ungen. Skund deg no, mens mannen hennar er ute og slår." Slik tala einkvan i berget mens bonden stod utafor bergveggen og lytta. Han skjøna dette galdt kone og barn, og sprang heimetter så han blei reint andpusten. Men då ha kom inn, kom han til at kona hadde blitt bytta, og kjende seg snytt. "Det var godt du kom heimom no," sa kona som skulle hjelpe til ved fødselen. Den stakkars kona di har slitt fælt og har det neimen ikkje godt." "Eg skal snart gjere slutt på plagene hennar," murra bonden og tok ned børsa frå veggen og ladde den. Hjelpekona blei forskrekka og trudde han hadde gått frå vettet. Ho streva alt ho orka for å ta børsa frå han, men mannen var sterkast. Han sleit rifla ut av grepet hennar og ropte, "Vekk frå børsa, elles skyt eg deg også!" Kvinna blei fælen og rusa ut og ropte på folk som skulle komme og berge kona i senga frå bonden som ville skyte henne. Nett då hjelpekvinna kom inn att med folk til å hjelpe seg, skaut bonden kvinna i senga. Då blei ho til ein halmstakk. Dei visste kva dei skulle gjere: Dei tok halmstakken og kasta den på elden med det same. Straks var det som det kom torebrak, og så kom kona og det nyfødte barnet susande gjennom lufta og like inn døra. Ingen såg kor dei kom frå. Kona slo seg stygt i hofta då ho landa, men ungen gjekk det ikkje dårleg med, alt i alt, for ho hadde den i fanget. Slik fekk bonden kone og barn tilbake.
Åtvaring: Don't try this at home. - Ikkje prøv dette heime.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||