NORSK DEL, GULLVEKTA  

Svenske eventyr og segner

 13 › 1 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Ha di eiga lykke med

I OLDERDALEN var det ein gong ein rik baron som hadde ein husmann med tre gardsgutar. Den eine heitte Store-Per, den andre Vesle-Per og den tredje Anders.

Anders sa ofte: "Ein gong kjem vel lykka til meg også."

Tida gjekk og den rike husbonden døydde. Han lét etter seg ei ung og fager enkje.

Ei natt då alle tre gutane sov i drengestua, ropte nokon utafor stua: "Anders kom ut! Eg vil tale med deg."

Anders gjekk ut med det same. Utafor døra stod ei ung kvinne.

"Kva vil du?" spurde Anders.

"Eg er den reine Hardangerlykka" svara ho. "Eg skulle først ha øvd meg på å gi hjelp til ein annan, men han har vendt seg ifrå meg. Så no kjem eg til deg i staden. Kle no på deg desse flotte kleda! Gå så til den rike enkja og be henne bli di! Då blir du baronen i Olderdal og kan skaffe deg alt du vil ha. Men kom vel i hug ei sak, ver alltid godt mot dei fattige!"

Anders fridde til den rike enkja. Ho svara straks ja, så friaren blei fort ein gift kar. Alt gjekk vel for han. Han fekk mykje korn på åkrane sine, alle krøttera hans treivst og dei mange fartøya hans fór over sjø og hav utan kav.

Men framgangen gjorde Anders overmodig og stolt. Han gløymde etter kvart alt det den gilde Hardangerlykka hadde sagt han. Han blei hard som stein mot dei fattige, og slik heldt han seg i mange år.

Ein morgon kom ei gammal kone inn på garden og sa til tenaren: "Be herren din komme ut! Eg vil tale med han."

Men den oppblåste Anders svara: "Eg vil ikkje ha noko å gjere med fillekjerringar."

Tenaren førte fram svaret ordrett. Då sa den gamle kona: "Gå straks inn att og hels Husmann-Anders frå Hardangerlykka, og sei at no vil ho tale med han!"

Då Anders fekk høyre dette, blei han forskrekka. Han gjekk ut med det same og spurde høfleg: "Kva vil De meg denne gongen?"

"Eg har hatt stort tolmod med deg," svara Hardangerlykka, "men no skal du få straff som fortent og - tja - bli fattig att. Eg skal hjelpe ein annan som klarer framgang betre enn du."

Først tok Anders Hardangerlykkas ord med ro. Han trudde dei store rikdommane hans skulle rekkje livet gjennom. Men det gjekk ikkje slik han hadde tenkt seg. Avlingane hans slo feil, kyrne døydde unna, fartøya hans forliste, og kona hans døydde av sorg over alle ulykkene deira.

Anders frykta undergangen og blei redd for at huset hans skulle brenne opp. Han la derfor alle gullpengane sine i ein hol stokk. Den slepte han i løyndom langt vekk og ned på stranda.

Då han kom heim att, stod huset i brann. Alt han åtte i det brann opp med huset. Han vende då attende til pengestokken ved sjøen. Det var det siste han hadde att. Men då han kom ned til sjøen, såg han at stokken hadde blitt borte - kanskje flo og bølgjer hadde teke den.

Han fann ein båt og rodde over til andre stranda. Der budde ein smed han kjende. Anders klaga over ulykka si til han. Då fortalde smeden at han hadde funne stokken og alle pengane. Han tilbaud Anders halvparten. Men Anders ville ikkje ta imot den rause gåva, han kom seg ikkje over nedturen*. Kona til smeden fekk like fullt Anders til å ta imot to brød til niste. I dei hadde ho bakt inn mange gullpengar.

Då Anders hadde gått eit stykke, blei brøda så tunge å bere. Han baud dei derfor til ein husmann som budde ved vegen. Husmannen takka nei. Men kona hans, som nyleg hadde lånt brød hos smeden, tok dei og skikka dei tilbake til smeden med takk for lånet.

Kona til smeden fann gullpengane i brøda, og då sa smeden: "No ser du at lykka verkeleg er med oss."

Smeden kom alltid i hug kva den store lykka hadde sagt. Han var alltid god og ledig mot dei heilt fattige, og lykka hans varte dermed livet ut.

Korleis gjekk det med Anders? Tja -

*Det er ei lykke i livet:
Maltekstrakt til den miserable.

[Jamfør eit lite dikt av Arnulf Øverland]

TO TOP

Herregarden som forsvann

folkeeventyr EIN STAD langt ute mot havet var det for lenge sia ei stor slette som var dekt av rikt, høgt gras kvar sommar, og midt på sletta var ein stor herregard. Men mannen på garden levde ikkje rett, og fekk med seg tenestefolk og grannar på gale vegar også.

På prestegarden i soknet budde på den tida ein fattig prest. Han var blind men ved god helse, så han klarte jobben sin som han skulle. Han talte rikmannen til rette fleire gonger, men det nytta ikkje. Med tida blei rikmannen lei av refsingane, og bestemte seg for å drive gjøn med presten. Han slakta ein stor gris og skreiv brev til presten om at nokon låg for døden og at presten måtte komme. Presten fekk drengen til å spenne hesten for vogna og drog til staden.

Då han hadde forretta og skulle gi sakramenta, leia rikmannen den blinde presten til den nyraka galten. Presten kjende seg for med handa og forstod at rikmannen hadde spela han enda eit puss. Då ropte presten til seg drengen i mørket, sette seg i vogna og sa: "No kjem det vel eit under som folk kan fatte noko av."

Straks kom det eit dunder og eit drag i lufta. Det fekk drengen til å kjøre vekk frå staden i redsel det fortaste han kunne, og presten formante drengen å ikkje sjå seg attover. Først då dei kom heim til prestegarden som låg berre to-tre kilometer ifrå, fekk drengen snu seg. I staden for ei slette låg det no ein grunn fjordarm bak dei.

TO TOP

God dag! - økseskaft

folkeeventyr DET VAR ein gong ein bonde som var nokså tunghøyrt, og ein landmålar som dreiv og målte opp der i bygda. Bonden hadde ei dotter, og ho var både fin og kjekk. Så hadde han ei merr som var strevsam og rappbeint, og så hadde han ein robåt.

Landmålaren syntest om alt saman. Dottera låg han etter fordi ho var vakker. Merra lånte han på embetsreiser og andre reiser, og båten rodde han med kvar gong han skulle ha seg fisk.

Men bonden var ikkje glad for nokon av delane. Ein dag som han stod og telgde på eit økseskaft, kom landmålaren.

"No spør han meg kva eg gjer," tenkte bonden, "og då svarar eg: "Økseskaft." Og så vil han låne merra, og då seier eg: "Ritta har gjort henne utsliten, stakkar." Og så vil han ha båten, og då seier eg att den er reint forderva og held verken vêr eller vatn."

Så kom då landmålaren.

"God dag!" sa han.

"Økseskaft," svara bonden.

"Korleis står det til med dottera di?"

"Ritta har gjort henne utsliten, stakkar."

No måtte landmålaren til å skratte.

"Nå, korleis er det med den gamle kona di då?" spurde han.

"Å, ho er reint forderva og held verken vêr eller vind."

No trudde landmålaren at bonden var galen, og gjekk ifrå han. Men bonden var storfornøgd.

"Denne gongen svara eg rett likevel," meinte han.

Fjord mare with foal
Vestlandshesten: merr med fole.


SVENSKE EVENTYR OG SEGNER  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]   —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]