![]() |
Svenske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||
|
Den gamle kona og fisken![]() DET VAR ein gong ei gammal kone som budde aleine i stua si i ei bakkeskråning. Ho hadde mange plager, men tre ting plaga henne meir enn resten. For det første var øksa hennar så dårleg at ho trong fleire timar på å hogge brensel kvar dag. Det andre var at veven ho vov, ikkje ville strekkje til. Det tredje og verste var at ho fekk så bratt motbakke når ho skulle bere opp vatn frå kjelda si. Så hende det ein dag at då den gamle kona drog opp bytta si frå kjelda, låg ein stor fisk og sprella i den. "Gud signe deg," sa den gamle kona, "Det er lenge sia eg fekk fisk på bordet." "Ja, men eg trur nok det er best at du slepper meg," sa fisken. "I alle dagar! Kan du tale?" spurde kona og var paff. "Men korfor skulle eg ikkje få ete deg opp?" "Fordi det er det dummaste du kan gjere," svara fisken. "Om du slepper meg ned i kjelda att, så får du ønskje deg tre ting, og same kva du ønskjer, skal du få det." Kona kunne tenkje å ønskje seg mangt, men ho hugsa også på det gamle ordspråket: "Ønsk i eine handa og snyt deg i den andre, så får du sjå kva for ei hand du får mest i," og stod og nølte og ville ikkje sleppe ut fisken. "No, vil du ikkje ha tre ønske oppfylt?" Når alt kom til alt ville ho det likevel, og så kom ho til å tenkje på veden som det var så tungt å hogge. "Eg ønskjer aller først at det eg slår på, skal gå av." "Skal bli. Kva meir vil du ha?" "Eg ønskjer," sa den gamle kona og tenkte på veven, "at det eg dreg i, skal bli langt." "Som du vil," sa fisken. "Kva meir ønskjer du?" Den gamle kona tenkte no på den lange motbakken ho streva med kvar dag med dei tunge vassbyttene. "Jo, eg ønskjer at byttene mine sjølv skal gå etter vatn og sia komme heim att av seg sjølve." "Skal bli," sa fisken. No sleppte kona fisken ned i kjelda att, og knapt var det gjort før dei to byttene tok til å gå oppover bakken så sakte og varsamt at ikkje ein vassdrope gjekk til spille. Den gamle kona blei så glad att ho storlo. "Nei, no har eg aldri sett på maken!" lét ho. Ho skratten og hoppa og kava med hendene av undring og glede. Ved det kom ho til å slå seg på venstre kneet, og med det same gjekk beinet av. Det blei ein forsmedeleg ende på gleda. Den gamle kona måtte setje seg ned litt og gråte og sippe, men det var ikkje slutt på elendet for det: Den som græt treng å pusse nasen iblant, og nettopp slik gjekk den no også. Den gamle kona snytte seg i forkledet og kom såleis til å dra seg i nasen. I staden for lang vev fekk ho ein så lang nase at den rakk heilt ned til forkleet på henne.
Den som vil vite kor uttrykket "få lang nase" kjem frå, kan gå dit ho sit og spørje henne.
Skatten i elva![]() EI JERNKISTE med ein stor skatt i skal ha hadde blitt lagt ned i elva ved Fellevik ein gong for lenge, lenge sia. Lang tid etter var det ein bonde som fekk ein av grannane med på at dei to skulle grave opp skatten. Dei fekk opp kista så langt at eine enden stod på fast mark. No skulle den eine bonden byte greip for å få betre kraft og sa til kameraten: "Hald i no berre - " " - mens eg skiftar grep!" hadde han tenkt å leggje til. Men det rakk han ikkje, for kista fall straks tilbake ned i bekken. Ho sokk så djupt at dei ikkje fann henne att. Etter nokre år fekk ein tredje bonde lyst til å prøve lykka. For å sleppe å bli freista til å samtale og såleis miste kista som dei hine to, gjekk han til bekken aleine. Der tok han til å grave, bryte og bende, og fekk omsider kista opp frå bekken. Han såg seg om etter noko å binde fast kista med då han fekk sjå ei høne som kom dragande med eit høylass. På lasset sat ein gut med mørkt hår, og guten sa til høna som hinka og drog lasset: "Hink fortare, hink fortare. Du skal til Roma før det blir kveld." "Det ser ikkje lovande ut med så dårleg trekkdyr," sa bonden og skratta. I det same glei kista ned i bekken att og forsvann.
Truleg får skatten liggje lenger.
Ved eit huldrevatn
TIDLEG ein morgon gjekk ein smed i Mjølanger av stad til eit fjellvatn for å fiske. Då han nesten hadde komme fram til vatnet, fekk han sjå ei gild kvinne som gjekk eit stykke framom han. Av og til lyfta ho opp den side kjolen sin så den ikkje skulle bli skitna til på den sølete vegen. Smeden skunda på for å komme forbi henne og sjå korleis ho såg ut, men korleis den no gjekk til, vann han ikkje å nå henne att. Ho gjekk heile tida fem meter framom han, same kor mykje smeden sette opp farten. Smeden fekk lyst til å pirke borti henne så vidt med fiskestonga han bar på. Han kunne jo prøve og sia be om orsaking. Han lyfta stonga for å kile henne i nakken litegrann, men då blei ho borte, og han kunne ikkje fatte kor ho blei av. Då han kom fram til vatnet og skuva den vesle robåten sin ifrå land, kunne han ikkje få styring på den. Båten snurra rundt til han blei yr i hovudet. Då hoppa han ut av den, drog den i land og gjekk heim.
No kunne han tenkje seg kva den gilde kvinna i fotsid kjole hadde vore, og ville ikkje gå ut og fiske aleine så tidleg om morgonen lenger.
Skuta som forsvann så brått![]() FOR OVER tre hundre år sia heldt ein bonde på å tekkje taket på ei gardsstove i lag med nokre andre. Det var ein vakker og solvarm vårdag. Då fekk bonden sjå ei skute som kom siglande imot dei for fulle segl på fjorden utafor garden. "Ser du noko, Jon?" sa han til karen som stod nærast seg. "Ja, det gjer eg vel," sa mannen.
Då blei skuten brått vekke. Kva dette skulle bety, var det ingen som forstod.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||