![]() |
Svenske eventyr og segner | ||||||||||||||||||
|
Kongsdottera som fekk lammehovud
EIN KONGE og ei dronning hadde ei ven dotter i lag. Då dronninga døde,
gifta kongen seg opp att, og den nye dronninga hadde ei dotter, ho også. Dei to
halvsøstrene blei venner, sjølv om den eine var ven og den andre så lite
pen at det ikkje kom friarar til henne.Dette ergra mor hennar så mye at ho avtala med ei heks kva heksa skulle gjøre med den vakre kongsdottera. Ein dag kongsdottera gjekk i skogen, lokka heksa henne til seg. Ho lyske henne ei lita stund og - vips! - så skar ho hovudet av jenta. Men ho drepte henne ikkje; ho tok eit smurningshorn ned av veggen og smurte salve på halsen hennar, og så sette ho på eit lammehovud. Med det same kongsdottera kom til sans og samling, sprang ho brekande ut gjennom døra og ut i skogen og heim att til slottet. Det var eit forferdelig syn, og kongsdottera med lammehovud brekte så mye og sorgfullt at folk ikkje orka dette. Dei sette henne i staden i ein båt og let den drive av. Halvsøstera hennar hoppa med i båten, for ho var trufast mot den ulykkelige jenta. Båten dreiv no langt vekk og landa til sist på ei øy utafor Lista, der ingen budde fast. Det stod berre eitt einaste hus på øya, og nett den dagen hadde det samla seg ei mengd hekser der for å feire eitkvart. Heksene sang saman om korleis dei hadde fått makt ved å gjøre ein ung konge lam frå halsen og ned. Midt iblant heksene var ho som hadde sett lammehovud på den ulykkelige kongsdottera. No song ho heksesongar saman med ei andre heksene, og dei dansa og trolla mye i lag. Mens dette skjedde låg dei to kongsdøtrene under eit tre i skogen og gløtta fram og hørte på. Då sa den stygge kongsdottera - ho kunne også trolle noe: "I natt skal eg gjøre meg heilt usynlig, og så går eg inn i huset til heksene for å finne ut av ting, og kanskje finne berginga for deg." Då ho kom inn i rommet der heksene heldt til og sogn hemmelige heksesongar og dansa utan stans, blei ho var ein merkelig fugl i eit bur der inne, og eit smørningshorn som stod ved døra. Heksene sa då: "Hør, fuglen kvitrar - det betyr noe. Sei fram, den som veit." "No vel," sa ei av heksene frå Jæren, "kongen som ligg så lam vil bli frelst dersom noen steiker fuglen og lagar suppe på den. Om ein så berre ber fuglesteika og suppa rundt kongen noen gonger, kjem han seg. Men heilt frisk blir han ikkje før han et steika og drikk suppa - alt saman." "Og eg veit at det smørningshornet som står ved sida av fuglen," sa ein anna ei, "kan gjøre kongsdottera med lammehovudet heil igjen om ein skjer av henne lammehovudet og smører på trollsalven i hornet på ein blunk. Men det må skje fortare enn fort for at det skal gå godt." Då den usynlige kongsdottera hørte dette, smaug ho seg ut med smørningshornet, gjekk bort til søstera som sov under treet og skar av henne lammehovudet fort som ein vind. Så strauk ho trollsalven på halsen hennar, og med det same voks det rett hovudet hennar opp att og ho såg like fager ut som før. Dei heldt seg i skogen nær ved heksehuset heile natta og neste dag. Men då andre natta omsider kom, gjekk den usynlige, stygge kongsdottera inn i heksehuset og tok buret og fuglen og forsvann ifrå huset igjen utan at noen merka noe som helst. Så vekte ho den vakre halvsøstera og dei steig opp i ein båt og dreiv av. Båten førte dei til sist til landet der den lamme kongen låg, og dei bad om å få prøve å gjøre kongen frisk. Den eine kongsdottera steikte no fuglen og laga suppe av den også. Fuglesteika la den på eit sølvfat, og suppa hadde dei i ein sølvskål. Så gjekk dei ein gong rundt senga der kongen låg, og då kunne han røre handa. Dei gjekk rundt han ein gong til, og då rørte han hovudet. Så gjekk dei ein tredje gong rundt, og då kunne han røre alle lemmene. Men han kjente seg ikkje heilt frisk før han hadde ete fuglesteika og drukke opp suppa. Då forsvann alle plagene og han var frisk att. No blei det veldig glede i slottet: kongen gifte seg med den stygge kongsdottera som hadde berga han. Og då dei sa ja til kvarandre, blei ho med eitt omskapt til ei fager kvinne og sa: "Venleik skal jo kome innefrå. Detaljane held eg vekke frå deg her." Og den vakre kongsdottera som hadde slite med lammehovud, fekk ein fager kongsson der ved hoffet. Til bryllaupet kom stemora hennes og alle heksene, for dei trudde at ingen kjente til det dei hadde stelt i stand før. Dei blei straks sett i fengsel og dømt til å bøte med livet. Men kongen og kongsdøtrene levde glade og lykkelige i mange år. Slik var det laga. Rike Per Kremmar
DET VAR ein gong ein overlag rik mann som folk kalla Rike Per Kremmar. Hos han tente
ein ung, ven dreng som tykte om den einaste dottera til Rike Per, og som blei elska igjen av
henne.Faren mislikte at dei to unge var glade i kvarandre, så då drengen bad om å få gifte seg med dottera hans, svara han, "Når du kan seie meg kven som er den rikaste mannen på jorda og kven som er den sterkaste, og dessutan kan seie korfor epletreet her ute har sølvblanke eple på eine sida og gullgule på den andre, då skal du få dotter mi, men ikkje før." Dette var så godt som eit avslag, for berre den kloke kjempa i Hornindal kunne svare på dette. Og til den kjempa var det ingen som våga seg, for den vise og kloke kjempa var også veldig farlig, så ingen kom nær ho dersom det var mogelig å sleppe. Guten blei lei seg og gjekk i mange dagar og grunna. Til sist tenkte han med seg sjølv, "Det kan trulig gå meg verre enn at kjempa drep meg. Då dør eg iallfall ikkje av kjærleik til henne eg ikkje får. Eg drar til kjempa." Dagen etterpå drog han av stad og kom om kvelden til eit slott. Der bad han om ly for natta. Han fekk det, og då han fortalde at han skulle til kjempa i Hornindal, bad dei han spørje kjempa korfor dei ikkje kunne få godt brønnvatn nær slottet. Guten lova det. Andre kvelden kom han til eit anna slott og der bad han spørje korfor den eldste dottera i huset var mållaus like frå første gongen ho var til nattverd. Tredje kvelden kom han til eit anna slott og der bad dei han spørje kor dei tre kongsdøtrene blei av då dei forsvann derifrå i barndommen, og korleis dei kunne bli berga. Guten lova det også. Derifrå var det ikkje så langt til sundet som han måtte over for å kome til kjempa i Hornindal. Der såg han ei stor svane som sumde, og bad henne hjelpe seg over. "Det skal eg om du lovar meg å spørje kjempa kor lenge eg må symje slik, og om ikkje det finst ei råd for å berge meg." "Det skal eg," lova guten. Til sist kom han til den store og praktfulle bustaden til kjempa. Han gjekk inn. Der tok ei ung, ven frue vennlig imot han. Guten fann snart ut at ho var kona til kjempa, og at ho hadde to søstrer buande hos seg i huset også. Då flaug ei tanke gjennom hovudet på han: "Dette er ei av dei tre jomfruene som blei røva frå det eine slottet eg overnatta i." Han spurde om det, og ho sa at slik var det. No fortalde han henne korfor han var der. Kona sa til han: "Du kan ikkje syne deg for kjempa i Hornindal. Han slår deg i hel så lett som berre det. Kryp derfor under senga her og lytt nøye, så skal eg finne ut korleis eg skal lure svar ut av han." Guten kraup under senga. Knapt hadde han lagt seg til der, så kom kjempa inn etter å ha vandra omkring uti marka. "Eg luktar manneblod," sa han. "Kanskje det er blodet av den svala som fall ned i peisen for ei stund sia, som du kjenner lukta av?" sa ho. "Kanskje det, ja," sa kjempa. Ei stund etter gjekk kjempa og kona hans og la seg. Men etter ein stund rykte ho til. "Kva er på ferde, kone?" sa kjempa. "Å, eg må ha drømt. Det var som noen spurde meg kven som var den rikaste og sterkaste mannen på jorda, og korleis det har seg at eppla i Per Kremmars hage er sølvblanke på eine sida og gullgule på andre sida." "Det kan eg lett svare på," sa kjempa. "Den rikaste mannen er Per Kremmar, den sterkaste er eg. Og at epla hans er slik som du har sagt, kjem av at han har grave ned gull på eine sida av epletreet og sølv på den andre." "Det var artig å vite," sa kona og let som ho somna. Etter ei lita stund kvapp ho til på ny. "Kva går av deg?" spurde kjempa. "Jo, igjen var det som om noen spurde meg om noe. Korfor får dei ikkje klart og godt brønnvatn på slottet der borte og korfor har dottera på det andre slottet vore mållaus sia ho gjekk til nattverd første gongen?" "Å, grev dei etter vatn tre meter frå det nordaustre hjørnet av slottet, så får dei vatn i overflod. Og jenta er målløs for di ho mista oblat-kjekset første gongen ho var til nattverd. Det fall ned gjennom ein sprekk i golvet og blei straks slukt av ei padde. Bryt dei opp golvet, finn dei padda. Bit jenta bit nakken over på den, får ho stemmen att." "Så klok du er, mann. Du er ikkje berre den sterkaste, men også den som veit mest," sa kona. 'No vel, eg har ikkje levd i tre hundre år til fånyttes." sa kjempa. No let kona som ho sov i fleire timar. Men til sist kvapp ho til, og sterkare enn før. "Drømmer du no att?" "Ja og det var ein ganske vond drøm for meg. Eng syntest eg såg gamle far min gråte og vri hendene sine mens han spurte: "Finst det då inga redning for dei tre døtrene mine, og skal eg dø utan å få sjå dei igjen og trykke dei inntil meg?" "Jo, det finst ein utveg: at ein flink gut fører dykk herifrå mens eg ikkje er til stades. Men ingen vågar seg hit." No let ho som ho sov stilt og rolig til det nesten var lys dag. Då rørte ho seg sakte og gnei seg i augene. "Å, for ei natt," sa ho, "no var det som eg hørte svana der nede spørje om ho ikkje noen gong kunne sleppe å frakte folk over som ein pram mellom landet og øya di." "Svana er ei gås som ikkje fattar at om ho slepper den ho fraktar midt i sundet, så blir han pram, og ho slepper." "Du er nesten for klok, du, mann!" sa kona og klappa og kyssa han. "Men no får eg skunde meg. Du sa i går at du ville på jakt på morgonkvisten, så eg må lage til frukost til deg." Frukosten blei snart stelt til. Kjempa åt fort og var snart ute av huset. Guten kraup fram, fekk mat og så blei dei tre søstrene med han ned til stranda og kalla på svana. "Har du fått svar på spørsmålet mitt?" sa svana. "Ja, det har eg," sa guten, "men eg kan ikkje seie det før vi har komme over." Vel over sa han, "Svane, om du slepper den du fraktar midt uti sundet, så blir han til pram og du blir fri." "Eg kjem nok til å gjøre det," sa svana. Følget fór vidare til det næraste slottet, det som dei tre kvinnene hadde blitt røva ifrå. Dei blei tatt imot med glede og jubel, og guten blei bydd rik løn. Men han ville ikkje ta mot, for å få kjærasten sin var nok for han, sa han, og så drog han vidare. Om kvelden kom han til slottet der den mållause kongsdottera var. Guten sa korleis ho kunne botast, og på kort tid var golvet brote opp, padda funnen, nakken avbiten - og så kunne kongsdottera tale så godt som noen anna. Neste kveld kom han til slottet dei ikkje hadde funne vatn, og viste dei kor dei burde grave. Etter ei lita stund sprang det opp ei kraftig kjelde med klart vatn. På begge desse stadene baud dei guten gull og kostelige saker i overflod, men guten takka nei som før, alt mens dei omfamna og kyssa og takka han for hjelpa. No fór han heim til Rike Per Kremmar, som sa: "Kan du no svare på spørsmåla mine?" "Det trur eg," sa guten. "Sei meg då kven som er den rikaste mannen på jorda?" "Det er du sjølv, Rike Per Kremmar." "Jajamen. Korleis kunne kjempa vite det? Kven er den sterkaste då?" "Det er kjempa i Hornindal." Også det visste Rike Per Kremmar var rett. Han spurde så: "Korleis heng det saman at epla frå treet utafor her er sølvblanke på den eine sida og gullgule på den andre?" "Det var ikkje så lett å få vite det. Men kjempa fortalde til slutt at det er gravd ned gull på eine sida av treet og og sølv på den andre." "Den kjempa, den kjempa, alt han veit! Eg vil bli likså vis som han. I morgon reiser eg til han for å sjå kva eg kan få til slik." "Det gjør de kanskje rett i, husbond," sa guten. "No skal eg gi deg dottera mi." Dei sende bod etter presten og same dag blei dei unge vigd med pomp og prakt. Ein staselig fest runda av kvelden. Morgonen etter drog Rike Per Kremmar som han hadde tenkt. Snart kom han til sundet og bad svanen føre han over. 'Er du flink gut?" spurde svana. "Ja, det er eg vel," sa kremmaren. "Så kom då!" sa svana. Midt uti sundet sleppte svana han, og straks blei Rike Per Kremmar til ei svane som måtte frakte folk i sundet. Og svana blei til ein ven gut som sumde til fastlandet mens han helsa, "Farvel og lykke til." Hanen og høna
EI HØNE og ein hane gjekk i skogen. Hanen fann eit nøtteskal og sette
det i halsen. Då sa han til høna:"Høne, fort, gi meg litt vatn, elles blir eg kvalt og dør." Høna gjekk til kjelda: "Kan du gi meg litt vatn til hanefar? Elles dør han, seier han." "Vel, eg skal gi vatn til deg om du gir lauv til meg," sa kjelda. Høna gjekk til linda: "Kjære lind, gi meg lauv! For då vil kjelda gi vatn til hanefar. Elles dør han, seier han." "Ja, eg skal gi deg lauv," sa linda, og så skunda høna seg å bere lauv til kjelda. Der fekk ho vatnet ho hadde bede om, men då ho nådde fram til hanefar, var han jamen daud. Gauken, hanen og orrhanen veddar
GAUKEN, hanen og orrhanen er alle tidlig oppe, og det er ikkje lett å seie
kven som er tidligast vaken av dei tre. Derfor ville dei tevle og sjå kven som kom seg
opp først. Den som vann, skulle få ei ku i premie, og den som vakna sist,
skulle spandere kua.Då det tok til å bli dag, gol gauken: "God ku, god ku." I det same skreik hanen: "Kykkeliki, kua er mi." Orrhanen sat rolig i treet og høyrde på, for han hadde vakna først av alle tre. Han ropte: "Kjære venner gjør som rett er! Kjære venner, gjør som rett er!" Kven som fekk kua til sist, er det ingen som veit. Og den dag i dag gjel gauken på sitt, "God ku, god ku," mens hanen gjel imot med "Kua er mi, kua er mi". Og orrhanen roper: "Kjære venner, gjør som rett er! Kjære venner, gjør som rett er!" Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||