![]() |
Svenske eventyr og segner | ||||||||||||||||||
|
Guten som blei smed
EI GAMMAL kone hadde ein son som blei sett ut i lære i mange slags handverk,
men som verken ville eller kunne lære noe stort. Ein dag blei han sett i lære
hos ein gartnar. Gartnaren sa til han:"No skal du gå ned i hagen og plante kål. Gjør det vel!" Gutan svara, "Ja, kjære gartnar." Så gjekk han ned i hagen og stelte til kålsengene, og så plukka han dei likaste å finaste plantane han fann. Då sa gartnaren til han: "Sett ut dei som har best røter, så får vi sjå om dei trivst og vekst. Skulle noen dø ut, får vi plante ut andre om fjorten dagar." Så gjekk han. Guten valde ut dei finaste plantane og sette toppane ned og røtene opp. Etter tre eller fire dagar kom gartnaren til å gå forbi den delen av hagen der kålplantane hadde blitt sett ut. No låg alle plantane visna og døde, for sola hadde tørke ut røtene som ikkje var under jorda. Gartnaren blei harm, og spurte guten om han hadde sett noe menneske gjøre slikt. "Nei, men du bad meg jo setje dei plantane som hadde best røter slik at vi kunne sjå dei," svara guten. Gartnaren sa ikkje stort til dette. Det var på sett og vis som han hadde sagt, om enn ikkje som han hadde meint. No skulle guten setje poteter. Gartnaren sa han skulle setje dei djupt i jorda og ikkje for tett. Guten tok ei lang jernstong, laga mange djupe hol og sleppte småpotetene ned med åtti centimeter mellom kvart hol. Då det hadde gått litt tid, kom gartnaren for å sjå korleis det gjekk. Han fann fort ut at arbeidet som var gjort, ikkje var godt nok. Potetene hadde komme så djupt ned at groene ikkje kunne kome opp til overflata. Så spela det lita rolle at dei var spreidd mye meir enn nødvendig. Alt måtte gjørast om igjen med nye poteter. Det var ikkje anna råd. Guten fekk sparken med det same, og drog då straks til forsvaret for å bli trommeslagar. Det kunne kanskje passe betre for han, meinte mora. "La oss no høre og sjå, du er ganske kvikk, ser eg, og dersom du trommar betre og får meir lyd ut av tromma di, blir du i fremste rekke blant kameratane dine," sa sersjanten som skulle lære han opp. Guten gjorde sitt beste. Han tok vekk trommeskinna på fram- og baksida av tromma og gav seg til å slå på trommesida. Offiserar kom for å sjå, og ein av sei spurde: "Har noe gått sund?" "Nei, det er på befaling at eg har tatt vekk trommeskinna så lyden kjem ut av tromma så mye betre." Så fekk han ikkje bli trommeslagar der. No skulle han gifte seg og setje opp ein smie for seg sjølv, for det var no smed han måtte bli om ikkje noe anna dugde, meinte mora. Guten, som heitte Håkon, blei deretter kalla Håkon Smed. Folk sa "Håkon Smed som alltid står og kveser," for di han støtt stod og ergra seg. For smedeyrket var han verken opplært til enn van med. Men ein kveld han var i skogen, møtte han fanden. Gamle-Eirik sa: "Vil du ly meg, så skal eg hjelpe deg så alt du tar det til, går bra og vel i hundre år etter dette. Og når den tida er ute skal du tilhøre meg, om du då ikkje kan setje meg til eit arbeid som eg ikkje kan gjøre." "No, på så lang tid skal eg nok klare å tenke ut eitkvart," tenkte Håkon Smed. Dei tok kvarandre i hendene på avtalen, og gjekk kvar til sitt. Håkan Smed heldt fram med arbeidet sitt, og det gjekk vel for han. Han blei attpå til kjent som den beste smeden ein kunne få tak i. Då det hadde gått hundre år kom fanden til han og ville ha han. "Men vent, skal eg ikkje prøve å setje deg til eit arbeid som du ikkje orkar?" sa Håkan Smed, og så sette han Gamle-Eirik til å blåse erter på langs gjennom ein pinne som det ikkje skulle vere hol i noen gong. Korleis han skulle klare det, orka ikkje fanden spekulere ut, og så gjekk Håkon Smed fri frå mye ergelig og vondt.
Stutar til hjelp
LIKE OVER bygda Sykkylven ligg eit lite berg, og i ei av dei slakke bergliene var
det ein gong for noen hundre år sia ein åker. Alt som bonden sådde
på denne åkeren, forsvann kvar jonsoknatt. Men bonden fekk noe att for det som
forsvann: Ei natt hørte han eit mål utafor glaset i huset. Det var ei djup
stemme som sa: "Takk for grøda. No skal du få ha dei to stutane mine hos deg
til å pløye med kvar dag. Men blir stutane brukt på anna mark enn di
eiga, tar eg dei tilbake."Så forsvann stemma. Då det blei morgon, stod to tunge, raggete oksar utafor garden og venta på at bonden skulle ta hand om dei. Slik heldt det fram kvar morgon i fleire år: Dei to stutane kom ut av skogen einkvan stad i lia og lunta fram til garden hans og var klare til å gjøre hardt arbeid heile dagen. Bonden drog nytte av dei i fleire år, og kvar kveld sette han eit stort fat rømmegraut ut på trammen for å seie takk. Om morgonen var den grauten vekk. No hadde bonden ein nabo like ved. Ein dag det gjekk uventa fort for bonden å pløye opp ei eng han hadde, blei han ståande og sjå på naboen som sleit i molda utan hest og okse til hjelp. Då tenkte bonden med seg sjølv. "Eg lar stutane hjelpe grannen min litt. Det har vel ikkje noe å seie." Neste morgon stod grauten igjen på fatet - ingen hadde rørt den. Dei to stutane hørte ikkje bonden av, og han såg dei aldri meir. Bjørnen i høyvogna
EIN BONDE hadde ei stor høyhesje borti ei uteng. Om vinteren skulle han
kjøre den heim til garden i vogn, og styrte hestane sine så nær inntil
som han kunne. Han kleiv opp i høyhesja og tok ei stor famn, men merkte ikkje at han
ved det dulta til ein bjørn så den kraup oppi høyvogna i ørska.
Den hadde høystakken som vinterhi.Hestane vera straks at det var bjørn på ferde, og blei heilt ustyrlige. Dei sette på sprang alt dei vann og var snart borte med høykjerra og bjørnen. Bonden sprang etter og møtte snart ein granne. "Såg no to hestar som sprang ut med ei høyvogn?" spurde han. "Nei, men eg såg presten i ei høyvogn, og han kjørte verre enn hinmannen sjølv," sa grannen. Vasskjelda
VATNET i ei kjelde i lia oppunder Matremberget blei før rekna som
undergjørande av di Olav den Heilage vaska hendene og andletet der og blei rein. Ved
sida av kjelda var det ein stolpe det det stod:"Vandringsmann langs vegen,BLØDME: "No er det gjort," sa elgen, han sumde over elva og blei rein." (Ein skal vel seie den.) Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||