Norsk del, Gullvekta
Stadplanlegging og TM-rørsla
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Transcendental Meditasjon og stadplanlegging

Ein skaffar seg oversyn over kva TM er og gjer ganske typisk. Ein finn ut av kor ein kan lære seg det. Ein går inn for å gjere det regelmessig, til dømes i eit år. Så ser ein etter kva som har endra seg, kva som kan ha endra seg, kva som ikkje har endra seg.

Det er godt å ha i minne at endringar ikkje alltid kjem av TM eller TM aleine - av å sette seg til ro nokre gongar dagleg og senke seg i fred og djup kvile og bli opplagt i ein fei, så å seie. Men langsame endringar kan godt komme til etter kvart, og TM kan gi fleire slags tilvekstar, som utfalding av personlegdommen, kreativiteten og så vidare. Det er mangt å fatte interesse for, eins eigen situasjon og vidare utetter, og det er mange måtar å utfalde seg på, tilmed individualle. Somme som mediterer, blir openberrt meir vare for ting som enkeltmenneske vanskeleg kan gjere stort med utanom monnalege, felles innsatsar. Slik er det med mangt. Hjelper ein seg og sine, får ein ved det gjort ein del for verda, i tråd med ordtaket "Om alle kostar framfor eiga dør, blir heile gata rein."

  • Her er meir om kva for organiseringsopplegg og prinsipp i arkitektur som Maharishi har gitt støtte til - til nytte for grender, tettstadar og heimar - og med video-døme attpå. Somt er bygt, og somt i kjømda. [◦Meir]

  • Berekraftige hus og bygg kjem i tillegg - her er impulsar å hente: [◦Meir]

Ein gjer eitkvart ein elles neppe ville orka

Ein har kanskje fått betre overblikk med åra og anar kva vegar mangt går, det vil seie kva for trender som spelar seg ut her og der. Ein trur ein fattar hovuddrag og kjem kanskje med gode tiltak som tel før ein er gammal og grå aller helst - for seint i livet er det ikkje sikkert ein klarer mykje, enda om TM foryngar kroppen, det vil seie den biologiske alderen. Det finst ymse mål på slikt.

Det er gjort målingar av biologisk alder hos folk som har gjort TM over år, samanlikna med grupper av folk som ikkje har gjort TM, og TM seinkar den biologiske aldringa med rundt 7 1/2 år, maksimum dryge 18 år, avhengig av kor lenge ein har meditert. Ein kan også få mindre bruk for pleie - under det halve - og mindre hjartetrøbbel. Talfestingar for slikt noko er forska fram. [◦David Orme-Johnsen: Oversikt over forskingsfunn]

Bu i natur

Det er ein trend i tida over store delar av verda vår at folk klumpar seg i byar og tettbygde strok. Det kallast urbanisering og kan vere opphav til skavankar og mange plager om ein ikkje passar seg, sjølv blant dei rike, velståande nordbuane. Frisk luft, til dømes, er ikkje lenger sjølvsagt i eksosdisen i større byar.

Ein får sjå forskjell på utvikling og skinnutvikling. Rett og behageleg utvikling er til gagn for anna enn forkrampa kår, for eksempel.

Ein finn sikkert ut at ein skulle bu godt og gi barn gode kår. Men mange finn at dei blir pressa til å skrape saman ein pengesum for å kjøpe eit krypinn med god standard i byar og tettstadar, der prisane er skyhøgeog ein får lite att for pengane .- langt mindre enn ute på landet.

Har ein først sett seg i gjeld ved å låne til bustad, hytte, bilar, båt og kva det kan vere, kjem lett barn til, og så sit mang ein gjeldsgarnet livet gjennom.

Noko førsteklasses er derimot utan løynde skadeverknadar, men er gildt i starten, i mellompartiet og til slutten. Denne likande tredelinga mot for korte perspektiv og å miste langtidsperspektiv, stammar frå Gautama Buddha.

By i natur, natur i by - ja takk, begge delar

Mange kan godt flytte i lag til landsbygda. Det hjelper truleg å gå systematisk til verks og planlegge. "Fleire og betre vinstar ved god nok planlegging og gjennomføring" hjelper sikkert å hugse.

Å dumpe ifrå godt liv - mange gjer det heilt frivillig

I somme høve kan ein kanskje sameine eit godt og behageleg liv med å by i byen, for eksempel i eit godt isolert, energigivande hus i parken . . . I andre høve flyttar ein på landet og skaffar slikt ein helst vil ha, som TV og anna teknisk.

Bylivet har sin pris, og neppe berre gode sider. Mistrivnad med hard lengting etter ferie i andre omgivnader kan vere eit lausleg barometer på det. Men så er det utferda i flokk som plagar, og alle hyttenaboane tett på, og så vidare. Det er ikkje alt som skulle hjelpe, som hjelper like godt som ein fekk for seg.

Byliv fører for det meste med seg at ein bur trongare, har kanskje ikkje fire-åtte dekars tomt og tumleplass med eigen hage, har for lite kontakt med frisk natur som lever på eigne premissar, og at det blir forskjell på folk - dei med villa og andre utan, til fømes.

I forstadane lyt mang ein tvinge seg til å "barbere plen og hekkar kvar veke" fordi "det skal vere sånn" i sesongen. Ein skulle ikkje tru at formålet er å plage seg sjølv eller gode naboar, men det kan bli ein følgeverknad, ein biverknad.

I byen får ein stor grad av fridom frå nyfikna grannar, men blir samtidig isolert og utbytta for ein god penge, til dels ved all den smaklause reklamen, og utan at ein oppdagar det i førsten. Naboane spør ikkje korleis ein har det, få smiler og er glade, og ute langs folksame straumar i bygatene er ein prisgitt "mekanisk ferd" der mykje slingring i valsen er tillatt. Det held berre å slingre der ein går på fortauet, så kan ein bli tilsnakka. Det er annleis i naturen. Der blir ein ikkje kua like klart.

Tilpassinga er for mange for stressfylt, så ein taper livslyst og helse etter kvart. Så blir ein bytte for behandlarar av ulike slag - vare som harde lever av og skor seg godt på. Det går den vegen for rett mange. Ord som utbrend og heilt utslitt fortel kan hende om ei slik tilkortkommande tilpassing, eller veikna helse.

Og så finst det mellomting - forstadliv, liv i småby på grensa mellom park og regulert område, og så vidare.

Byliv blir ofte regulert på ein, og goda kostar pengar, tilmed meir og meir, og blir meir og meir organisert. Tilmed å røre kroppen godt - i kanskje skitne trimsalar med bakteriar, faktisk. Det har blitt sjekka i eit forbrukarprogram nyss. Her er hovudsaka at det no kostar pengar å røre seg, der ein arbeidde og mosjonerte godt utan og i det fri før eksosen kom.

Stress, press og jåleri i konsumentrolla tar på, til ein sluttar å smile. Ein er ikkje aktiv deltakar, men meir og meir passivisert i livet, og legg på seg om lag i takt med at såkall amerikansk livsstil blir etterapa som det store og feite. Meir eller mindre paniske og forgjorte støttetiltak setter inn i ettertid. Lure folk utnytter folk og tar pengar for litt av kvart dilldall, som slankemetodane frå A- Å. Kan hende somme hjelper, men neppe alle. Poenget: mange ser seg tent med å I tillegg er det skitne forhold i dei tre største treningssenterkjedene i landet, med tarmbakteriar på spinningsyklar, sjukdomsframkallande bakteriar, også i damegarderoben (!). Kva med denne overskrifta? "Treningsdusjen 700 ganger mer skitten enn doen på McDonalds" [◦TV2 hjelper deg, 20. mars 2014] ◦Dusjen]

I kva grad trimsenter speglar forkrampa forhold og ikkje berre skeive sider ved tilpassinga vår i tettstadar landet over, kan eg jo la vere å seie noko om. Ute på landet slepper ein heldigare frå mangt, og slepper å betale for det, og kan nyte større fridom, om ein har disponert godt nok til det. Men klarer bykatten å tilpasse seg det halvville livet på garden? Ein og annan finn etter kvart ut at folk jamt er lite snille med husdyra sine på gardane - fôrar dei opp for å drepe dei og ete dei og utnytte hud og hår tilmed. Direkte snilt er det ikkje. Meininga her er eit varsku om at ein lyt vere noko meir hardbarka om ein skal klare seg godt i dei "halvville tilstandane" rundt om på bygdene. At kvar heim er ei slags kampeining, finn somme ganske fort ut av. Så gjeld det å te seg skikka - Å ja. Tømmerhogst er heller ikkje noko for fløtepusar. Og den som seier "La treet få stå, la graset få vekse fritt, utan å bli kappa ned," kan få skam for det. Men Gautama Buddha er samd - å la vekstar få stå og fullbyrde seg er nettopp tingen for munkar, som kan barbere issa og stogge med det. [1]

"Det er ikkje lett å leve; ein skulle prøve det den som tør," sa ei mor.

Stress ned, slapp av litt, og la kjøret ta helsa likevel - er det godt?

Er du nedslitt, treng du kanskje å bytte livsstil og bustad for å trivast. Men somme kan godt klare seg bra med å lære TM, om no ikkje alle betringane det fører til, fører til at ein blir meir utbytta. For at slikt vanskelegare skal skje, lyt ein vurdere livsstilen og omgangskrinsen sin - heile pakken - og flytte til ein betre stad, blant verdige folk og få samlivet, partnarer, seg sjølv og barna i betre gjenge. Det er vel ei grei hovudoppskrift.

Betre vilkår, korleis? La oss tenke oss at mennesket har ei ape under skjorta. Det er id-systemet, som er ganske som hos høgare primatar, som bavianar. Så kvar heim - kjernegruppe - kan vel trenge minst fem dekar eige terreng å slappe av på, med familie og slekt i ring omkring seg, eller kanskje med storfamilien til stades.

La oss seie det jamt er gagn i frisk natur, idrett og gamle i nærmiljøet.

Grunnlaget som er skissa opp her, går imot krympekår-urbaniseringa, der kommuner og utbyggingsselskap og ymse firma tener grovt på krympa revir (mindre og mindre eigedommar) for folk. Tomtene minskar tiår for tiår, blant anna. Det har vore ein generell "utvikling", også kalla trend. Kommuner tar land - eksproprierer det til spottprisar tilmed - driv arbeid i tilknyting til opparbeiding av tomter og infrastrukturane, veg, tele, og så vidare. Det er den vesle familien som får punge ut og kanskje blø i det kjøret. For lite plass gjer kan hende trøytt og gir opphav til kranglar. Behovet for orden og reinsemd veks fort i høve til krympa golvplass og uteplass som er trygg for barn.

Men nokon får det til og har det godt i byar og tettstader, og ære vere dei for det. Det er ikkje alltid det er pengar som skal til. Mykje smartness kan også utrette slikt, eller somt av slikt.

Kunsten å leve heng saman med å filtrere vekk plagar for seg

Det er mange kunstartar. Kunsten å leve og ha det godt er likande. Korleis handtere plagar og problem i den kunstarten? Ein kan fjerne plager og problem utan vidare. Går ikkje det, kan ein forsøksvis vurdere i kva grad dei er symptom på breiare, djupare årsaker, og så treffe tiltak i forhold til dei. Kanskje det lar seg gjennomføre, og kanskje ikkje. Stressforskarar hevdar at heile 50 til 90 prosent av vanlege sjukdommar heng saman med emosjonelt stress; det err ganske vanlege skjøn å finne. Iallfall over 50 prosent [Hi 505]. Og stress heng saman med kjøret, men det er nok ikkje berre "køret der gør det" (dansk).

Skal vi sjå på litt statistikk frå nær, norsk og dansk fortid? La oss:

"Stress, søvnplager, angst og irritasjon. Halvparten av norske arbeidstagere blir syke av jobben" - i 2008:

  • 48 prosent av dei yrkesaktive i Noreg seier jobben påverkar helsa negativt. Gjennomsnittet for EU-landa er 31 prosent.
  • 12 prosent norske arbeidstakarar føler seg generelt utmatta på grunn av jobben. Omtrent like mange blir irriterte som ei følge av arbeidet sitt.
  • Éin av ti nordmenn slit med søvnproblem og angst.
  • Éin av tre nordmenn blir stressa av jobben, mot én av fem elles i Europa.

Det blir feil å innbille seg at alt er godt i nyrik-Noreg. Ein skal ha vett til å handtere rikdommen sin også. [◦Kjelde]

I 2010 kom "Nordmenn på smertetoppen . . . Rundt 30 prosent av dei vaksne i Noreg har kroniske smerter." Det fortel at det norske folket har mest smerte i Europa, sidan tala er mellom 16 og 19 prosent i dei andre europeiske landa. Og det er nær samanheng mellom kroniske smerter og angst, depresjon, søvnplager og sjølvmord. [◦Kjelde]

I 2011 brukte 303.715 personar i Noreg legemiddel mot depresjonar, etter Reseptregisteret. At det er for mange deprimerte, er ikkje fagfolk i tvil om. Talet er om lag som i Danmark. [◦Kjelde]

No har ein tredel av folket søvnplager, og hos 15 prosent av folket er dei alvorlege. Ein stor del bruker nervemedisinar, og altfor mange sit heime i staden for å gå fotturar i Sunnmørsalpane og vidare sørover. [◦Kjelde]

Og no til saka, med små oppatt-tak

TM er ein metode der ein stressar ned og slappar av litt, mellom anna. Rundt den heilt enkle logn-metoden har det komme til somt anna for å hjelpe folk så dei på den eine sida har hjelp til å tole meir i jobben og elles, og på den andre sida ikkje gå i alle utbyttingsfellene. Dei er mange. Så det har komme tilvekstar rundt meditasjonen. Det er heilt naturleg.

Ein ser kva veg det går i storsamfunnet - med urbaniserte utbyggingar som ofte fungerer dårlig for menneske, store utbyttingar, utarmingar og utplyndringar og utslitne utbrende, og snart går planeten amok, kan det sjå ut til, som følge av halslaust kjør med toskete forureining av lufta, vatnet og litt av maten. Ein kallar slikt utvikling, men ho går feil veg - i ut-veg, og mot liksom. Folk som går opp i det ytre med gallaar, vakre klede og tilgjorde miner, kan kanskje greie seg lenge, til psykosomatiske mekanismar vil ha sitt og gjer krank. Tilgjort samvær og liksom-samvær konkurrerer og begge har grodd fælt - til dømes "samvær ved skjermar" og med mobilar i handa. Ein setter dingsar inn i samværsfeltet for biologisk nærkontakt og mister mykje av nærkontakten slik. I full kommunikasjon er 70-90 prosent kommunisert utan ord, med kroppsspråk, grader av nærkontakt, kjensler, mimikk og meir. Alt slikt blir krympa og fell vekk frå mobilen. Ein sit at med redusert kontakt ifrå det som har fungert til no mellom folk, og pengane strøymer inn til firma som tener pengar på denne kamuflerte framandgjeringa med til dels nevrotiske plager i seg. Ein mister vel også ro og mak til sist, om ikkje sans og samling.

Store selskap tener pengar til vanleg folk ligg der, og folk ligg på magen for finans- og pengemakta som riv ned grunnlaget for framhald for mange verda over, der internasjonale firma ter seg som smålege galningar, om vi skal tru ein prislønna kanadisk dokumentar, The Corporation ». Det er grenser for mangt; og det gjeld å finne god og farbar veg for mykje.

God, meiningsfull kontakt er meir enn ord og frasar. Meiningsfylt samvær har ein hatt før.

Ikkje ein gong sjukehusa er trygge for folk - bakteriar som toler antibiotika, har vakse fram og spreier seg. Enno er det ikkje grufullt og ilt overalt. Takk for det.

Som eg var inne på, trengs det kanskje meir enn å roe seg og avstresse i godstolen kvar dag. Men dersom hjelpa går vekk i enda hardare utbytting av kropp og sjel, kva då? Maharishi gjekk til verks og sa korleis TM-folk kan leve meir harmonisk enn i vanlege byar etter kvart. "Organiske" byar og tettstadar er gode konsept . . . det er gitt ut ei skikkeleg interessant bok med døme utforma (Yogi, 1978).

Det er kjekt å få innblikk i grundig utarbeidde tiltak for eit godt byliv. Eg går såleis inn for TM-bylivet - det vil seie livet i byen med TM, og livet med TM i ein såkalla organisk tettstad. Begge delar kan gå bra. Og omgivnadane som folk flest bur i, er byar og tettstadar, så reine, trygge, godt planlagte byar utan for mange klattvise freistingar på løysingar av at byar veks - og veks, og behova for å få motvekt til det, aukar. Bergen mellom fjella er ikkje det verste dømet ein finn.

Om "landet" blir byaktig av tilstrøymande til landlege kommunar som Lom, kjem lett nokon til å seie stopp og meine det med våpen i hand, slik som like utanfor Trondheim ein stad for nokre år sidan.

Mot straumen eller med

Med straumen kan du bli populær og drukne tilgjort. Mot straumen gjeld det å ikkje plaske for mykje, og heller spare krefter til det som tel, som ein god gyteplass.

Dryppa ovanfor skulle tene som breie ymt om at folk reagerer med sjukdom på forholda i Noreg, og utan direkte å ville det. Tiltaka for somme kallast symptom-dempingar og symptom-manipuleringar. Ein skulle gjere eitkvart monnaleg mot årsakene bakom symptoma til folk. Somt ligg nok ligg i feil-veg-utviklinga. I den grad det er skil på helse og trivsel mellom folk i byar og på landsbygda, kan ein betre oddsa sine ved å flytte dit folk er gladast og trivst best. For nokre år sidan kom småkommunar vestpå og Sogn og Fjordane fylke spesielt fram i lyset for trivsel.

Det kan så vere: Det kan skje grufulle ting i Sogn og Fjordane også. [◦Kjelde]

Mobbing på arbeidsplassane er eit anna norsk problem. Som det heiter: "Problemet alvorleg og omfanget for stort." [WP, s.v. "Mobbing"] Og "Norske barn blir mest mobbet i Europa". Så veit ein det også. [◦Kjelde]

Det er godt om ein ikkje finn seg i å bli plaga. Men det er ikkje alltid ein vinn fram. Urbanisering plagar. Mange plagar følger krampaktig byforming rundt om inntil landlivet lokkar til bustadskifte motstraums. Men ein skal helst vere fleire i lag, blant anna mot gjengmobbing -

Å bu trongt og utan tilgjenge til litt gild natur, kan gjere sur og tverr, om ikkje ufrisk. Kan kanskje tverrpompen vere slik som symptom på ufullbyrda, godt liv? Kanskje. For å sondere kva for noko djupare som tverrskapen kan hende er eit vitnesbyrd om og eit symptom på, lyt ein ha god kjennskap til mangt utanfor det militære. Til sist finn ein sine tiltak og mottrekk - det kan vel tenkast.

Organisk stadplanlegging heiter eitt. I den grad det blir følgd opp, kan det godt vere at mange fleire kjenner seg lykkelege i økonomisk gode tider. Dei er iallfall ikkje tronge.

Energigivande hus, ikkje lenger ein futuristisk draum

Livet har mange sider. Det gjeld å bu godt. I biologisk lys er menneska forma så dei trivast i savannar blant gras og tre - i parkaktig natur og med farlege dyr langt vekke eller utanfor gjerdet og muren, kan vel hende. Hagen kan vere ein mellomting mellom himmerike og jordlivet, for ein trivst ganske naturleg mellom blomster og tre med utsikt til opne sletter og vidder, og kanskje ei strand eller to i tillegg. Ikkje alle strok er like, ikkje alle plantar og tre heller, og ikkje alle menneske. Det gjeld å gjere bra utval for å trivast i lag i den tida ein har.

Går det rimeleg godt, vil ein ha det betre -

No ja, ein skulle jo ta vare på gilde plantar og vennlege dyr som pus, bu i god, klok kontakt saman og med verdige andre. Å få det til er å gå nokre skritt vidare enn å spikre opp programmet.

Inn for solcellestyrka og energiseljande hus og reint vatn er jamt idealist nok

TM-metoden er enkel, og kan gi hjelp til å samle seg og handle modent, tilmed. "Poden kan bli moden med TM": La oss no endeleg håpe det er eitkvart bra i han frå før, så han ikkje gjer verda monnaleg verre av det som veks til.

Spøk til side igjen: TM har også hatt glede og nytte av talrike medlemmar. Dei har gitt råd til å utvide konsepta frå starten, og hjelpe folk å utvikle seg grønare, leve sunnare, bu i gode heimar, ha hus der ein satsar på fornybar energi, som til dømes solcelleprodusert energi, og forme berekraftige byar der folk kan trivast og ha lykka med seg, som Maharishi Vastu Architecture og Planning får fram i ei grei bok (2013).

Det er godt at nokon har føresett kommande nød og elende og lansert heilt tiltrengte, konkrete og kraftige mottiltak. Eitt stort behov er altså berekraftige byar som er bra harmoniske. Mange ulike tiltak er mogelege, med rom for kommande forbetringar av solceller og anna som kan gjere ein godt uttenkt heim ganske sjølvhjelpt i energivegen, og verda kjekkare for den som ikkje blir uglesett, håne og mobba av vegen av dei som har tilpassa seg makta - "Makta", det er dit pengestraumen går, og som folk flest er meir eller mindre "kjøpt" av som arbeidstakarar og i dei vanlege tilpassingane sine. At det kan gå hardt for seg motstraums, kan kanskje ◦Bellona-folk fortelje om.

I den store, vide og globale samanhengen er det ikkje sikkert at heilt vanleg gjengtilpassing er stort å skryte av. Det er det eine. Det andre er at klimatiltak går i vasken fordi det offentlege kan love stort og ikkje følge opp heile vegen, som for anlegget på Mongstad. Mykje global karbonforverring og kommande miljeskader kunne vore unngått om folk med makt og middel handla i god tid før krampaktige for-seint-tiltak går i vasken, før motgangen og nøden har med seg dauden i bagasjen.

  Innhald  


Maharishi Mahesh Yogi, boplalegging, stadplanlegging, vastu, og Transcendental Meditasjon, TM, Litteratur  

Briggs, Barbara. The Contribution of Maharishi's Vedic Science to Complete Fulfilment in Life. New Delhi: Sagar Publications, 2009.

Maharishi University of Management. Scientific Research on TM program: Highlights of 600 scientific studies validating benefits in all areas of life. Rev. ed. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2011.

Maharishi Vedic University. Celebrating Perfection in Education: Dawn of Total Knowledge. Fairfield IA: Maharishi Vedic University / Maharishi University of Management Press, 1997.

Sands, William F. Maharishi Mahesh Yogi and His Gift to the World. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2012.

The Institute of Vedic City Planning of Maharishi University of Management. Maharishi Vastu. Architecture and Planning: Vastu City Planning: Sustainable Cities in Harmony with Natural Law. 4th ed. Roerdalen, NL: Maharishi University of Management, Institute of Vedic City Planning, 2013.

Yogi, Maharishi Mahesh. Transcendental Meditation with Questions and Answers. 3rd ed (a reprint of the 1st ed. of 1967, with new appendices). India: Spiritual Regeneration Movement, Maharishi Foundation International, Maharishi Vedic University, 2011.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi University of Management: Wholeness on the Move. 2nd ed. Softcover. New Delhi: Maharishi Prakashan, 1995.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi's Programme to Create World Peace: Global Inauguration: Demonstrating the Mechanics to Create Coherence in World Consciousness, the Basics of World Peace.. Fairfield, IA: Maharishi Age of Enlightenment Press, 1987.

Note

  1. Sutra on the Buddha's Bequeathed Teaching, omsett til kinesisk av Tripitaka-meisteren Kumarajiva i Yao Qin Dynastiet. Førebels omsett frå kinesisk til engelsk av The Buddhist Text Translation Society, Dharma Realm Buddhist University, City of Ten Thousand Buddhas (1999). "You should not cut down grass or trees, plow fields or dig the earth," sa han til munkane rundt seg og til andre munkar for ettertida. Det var noko av det siste han sa, står det. [Dit] Jamfør gjerne: Apannaka Sutta: "Den som er på rett veg, lar vere å ta liv . . . avstår frå å skade frø-og planteliv . . . avstår frå å ha mannlege og kvinnelege slavar . . . avstår frå å skamfere, lemleste (osv.)".

Maharishi Mahesh Yogi, boplalegging, stadplanlegging, vastu, og Transcendental Meditasjon, TM, opp    Seksjon     Sett    Neste

Maharishi Mahesh Yogi, boplalegging, stadplanlegging, vastu, og Transcendental Meditasjon, TM. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2014–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]