Norsk del, Gullvekta
Maharishi-verknaden, David Lynch og islendingane
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

SNAPSHOT. Eit resultat av finanskrisa som råka Island i 2008 var at tre av dei største bankane i landet kollapsa. I ettertid går det likevel betre enn mange var redde for. Tre år etter den finansielle kollapsen, var islendingane i ferd med å stable seg på beina att, skriv horecanytt (17.02.2011).

Island har ein liten og open økonomi. Han er i stor grad avhenging av fiske, og sårbar for årlege svingningar i fangstmengde og i prisane på fisk på verdsmarknaden. I i dei seinare åra har økonomien stabilisert seg og er i vekst. Landet har dei siste åra satsa på å utvikle IT-industri, bioteknologi, finanssektoren og turisme. (Store Norske Leksikon, 8. jan. 2018)

Maharishi-verknaden, David Lynch og islendingane

Enkelt oversyn. Maharishi Mahesh Yogi hadde fysikk-utdanning og fleire år i lag med guruen sin før han tok til å lære frå seg TM i India sist på 1950-talet.

I 1958 tok han til å reise omkring i verda for å fremme TM. Han vann godt fram, og det blei tidleg sett i gang forsking på TM og verknadane.

På 1970-talet lanserte Maharishi attåt-metodar til grunnteknikken, og rørsla vaks så ho omfatta TM-opplegg for skolar, universitet og fengsel.

I 80-åra kom det andre slags attåt-program for å fremme godt liv utanom meditasjonane - å fremme betre helse og trivsel ut frå Maharishi-innsikter.

Fram mot 2008, det året Maharishi gjekk bort, hadde fleire millionar lært TM. Rørsla held fram og går inn for å utbreie TM og gagne sjølvhjelp - eit godt liv, tilmed. Det lèt til at særleg tre ting hjelper:

  • Forskingsfunn som fortel at TM gjer godt;
  • At mange kjente frå finanssektoren i USA skryt av TM og får andre til å ville lære det;
  • At mange slags vidkjende personar fortel dei gjer TM og set pris på metoden.

Jamvel om marknadsføringa tidvis er storsnuta av seg, finst forskingsfunn som stør TM. Ein får glimrande hjelp til å realisere seg ved god TM, men det er neppe sant at TM "gir oss tilgang til livets fulle potensial" som TM-rørsla helsar med, men heller "å bli rikare". Ein kan ha potensial til så mangt, men det er ikkje alt som gjer vel. Klok skal ein også vere. Ein som kjenner hard mordlyst i seg, kan bli slaktar eller mjaor og kome frå realiseringa av mordarpotensialet utan straff i samfunnet, til dømes. Men skal tru om ein ikkje blir betre av ikkje å slakte dyr eller menneske - Det var eit lite vink om at ikkje alle slags potensial bør utfaldast for den som helst vil ha det hyggeleg i heimen.

Å bli rik har mange sider. Eit rikt indre har i seg merksemd, tankar, kjensler, opplevingar og anna som ikkje er så fysisk at ein kan ta på det, måle og vege det. Å unngå stress og kunne avstresse, opnar for betre liv.

Og eit rikt ytre liv kan ein godt jamføre med stega og faktorane i Abraham Maslows behovspyramide og krysse av. Men ein skal også kunne og makte eitkvart skal ein klare seg.

Eit rikare liv for kvar enkelt - betre sjølvinnsikt, betre verdsetting av naturen, av omgjenge, gradvis utvikling av litt av kvart likande - og kanskje som Abraham Maslow syner ved den femdelte behovspyramiden sin: Har ein fått realisert seg bra på det fysiske planet, kan ein gå vidare og fulltone på andre, høgare nivå, og traske den vegen vidare på eit vis, men ikkje tilgjort, og helst ikkje "kuva til folk" heller. Kanskje ein finn ein har hoppa over nivå også. Det er nok ikkje så gale om lykka er med.

TM er basert på å få balanse mellom å anse sitt eige indre i meditasjon og å vere aktiv elles. Det er bra å kunne arbeidet sitt så ein kan få gjort ein del utan å spenne seg også. Avspent arbeid hjelper titt.

Eit rikt liv kan vere så mangt. Ein kan bli rikare på mange måtar.

Abraham Maslows behovspyramide
Abraham Maslows lagdelte behovspyramide

Det er jamt slik at ein får det rommelegare eller får færre begrensingar om ein når høgare i verda, bli vaksen med meir. Men kva er det rom for ved toppen i TM-rørsla? Mirakel eller noko som liknar, jamvel om det er kledd som forskingsfunn. Og at ein ikkje stoler for blindt på framlagt statistikk, til dømes. Kvar si trå . . .

Maharishi-effekten. Frå 1959 sa Maharishi på foredrag rund om i verda at om éin prosent av menneska gjekk inn for læra hans, skulle det gi fred. Talfestinga på éin prosent har siden blitt nytta for å måle verknaden av grunnleggande TM. Det er meir å seie om det: Maharishi seier ein stad "ein halv prosent" også: [◦Om Maharishi-effekten]

Maharishi sa blant anna at om ein prosent av ein populasjon (by, tettstad, gruppe) gjorde TM, ville livskvaliteten for heile populasjonan blir målbart betre. Men der mange lever i lag, er mange liv fletta saman, og det kan vere vanskeleg å skilje årsakar og verknadar frå kvarandre, og heller ikkje så enkelt å finne fram til eintydige tydingar av talfestingar frå statistikk-funderte undersøkingar.

Det er uklart korleis Maharishi kom fram til nett dén enkle talfestinga, og kor haldbar ho vel kan vere. Vel var han utdanna i fysikk i heimlandet sitt, men han har ikkje fått andre fysikarar med seg på dette i rekke og rad, og ikkje alle statistikk-kunnige heller. Såpass skuldar eg vel å gjere merksam på.

Kan han ha tatt feil? Kjem ikkje andre faktorar med i spelet, så som kor godt kvar enkelt mediterer, og kor fæle motkreftene kan vere? Kanskje. Maharishi kom iallfall til at Washington DC - hovudstaden i USA - var ein gjørmepøl, og rådde TM-mediterande til å flytte derifrå. Først hadde han freista å få mange til å mediterere i Washington for å betre byen. Det er gammal lærdom å ikkje tru alt ein høyrer, be om god dokumentasjon på det, og ha i minne at fråvær av dette kanskje kan lamme høge, gilde sider ved hugen - kritisk sans, til dømes.

Det er ikkje gale hevdingar som gagnar TM blant vitskapsfolk, men solide forskingsfunn. Og så er det jamt slik at fleire tar lett etter idola sine, no som før. Dei som dyrkar pengar, mange pengar, tar gjerne etter eit og anna frå Wall Street, for eksempel.

Eg vil ikkje verke urimeleg og vrang, men TM er neppe fullgodt tent med forskrudd statistikk for å stø opp om vyer utan godt grunnlag i Washington eller kor det skal vere. Ein får stø seg på nøkternt dokumenterte verknadar. Berre ein har gagn av TM sjølv, heime og på jobb og så bortetter, er det vel ikkje så farleg kva dei burar om på toppane, tenker no eg for min del.

Seinare, på 1970-talet, sleppte Maharishi vidarekomne TM-teknikkar, og då kom eit tillegg til ein-prosent-framsettinga: Om kvadratrota av ein prosent av populasjonen gjorde vidarekomne TM-teknikkar (følgde TM-Sidhi-programmet) ville det gi same resultatet. Dei meinte dei hadde forsking som synte det, men ikkje alle er samde i at den forskinga er kunnig og sakleg gjort og at konklusjonane held. Ein har lov å tvile, berre det er rett gjort; det det det forsking er til for - å løyse tviling så ein får fote seg.

Det er eigentleg ei tvilling-framsetting omkring TM i omløp her. Den eine varianten seier 1 prosent og føreset hovudmetoden i TM-rørsla, og den andre seier kvadratrota av 1 prosent, og føreset vidaregåande TM gjort i gruppe(r). Dei to utformingane skal då utfylle kvarandre.

Eg for min del ville ikkje gå så mykje inn i tala for og mot, men heller gjere TM skikkeleg. Og korfor? "Femten minutt morgon og kveld mindre sladder og lat att auga, Fifteen minutes morning and evening less gossip and close the eyes," seier Maharishi (i lenka ovanfor). Ein kan berre vanskeleg gjere seg opp ei kunnig og skikkeleg meining på feltet enda om ein har studert statistikk, som eg. - Islendingane viser oss nokre sider ved vurderingskunsten nedanfor. [◦Og jf. Dr. Orme-Johnsens oversyn over 60 utprøvingar omkring den postulerte Maharishi-effekten]

Filmskaparen David Lynch ville betre islendingane

Islendingane, kva viser dei? Islendingane har ikkje sleppt unna å bli vurderte i forhold til Maharishi-verknaden. Fordelen med å sjå på "islendingane og TM-tiltak" der, er at dei er så isolerte og så samla, stort sett. Landet ligg for seg sjølv uti havet, og nesten alle innbyggarane bur i Reykjavik. Isolerte og samla, med andre ord. Ganske lagleg for å sjå kva som endrast, kor mykje, og korleis, når mange islendingar på kort tid får lære å meditere.

I mai 2009 vitja filmskaparen David Lynch i Reykjavik. Der heldt han foredrag og gav intervjuet "Our Big, Important David Lynch Interview" frå den 8. mai det året. I intervjuet står at han var der for å kunngjere eit nasjonalt prosjekt på vegner av David Lynch-stiftinga og Innhverf íhugun Ísland, altså Transcendental Meditasjon Island. Målet var å "bringe helse, kreativitet, velstand og fred til folket i Island ved TM." Han kunngjorde også at "prosjektet vil omforme landet - løfte Island ut av økonomisk samanbrot og inn i ei tid å lykkast storleg i, inn i an era of great fortune, sa Lynch. "Folket i Island kjem til å bli vitne til vinningar det er vanskeleg for dei å førestille seg i dag," sa han.

Under foredraget verka Lynch roleg, også då han forklarte korleis han tok til med TM på tidleg syttital og korleis han blei opplyst av å meditere dagleg.

Lynch gav att forskjellige vitskaplege studiar som seiast å prove gagn av TM, og sa korleis TM kunne gagne folk i den vide verda og fremme fred i verda, om mange nok studentar tok til TM. Han forklarte dernest at stiftinga hans ville gi pengestøtte til å ta kurs og lære TM på - pengestøtte til kvar islending som ville lære TM. Målet omfatta å sette saman ei gruppe med 200 islendingar for å heve nasjonalmedvettet og nasjonsånda ved TM. Han sa at dei trong berre kvadratrota av ein prosent* av heile folket for at det kunne skje.

Kvadratrota av ein prosent av dei 315 281 islendingane i 2013 blir 57. - TK

Han framheva at prosjektet ikkje var eit eksperiment, men ein snarare ein vitskapleg demonstrasjon med femti års forsking i ryggen, forsking som stadfesta gagn ifrå TM for individet og heile samfunnet, sa han. Førti minutt dagleg - og betre helse, opplysing og fred i sinnet -

Reportaren kommenterte attpå at i dei ekstra mørke tidene der i landet - det var året etter bankkrakket i 2008 - fanst mange som var villige til å lytte og ta alle slags idear i betraktning. Døra var vidopen for lett løysing og snarfiksing, skreiv han. [1]

Tre år etter Lynch-gjestinga blei Island kalla "eit samfunn i djup krise og overgang"

Island i 2012 blir skildra som "eit samfunn i djup krise og overgang", med 1200 mediterande. [◦Meir om TM og Island]

Overgang til kva? Det er kanskje ikkje lett å avgjere. Sjå berre:

Er Islands økonomi ei overraskande stabil og tikkande bombe etter David Lynch var på besøk?

I dei første fire-fem åra etter at David Lynch talte om TM i Island, har over 1400 har lært TM (2012). I 2011 var talet 1300, og det året heitte det at fleire positive trendar var merkande i Island. Kva for nokre? Her skulle ein sjekke kjeldene og tala. Er det til dømes så sikkert at mange pengar gjer glad, gjer harmonisk og vel tilpassa? At å bli sjådis og kjendis gjer glad og trygg og ikkje halvt fortvilt, jaga vilt? Eller er det no så sikkert at økonomisk framgang er verkeleg framgang, til dømes? [◦Meir]

To artiklar om den same islendingstoda. Eg har sett to artiklar frå to amerikanske tidsskrift frå 2013: Forbes og Fortune. Islands økonomi etter krakket var blitt ◦overraskande god hos Forbes, og ei tikkande tidsbombe i ◦ein Fortune-artikkel, der det attpåtil står: "Island har gjort liten framgang - om i det heile - med å takle dei økonomiske problema sine. Iceland has made little, if any, real progress in tackling its economic issues.". Begge var frå 2013, med fire månadar imellom.

Kva for eit tidsskrift kan ein stole mest på? Kven er best informert? Nett det same spørsmålet kan melde seg om ein ser ulike tolkingar av statistikk og kommentarar rundt. Ein får la vere å vere grovt forutinntatt for å kunne sjekke det godt, så ein ikkje gir frå seg misvisande inntrykk, men mykje heller råkande.

Til forsvar for kunnigheit. Darrell Huff har skrive Hvordan man lyver med statistikk (1972), fordi behova for å gjennomskode og tolke statistikk er temmeleg stort. Det er ikkje alltid opplagt korleis statistikk-funderte funn er å tolke. Det er ledd i statistikk-utdanninga å lære vanlege feil før ein gjer alle saman - helst. Statistikk lyt tolkast, og folk tolkar og vrenger tal og forhold ganske som dei vil eller får for seg. Kva er årsak, kva er verknad? At ting hender etter kvarandre, vil ikkje nødvendigvis seie at det som kjem først, er årsak til det som følger etter. Av og til er det omvendt, som når ein kar dytter ei trillebår framfor seg. Dessutan kan fleire ting (faktorar) verke saman som ein innfløkt vev, og det er vanskeleg å isolere faktorar som kanskje verkar og fastslå kor mykje dei eventuelt verkar, og under kva for tilhøve.

Fakta tel, men også dei kjem inn under tolkarar. Meiningar om eitt og det same - med same statistikk-grunnlaget - kan vere delte. Det nokon kallar overraskande suksess, kallar andre tikkande tidsbombe. Fleiroppfatningar ifrå same kjelder finn ein også i politikken. Det er ganske lett å mista seg for ukunnige i statistikk.

Gode endringar i ein kompleks vev kan sjeldan etterprøvast klokt og godt utan fælt mykje statistikkgrunnlag. Og for å få forskinga godtatt, lyt ho vere så god at ho blir godtatt i samfunnet. Men så er det også slik at god forsking ikkje alltid blir godtatt dersom ho kryssar interesser hos stormakta. Jamfør flagrante slubbertavvisingar av fleire tiårs klimaforsking - og hol medjatting som ikkje fører med seg tiltak som monnar mens det er tid.

For om mogeleg å sleppe tru og tvil så lenge dei lærde stridast og ikkje snakkar med éin munn om ei sak, kan kanskje den enkelte TM-mediterande gjere klokt i å legge til side sterkt kontroversielle tema og heller gjere TM til gagn.

For islendingar som andre gjeld dessutan at det er ulike mål på suksess. At folk blir rikare på pengar og kapital, fører ikkje automatisk til at dei blir gladare og meir vellykka. Det skal helst meir til, slik Maslov-pyramiden ovanfor skisserer.

  Innhald  


Maharishi-effekten og islendingane, Litteratur  

Nokre statistikkbøker og bøker rundt TM og ifrå TM-rørsla i sær:

Twig

Babbie, Earl R. The Practice of Social Rearch. 13. utg. London: Wadsworth Cengage Learning, 2012.

Briggs, Barbara. The Contribution of Maharishi's Vedic Science to Complete Fulfilment in Life. New Delhi: Sagar Publications, 2009.

Deans, Ashley. A Record of Excellence: The Remarkable Success of Maharishi School of the Age of Enlightenment. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2005.

Denniston, Denise, and Peter McWilliams. The Transcendental Meditation TM Book: How to Enjoy the Rest of Your Life. Allen Park, MI: Versemonger Press, 1975.

Ellis, George A. A Symphony of Silence. North Charleston, SC: CreateSpace, 2012.

Forem, Jack. Transcendental Meditation: The Essential Teachings of Maharishi Yogi, Maharishi Mahesh. Rev. ed. London: Hay House, 2012.

Harung, Harald et al. Invincible Leadership: Building Peak Performance Organizations by Harnessing the Unlimited Power of Consciousness. Fairfield IA: Maharishi University of Management Press, 1999.

Hellevik, Ottar Jakten på den norske lykken: Norsk Monitor 1985-2007. Oslo: Universitetsforlaget, 2008.

Hellevik, Ottar Forskningsmetode i sosiologi og statsvitenskap. 7. utg., 4. oppl. Oslo: Universitetsforlaget., 2009.

Hellevik, Ottar. Mål og mening: Om feiltolking av meningsmålinger. Oslo: Universitetsforlaget, 2011.

Hellevik, Ottar. Sosiologisk metode: For brukere av samfunnsforskning. Opptrykk. Oslo: Pensumtjenesten, 1994.

Huff, Darrell. Hvordan man lyver med statistikk. Oslo: Cappelen, 1972.

Kerlinger, Fred, and Howard B. Lee. Foundations of Behavioral Research. 4. utg. London: Thomson Learning, 2000.

Lynch, David. Catching the Big Fish: Meditasjon, bevissthet og kreativitet. Oslo: Lille Måne, 2007.

Maharishi Ayur-Ved Produkter. Ayurveda - Kilden til helse og velvære. Rådal: Maharishi Ayur-Ved Produkter, 2011.

Maharishi University of Management. Scientific Research on TM program: Highlights of 600 scientific studies validating benefits in all areas of life. Rev. ed. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2011.

Maharishi Vedic University. Celebrating Perfection in Education: Dawn of Total Knowledge. Fairfield IA: Maharishi Vedic University / Maharishi University of Management Press, 1997.

Marcus, Jay B. Success from Within: Discovering the Inner State that Creates Personal Fulfillment and Business Success. Fairfield IA: Maharishi University of Management Press, 1990.

Mason, Paul. Guru Dev as Presented by Maharishi Mahesh Yogi: The Life and Teachings of Swami Brahmananda Saraswati, Shankaracharya of Jyotirmath (1941-53). Vol 3. Penzance, Cornwall: Premanand, 2009.

Nidich, Sanford I., og Randi Jeanne Nidich. Growing up Enlightened: How Maharishi Schools of the Age of Enlightenment is Awakening the Creative Genius of Students and Creating Heaven on Earth. Fairfield, IA: Maharishi International University Press, 1990.

Reddy, Kumuda. Putting Chronic Fatigue To Rest: Treating Chronic Fatigue and Chronic Fatigue Syndrome with Maharishi Ayurveda.Charleston, SC: BookSurge / The Amazon Group, 2010.

Rosenthal, Norman E. Transcendence: Healing and Transformation through Transcendental Meditation. London: Hay House, 2011.

Sands, William F. Maharishi Mahesh Yogi and His Gift to the World. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2012.

Sands, William F. Maharishi's Yoga: The Royal Path to Enlightenment. Fairfield IA: Maharishi University of Management Press, 2013.

Sharma, Hari M. Awakening Nature's Healing Intelligence: Expanding Ayurveda Through the Maharishi Vedic Approach to Health. Delhi: Motilal Banarsidass, 1999.

Sharma, Hari M. and Christopher Clark. Ayurvedic Healing: Contemporary Maharishi Ayurveda Medicine and Science. 2nd ed. London: Singing Dragon/Jessica Kingsley, 2012.

Sirnes, Tollak. - at vi skal elske hverandre. Oslo: Gyldendal, 1968.

The Institute of Vedic City Planning of Maharishi University of Management. Maharishi Vastu. Architecture and Planning: Vastu City Planning: Sustainable Cities in Harmony with Natural Law. 4th ed. Roerdalen, NL: Maharishi University of Management, Institute of Vedic City Planning, 2013.

Webster, Nell. Eating and Living the TM Way. New York: Pocket Books, 1976.

Yogi, Maharishi Mahesh. The Science of Being and Art of Living. Rev ed. London: Penguin/Plume, 2001.

Yogi, Maharishi Mahesh. Transcendental Meditation with Questions and Answers. 3rd ed (a reprint of the 1st ed. of 1967, with new appendices). India: Spiritual Regeneration Movement, Maharishi Foundation International, Maharishi Vedic University, 2011.

Yogi, Maharishi Mahesh. Bhagavad Gita. En ny oversettelse og kommentar med Sanskrit tekst. Mesnali: MIKI, 1994. ⍽▢⍽ Dei seks første av i alt atten kapittel er omsette, med kommentar attåt. Alle versa skal vere i tråd med seks ortodokse filosofiar innan hinduismen.

Yogi, Maharishi Mahesh. Livskunst og transcendental meditasjon. Ny utg. Oslo: Miki, 1979.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi Mahesh Yogi on the Bhagavad Gita: A New Translation and Commentary with Sanskrit Text. Chapters 1 to 6. Harmondsworth: Penguin Books, 1972.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi University of Management: Wholeness on the Move. 2nd ed. Softcover. New Delhi: Maharishi Prakashan, 1995.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi's Programme to Create World Peace: Global Inauguration: Demonstrating the Mechanics to Create Coherence in World Consciousness, the Basics of World Peace.. Fairfield, IA: Maharishi Age of Enlightenment Press, 1987.

Zukav, Gary. The Dancing Wu Li Masters: An Overview of the New Physics. London: Rider, 1979. Webster, Nell. Eating and Living the TM Way. New York: Pocket Books, 1976.

Notar

  1. Haukur S. Magnússon "Our Big, Important David Lynch Interview." Reykjavik: Grapevine, 8.5.2009. [◦Link]

Maharishi-effekten og islendingane, opp    Seksjon     Sett    Neste

Maharishi-effekten og islendingane. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2015–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]