![]() |
Rundt TM
| |||||||||||||||||||||||
|
Gode grunnar til å begynne med TMTranscendental Meditasjon er ein praktisk, mental teknikk.
TM blei introdusert i Noreg av Maharishi Mahesh Yogi i 1960. Grunnteknikken i TM er lett å lære og krev kanskje tjue minutt to gonger dagleg. Ein sit då behageleg og lèt att auga og tenkjer lydklangen (mantraet). Det er ikkje tiltrengt med noka spesiell sitjestilling. Transcendental Meditasjon minskar angst betre enn andre meditasjons- og avspenningsteknikkar, gir meir sjølvkjenning (självkännedom) og minskar stoffmisbruk, alkoholmisbruk og nikotinbruk meir enn andre standardmetodar, syner forskingsfunn. David Orme-Johnson. "Comparisons of Techniques: The Truth about TM." 2006. [Lenkje] Samanlikning av meditasjonsteknikkar
Ulike meditasjonsmetodar og teknikkar kan gi ulike resultat. Det blir forskingsmetodisk galt å tru at funn frå ein metode kan fortelje om verknadene av andre metodar utan vidare, i sær metodar som er ulike. Gitt desse forskjellane, er det ikkje merkeleg at forsking har vist at dei har forskjellig subjektiv og objektiv verknad. I Transcendental Meditasjon (TM) brukar ein avslappa merksemd på mentale klangar (mantra) som blir gjentekne stille i hugen (sinnet). Måla med å meditere kan godt vere private - så som å prøve å få mindre stress, betre helse, velvære, høgare medvettstilstandar og anna. Det gjeld å slappe av godt under utøvinga, og elles også. Metoden krev inga tru for å verke som den skal. Ein feltstudie samanlikna 1550 mediterande. Metodane omfatta Zen, kristen kontemplasjon, Transcendental Meditasjon, taoistisk meditasjon (Qi Gong), buddhistisk Vipassana (merksemdtrening), tibetansk meditasjon, yoga meditasjon og meir. Dei mediterande svara på spørjeskjema. Resultat: Dei som gjorde TM (Transcendental Meditasjon) skåra høgast på dei fire skalaene som det blei sondert ved: Det var djupn, mystisk erfaring, Nirvana, og avspenning i kropp og sinn. Studien synte dessutan at TM gav mest "støtte, tryggleik og einskap", enda den ikkje fokuserer på strev og "innsats". Nest best var Qi Gong. Same kjelda (ibid): [Lenkje]; og meir frå eit norsk TM-senter: [Norsk] Korleis ein lærer TMTM her i landet kan ein lære på kurs. Prisane har blitt senka rundt om i det siste på grunn av dei vanskelege tidene. I Noreg i vår (2009) kostar det 10 800 kr for eit TM-kurs der oppfølgingsprogram er med. Studentar får lære TM til det halve, og så finst familierabatt. "Billeg kan vere bra"; Maharishi lærte ut TM gratis i starten. Ein får først ei gratis, allmenn innføring i teknikken og korleis den verkar. Sjølve teknikken får ein så i ein seinare konsultasjon, og derifrå får ein utfyllande opplysningar og feedback (tilbakemeldingar). Konsultasjonsdrillen kan kanskje vere noko ulik hos ulike TM-lærarar. Ein kan også få oppfølgingar, til dømes over nokre månader. Du får då sjekka kor rett du lèt til å gjere TM-teknikken din, med meir. MotforskingI Guru Devs tradisjon hører det meir eller mindre med å spørje guruen om ting som opptek ein, og få svar. Slik spørjing-og-svaring finn ein til dømes hos Shankara. Han har skrive ei bok om korleis ein går fram slik. [sjå t.d. Crj, vers 40-77 o.a.] Beste rådet er kan hende om lag som dette: Forsking av uavhengige institusjonar og folk med internasjonalt renommé, uavhengige av TM, får ein sjå inn i etter evne, sia vel utført "ganske nøytral" forsking kan vere til hjelp. I dei seinare tiåra har det komme både forsking og motforsking om TM. Etter å ha lese ein heil del av forskinga som er gjort frå ulike hald, vil eg seie TM har jamt over gode verknader for kunnige. Det er neppe mykje som skal til for å gjere metoden godt, men noko er det likevel. Så det er ikkje berre metoden som betyr noko; ein skal også kunne å bruke den jamt og med forstand i ulike livsfasar og livsforhold - ikkje drive seg for hardt, ikkje leve heilt feil, og så bortetter. Det kan bli feil om ein tek ukritisk inn over seg dei "forskingsresultata" og påstandane som verkar flottast eller verst; dét kan kanskje vere to grøfter å falle i. Men det er heller ikkje sikkert at det rette ligg nøyaktig midt mellom dei; det kan godt tenkjast å liggje heilt inntil den eine ytterpolen på slik ein glideskala, og det kan vere malurt i gledesbegeret, ting å unngå.
Sakleg avveging krev mykje fagkunnskap. Dette temaet er ikkje lett å handtere skikkeleg.
Crj: Shankara. The Crest-Jewel of Wisdom and Other Writings of Shankaracharya. Tr. Charles Johnston. Covina: Theosophical University Press, 1946. - Boka er på Nettet, også i omsetjing ved John Richards. Lotm: Mahesh, Maharishi Livskunst og transcendental meditasjon. Ny utg. Oslo: Miki, 1979.
Mm: Roth, Robert. Maharishi Mahesh Yogis TM: Transcendental Meditasjon.Rev. utg. Mesnali: MIKI, 1998. - Svært god bok om TM. Finst på Nettet på engelsk (lenkje nedafor). - Positivt TM-oversyn [På engelsk, on-line.].
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | |||||||||||||||||||||||