Gullvekta
Tyske eventyr og segner  ❀ 5
Seksjon › 40   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Peter Smed i Brandenburg

I den vesle byen Jüterbog i Brandenburg budde ein gong ein smed som hadde hatt ein streng far, men som hadde skikka seg vel. Mens han enno var unggut reiste han vidt og opplevde mangt, og var overlag dyktig i yrket sitt. Han hadde ein ståltinktur [1] som gjorde kvart panser og kvar rustning ugjennomtrengjeleg om han strauk han på.

Han slutta seg til hæren til keisar Fredrik II [2]. Der blei han kvartermeister, og deltok i keisarens hærferd til Milano og Puglia, der han erobra byens krigsvogner og banner. Då keisaren døydde, køyrde smeden attende med mykje rikdom dit han kom frå. Der hadde han både gode dagar og dårlege dagar, og blei hundre år.

Ein gong sat han i hagen sin under eit gammalt pæretre då ein grå liten mann kom ridande på eit esel. Mannslingen hadde fleire gongar før verna smia mot ulykker. No tok han inn hos smeden og let han sko eselet. Det gjorde smeden gjerne, og gratis også. Då sa den vesle mannen til Peter Smed at han som takk skulle få tre ønske, men måtte ikkje gløyme å ønske det viktigaste av alt.

Tjuvar hadde ofte stole pærer frå treet til smeden, så han ønskte først at ingen skulle kunne komme ned frå treet utan at han sjølv ville det. Og sidan tjuvar ofte hadde stole ting frå stua hans også, ønskte han at ingen kunne komme inn i stua utan at han gav løyve til det, med unntak av dei som kom inn nøkkelholet.

Og så tenkte smeden ut det tredje ønsket, og sa: "Det beste er ein god snaps [dram]. Derfor ønsker eg at denne snapsbollen aldri går tom."

"Som du vil", sa den vesle mannen, og strauk samstundes med handa over nokre jernstenger som låg i smia. Straks blei jernet til skinande sølv. Så sette han seg på eselet sitt og rei derifrå.

Smeden hadde sakte blitt fattig i åra før hendinga, men no var han rik att og levde både godt og vel, for utan at han visste det, var drikken som aldri gjekk lens i snapsbollen ein livseliksir [3]. Til slutt banka likevel dauden på døra; han hadde ikkje gløymt smeden likevel. Smeden lét til å vere villig til å dra med han, men kunne trenge ei forfrisking først, meinte han. Så spurde han dauden om han ville klatre opp og hente nokre pærer frå treet i hagen, for sjølv kunne han ikkje komme seg opp i det etter at alderen hadde svekka han.

Dauden klatra opp i treet, og då sa smeden, "Bli der oppe", for han hadde lyst til å leve lenger, han. Dauden åt alle pærene mens han sat der oppe, og deretter fasta han, og til sist åt han seg sjølv med hud og hår, så svolten var han. Til sist var det berre beina igjen av han. På jorda var det ingen som døydde lenger, verken menneske eller dyr, og mykje ugreie og skade kom av det. Så gjekk smeden bort til den klaprande beingrinda, og dei blei snart samde om at dauden skulle la smeden vere i fred og la han gå. Rasande flydde dauden frå staden og tok til å rydje opp på jorda.

Sidan dauden ikkje kunne hemne seg på smeden, sette han fanden på han. Fanden skulle hente han. Fanden gav seg i veg med det same, men smeden kjende svovellukta før fanden kom fram, stengde dørene til huset sitt, og heldt ein skinnpose framfor nøkkelholet saman med lærlingane sine. Og då fanden fór inn gjennom nøkkelholet, fanga dei han i posen og knytte den stramt. Så bar dei posen til ambolten og dengde laus med dei største sleggene sine like til fanden mista både syn og høyrsel og blei så mørbanka at han svor på at han aldri ville komme att.

No levde smeden i lang, lang tid, heilt til han døydde fredeleg langt oppi åra. Han var lei av å leve lenger etter at alle vennar og kjente hadde fare før han. Derfor fór han til himmelen og banka audmjukt på himmelporten. Sante-Per [4] kika ut, og smeden kjende att mannen som hadde gitt han vern og tre ønske. Men no sa Peter: "Spring din veg. Himmelen skal vere stengt til deg, for du ønskte ikkje det beste av alt, som var sæle, det!"

Då han vekk høyre dette, vende smeden om og tenkte at han heller fekk prøve lykka i helvete. Så gjekk han nedetter langs ein bein, brei og kraftig trafikkert veg. Men så snart som fanden fekk vite at han nærma seg, slo han att døra framfor nasen på smeden og mobiliserte heile helvetet til forsvarskamp mot han.

Når no smeden verken fekk komme inn i himmelen eller helvetet og han ikkje lenger tykte om å leve på jorda [5], drog han ned i berget i Küffhäusen-fjellet til keisar Fredrik Raudskjegg, som han ein gong hadde tent for. Den gamle keisaren blei glad over å sjå kvartermeister Peter komme, og spurde straks om ramnane framleis flaug rundt slottsruinane Küffhausen. Peter Smed sa at det gjorde dei. Då sukka raudskjeggen. Men smeden blei verande i fjellet, og skodde hesten til keisaren og døtrene og keisarinna, og slik vil han halde fram like til keisaren sin siste time er kommen.

Det vil skje når ramnane ikkje lenger flyg rundt fjellet og når eit gammalt daudt pæretre i Ratsfeld nær ved blir grønt og blømer. Då skal keisaren komme ut av berget med alle dei væpna mennene sine og kjempe det store frigjeringsslaget [6], og deretter henge våpenskjoldet sitt i det grøne treet. Så går han saman med tenarane sine til evig kvile.

[Etter Ludwig Bechstein]

Fredrik II med jaktfalk
Fredrik II (1194-1250), keisar over Romarriket og konge over Jerusalem, Tyskland, Italia, Burgund og Sicilia, var bl.a. av normannar-ætt ved at mor hans var dotter til normannarkongen Roger II av Sicilia.

Ord

  1. Tinktur - (a) alkoholhaldig løysning av ekstraktar eller (b) tynn lakkoppløysning med bronsepulver blanda i. I teksten er det vel helst siste tydinga som er meint.
  2. Eliksir (frå middellatin 'avkok, medisin'): (a) lækjemiddel av ymse slag, mellom anna av planter eller blanding av tinkturar og sirupar; (b, her:) undergjerande lækjeråd, vedundermedisin.
  3. Sante-Per - folkeleg omtale for St. (Sankt) Peter, som i folketru rundt om - og i andre krinsar også - vaktar døra til Paradis. Mange soger om Kristus og Peter på vandring mellom folk, er ikkje frå Bibelen. Ein finn dei i Austen også. Sogene er stadig mynta på egoistar.

  4. Segna om smeden danner ramma for eit kjent eventyr. Den norske varianten heiter "Smeden som dei ikkje torde sleppe inn i helvete", og har AT-nummer 330 - ei klassifisering som hjelper ein å samanlikne eventyr frå andre land rimeleg enkelt. [Ti]

  5. Fredrik I (Barbarossa) hadde det italienske tilnamnet Barbarossa (Raudskjegg). Han var truleg født i 1122 i Waiblingen. Han blei krona til keisar over det tysk-romerske rike i 1155, og deltok på det andre krosstoget. På veg til det tredje krosstoget drukna han då han skulle svømme over elva Saleph (seinare Göksu) i Anatolia i det som no er Tyrkia.
  6. Denne delen av forteljinga liknar på ein del av den keltiske segnkrinsen om Kong Arthur og riddarane av det runde bord. Etter segna skal Arthur og karane hans vere i eit stort fjell. Når England er i største fare, skal han komme ut og nedkjempe fiendane, heiter det.

    Segna om den legendariske Holger Danske (Fransk: Ogier de Danemarche) frå 1000-talet, og som sit på Kronborg slott, spelar opp nokså likt. Holger blei kjent i Skandinavia frå 1400-talet. Ei av dei danske, omlaga forteljingane om han lèt han bu i Kronborg slott. Der sit han og søv med skjegget grodd ned til golvet, heilt til Danmark kjem i stor, stor fare. Då vil han stå opp og berge Danmark (- det som er att: Danmark har mista mykje land alt, liksom Noreg).

    Kongen i berget (her: Fredrik I) er eit ynda motiv i segner. "Kongen i berget, kongen under fjellet" eller "helten som søv" finn ein i både eventyr og segner. Slike motiv har AT-nummer 766, og er kopla til sogene om Sjusovarane frå Efesos i Vesle-Asia. Segna er om sju unge menn som fall i søvn i ei hole rundt år 250, og vakna først tre hundre år etter. Segna blir fromt markert med eigen minnedato i den katolske kyrkja (27 juni).

    I India fortel dei elles om yogiar som kan ligge som i dvale i månadsvis og årevis - men der reknar somme sogene som sanne, og ikkje tøys. Det kan også vere vanskeleg å avgjere slikt.

Del av Welf-krønika
Fredrik I flankert av dei to sønene sine, kong King Henrik VI (venstre) og Hertug Fredrik VI (høgre). Del av illustrasjon i Welf-krønika.

TO TOP

Fisken til Svarte-Gret Springhest

Nokre fattige fiskarar frå Slesvig Holm hadde vore ute heile natta og slite hardt, men det blei eit forrykande vêr, og ikkje så mykje som ein fisk fekk dei.

Då skimta dei nokon gjennom mørket. Det var som ei fin dame kom om bord i båten deira. Det lavde av perler og diamantar på henne.

"Kven er det", sa den eine forferda.

"Eg trur det må vere Svarte-Gret Springhest", kviskra den andre. "Ho var dronninga til kong Kristoffer I av Danmark. Det heng eit bilde av henne på slottet i Husum. Det skal sjå slik ut, og folk seier ho spøkjer. Det betyr nok ikkje noko godt at vi ser henne."

Då smilte dama i båten. "Sett garnet dykkar på nytt", sa ho. "De kan trekke det med det same, men den finaste fisken de får, skal de kaste ut att."

Så forsvann ho. Båten var like tom.

Dei to fiskarane såg på kvarandre med store auge, men dei ville då prøve å sette garn ein gong til. Vinden auka på, og dei trekte garnet opp med det same, for no måtte dei berre sjå å komme seg i land.

Men garnet var fullt av fisk, det var den beste fangsten nokon hadde gjort der omkring, og den finaste fisken hadde finner av smaragdar, skjel av gull og perler over snuten.

"Den må vi kaste ut att", sa den eine fiskaren.

Då lurte den andre seg til å gøyme fisken med gull og perler under ein haug med annan fisk utan at kameraten såg det. "No har eg kasta den", sa han, og kameraten blei roleg att.

Så rodde dei vekk alt dei kunne, men no var stormen blitt så sterk at dei nesten ikkje kom av flekken. Og no tok alle dei andre fiskane også til å få gullskjel, perler rundt snuten og edelsteinar i staden for finnar.

"Vi blir dei rikaste i landet", ropte den eine.

Men båten blei tyngre og tyngre dess fleire fisk som fekk gullskjel. Dei rodde mot land så fort dei kunne, men stormen seinka dei. Til slutt tok båten til å søkke.

"Kast ut fisken", ropte han som ville gjere slik Svarte-Gret Springhest sa. Han sprang bort til fiskehaugen og kasta fisk etter fisk over bord. Til sist fekk han tak i den første fine fisken, og då den gjekk over bord, var det som uvêret letna litt.

"No beheld vi resten", sa den andre, men då tok båten inn vatn att med det same.

"Nei, kast ut alt saman", sa kameraten.

Først då den siste fisken var over bord, stilna stormen, og dei to fiskarane kunne ro mot land, utslitne og frosne og like fattige som dei hadde rodd ut. Men båten søkk før dei nådde land, og den griske av dei hadde drukna om ikkje kameraten hadde hjelpt han. Dei berga seg i land med nød og neppe, men livet hadde dei då berga.

Note

Svarte-Gret Springhest - Danske Kong Kristoffer 1 gifta seg med dottera til hertugen av Pommern. Ho var trollkvinne som pusta eld, heiter det. Ho gjekk i heilsvart kjole, og hesten hennar var kvit.

  Innhald  


Bøker      

Tyske eventyr og segner.    Seksjon     Sett    Neste

Tyske eventyr og segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2009–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]