Gullvekta
Ukrainske ordspråk ≍ Ukrainian Proverbs
Seksjon › 16   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    

Ukrainske ordspråk

Om ordtak. Eit ordtak er ei ganske stutt fråsegn som kan avsløre mangt og mykje ifrå dei kulturelle tradisjonane i eit samfunn frå slekt til slekt, alt ettersom. Ukrainske ordtak attspeglar i store trekk sider ved leveviset, skikkane, trua og og korleis lokalsamfunn er tilskipa. Ordspråka femner over utsyn som har nedfelt seg over familie, arbeid, vennskap, kjærleik og andre tema med berre få ord. På det viset kan ordtak gi innsikt i kulturen som har vore, om ikkje kultur av i dag.

Somme ordtak gir gløtt inn i Ukrainas historie. Ukraina ligg ved Svartehavet i Aust-Europa, og har det nest største arealet i Europa etter Russland. Det bur rundt 45 millionar i Ukraina (estimert). – Kiev-riket var eit historisk rike frå mellomalderen med kjerneland omkring Kiev. På 1200-talet blei riket invadert og delt. Russland tok i sin tur over store deler av landet. Dagens Ukraina er den sørlege delen av det gamle Kiev-riket, og blei sjølvstendig demokrati i 1991. Forholdet mellom Ukraina og landet i aust blei alvorleg forverra då Russland med makt la under seg den store Krimhalvøya i 2014. Det var imot inngåtte avtalar, og skjedde til kraftige protestar frå Ukraina og vestlege land. I dag (2017) er Krim kontrollert av separatister og russiske militåre. Felles lagnad og tunge år i lag med russarar under tsar og kommunisme har like fullt gitt ukrainarar og russarar mange felles ordtak.

Attgivingar og omsettingar. 44 ordtak er komne med. Engelske attgivingar/omsettingar er sett attåt dei norske. Eventuelle kommentarar i hakeparentes [. . .] er av meg. Står det stjerne bak ei ytring, er ho gjendikting og i så fall forandra litt eller mykje. Nokre bokdata står nedst på sida.

❦❦❦❦

Den kloke lærer av andres feil; toskar av sine eigne.

Wise men learn by other men's mistakes; fools by their own.

Den som er redd for å døy, lever ikkje fullt ut.*

He that fears death may inhibit his entire life.*

Den vonde liker å gøyme seg bak ein kross.

The devil likes to hide behind a cross.

Det ein ikkje kan lækje, må ein halde ut [tole].

What can't be cured must be endured.

Det er best å høye mens sola skin.

Make hay while the sun shines.

Det er dér skoen klemmer.

That's where the shoe pinches.

Det er kjærleik som får verda til å gå rundt.

It is love that makes the world go round.

Det er lett sorg som kan rådast.

It is light grief that can take counsel.

Det er lettare å øydelegge enn å bygge.

It is easier to destroy than to build.

Det er skil på smak.

Tastes differ.

Det finst ingen gamle vennskap i forretningar.

There are no old friendships in business.

Det kjem ikkje anna ut av sekken enn det som var i han.

Nothing comes out of the sack but what was in it.

Det nyttar ikkje å gråte over spilt melk [sagt om det er fåfengt å sørge over noko].

It is no use crying over spilt milk.

Ei kvinne er ikkje eit munnspel ein legg til side når ein har brukt det.

A woman is not a harmonica that you put aside when you have used it.

Éi svale gjer ikkje våren.

One swallow doesn't make a spring [or summer].

Ein kan komme lenger med eit vennleg ord enn med ei klubbe.

You can get farther with a friendly word than with a club.

Eld startar med gneistar.

Fire starts with sparks.

Elsk grannen din, men riv ikkje ned gjerdet.

Love your neighbour, but don't pull down your hedge.

For mange kokkar øydelegg kjøtkrafta [suppa].

Too many cooks spoil the broth.

For mykje pudding kveler ein hund.

Too much pudding will choke a dog.

Frykt for å døy tar unna frå livsgleda.*

The fear of death takes away from joy of living.*

Gjentak er éi læringsmor.* [Det finst fleire.]

"Repetitions favour good learning."*

Helse er viktigare enn pengar.

Health is more important than wealth; "Good health is above wealth".

Hundane gøyr, men karavanen held fram.

The dogs bark, but the caravan goes on.

Hundar veit ikkje korleis ein svømmer før vatnet står opp til øyra deira.

Dogs don't know how to swim until the water reaches their ears.

Jord kjem snart til å dekke legens mistak.

The earth will cover the doctor's mistakes.

Kvar veg har to retningar.

Every road has two directions.

Mange ord fyller ikkje skjeppa [kornmål, frå ca. 17.5 til 32,4 l før].
Many words will not fill a bushel.

Mora hugsar seg sjølv som ung, og stoler derfor ikkje på dottera.

The mother remembers her youth and so does not trust her daughter.

Pengar gjer [avlar] pengar.

Money makes money.

Respekter deg sjølv, så er det iallfall éin som gjer det.* [Tvitydig: Den som ikkje respekterer seg sjølv, respekterer ikkje andre heller].

Respect yourself, or no one else will respect you.

Ros dagen om kvelden og kona di om morgonen.

Praise the day in the evening and your wife in the morning.

Rottene forlèt eit synkande skip.

Rats desert a sinking ship.

Rullar du tømmerstokken for meg, skal eg rulle for deg.

Roll my log and I'll roll yours.

Same kor hardt ein prøver, gir ikkje oksen mjølk frå seg.

No matter how hard you try, the bull will never give milk.

Slutten kronar verket.

The end crowns the work.

Stilt vatn er djupt.*

Still waters run deep.

Tid - pengar. ["Tid er pengar"]

Time is money.

Toskar er ikkje glad i dei vise, og fyllikar er ikkje glad i dei edru.
Fools love not the wise, drunkards love not the sober.

Tvungen kjærleik er ikkje trygg og god nok.*

"Love cannot be forced."

Venleiken til ei kvinne kan ikkje varme ein gjennom ei vinternatt.

A woman's beauty cannot warm a winter's night.

Å ha rotter på loftet.

To have rats in the attic.

Å seie og gjere er to ulike ting [Somt er lettare sagt enn gjort].

Saying and doing are two things.

Å velje mellom rotne epler er ikkje mykje til val.

There is a small choice in rotten apples.


Ukrainian proverbs, ukrainske ordspråk, Litteratur  

Chus, Galina, samlar. Poslovitsa nedarom molvitsya (etc.) (Proverbe ne peut mentir: 5000 proverbes anglais, français, russes et ukrainiens.) Paperback. Moskva: Editorial URSS, 2013. ⍽▢⍽ Tittelen står på fire språk; den franske er her. I boka er over 5000 ordtak på fire språk: 1250 engelske, 1210 franske, 1276 russiske og 1707 ukrainske. Ordtaka er arrangert på den måten at ordtak som tyder mykje det same, står saman, og slik kjem ganske like ordtak og beslekta ordtak på opptil fire språk saman gruppevis. Dessutan, i den andre hovuddelen, er alle den engelske ordtaka lista opp for seg, dei franske for seg, dei russiske for seg, og dei ukrainske for seg, alle med sidetilvisingar til. Det gjer det lett å finne fram i boka og sjå over liknande ordtak på fleire språk. - Å kunne ordtak kan vere til hjelp på mange vis for folk med internasjonalt kontaktnett, peikar Galina Chus på.

Turkewicz-Sanko, Helene, red. Treasury of Ukrainian Love Poems, Quotations and Proverbs. New York: Hippocrene Books, 1997. ⍽▢⍽ Dikt frå Ukraina på morsmålet og på engelsk. Med i boka er også ukrainske ordtak og sitat av ukrainske forfattarar.

To til frå Internettarkivet (Internet Archive)

Hrebinka, IEvhen Pavlovych. Malorossiiskiia prikazki. St. Petersburg: H. Grech, 1836. ⍽▢⍽ På nettet.

Markovych, Opanas Vasyl'ovych, og Matvi Symoniv, samlarar. Ukraïns'ki prykazky, prysliv'ia i take inshe. St. Petersburg: V drukarnikh Tiblena i Kulisha, 1864. På nettet. ⍽▢⍽ Ukrainske ordtak og talemåtar. Boka sleppte gjennom sensuren i tsar-regimet det året ho blei gitt ut, står det. I 2012 kom eit nytrykk på Let Me Print.

Høyet i hus

Klammer, symbol, stjerner, teikn og meir blir forklart: (1) Teiknforklaringar; (2) Klok fôr-handtering.

Ukrainian proverbs, ukrainske ordspråk, opp    Seksjon     Sett    Neste

Ukrainian proverbs, ukrainske ordspråk. Brukargaid  ᴥ  User's Guide  ᴥ  Disclaimer
© 2013–2018, Tormod Kinnes, MPhil [Email]