Norsk del, Gullvekta
Vittigperen  ❀ Innleiing
Seksjon › 68 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Kort innleiing

Den banebrytande spanske målaren Salvador Dalí (1904-89) talte i 1980 til frammøtte: "Eg skal vere så kortfatta at eg alt er ferdig," sa han. Meir sa han ikkje den gongen.

Men her er det meir: Vittige historier å lære av kan ein prøvande halde for ein eigen sjanger - ei eiga form for blanda historier der fin humor, gjerne dobbel botn, og ikkje berre tull er greie nøklar: Hovuddraga kjem ofte fram, enda om grensene mellom sjangrar stundom er ganske vage og utviska. Somme vittige, underhaldande forteljingar er til dømes enkle vitsar.

Her kjem godt kjende historier om ein vittigper frå gammalt av. La oss kalle han Ullmund, etter Ull, "den ærerike", og mundr, vernar. Ullmund er gjennomgangsfigur i sogene her. Dei er tilpassa frå tradisjonen rundt blant andre Giufà, som kan vere sisiliansk og italiensk motsvar til Hodja Nasreddin frå i fleire soger som florerer rundt Middelhavet. Dei kan godt ha opphav i Anatolia i Tyrkia [Meir]. (Wikipedia, "Giufà")

Omslagsbildet

Til omslagsbildet av hestar på stranda: "Først ser du éin godt, så skimtar du ein til bakom, og enda ein." Dei som er bakom næraste dyr, ser ein berre litt av, og gjettar seg til det meste av resten. Slik kan det også vere med soger som har dobbel botn og enda meir attom, og som det altså er meir ved enn ein først ansar.

Vitsar

Det finst mange slags vitsetypar, så som grove vitsar, fine (subtile) vitsar og blaute vitsar, blødmer. Og tørre vitsar kan verke sparsame og finslipte på mange vis. Vitsar kan gli saman med anekdotar, som er spøkefulle forteljingar. Og det morosame treng ikkje kalle fram latter -

Vitsen kan vere humoristisk oppbygd eller ha eit godt poeng eller fleire innbakt, og tilmed vere utan spesielle poeng utanom å vere absurde. Ein vits av fin verdi treng ikkje vere krenkande. Og vitsing kan faktisk krevje somt av mottakaren.

Det er skrive mange verk om humor og vitsar her i verda, både før og etter Sigmund Freud. Dei som kjem nedanfor, syner ulike sider ved humor. Blyth, Bremmer, Johnsen og Koestler sine har gitt meg eitkvart, dei også.

Humor rundt Nasreddin Hodja

Nasreddin er ein som fekk farte omkring og preike og halde talar av di han skjønte litt av kvart - i det minste i soger om han. Han er kjend under mange andre namn, og "Det er ikkje så farleg med namnet", syner historia til både Yeshua ben Myriam og Nasreddin, for eksempel. Eller likså godt: "Kjært barn har mange namn." Gjennomgangsfiguren her får heite Ullmund her, som eit tilpassingsforsøk. Dei fleste historiene om han kan vere oppdikta og lagt attåt eldre historier i ettertid.

Fleire av småforteljingane om "Ullmund" er delar av ein gammal sjanger, som er "greie historier å lære av". Blant kjennemerka er fin humor og dobbel botn. Slike hovuddrag kjem ofte fram, enda om sjangergrensene kan vere godt utviska av vitsar som er lagt til rundt lærepreikaren i ettertid. Det blandar seg, med andre ord.

Det er laga fleire tusen historier om Nasreddin. I somme er han vis, i somme ein narr. Han er også kjend under mange andre namn. Mange seier han er deira lærepreikar, enda om han er godt heva over tronge miljø og mange landegrenser. Men han kan ha levd på 1200-talet, og vaks opp ein stad som no ligg i Tyrkia. (Engelsk Wikipedia, "Nasreddin")

Mystikarar i Islam (sufiar) framhevar at gjennomgangsfiguren Nasreddin har ei underfundig pedagogisk rolle ved at oppdikta soger om han får fram djupe poeng under og attåt at dei godt kan takast for vitsar - lenge. Det kan likevel vere noko under dei og noko ekstra ved dei som kan gå djupt inn der det er grobotn. (Shah 1971:63, 64)

Det er også slik at fleire av forteljingane som er tilpassa både han og landsens forhold vestpå her i boka, kjem frå fjerne Austen.

Innhald


Vittigperen, Vittige forteljingar, små, vettige soger, korte historier, kløkt, vitsar, litteratur  

Apte, Mahadev. Humor and Laughter: An Anthropological Approach. Ithaca, New York: Cornell University, 1985.

Bergson, Henri. Laughter: An Essay on the Meaning of the Comic (Le Rire. Essai sur la signification du comique). New York: Macmillan, 1914.

Blyth, Reginald Horace. Oriental Humour. Tokyo: Hokuseido, 1963.

Borrow, George, oms. Nasreddin Hoca. The Turkish Jester: or, The Pleasantries of Cogia Nasr Eddin Effendi. Ipswich: W. Webber, 1884.

Bremmer, Jan, and Herman Roodenburg, eds. A Cultural History of Humour: From Antiquity to the Present Day. Oxford: Polity Press, 1997. ⍽▢⍽ Humor har endra seg og kan ha blitt mindre grov med hundreåra.

Clouston, William Alexander. The Book of Noodles: Stories of Simpletons; or, Fools and Their Follies. Popular Edition. London: Elliot Stock, 1903.

Freud, Sigmund. Jokes and Their Relation to the Unconscious. Vol. VIII (1905) Translated from the German under the General Editorship of James Strachey in Collaboration with Anna Freud. The Standard Edition of the Complete Psychological Works of Sigmund Freud. London: The Hogarth Press, 1960.

Johnsen, Birgit Hertzberg. Hva ler vi av? Om nordmenns forhold til humor. Oslo: Pax, 1997.

Koestler, Arthur. The Act of Creation. New York: Dell, 1967. ⍽▢⍽ Grunnlag for mange slags humor og for forsking er avdekka av Arthur Koestler.

Nart, Sevki. 111 historier med Nasreddin Hodja. Oslo: Cappelen, 1986.

Nasreddin Hoca. The Turkish Jester: or, The Pleasantries of Cogia Nasr Eddin Effendi. Tr. George Borrow. Ipswich: W. Webber, 1884.

Ozcelik, Mustafa. Nasreddin Hodja: Eponym for Wit and Wisdom. New York: Blue Dome, 2011.

Rupa and Co. The Humorous Stories of Mulla Nasrudin / the Funny Tales of Mulla Nasrudin. New Delhi: Rupa and Co., 2006.

Shah, Idries. The Sufis. New York: Doubleday, 1971.

Sherrin. Ned, ed. The Oxford Dictionary of Humorous Quotations. Paperback ed. Oxford: Oxford University Press, 1996.

Svebak, Sven. Forlenger en god latter livet? Bergen: Fagbokforlaget, 2000. ⍽▢⍽ Etter å ha forska godt, kom professor Svebak ved NTNU fram til klart svar: Ja visst! Vennleg humor er bra for helsa, forlenger jamt livet for eldre, og kan gi betre livskvalitet også. [Meir]

Vittigperen, vittige forteljingar, små vettige soger, korte historier, kløkt, vitsar, opp Seksjon Sett Neste

Vittigperen Ullmund, vittige forteljingar, små vettige soger, korte historier, kløkt, vitsar BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2016, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]