Walisiske ordspråk"Gwna dda dros ddrwg, uffern ni'th ddwg." Det er litt i det - [1] Ordtak og djupe problem som kjem att og om att, kan gå hand i hand. Nedanfor er delar av den engelske delen av Thomas Roberts samling av ordtak og levereglar frå Wales i Storbritannia. Oppføringane står alfabetisk etter forbokstavane, og ikkje etter temaord, som hos Roberts. Ei stjerne (*) bak ei setning syner ho er blitt tillempa eller arbeidd: Ho kan vere stytta; gjort meir "reservert", mindre vidtfemnande; eller kanskje endra til det ikkje meir er ei omsetting, men eit ord som er inspirert av eit ordtak i samlinga. I alt er 107 ord opplista. I samlinga til Roberts står alle ordtaka på walisisk og engelsk, med register attom. Dei fleste orda i samlinga nedanfor står dessutan tematisk ordna på engelsk her: [Lenke] Bokdata står nedst på sida.
Barnehug hugsar godt. The memory of a child is good. Berr er marka der ein sau ikkje vil beite. Bare is the land a sheep will not graze. Beste slags mot er å overvege før ein slår. The best courage is to consider before striking. Dei late skal ha noko å gjere. The idle must have something to do. Den beste forsvarsstaden er god nok avstand. The best place of defence is a sufficient distance. Den beste maten kan vere mjølk. The best food may be milk. Den beste rikdommen er visdom. The best wealth is wisdom Den beste skikken er heiderleg framferd. The best custom is rectitude. Den beste vanen er å forbetre seg. The best habit is to improve one's self. Den blir ikkje så lett narra som har blitt åtvare føreåt. He is not as easily deceived who has been forewarned.* Den som er daud, blir ikkje sett med det første. He who is dead will not be seen soon. Den som fordeler til mange, la han gjere det vennleg. He who distributes to the many, let him do it kindly. Den som gjer godt, fortener godt. He who does good deserves good. Den som ikkje har noko, kan ikkje vere gåvmild. He who has nothing cannot be liberal. Den som ikkje unngår røyken jamt, unngår heller ikkje skaden røyken gjer. Who avoids not the smoke will avoid not its harm. Den som ikkje vil ta det han kan få, får kanskje ikkje det han helst vil ha. He who will not take what he can get may not have what he wishes.* Den som kan lære noko, la vedkommande behalde det. He who takes learning let him keep it. Den som klagar over overmål, sørger ikkje i det heile. He who complains of excess does not grieve at all. Den som vil hevne seg dugleg på fienden sin, la han ferdast heiderleg. He that would revenge heavily on his foe let him conduct himself uprightly. Den som ville lukkast, skulle be om samtykke frå lediggangen. He who would succeed let him ask the consent of idleness. Den uheldige får ein torn i grauten sin. The unlucky will get a thorn in his porridge. Dersom kjærleiken kunne sjå veikskapen i seg, ville han døy av skrekk. If love could see its weakness it would die of fright. Dess visare, dess audmjukare. The wiser the man the more humble he is. Det beste arbeidet er å gjere godt. The best work is to do good. Det beste frå nokon oppi åra, kan vere råda. The best of the aged is his advice. Det beste spelet er respektabelt.* The best play is respectable.* Det beste valet er [ofte] å gjere godt. The best choice is to do good. Det beste ved kvar menneske er samvettet. The best of every man is his conscience. Det er éin ting å seie, ein annan til å gjere. It is one thing to say, another to do. Det er [ganske] lett å vere varsam.* It is [quite] easy to be cautious.* Det er håp om at ein kar kjem att frå krigen, men ikkje frå grava. There is hope for a man from war, but not from the grave. Det er ikkje lett å gøyme seg frå tida. It is not easy to hide from time. Det er ikkje lett å rane ein tjuv. It is not easy to rob a thief. Det er ikkje med øks ein spelar fele. It is not with an axe that the violin is played. Det er inga tru utan noko å halde seg til.* There is no belief without evidence. Det er ingen gniar utan ei bør problem. There is no miser without his load of trouble. Det er jamt klokt å fare fram varsamt, enda om det er ikkje alle varsame som er kloke.* Every prudent one is wise. Det er lett å egge dei djerve. It is easy to incite the bold. Det er naturleg for den lærde å ha eit bibliotek. It is natural for the learned to have a library. Det fins ingenting utan noka slags makt i seg.* There is nothing without some virtue in it. Det finst ingen veik ting utan sin eigen styrke. There is no weak thing without its strength. Det finst mange typar dårskap. There are many kinds of folly. Det kan vere ei historie ikkje mister noko særleg ved å bli gjentatt. A story hopefully loses nothing by being repeated.* Det som mennesket gjer, vil Herren dømme over. What man does God will judge. Det sømmer seg ikkje heilt å stole på at livet blir langt. It will not do to trust to long life. Dropane lagar etter kvart hol i stein. The drop will perforate the stone. Dyrehald er ikkje klosteraktig. Husbandry is no monkery. Dårlege kår vil fanden gi tenaren sin. Badly will the devil keep his servant. Ein kunst framfor mange andre kunstartar er å vere kunstnarleg i godleik. An art above many other arts is to be artful in goodness.* Ein mann blir veik utan næring. A man is feeble without nourishment. Ei sterk side ved unge er lydnad.* One strength of the young is obedience.* Ein svær sjukdom det er fare med. In a major disease there is danger.* Ein ungdoms lovnad er som skum på vatnet. A youth's promise is like the froth of water. Ekkel er den som truar alle, og ingen fryktar. Odious is he who threatens everyone and whom no one fears. Fanden er høfleg så lenge ein godsnakkar med han. The devil is civil as long as he is coaxed. Fandens religion er å egge til krig. The religion of the devil is to instigate war. Far til visdom er minne, og mor hans er gjennomtenking. The father of wisdom is memory and his mother is reflection. For mykje sjukdom gjer ikkje stort godt. Too much sickness does no good. Gapen er ikkje glad i dei som gir han råd. The fool loves not those who advise him. Gjennom daudens portar kan vi skode ei betre verd. Through the gates of death we may view a better world.* Guds eigedommar blir ikkje fornekta. It is not the property of God that is disowned. Heller leike enn slåst. Better play than fight. Heller utdanning enn fullkommen pengerikdom. Better education than perfect wealth. Hendig er den dugelege. Handy is every skilful. Hykleri er naturleg for dei svikefulle. Hypocrisy is natural to the deceitful. Høveleg flid ligg jamt i suksessar. Two parts of success [could be proper diligence].* Hår etter hår blir ein skalla. Hair by hair the head becomes bald. I all slags krigføring er det otte. In every warfare there is anxiety. I all slags ære er det respekt. In every honour there is respect. I all synd det er djup toskeskap. In all sin there is deep folly.* I kvart val er det forvirring. In every choice there is perplexity. I nød og smerte er ein venn best. In distress a friend is best. I nøda kan ein få sjå kven den trufaste vennen er. In distress will the faithful friend be seen. Ikkje leik så lenge at skade kjem. Play not till harm comes. Ikkje mykje lønsamt: Å kaste saltlake i sjøen. To throw brine into the sea. Ikkje mykje godt kan ventast av å forsove seg. Not much good may be expected from oversleeping.* Ingen kan kallast redd utan å ha rømt sin veg.* None are timid but that run away. Kald er slaktevæska. Cold is the liquid of the slaughter. Katten vil ikkje leike etter at han er blitt eit år gammal. A cat will not play after she is a year old. Kvar tosk er ein fiende. Every foolish person is an enemy. Kvinna er sterk i tunga [flink å snakke for seg]. The strength of a woman is her tongue. La alle gjere det edle dei kan. Let all do what noble they can.* La alle prise brua som ber dei over. Let all praise the bridge that carries them over. La alle stå på eigne bein. Let everyone stand on his own feet. La kvar båt stå på eigen botn. Let every boat stand on its own bottom. La mennesket respektere det Herren går inn for. What God appoints let man respect. Lang overveging kan gå betre enn vald. Long consideration is hopefully better than violence.* Lenge får den stumme stå framfor porten til den døve. Long will the dumb be at the gate of the deaf. Lykkeleg er den som får eit godt namn, om det ikkje er ei ape. Happy is he who obtains a good name, unless he is a monkey.* Mange menn kan gjere mykje godt. Many men can do much good. Mangelen ved brønnen merkar ein knapt før han er gått tørr.* The want of the spring is not felt until it is dry. Mangt eit håp har vist seg nyttelaust. [Og mange håper til inga som helst nytte]. Many a hope in vain. Neppe nyttig: Å vise vegen til nokon som veit han. To show the path to one that knows it. Overmål av noko kan vere uheldig. Excess of anything is not good. Ringe er frukthagar utan eple.* Odious is an orchard without apples. Sjå enden frå før starten. Before beginning see the end. Slag i ungdommen kjennast også i alderdommen. Blows received in youth are felt in old age. Spøk ikkje med ein fiende. Do not joke with an enemy. Stakkars den som smiskar for alle. Woe to him who flatters everyone Stolte er ender i regnet. Proud are ducks in the rain. Sunn bruk kan gjere meistrar. Sound use may make masters.* Søk ikkje verdigheit frå stoltheit. Do not seek dignity from pride. Ta trygt vare på det du lærer. Keep securely what you learn. Ufyseleg er den som sver falsk så ingen trur det. Odious is he who commits perjury until no one believes. Usmakeleg er hemna til dei klossete. Unsavoury is the revenge of the unskilful.* Ussel er gifta frå smiskepetter.* Great is the poison of the flatterer. Vent ikkje at alle musikarar er vise. Do not expect to find every musician wise.
|
Roberts, Thomas Rowland, saml. The Proverbs of Wales. Pennmaenmawr, Nord-Wales: T. R. Roberts, 1885. ⍽▢⍽ På nett.
Note
Klammer, symbol, stjerner, teikn og meir blir forklart: (1) Teiknforklaringar; (2) Klok fôr-handtering.
|
Seksjon | Sett |
Brukargaid ᴥ User's Guide ᴥ Disclaimer © 2012–2018, Tormod Kinnes, MPhil [Email] |