Norsk del, Gullvekta
Eventyr av H. C. Andersen  ❀ 10
Seksjon › 12   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Illustrasjon til H.C. Andersens Svinedrengen.

Grisepassaren

Det var ein gong ein fattig kongsson. Riket hans var ganske lite, men stort nok til at han kunne gifte seg, og det var nett det han ville. Han såg rimelig bra ut og mange ville vel ha han. Men det var berre keisardottera som stod i hovudet på han.

På grava til far hans voks ein rosebusk med roser som anga så søtt og godt at ein gløymde suter og otter. Han hadde dessutan ein nattergal som kunne synge mange slags vene melodiar i trekk. Ei slik rose og nattergalen skulle keisardottera få, og så sende han begge delar i to rommelege sølvskrin til keisardottera med sendebod.

Keisaren fekk rosa og fuglen i fin stand, og tok dei med inn til dottera. Ho heldt på med ein leik i lag med hoffdamene sine. Då ho fekk sjå sølvskrina, klappa ho i hendene av glede. Først kom rosa ut. Damene sa: "Kor flott ho er laga!"

Men keisardottera kjente på rosa og merkte at ho var ekte. Då blei ho nesten på gråten og sa: "Men far då, ho er jo ekte!"

"Å fy", sa alle hoffdamene, "verkeleg!"

"La oss sjå kva som er i den andre kista, før vi blir sinte!" meinte keisaren, og så kom nattergalen fram. Han song så vakkert at du ikkje kunne seie noko dårleg om det utan vidare.

"Kjempeflott! ja, sjarmerande!" utbraut damene, og keisaren gret som eit lite barn.

"Ein skulle nesten ikkje tru han var ekte!" sa kongsdottera.

"Men det er han så visst", sa dei som hadde frakta han til keisarslottet.

"Så la fuglen fly sin veg", sa kongsdottera, og ville slett ikkje vitjast av kongssonen som hadde sendt desse naturgåvene.

Men kongssonen blei ikkje motlaus, han smurde inn fjeset med brunt og svart, trekte hua ned over hovudet, og såg ut som ein villmann då han etter nokre dagar til fots kom fram til keisarslottet og banka på.

"God dag", sa han til keisaren. "Kan eg få teneste her?"

"Ja!" sa keisaren, "Det trengst ein kar til å passe alle grisane."

No blei kongssonen utnemnd til keisarleg grisepassar, fekk eit dårleg lite rom ved grisehuset å vere i når han ikkje passa grisar. Mens han passa grisane, fann han høve til å spikke og gjere litt av kvart anna også. Då det blei kvelden, hadde han laga ei ven, lita gryte med bjøller som gav frå seg ein liten melodi straks gryta kokte. Melodien var:

"Å, du kjære Augustin
allting er vekk, vekk, vekk!

No kom keisardottera gåande forbi med hoffdamene sine. Då ho høyrde melodien, kjente ho han att, for ho kunne spele han på piano.

"Det er den eg kan!" sa ho, "så det her må vere ein danna grisepassar! Høyr, gå inn til han og spør kva musikk-tingen kostar."

Ei av hoffdamene gjekk inn, men tok på seg tresko først, for ikkje å skitne til dei fine skorne ho gjekk i elles.

"Kva skal du ha for gryta?" sa dama.

"Det blir ti kyss frå keisardottera!" sa grisepassaran.

"Fri og bevare oss!" sa dama.

"Det kan ikkje vere mindre!" sa grisepassaran.

"Han er fæl!" sa keisardottera og var i ferd med å gå sin veg då lyden av den kjente melodien fanga ho.

"Høyr,» sa keisardottera, "spør om han kan nøye seg med ti kyss frå kvar av damene mine!"

"Nei takk!" sa grisepassaren: "ti kyss frå keisardottera eller inga musikkgryte."

"Uff då!" sa keisardottera til damene sine, "men då må de stå framfor meg så ingen får sjå!" Og damene ranka seg i ring om ho og løfta opp kjolane sine både høgt og breitt, og så fekk grisepassaren ti kyss og ho gryta.

Heile kvelden og neste dag spela keisardottera på gryta, og hoffdamene dansa til melodien og klappa takta.

Grisepassaren nytta tida godt og laga anna interessant også. Det eine var ei rangle som spela dansar når ho blei svinga rundt. Keisardottera fekk nyss om rangla og ho kosta hundre kyss.

"Eg må vel oppmuntre kunst og handverk", sa ho, og bad alle damene stå omkring som sist. Keisaren la merke til at damene samla seg ved grisehuset og undra seg. Han gjekk ut på balkongen, gnei seg i auga og sette på seg briller. "Det er jo hoffdamene som står der, nesten som dei dansar i ring! Eg må gå ned til dei."

"Kva kan vere årsaka til eit slikt publikum like ved grisehuset!" sa keisaren. Han hasta ut på balkongen, gnei seg i auga og sette på seg brillene. "Det er jo hoffdamene som er der! Eg får gå ned og sjå korfor!" Dermed gjekk han ut av tøflane, tok på seg sko og skunda seg til grisehuset. Der stod damene og telte kyssa og la først ikkje merke til han. Han reiste seg på tå og fekk sjå kva dottera dreiv på med.

"Hein?, kva for noko?" sa han, og straks han fekk summa seg, heldt han fram: "Vekk herifrå!" sa han til grisepassaren, for no var han keisarleg sint. Både dottera og grisepassaren blei forviste frå keisarriket på flekken.

Då dei passerte grensa og kom til eit lite rike attmed, laut ho kvile. Der stod ho og gret sårt. Det regna, og grisepassaren skjente over å måtte stå i regnet.

Keisardottera mumla, "Å, om eg berre hadde tatt prinsen med rosa og nattergalen! Då hadde eg sleppt dette! Å, så ulykkeleg eg er!"

Då gjekk grisepassaren bakom eit tre, vaska vekk det svarte og brune frå fjeset, kasta av seg dei skitne kleda og gjekk fram i dei fjonge kleda han hadde hatt på under kamuflasjen sin.

"Eg er lei for dette, men slik det har blitt, har eg komme til å forakte deg", sa han sannferdig. "Du ville ikkje ha ein høveleg kongsson! Du forstod deg verken på rose eller nattergal, men ein grisepassar fekk du deg til å kysse for noko speleverk!"

Han gjekk vidare inn i riket sitt, for det var over grensa til riket hans som dei to var komne. Men ho fekk ikkje vere med inn i slottet. Korleis det gjekk den forviste jenta vidare? Kanskje ho kunne gagnast av å studere.

Notar

  Innhald  


Bøker

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]