Norsk del, Gullvekta
Eventyr av H. C. Andersen  ❀ 6
Seksjon › 12   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Naked neck hen, det er ganske visst
Barnakka høne - ganske visst!

"Det er ei fæl historie!" sa ei høne på ein kant av byen der historia ikkje hadde hendt. "Det er ei fæl historie frå hønsehuset. Eg tør ikkje sove aleine i natt! Det er godt vi er mange i lag her på vaglet" – Og så fortalde ho så fjøra reiste seg på dei andre hønene og kammen seig saman på hanen. Det er ganske visst!

Det heile hadde starta i eit hønsehus på ein annan kanten av byen. Sola gjekk ned og hønene flaug opp på vaglet. Ei av dei hadde kvite fjør og korte bein; ho haddelagt egget sitt som ho skulle, så respektabelt som ei høne berre kan. Straks ho hadde floge opp på vaglet og sett seg til, plukka og stelte ho seg med nebbet, og ei lita fjør fall ut.

"Der gjekk fjøra", sa ho, "Dess meir eg plukkar, dess finare blir eg nok!" Det var muntert sagt, for ho var den muntre av desse hønene, og godt respektabel. Så sovna ho.

Det var mørkt rundt omkring. Høna sat ved sida av dei andre høne, men ho som sat nærast spøkemor, fekk ikkje sove. Ho lytta når det passa, og lytta ikkje når det passa, men ho fekk slik ein brann i seg etter å fortelje den andre nabohøna si på vaglet: "Høyrde du det som blei sagt her? Eg nemner ikkje namn, men det finst ei høne blant oss som vil plukke av seg fjør for å sjå godt ut! Var eg hane, ville eg forakte ho!"

Like over hønene sat ugla saman med uglemannen og uglebarna. Dei hadde skarpe øyre i den familien: dei høyrde kvart ord som nabohøna sa, og dei rulla med auga og uglemor vifta seg med vengane: "Ikkje høyr etter! Men dei høyrde nok det som blei sagt. Eg høyrde det med mine eigne øyre, og ein skal høyre mykje før dei fell av. Det er ei av hønene som i den grad har gløymt kva som sømmer seg for ei høne at ho sit og pillar av seg alle fjøra og let hanen sjå på det!"

"Pass på kva du seier med barna til stades; små gryter har også øyre", sa uglefar. "Barn skulle ikkje høyre slikt."

"Eg vil fortelje granneugla det! Det er slik ei respektabel ugle!" og så flaug uglemor.

"Hu-hu! Uhuh!" tuta uglemor og granneugla ned til duene under granneugla. "Har de høyrt det! Har de høyrt det! Uhuh! Det er ei høne som har plukka ut alle fjørene for hanens skuld! Ho frys i hel om ho ikkje alt har gjort det, uhuh!"

"Kor, kor?" kurra duene.

"I grannegarden! Eg har så godt som sett det med eigne auge. Det er nesten ei upassande historie å fortelje! Men det er ganske sikkert!"

"Vi trur, trur, trur kvart ord!" sa duene, og kurra ned til hønsegarden under seg: "Det finst ei høne, ja, somme seier det er to som har plukka av seg alle fjørene for ikkje å sjå ut som andre, og såleis få hanen til å anse dei. Det er eit vågsamt spel. Ein kan bli forkjølt og døy av feber, og dei er daude, begge to!"

"Vakn opp, vakn opp!" gol hanen og flaug opp på gjerdet. Det var søvn i auga hans enno, men han gol likevel: "Tre høner er daude av ulykkeleg kjærleik til ein hane. Dei har alle plukka fjøra av seg. Det er ei fæl soge. Eg vil ikkje sitte med ho; send ho vidare!"

"La gå!" skreik flaggermusene, og hønene klukka og hanane gol: "Send vidare! send vidare!" Og så fór historia frå hønsehus til hønsehus og til sist attende til dit ho hadde starta.

"Det er fem høner", heitte det "som alle har plukket av seg fjørene for å syne kven av dei som var blitt magrast av kjærleikssorg til hanen, og dernest hakka dei kvarandre til blods falt daude til marka, til skam og skjensel for familien deira og til stort tap for eigaren! "

Høna som hadde mista den lause, vesle fjøra, kjende ikkje att sitt eige skjemt i det simple. Sidan ho var ei respektabel høne, sa ho: "Eg foraktar dei hønene! Men det finst fleire av slaget. Slikt skal ein ikkje forteie. Eg vil gjere mitt til at historia kjem i avisa og går landet over. Det har desse hønene fortent, og familien deira også!"

Det kom i avisa og det blei trykt. Det er ganske visst: ei lita fjør kan bli til fem høns!

Notar

  Innhald  


Bøker

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]