Norsk del, Gullvekta
Eventyr av H. C. Andersen  ❀ 8
Seksjon › 12   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Ein lett modifisert Klods-Hans av Vilhelm Pedersen (1820-1859).

Klosshans

På ein gammal gard ute på landet budde ein mann med to søner som var så vittige at det halve var nok, og så ein son til. Dei to vittige ville fri til dottera til kongen, og det torde dei fordi ho hadde kunngjort at ho ville gifte seg med den som talte best for seg.

Dei to førebudde seg no i åtte dagar: det var den tida dei hadde til å utfylle alt dei kunne og klarte frå før.

"Eg får kongsdottera!" sa begge to. Faren gav dei kvar sin fine hest. Tenestefolket kom ut på tunet for å sjå dei vel av garde. I det same kom den tredje sonen, som ingen rekna for noko særleg, berre fordi han ikkje var så lærd som dei to brørne sine. Brørne kalla han berre for Klosshans.

"Kor har de tenkt dykk i stastøyet?" spurde han.

"Til kongsgarden for å vinne ei kongsdotter! Har du ikkje høyrd kva som har blitt kunngjort over heile landet?" Og då fortalde dei han det.

"Jammen, då får eg vel til å dra til slottet, eg også!" sa guten. Brørne lo av han og rei bort.

"Å far, la meg få ein hest!" sa guten. "Eg vil så gjerne ha kongsdottera! Tar ho meg, så tar ho meg. Vi får vel sjå korleis det går."

"Nei!" sa faren, "deg gir eg ikkje hest, for du er ingen talar slik som brørne dine. Det er staskarar, det."

"Vel, får eg ingen hest", sa guten, "så tar eg geitebukken min. Han er så stor at han godt kan bere meg!" Så sette han seg skrevs over bukken, dulta hælane varsamt i sidene på han og fór av garden langs landevegen. Hui, som det gjekk. "Her kjem vi!" hoia guten.

Brørne rei roleg i førevegen. Dei snakka ikkje saman, for kvar av dei tenkte ut knep og fikse seiemåtar å komme med. Det skulle no vere så utspekulert.

"Hoi!" ropa Hans i det han tok dei att langs vegen. "Her kjem bukken og eg! Sjå kva eg fann på landevegen!" Så viste han dei ei daud kråke han hadde funne.

"Kva skal du med den?" sa brørne.

"Eg vil by ho til kongsdottera!"

"Ja, gjer du det!" sa dei, lo og rei på.

"Hoi, her kjem bukken og eg! Sjå kva eg no har funne! Det noko ein ikkje finn kvar einaste dag langs landevegen!"

Brørne snudde seg i salen for å sjå kva det var. "Det er jo berre ein gammal tresko, og overdelen er vekk. Skal du by kongsdottera skoen også?"

Ja, det meinte han, og brørne lo og rei vidare til dei var langt framfor han.

"Hoi!" ropte han etter dei att. "Her er det mangt makelaust å finne!"

"Kva har du funne no då?" sa brørne.

"Å, ikkje noko å snakke om", sa guten. "Men det er det finaste mudder. Det skal vel gle kongsdottera!"

"Æsj!" sa brørne, "Søle!"

"Ja det er!" sa Jack, "og av det mest finkorna slaget eg veit om! Ein kan ikkje halde på det, det siv gjennom fingrane." Så fylte han lomma.

Brørne hans rei no så fort dei vann, og kom ein time før han til byporten. Der fekk friarane nummer etter kvart som dei kom, og måtte stime i kø. Resten av folket hadde samla seg rundt slottet for å sjå kongsdottera ta imot friarane etter tur. Men straks dei kom inn i stua til ho, klikka talegåvene deira og talemusklane blei nomne.

"Duger ikkje!" sa kongsdottera. "Bort!"

No kom den eine broren til Hans. Men han meistra ikkje godt nok at det mykje folk og mange speil å sjå seg i der i salen, og raudglødande omnar.

"Det er då fælt varmt her!" sa friaren.

"Det er fordi far grillar hanekyllingar i dag", sa kongsdottera.

Der stod han. Det hadde han ikkje venta å høyre og førebudd seg på. Han kom ikkje på noko å seie.

"Duger ikkje!" sa kongsdottera. "Bort!" Og så måtte han vekk. han måtte forlate. No kom den andre broren.

"Det er fælt varmt her inne", sa han.

"Ja, vi grillar unge hanekyllingar i dag", sa kongsdottera.

"Kva – kva?" sa han, og skrivarane i rommet skreiv det ned etter kølappnummeret hans: "Kva – kva?".

"Duger ikkje!" sa kongsdottera. "Bort!"

No kom Klosshans. Han rei geitebukken like inn i stua. "Her er då gloande varmt", sa han.

"Det er fordi eg grillar hanekyllingar!" sa kongsdottera.

"Det var nesten underleg, det!" sa guten. "Då kan eg vel få steikt kråka mi her?"

"Det kan du godt!" sa kongsdottera, "men har du noko å steike ho i? for eg har verken gryte eller panne!"

"Jammen har eg det!" sa guten, og trekte fram den gamle treskoen og la kråka i han.

"Det blir eit heilt måltid!" sa kongsdottera, "men kor skal vi få steikefeittet ifrå!"

"Eg har i lomma!" sa guten. "Eg har så mykje at eg kan sløse med det. Så helte han litt mudder ut av lomma og over kråka.

"Det kan eg like!" sa kongsdottera. "Du kan svare og du kan snakke for deg. Deg vil eg ha til mann! - Men veit du at kvart ord vi seier og har sagt, er nedskrive og kjem i avisa i morgon? Ved kvart vindauge ser du det er tre skrivarar under ein gammal skrivarformann. Han er den verste, for han fattar ingenting!" Ho sa det for å skremme han. Alle skrivarane knegga i lag.

"Fattar han ikkje det grann, seier du?" sa guten, "Så spelar det kanskje inga rolle om han er til stades eller på veg heim?"

Kongsdottera tagde, enten fordi ho ikkje kunne svare eller ikkje ville det. Skrivarane merka det av med ein strek i bøkene. "Då er det gjort!" sa dei. No hadde han offisielt vunne ho.

"Det var skikkeleg utkrope!" sa kongsdottera, "eg kunne ikkje makta noko betre!"

Så blei Klosshans konge, fekk kona han ville ha, ei krone på hovudet og ei trone å sitte på. Alt det har vi frå skrivarane si avis. Og avisa skal ein kanskje ikkje stole blindt på!

Notar

  Innhald  


Bøker

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]